← Alle innspill · Lesevisning

Spørsmål · 11. september 2026

Spørsmål om klassedeling og kva Dingemoen vart dimensjonert for

Kjetil Ness

Spørsmål om klassedeling ved sammenslåing og om hva Dingemoen skule ble dimensjonert for. Dokumentet inneholder også kommunens svar.

Tittel
Grunngjevne spørsmål høve skulestruktur
Avsender
Politiker eller parti
Tema
Journalpost
2025/1844-29
Dokumenter
Grunngjevne spørsmål høve skulestruktur (pdf, 180KB) · hos kommunen

Til spørsmål nr. 1. Vil det bli nye og fleire klassedelingar ved samanslåing av skulane basert på dagens elevtal og storleik på klasseromma på Dingemoen?

Vi vurderer at samanslåing av skulane ikkje vil føre til ytterlegare klassedeling enn det som er planlagt utfrå elevtalet i dag på Dingemoen skule. Storleiken på klasseromma får heller ikkje konsekvens for klassedeling. Om det er behov for klassedeling blir vurdert utifrå kva som er «pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg». Det betyr mellom anna ei vurdering av elevsamansetning, lærartettleik og bemanning, kva det skal undervisast i, kva arbeidsmåtar som skal nyttast i undervisning, lokale og fysiske tilhøve og om det er elevar med særskilte behov.

Til spørsmål 2. Kva blei skulen dimensjonert for då den blei bygd? Kvifor har dette endra seg?

Under planlegging av nye Dingemoen skule i Funksjonsbeskrivinga som utgjorde konkurransegrunnlaget vart bygget dimensjonert for 300 elevar. Sjå vedlagt prognose og merknader på side 16 og 17 i dokumentet – «Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune – dokument til offentleg ettersyn». Utover det som er nemnt i sakspapira som vist til på side 17 finn vi ikkje anna dokumentasjon som fortel korleis ein har rekna seg fram til at skule skulle dimensjonerast for 300 elevar.

At dette talet er varierande hjå Agenda Kaupang skuldast at Agenda Kaupang har teke utgangspunkt i eksisterande bygg og tilrådd standard størrelse på klasserom og delt dette på tal elevar (2-2,5 m2 pr elev) og plass for lærarressurs (6 kvm) i rommet. Det betyr at ein brukt faktisk tal utifrå teikningar for å kome fram til kva kapasitet skulen faktisk har i høve kor mange elevar skulen kan huse.

Etter at anbodet var tildelt vart det til orientering gjort endringar i romprogrammet, mellom anna vart det redusert areal til garderobar og lagt inn to nye klasserom 1-4 og 5-7. Desse endringane forklarar kvifor det er behov for meir areal til garderobar.

Kjell R. Stien
Kommunalsjef oppvekst


Hei.

Frå framlegg i saka "Mandat for arbeidet med utgreiing av skulestruktur" vedtatt i kommunestyret 11.12.2025. Står det følgande:

Før utgreiingsarbeidet vert sett i bestilling skal kommunedirektøren legge fram orientering til styringsgruppa om kor vidt endring i skulestruktur vil utløyse klassedeling.

Spørsmåla mine er:

Vil det bli nye og fleire klassedelingar ved samanslåing av skulane basert på dagens elevtal og storleik på klasseromma på Dingemoen?

Kva blei skulen dimensjonert for då den blei bygd? Kvifor har dette endra seg?

Mvh

Kjetil Ness, SV

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.