← Oppsummering

Spørsmål og svar

Spørsmålene kommunen har svart skriftlig på i saken, og kjernen i svaret, ordrett.

Merket ved hvert svar sier bare om svaret gir det som ble spurt om: svarer, svarer delvis, svarer ikke eller viser til senere arbeid. Det sier ikke om svaret er godt. Innspillene inneholder i alt 153 spørsmål til kommunen; de fleste er stilt i høringsuttalelser som ikke er besvart enkeltvis.

Svar på spørsmål til kommunestyremøte 20.8.26

19. august 202614 spørsmål

  1. Spørsmål fra Naustdal, Ainor Fristad · Bygg og barnehagen

    «Har vi ein rapport eller ei fagleg vurdering frå folkehelseavdelinga i Kinn kommune som seier noko om forventa levetid og tilstanden til Flekke skule og barnehage?»

    Svarer

    «Ein slik tilsynsrapport seier ikkje noko om forventa levetid på bygget, men kan innehalde rettingar som må gjerast ved eigedomsmassen. … Dersom ein skal vurdere levetid, må det gjennomførast ei tilstandsvurdering av alle komponentar. Vi har ikkje vurdert dette som relevant»
  2. Spørsmål fra Naustdal, Ainor Fristad · Bygg og barnehagen

    «Vi ønskjer særleg å få avklart om det er risiko for at skulen kan måtte stengjast på kort varsel, eller om vurderingane tilseier at skulebygget har lang levetid framover.»

    Svarer delvis

    «Det har ikkje vore meldt inn avvik eller hendingar som er rapporterte til kommunedirektøren, og som har gitt grunnlag for nedstenging. … Som nemnt ovanfor har vi ikkje gjort ei eksplisitt vurdering av kor lenge bygget kan stå.»
  3. Spørsmål fra Naustdal, Ainor Fristad · Bygg og barnehagen

    «ønskjer derfor at eventuell rapport eller fagleg vurdering blir lagt ved saka før ho blir sendt ut på offentleg ettersyn.»

    Svarer ikke

    «Dersom det skal gjennomførast ei ny eller grundigare fagleg vurdering, er det ønskjeleg med ei avklaring av formålet … Ei ny vurdering vil ha ein kostnad, og det må difor også løyvast midlar til å gjennomføre ho.»
  4. Spørsmål fra Naustdal, Ainor Fristad · Økonomi

    «Har administrasjonen vurdert kva konsekvensar det vil få for dei økonomiske innsparingane dersom det blir etablert ein privat skule i Flekke?»

    Svarer

    «Det har ikkje vore ein del av mandatet eller bestillinga, så det er ikkje gjort.»
  5. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Økonomi

    «Ber om at det leggast fram oppdatert "Tabell 21 - Samlede kostnader alternativ 1: Flekke til Dingemoen" og "Figur 17 - Årsverk per 100 elev skoleåret 2025-26 fordelt mellom skolene I Fjaler kommune'' med 2026/2027- tal»

    Svarer ikke

    «Det er ikkje mogeleg å oppdatere tabellen med tal for 2026.»
  6. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Økonomi

    «Ber om at det vert beskrive kva som ligg under fellesutgifter i Tabell 21.»

    Svarer

    «Fellesutgiftene på 202 omfattar løn og drift av PPT, kjøp av tenester frå andre kommunar og andre aktørar, løn til kommunalsjef, noko kurs og reise, lisensar og IKT-utstyr, konsulenttenester, avskrivingar og andre mindre postar … Det som er ført som fellesutgifter, er avskrivingane av bygga, som blir førte på denne funksjonen.»
  7. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Økonomi

    «Kva er den reelle innsparinga ved å legge ned skulen i Flekke, dersom ein må bygge ny barnehage?»

    Svarer

    «Den reelle innsparinga ved å leggje ned skulen i Flekke er på kort sikt 5,9 mill. kr, og på lang sikt 10,9 mill. kr. … Å byggje ny barnehage kjem som ein kostnad uavhengig av kva ein gjer med skulen.»
  8. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Samfunnshensyn

    «Kvifor vert folketalsutvikling vurdert ulikt i Flekke og Våge?»

    Svarer

    «Alternativ 3 (Våge) blir vurdert til å gje ein negativ effekt tilsvarande alternativ 2, men fordi km- og tidsavstanden til kommunesenteret er mykje større, blir konsekvensen likevel annleis.»
  9. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Bygg og barnehagen

    «Kva er driftskostnaden for Flekke barnehage i dag, og kva vert den ved eventuell nedlegging av Flekke skule?»

    Svarer

    «Driftskostnaden for Flekke barnehage var i 2025 452,000 kr. … Kostnadane blir ikkje endra om skulen blir lagt ned.»
  10. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Bygg og barnehagen

    «Men kva omfattar dette beløpet? Gjeld det berre den delen av bygget som barnehagen brukar, eller gjeld det heile skule- og barnehagebygget?»

