Spørsmål om kva føresetnader kommunen og Agenda Kaupang vart samde om
Ness, Kjetil
- Tittel
- Spørsmål til styringsgruppemøte 01.10.26
- Avsender
- Politiker eller parti
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-49
- Svar
- Svar frå kommunen 7. oktober 2026
- Dokumenter
- Spørsmål til styringsgruppemøte 01.10.26 (pdf, 66KB) · hos kommunen
Uttrekk: 3 punkter
-
Økonomi · kritikk Agenda Kaupangs innsparing bygger i stor grad på forutsetningen om at det må bygges ny skole i Flekke hvis den skal opprettholdes.
«Denne innsparinga er i stor grad basert på forutsetningen om at det må byggjast ny skule i Flekke dersom den skal oppretthaldast.»
-
Økonomi · kritikk Konsulenten har ifølge Firda erkjent at endringer i rammetilskuddet ved nedleggelse ikke er tatt med.
«vedgår konsulentfirmaet at dei ikkje har teke omsyn til endringar i rammetilskot (K.dir. sitt tal kr 700 000,-) om skulen i Flekke blir lagt ned.»
-
Økonomi · spørsmål Hvilke forutsetninger, skriftlige og muntlige, har Fjaler kommune og Agenda Kaupang blitt enige om i prosjektet?
«Kva føresetnader er det Fjaler kommune og Agenda Kaupang har blitt samde om i dette prosjektet? … føresetnader gitt både skriftleg og i munnleg form.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Agenda Kaupang konkluderer i sin rapport med at kommunen vil spare xxxxx kroner ved å legge ned Flekke skule. Denne innsparinga er i stor grad basert på forutsetningen om at det må byggjast ny skule i Flekke dersom den skal oppretthaldast.
Under folkemøtet i Flekke var det fleire som peika på at Agenda Kaupang hadde brukt feil tal, samt utelatt tal i sine økonomiske vurderingar. I sin kommentar til dette, gjengitt i Firda, vedgår konsulentfirmaet at dei ikkje har teke omsyn til endringar i rammetilskot (K.dir. sitt tal kr 700 000,-) om skulen i Flekke blir lagt ned. Vidare presiserer dei følgjande: «Ja vi har sendt rett tall til kommunen med de forutsetninger vi har blitt enige med kommunen om i dette prosjektet.»
Mitt spørsmål er då: Kva føresetnader er det Fjaler kommune og Agenda Kaupang har blitt samde om i dette prosjektet? Og eg vil legge til, føresetnader gitt både skriftleg og i munnleg form.
Mvh
Kjetil Ness
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.
Svar frå kommunen
- Sendt til
- Styringsgruppa for skulestruktur
- Journalpost
- 2025/1844-50
- Dokumenter
- Svar frå kommunedirektøren på spørsmål til styringsgruppemøte 01.10.26 (pdf, 76KB) · hos kommunen
Svar på spørsmål til styringsgruppemøte 01.10.26 (pdf, 90KB) (vedlegg) · hos kommunen
Spørsmål og svar som var gitt munnleg i møte i styringsgruppa den 1.10.26.
Spørsmål på e-post frå Marte Hauksbakk 28.9.26
1) Det har gjennom folkemøta vore knytt store spørsmål til økonomien i rapporten. Kommunedirektøren sa i siste folkemøtet (Guddal) at ein ny budsjettmodell var utarbeidd og nye tal var på plass. Ber om at desse vert presentert i møtet, og kva konsekvensar ei slik endring i høyringsfasen har for vidare prosess.
Legg også til grunn at tilskotet for nærskule er lagt inn i reknestykket.
Kommunedirektøren informerte om av administrasjonen brukar budsjettmodellen/ressursstyringsmodellen i arbeidet med budsjett og handlingsprogram for 2027-2030. Kommunalsjefane har overordna ansvar for utarbeiding av budsjett og rapportering og det er tenesteleiarane (rektorar) som har ansvar for å utarbeid budsjett på sine ansvarsområde. Det betyr at tala kan leggast fram når arbeidet med budsjettet er ferdigstilt og som del av saka som blir lagt fram for politisk handsaming.
