← Alle innspill · Lesevisning

Annet innspill · 13. august 2026

Innspel om lokalsamfunn, skyss, næringsliv og alternative kutt

Folkemøte i Flekke

Innspill fra folkemøtet i Flekke 30. november 2025: konsekvenser for bygda, reisetid for barna, rekruttering til lokale bedrifter og alternative innsparinger.

Tittel
Innspel frå folkemøte i Flekke den 31.11.25
Avsender
Folkemøte
Tema
Journalpost
2025/1844-20
Dokumenter
Innspel frå folkemøte i Flekke den 31.11.25 (pdf, 95KB) · hos kommunen
Uttrekk: 68 punkter og standpunkt

Standpunkt: 1: imot 2: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Innspel frå Folkemøte i Flekke den 30.11.2026

1. Følgjande forhold er viktige for Fjaler kommune å ta omsyn til ved evaluering av framtidig skulestruktur: (Jonny Pedersen)

  1. Studien som skal gjennomførast, må innehalde desse vurderingane:

    a. Konsekvensar for samfunns- og befolkningsutviklinga i Fjaler kommune generelt, og i Flekke med omland spesielt. Flekke skule er avgjerande for unge familiar som allereie har valt å busetje seg i bygda, og ikkje minst for dei som vurderer å flytte dit. Folketalet i Flekke er i vekst, og skulen er ein viktig årsak til dette.

    b. Folkehelse og belastning for barn som må pendle, med vesentleg meir reisetid, bussventing og dødtid på Dingemoen.

    c. Kostnader knytte til busstransport.

    d. Alternative innsparingar som kan gjennomførast utan skulenedlegging. Agenda Kaupanger si utgreiing viste at samanliknbare skular hadde lågare driftskostnader sjølv med tilsvarande skuletettleik som i Fjaler.

    e. Rekrutteringsutfordringar for arbeidslivet i Flekke. Lokale, private verksemder slit allereie med rekruttering. Ei nedlegging av skulen – og eventuelt barnehagen – vil forsterke desse utfordringane betydeleg.

    f. Konsekvensar for lokalsamfunnet. Dersom skulen forsvinn, er det stor risiko for at butikken òg forsvinn. Dette vil redusere talet på arbeidsplassar, gi negativ utvikling og sende sterke, negative signal om framtida til Flekke. Skulen og butikken utgjer kjernen i bygda si identitet.

    g. Behovet for barnehage for å sikre rekruttering til lokale arbeidsplassar. Dersom barnehagen vert halden oppe, vil kommunen uansett ha driftskostnader knytte til bygget.

  2. Flekke si identitet er knytt til skulen og butikken. Ein nedlegging av desse vil òg rive bort identiteten til bygda.

  3. Signaleffekten av å leggje ned Flekke skule må vurderast nøye.

  4. Tilbakeflytting vil truleg bli vesentleg redusert dersom skulen og butikken forsvinn.

  5. Fjaler kommune bør prioritere å behalde skulane i Flekke og på Våge, sidan det er her befolkningsveksten skjer – og der ein òg ventar framtidig vekst i samband med utviklinga på Lutelandet.

  6. Kapasitetsvurdering ved Dingemoen skule: Då skulen vart bygd, var han dimensjonert for elevar frå Dale og ikkje for elevar frå Flekke og Våge. Dette var eit tydeleg politisk premiss for utbygginga og skulle ikkje fungere som førehandsvarsla nedlegging av andre skular.

  7. Vurder ulike driftsmodellar der Flekke skule kan vidareførast i samarbeid med andre skular og barnehagar, slik at det samla skulebehovet i kommunen blir best mogleg ivareteke.

2. Kva er viktig for kommunen å ta omsyn til i utgreiingsarbeidet?

Kommunen er i gruppe for nedbetaling av studielån i Lånekassen, Dette er postivt for rekruttering, Men ein må ha meir å lokke med, så som skule, barnehage, levande lokalsamfunn

3. Samfunnsmessige konsekvensar for Flekke

Vi har dei største bedriftene i Fjaler her i Flekke: desse treng rekruttering, bustader, tomter, skule og barnehage

KVIFOR SKAL FLEKKE STRAFFAST FOR AT HER ER UTVIKLING!!?

4. Gruppe

5. Gruppe

6. Gruppe

Prosessen:

Innhald

7. Gruppe

Ta omsyn til:

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.