    Svarer

    «Det er vist ei berekning av kva investeringskostnadene vil vere, basert på same arealbehov som ved ny barnehage.»
  11. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Bygg og barnehagen

    «Dersom det berre gjeld barnehagedelen, må vi òg få vite kva som skal skje med resten av bygget dersom skulen blir lagt ned. Kjem det kostnader til ombygging, teknisk frådeling, drift og vedlikehald (FDV), sikring eller riving?»

    Svarer delvis

    «Det vil vere nokre driftskostnader knytte til den delen av bygget (skulen) som ikkje er i bruk. Vi har ikkje laga eit estimat på dette, men noko straumutgifter må reknast inn. … Det blir vist til svaret under spørsmål 3 når det gjeld vidare arbeid med løysingar for barnehagen.»
  12. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Bygg og barnehagen

    «Rapporten og framlegget manglar eit konkret kostnadsoverslag for ei nøktern rehabilitering av heile Flekke oppvekstsenter, der både skule og barnehage blir vurderte samla. Eventuelt å fortsette som i dag.»

    Svarer ikke

    «Kostnadsestimatet for investeringa byggjer på vurderingane i den forenkla tilstandsvurderinga.»
  13. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Prosess

    «Er det planlagt lokalsamfunnsanalyse før saka skal opp til endeleg handsaming i november?»

    Svarer

    «Nei, lokalsamfunnsanalyse er ikkje ein del av mandatet.»
  14. Spørsmål fra Marte Haugsbakk · Samfunnshensyn

    «Ser ein utfordringar med rekruttering til Flekke barnehage dersom ein legg ned Flekke skule?»

    Svarer

    «Flekke barnehage har ikkje større rekrutteringsutfordringar enn dei andre barnehagane i kommunen.»

Grunngjevne spørsmål høve skulestruktur

11. september 20263 spørsmål

  1. Spørsmål fra Kjetil Ness · Kapasitet på Dingemoen

    «Vil det bli nye og fleire klassedelingar ved samanslåing av skulane basert på dagens elevtal og storleik på klasseromma på Dingemoen?»

    Svarer

    «Vi vurderer at samanslåing av skulane ikkje vil føre til ytterlegare klassedeling enn det som er planlagt utfrå elevtalet i dag på Dingemoen skule. Storleiken på klasseromma får heller ikkje konsekvens for klassedeling.»
  2. Spørsmål fra Kjetil Ness · Kapasitet på Dingemoen

    «Kva blei skulen dimensjonert for då den blei bygd?»

    Svarer

    «Under planlegging av nye Dingemoen skule i Funksjonsbeskrivinga som utgjorde konkurransegrunnlaget vart bygget dimensjonert for 300 elevar.»
  3. Spørsmål fra Kjetil Ness · Kapasitet på Dingemoen

    «Kvifor har dette endra seg?»

    Svarer

    «At dette talet er varierande hjå Agenda Kaupang skuldast at Agenda Kaupang har teke utgangspunkt i eksisterande bygg og tilrådd standard størrelse på klasserom og delt dette på tal elevar (2-2,5 m2 pr elev) og plass for lærarressurs (6 kvm) i rommet. … Etter at anbodet var tildelt vart det til orientering gjort endringar i romprogrammet, mellom anna vart det redusert areal til garderobar og lagt inn to nye klasserom 1-4 og 5-7.»

Svar på innsendte spørsmål vedkomande skulestruktur i Fjaler kommune

28. september 20265 spørsmål

  1. Spørsmål fra Arne Fismen · Økonomi

    «Går kommunen bort fra Agenda Kaupangs arbeid som helhet, eller bare fra deler av det?»

    Svarer

    «Kommunen går ikkje bort frå arbeidet til Agenda Kaupang som heilskap.»
  2. Spørsmål fra Arne Fismen · Økonomi

    «Dersom deler fortsatt brukes som grunnlag for innstillingen, ber jeg om at det presiseres hvilke deler kommunen legger vekt på, og hvilke den ikke lenger bygger på.»

    Svarer

    «Budsjettmodellen (R1023076, kap. 5): Denne byggjer vi på. … Estimatet for å flytte Flekke skule til Dingemoen (R1023076, kap. 7.2.1): Dette byggjer vi ikkje på.»
  3. Spørsmål fra Arne Fismen · Økonomi

    «Hvilken beregning ligger nå til grunn for den årlige innsparingen som er oppgitt ved å flytte elevene fra Flekke til Dingemoen, og hvor er denne beregningen dokumentert?»

    Svarer

    «Innsparinga på 4,9 mill. kr i undervisning er henta frå «Utredning bærekraftig skolestruktur i Fjaler kommune 2026» (Agenda Kaupang, 11.05.2026), tabell 21.»
  4. Spørsmål fra Arne Fismen · Økonomi

    «Dersom innsparingen på undervisning fortsatt bygger på kostnad per elev ved Dingemoen, hvilket regnskapsår er lagt til grunn, og hvorfor er det året valgt?»