2) Det er 9 dagar frå høyringsfristen går ut til saka skal sendast ut til Formannskapet. Ser ein føre seg at dette er tilstrekkeleg med tid til å gje grundige vurderingar og utgreiingar på eventuelle innspel?
Kommunedirektøren føl dei fristane som er vedtekne av kommunestyre.
3) Kor mange lærarstillingar legg ein til grunn at ein vil spare ved å legge ned Flekke skule, og eventuelt også Våge ungdomstrinn?
Sjå svar spørsmål 1.
4) Mandat og politisk vedtak
I vedtaket vart det lagt til at følgande skulle utgreiiast:
1 Konsekvensar for barnehage i Flekke om skulen vert lagt ned skal vere ein del av rapport
2 Mandatet for utgreiing skal også innehalde utgreiing av kostnadsreduksjonar på Dingemoen
3 Teknisk tilstandardsrapport av bygningsmassen, klassedelingstal
Korleis vurderer kommunedirektøren at dette er utgreitt og svart ut?
Vi kjem til å jobbe vidare med desse punkta.
1 Når det gjelder barnehagen skal vi mellom anna ha ei vurdering av storleiken på barnehagen, organisering av ressursar dersom skulen blir flytta og bygningsdrift.
2 Når det gjelder utgreiing av kostnadsreduksjonar ved Dingemoen, vil vi sjå på dette i samband med arbeid med budsjett. Så langt har ikkje Flekke klart å halde eit budsjettnivå som er i samsvar med ressursstyringsmodellen, jf 1. tertialrapportering.
Eit ytterlegare kutt ved Dingemoen vil ramme skulen der flest elevar går, og som alt har lågast kostnad.
Å flytte elevar til Dingemoen er i seg sjølv ein kostnadsreduksjon der. Når bygget blir brukt til fleire elevar, blir dei faste kostnadene til bygg, leiing, reinhald og energi fordelte på fleire. Då går kostnaden per elev ned.
3 Vi kjem til å vurdere teknisk tilstand og behov i høve alternativ 4. Dersom vi skal halde fram utan å gjere noko så kan det vere utfordrande med omsyn til vedlikehaldsbehov.
For vurdering av klassedeling viser eg til svar på spørsmål 1.
5) Kva er vidare prosess for å lage ein plan for ivaretaking av tilsette og elevar ved begge skular, førskulebarn, foreldre, skuleskyss, etc.. Kven vil utarbeide denne planen?
Kommunedirektør og kommunalsjef oppvekst har gjennomført og gjennomfører framover møte med tilsette, FAU. Kommunalsjef oppvekst og rektor gjennomfører møte med elevråd. Kommunalsjef oppvekst er prosjektleiar og planlegg framdrift i lag med tenesteleiarar (rektorar og styrarar) ilag med kommunedirektøren. Sjå òg svar på spørsmål 6.
6) Jamfør forvaltingslova § 17 fyste ledd skal forvaltingsorganet «påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes. Når saka gjeld ein mindreårig part stiller lova og alminnelige rettsprinsipp strenge krav til korleis denne plikta skal oppfyllast.
Er dette gjennomført i forbindelse med utgreiinga?
Korleis er barnas beste vurdert i saka?
Barnets beste er vurdert i saka om skulestruktur. Og ein har funne at det sjølvsagt kan medføre ulempe for nokre born i høve lengre skuleveg, tap av vener, nytt miljø osv . Men at med god planlegging skal vi få til ein best mogeleg overgang for alle elevane Her skal vi vurdere elevgruppa under eitt og enkeltelevar sine omsyn skal planleggast for i eigne individuelle planar.
Endringa i skulestrukturen kan medføre utfordringar for enkelte elevar, blant anna knytt til lengre skuleveg og nærheit til skuletilbod. Samtidig vert det vurdert som viktig å sikre eit stabilt, føreseieleg og kvalitativt godt opplæringstilbod for alle elevar. Tilgang på kvalifiserte lærarar og robuste fagmiljø vert vurdert som sentrale omsyn i så måte.
Barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i alle saker som gjeld barn og unge, jf. FN sin barnekonvensjon artikkel 3, som er teke inn i norsk rett gjennom menneskerettslova. Dette inneber at kommunen har ei plikt til å vurdere kva som er til beste for barna, vekte dette opp mot andre relevante omsyn og synleggjere vurderinga i saksframstilling og vedtak.
