Innspel frå Folkemøte i Flekke den 30.11.2026
1. Følgjande forhold er viktige for Fjaler kommune å ta omsyn til ved evaluering av framtidig skulestruktur: (Jonny Pedersen)
-
Studien som skal gjennomførast, må innehalde desse vurderingane:
a. Konsekvensar for samfunns- og befolkningsutviklinga i Fjaler kommune generelt, og i Flekke med omland spesielt. Flekke skule er avgjerande for unge familiar som allereie har valt å busetje seg i bygda, og ikkje minst for dei som vurderer å flytte dit. Folketalet i Flekke er i vekst, og skulen er ein viktig årsak til dette.
b. Folkehelse og belastning for barn som må pendle, med vesentleg meir reisetid, bussventing og dødtid på Dingemoen.
c. Kostnader knytte til busstransport.
d. Alternative innsparingar som kan gjennomførast utan skulenedlegging. Agenda Kaupanger si utgreiing viste at samanliknbare skular hadde lågare driftskostnader sjølv med tilsvarande skuletettleik som i Fjaler.
e. Rekrutteringsutfordringar for arbeidslivet i Flekke. Lokale, private verksemder slit allereie med rekruttering. Ei nedlegging av skulen – og eventuelt barnehagen – vil forsterke desse utfordringane betydeleg.
f. Konsekvensar for lokalsamfunnet. Dersom skulen forsvinn, er det stor risiko for at butikken òg forsvinn. Dette vil redusere talet på arbeidsplassar, gi negativ utvikling og sende sterke, negative signal om framtida til Flekke. Skulen og butikken utgjer kjernen i bygda si identitet.
g. Behovet for barnehage for å sikre rekruttering til lokale arbeidsplassar. Dersom barnehagen vert halden oppe, vil kommunen uansett ha driftskostnader knytte til bygget.
-
Flekke si identitet er knytt til skulen og butikken. Ein nedlegging av desse vil òg rive bort identiteten til bygda.
-
Signaleffekten av å leggje ned Flekke skule må vurderast nøye.
-
Tilbakeflytting vil truleg bli vesentleg redusert dersom skulen og butikken forsvinn.
-
Fjaler kommune bør prioritere å behalde skulane i Flekke og på Våge, sidan det er her befolkningsveksten skjer – og der ein òg ventar framtidig vekst i samband med utviklinga på Lutelandet.
-
Kapasitetsvurdering ved Dingemoen skule: Då skulen vart bygd, var han dimensjonert for elevar frå Dale og ikkje for elevar frå Flekke og Våge. Dette var eit tydeleg politisk premiss for utbygginga og skulle ikkje fungere som førehandsvarsla nedlegging av andre skular.
-
Vurder ulike driftsmodellar der Flekke skule kan vidareførast i samarbeid med andre skular og barnehagar, slik at det samla skulebehovet i kommunen blir best mogleg ivareteke.
2. Kva er viktig for kommunen å ta omsyn til i utgreiingsarbeidet?
- Jobbe for uka inntekter/ legge til rette for næringsliv
- God økonomisk styring- er prioriteringane rett?
- Kritisk bruk av konsulentar- må vere spesifikke i bestillinga
- Selje byggg som ikkje er i bruk
- Skuleskyss
- Lokalsamfunnet
- Trivsel
- Skulebygget: Flekke vil fortsatt medføre kostnader fordi barnehagen framleis ksal vere der sjølv om skulen blir lagt ned ( vert det reduksjon i drifta viss barnehagen framleis skal bestå?)
- Skulenedlegging medfører: Redusert tilflytting /nedgang i folketal
Ringverknad er at butikken vert nedlagt
Utfordring med rekruttering - Kva er faktisk gevinst med nedlegging?
- Er Dingemoen skule stor nok til å ta i mot elevar frå Flekke?
- Jobbe aktivt oppover i det politiske systemet
- Korleis vert kvaliteten med større klassar og ferre ressursar?
- Vil ein få auka utfordringar med elevane?
- Konsekvens?
- Viktig med openheit heile vegen i prosessen!