    Svarer

    «Talet i høyringssaka byggjer på kostnad per elev ved Dingemoen i rekneskapen for 2025, altså 129 762 kr. Vi valde 2025 fordi det var det siste avslutta rekneskapsåret då utgreiinga blei laga.»
  5. Spørsmål fra Arne Fismen · Økonomi

    «Er innsparingen på 4,9 mill. kr i undervisning justert for at disse ressursene følger elevene til Dingemoen, eller forutsetter beregningen at de faller bort ved flytting?»

    Svarer

    «Nei, talet på 4,9 mill. kr er ikkje justert for dette.»

Svar frå kommunedirektøren på spørsmål til styringsgruppemøte 01.10.26

7. oktober 202612 spørsmål

  1. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Økonomi

    «Ber om at desse vert presentert i møtet, og kva konsekvensar ei slik endring i høyringsfasen har for vidare prosess.»

    Viser til senere arbeid

    «Det betyr at tala kan leggast fram når arbeidet med budsjettet er ferdigstilt og som del av saka som blir lagt fram for politisk handsaming.»
  2. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Økonomi

    «Legg også til grunn at tilskotet for nærskule er lagt inn i reknestykket.»

    Viser til senere arbeid

    «Det betyr at tala kan leggast fram når arbeidet med budsjettet er ferdigstilt og som del av saka som blir lagt fram for politisk handsaming.»
  3. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Prosess

    «Ser ein føre seg at dette er tilstrekkeleg med tid til å gje grundige vurderingar og utgreiingar på eventuelle innspel?»

    Svarer ikke

    «Kommunedirektøren føl dei fristane som er vedtekne av kommunestyre.»
  4. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Økonomi

    «Kor mange lærarstillingar legg ein til grunn at ein vil spare ved å legge ned Flekke skule, og eventuelt også Våge ungdomstrinn?»

    Viser til senere arbeid

    «Sjå svar spørsmål 1.»
  5. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Bygg og barnehagen

    «Konsekvensar for barnehage i Flekke om skulen vert lagt ned skal vere ein del av rapport … Korleis vurderer kommunedirektøren at dette er utgreitt og svart ut?»

    Viser til senere arbeid

    «Vi kjem til å jobbe vidare med desse punkta. … Når det gjelder barnehagen skal vi mellom anna ha ei vurdering av storleiken på barnehagen, organisering av ressursar dersom skulen blir flytta og bygningsdrift.»
  6. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Økonomi

    «Mandatet for utgreiing skal også innehalde utgreiing av kostnadsreduksjonar på Dingemoen … Korleis vurderer kommunedirektøren at dette er utgreitt og svart ut?»

    Viser til senere arbeid

    «Når det gjelder utgreiing av kostnadsreduksjonar ved Dingemoen, vil vi sjå på dette i samband med arbeid med budsjett.»
  7. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Bygg og barnehagen

    «Teknisk tilstandardsrapport av bygningsmassen, klassedelingstal … Korleis vurderer kommunedirektøren at dette er utgreitt og svart ut?»

    Viser til senere arbeid

    «Vi kjem til å vurdere teknisk tilstand og behov i høve alternativ 4. … For vurdering av klassedeling viser eg til svar på spørsmål 1.»
  8. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Prosess

    «Kva er vidare prosess for å lage ein plan for ivaretaking av tilsette og elevar ved begge skular, førskulebarn, foreldre, skuleskyss, etc.. Kven vil utarbeide denne planen?»

    Svarer delvis

    «Kommunalsjef oppvekst er prosjektleiar og planlegg framdrift i lag med tenesteleiarar (rektorar og styrarar) ilag med kommunedirektøren.»
  9. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Prosess

    «Jamfør forvaltingslova § 17 fyste ledd skal forvaltingsorganet «påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes. … Er dette gjennomført i forbindelse med utgreiinga?»

    Svarer delvis

    «Dette omfattar mellom anna å hente inn synspunkt frå barn og unge sjølve, føresette, fagpersonar og andre som kjenner barnet. Dette har vi utført og det vil også bli teke med i høyringsinnspela.»
  10. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Barns beste

    «Korleis er barnas beste vurdert i saka?»

    Svarer

    «Barnets beste er vurdert i saka om skulestruktur. Og ein har funne at det sjølvsagt kan medføre ulempe for nokre born i høve lengre skuleveg, tap av vener, nytt miljø osv . Men at med god planlegging skal vi få til ein best mogeleg overgang for alle elevane»
  11. Spørsmål fra Haugsbakk, Marte · Økonomi

    «Kortid vert dei nye kostra-tala publisert?»

    Svarer

    «KOSTRA-tall publiseres normalt to ganger i året: … 15. mars: foreløpige/ureviderte tall for foregående år. … 15. juni: reviderte tall»
  12. Spørsmål fra Ness, Kjetil · Økonomi

    «Kva føresetnader er det Fjaler kommune og Agenda Kaupang har blitt samde om i dette prosjektet? Og eg vil legge til, føresetnader gitt både skriftleg og i munnleg form.»

    Svarer ikke

    ««Grunnskolestilskuddet» var nok ikkje tenkt på når vi planla prosjektet ilag med Agenda Kaupang.»