Utdanningsdirektoratet sin rettleiar «Veiledning til bruk av barnekonvensjonen i saksbehandlingen» (2024) legg til grunn at vurderinga av barnets beste skal byggje på ei konkret og brei kartlegging av barnet sin situasjon og behov. Dette omfattar mellom anna å hente inn synspunkt frå barn og unge sjølve, føresette, fagpersonar og andre som kjenner barnet. Dette har vi utført og det vil også bli teke med i høyringsinnspela.
I saka om skulestruktur inneber dette at barnets beste må vurderast både på kort og lang sikt. På kort sikt kan endringar i skulestrukturen medføre utfordringar for enkelte elevar, særleg knytt til lengre skuleveg, endra kvardag og behov for tilvenning til nye skulemiljø. For nokre elevar kan dette påverke trivsel, tryggleik og deltaking i fritidsaktivitetar.
Samtidig vert det vurdert som avgjerande å sikre eit stabilt, føreseieleg og kvalitativt godt opplæringstilbod for alle elevar på lang sikt. Tilgang på kvalifiserte lærarar og robuste fagmiljø er sentrale føresetnader for dette. Ein meir samla skulestruktur kan bidra til å styrke desse forholda, og dermed betre leggje til rette for god læring, tilpassa opplæring og eit inkluderande skulemiljø.
Barnets beste inneber ikkje at eitt enkelt omsyn skal vere avgjerande åleine, men at konsekvensane for barn og unge skal vurderast grundig og reelt. I denne saka må omsynet til nærleik og lokal tilknyting vegast opp mot omsynet til kvalitet, kompetanse og langsiktig berekraft i skuletilbodet.
Elevmedverknad er ein viktig del av vurderinga av barnets beste. Elevane skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og reell moglegheit til å uttale seg.
I høyringsperioden vert det lagt til rette for prosessar i elevråda ved skulane, Kommunalsjef har samtalar med alle elevråda. I tillegg har kommunedirektør og kommunalsjef møte med FAU. Det komande ungdomsrådet vil også få informasjon og høve til å uttale seg. Slik medverknad vil styrke kunnskapsgrunnlaget for vurderinga og bidra til betre avgjerdsprosessar
7) Kortid vert dei nye kostra-tala publisert?
KOSTRA-tall publiseres normalt to ganger i året:
- 15. mars: foreløpige/ureviderte tall for foregående år.
- 15. juni: reviderte tall, etter at kommunene har fått anledning til å korrigere data.
Spørsmål frå Kjetil Ness 28.9.26
Agenda Kaupang konkluderer i sin rapport med at kommunen vil spare xxxxx kroner ved å legge ned Flekke skule. Denne innsparinga er i stor grad basert på forutsetningen om at det må byggjast ny skule i Flekke dersom den skal oppretthaldast.
Under folkemøtet i Flekke var det fleire som peika på at Agenda Kaupang hadde brukt feil tal, samt utelatt tal i sine økonomiske vurderingar. I sin kommentar til dette, gjengitt i Firda, vedgår konsulentfirmaet at dei ikkje har teke omsyn til endringar i rammetilskot (K.dir. sitt tal kr 700 000,-) om skulen i Flekke blir lagt ned. Vidare presiserer dei følgjande: «Ja vi har sendt rett tall til kommunen med de forutsetninger vi har blitt enige med kommunen om i dette prosjektet.»
Mitt spørsmål er då: Kva føresetnader er det Fjaler kommune og Agenda Kaupang har blitt samde om i dette prosjektet? Og eg vil legge til, føresetnader gitt både skriftleg og i munnleg form.
«Grunnskolestilskuddet» var nok ikkje tenkt på når vi planla prosjektet ilag med Agenda Kaupang. Dette er eit tilskot som er ein del av inntektssystemet og ikkje rekneskapsført under skulane si drift.
Tilskotet vart innført i 2022 som eit tilskot innanfor inntektssystemet, der kommunane får midlar etter tal grunnskular i kommunen. Ordningen er en del av innbyggertilskuddet til kommunene som gis med en særskilt fordeling. I 2026 er satsen for grunnskoletilskuddet omtrent 580 000 kroner per skole (kjelde Utvalget for fremtidens skule 23.1.26. side 5).
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.