Kommunen er i gruppe for nedbetaling av studielån i Lånekassen, Dette er postivt for rekruttering, Men ein må ha meir å lokke med, så som skule, barnehage, levande lokalsamfunn
3. Samfunnsmessige konsekvensar for Flekke
- Borna /elevar vil koste like mykje om du flyttar dei til ein ny skule.
- Vil føre til: klassedeling og krav om 2- lærarsystem
Vi har dei største bedriftene i Fjaler her i Flekke: desse treng rekruttering, bustader, tomter, skule og barnehage
- Flekke krins har hatt tilflytting og fleire har bygd hus her. Mange av desse har arbeidsstaden sin i bedrifter som er i andre fylke/ delar av landet. Så som Oslo, Bergen, Trondheim. Desse har heimekontor i Flekke.
- Kva har kommuneadministrasjonen gjort for Flekkebygda? Har ein tenkt på mye tomtar? Dei som har bygd dei siste åra har gjort jobben sjølv.
- Mange har kome til bygda fordi dei ynskjer å bu her. Her er mogelegheit for:
- Kontorarbeidsplassar
- Skule/barnehage
- Arbeidsplassane på Haugland?
- Nær natur/ aktivitetar (gapahukar
KVIFOR SKAL FLEKKE STRAFFAST FOR AT HER ER UTVIKLING!!?
- Tal lærarar er det same sjølv om ein tek med dei som treng ITO
- Kommunen må ta initiativ til folkemøter vidare i denne saka. (Dette vil vi strengt tatt kalle eit «sjokkmøte»!)
4. Gruppe
- Reell skuleveg/ reisetid for barna med skuleskyss
- Betre utnytting av lærarar, mtp spesialfag? Dele mellom skulane
- Forhold som ikkje kan reknast i tal (direkte) -folkehelse, lokalsamfunn, butikk, tilflytting, rekruttering
- Kartlegge psykososiale ressursar/utfordringar i dei ulike skulemiljø – plan for kolrleis handtere dette forut for endringar
- Mulig å flytte kun 5-7 klasse
- Positivt å bevare småskulen (mulig å bygge opp igjen seinare)
- Betre plass/mindre investeringsbehov
5. Gruppe
- Ryddig prosess: Tilstrekkelig informasjon, grundig prosess
- Utredes om der er virkelig plass på Dingemoen til barna våre
- Sikre til at det ikkje bidrar til videre investering på Dingemoen
- Hvordan vil endring av strukturen påvirke lokalsamfunnet?
- Tett involvering av næringslivet lokalt i Flekke
- Barna koster like mye uansett hvor de er lokalisert
- Kan man synliggjøre at alle andre kutt er mulige?
- Grundig vurdering av investeringer: leasingavtaler, gravemaskin, lift, Samvirke
- Konsekvensutredning av hvordan dette vil påvirke barna våre på sikt, både fysisk og psykisk
- Kva er nytta av Nytta?
- Hvordan sikre at om en får beholde skolen at det er en god skole
- Rekruttering til barnehage om skolen forsvinner
- Kvaliteten på opplæringa
- Fleire kan ønske å søke til Sande
- Tar frå ungene den tryggeste overgangen som finnes
- Bestillingsverket må være grundig. Ta eksempelvis med at barnehagen skal nytte bygget. Er bestillinga konkret nok? Hvor mye penger har kommunen brukt på Agenda Kaupang?
6. Gruppe
Prosessen:
- 1. Bruk god nok tid, så alle spørsmål blir besvart
- 2. Reduser bruken av eksterne konsulentar
- Ikkje bruk nasjonale statistikkar og trendar når vi har godt datagrunnlag lokalt
Innhald
- 1. Sørg for det spesielle ansvar vi har mot UWC
- Ta omsyn til kortsiktige og langsiktige konsekvenser
- Kva sparar ein eigentleg på dette på lang sikt?
- Vere kritisk til tala vi mottar. Stille gode spørsmål til rapporten
- Må ta hensyn til at Flekke er ei grend med positiv folketalsvekst/ husbygging, investering
- Alle våre spørsmål må besvarast, har god tid
7. Gruppe
Ta omsyn til:
- Elevane
- Lærarane
- Lokalsamfunnet
- Rekrutteringar til kommunen
- Tomter/hus
- Barnehageplasser
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.