Ber om utgreiing av reisetid og skuletilbod for Øvre Guddal
Line Langeland
Ber kommunen utrede flere forhold før vedtak, blant annet elevenes reelle reisetid fra dør til dør og bytte mellom buss og bil.
- Tittel
- Innspel til arbeidsgruppa for utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-12
- Dokumenter
- Innspel til utgreiing om skulestruktur og økonomiske tiltak i Fjaler kommune (1) (pdf, 109KB) · hos kommunen
Innspel til arbeidsgruppa for utgreiing av skulestruktur (pdf, 67KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 28 punkter
-
Økonomi · krav Kommunen må regne ut kostnaden ved å kjøpe skoleplass i Sunnfjord for elever fra Øvre Guddal, sammenlignet med en endring av skolekretsen.
«Vi ber utvalet gjere ei konkret berekning av kostnader for kommunen ved dagens ordning der kommunen kjøper skuleplass i Sunnfjord for elevar frå Øvre Guddal, opp mot ei mogleg endring av skulekrinsen.»
-
Økonomi · spørsmål Hvilket tilskudd får kommunen for skoleplassene, og hva er de reelle utgiftene i kommunebudsjettet?
«Kva tilskot får kommunen til å betale for skuleplassar og kva er kommunen sine reelle utgifter frå kommunebudsjettet?»
-
Økonomi · spørsmål Hvilke inntekter og hvilken verdiskaping gir det at familier bor i Øvre Guddal?
«Kva med iinntekter ved at det bur nokon i Øvre Guddal? Kva verdiskapning som skjer i området ved at det bur familiar her?»
-
Økonomi · krav Kommunen må utrede om samarbeid med nabokommuner kan gi bedre og mer kostnads- og tidseffektive løsninger for skoleplasser og skyss.
«Det bør også gjerast greie for om samarbeid med nabokommunar kan gi betre og meir kostnadseffektive og tidseffektive løysingar både for skuleplassar og skuleskyss.»
-
Økonomi · krav Kommunen må gjøre rede for de økonomiske konsekvensene av at 4–5 barnefamilier flytter, medregnet skatteinntekter og statlige overføringer.
«kva økonomiske konsekvensar fråflytting frå til dømes 4–5 barnefamiliar vil ha for kommunen … korleis dette vil påverke skatteinntekter og statlege overføringar»
-
Prosess · krav Kommunen må legge til rette for reell medvirkning fra innbyggerne, ikke bare gjennom grendelag.
«Vi ber derfor om at kommunen legg til rette for reell medverknad frå innbyggjarane, ikkje berre gjennom grendelag.»
-
Prosess · argument Vektlegger man bare flertallet i bygda, risikerer mindre lokalsamfunn å bli overkjørt, og tilliten til demokratiske prosesser kan svekkes.
«Når ein berre legg vekt på synspunkta til fleirtalet i bygda, risikerer ein at mindre lokalsamfunn blir overkøyrde og ikkje får ivareteke sine behov og perspektiv. Dette kan svekkje tilliten til dei demokratiske prosessane.»
-
Prosess · krav Kommunen bør bruke en digital innbyggerundersøkelse der stemmene innenfor hvert geografisk område teller for sin del av kommunen.
«Ei digital innbyggjarundersøking er eit godt verkemiddel for å sikre brei deltaking, der stemmene innanfor kvart geografisk område tel for innbyggarane i sin del av kommunen.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen må gjøre rede for konsekvensene om åpningstidene i barnehage og SFO blir redusert ytterligere eller flyttet til Dingemoen.
«Vi ber også om at kommunen gjere greie for konsekvensane dersom opningstidene i barnehage og SFO blir reduserte ytterlegare, eller flytta til Dingemoen.»
-
Samfunnshensyn · argument Mange pendler ut av kommunen, i Øvre Guddal til Sunnfjord, og flere kombinerer gårdsdrift med arbeid utenfor kommunen.
«I Fjaler kommune pendlar ein stor del av dei tilsette ut av kommunen for arbeid. I Øvre Guddal er det naturleg å pendle til Sunnfjord. Samstundes fins det fleire gardsbruk i området der gardbrukarane kombinerer drift med arbeid utanfor kommunen.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen må gjøre rede for hvordan endringer i skolestruktur og tilbud påvirker muligheten til å bo og arbeide i området.
«Vi ber kommunen gjere greie for korleis eventuelle endringar i skulestruktur/tilbud vil påverke moglegheita til å bu og arbeide i området.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen må sette opp et konkret eksempel på hverdagen for en barnefamilie i Øvre Guddal med pendling til Førde, barnehage/SFO, skyss og fritidsaktiviteter.
«Vi ber derfor kommunen setje opp eit konkret døme på ein kvardag for ei barnefamilie i Øvre Guddal, kor foreldre pendlar til Førde og barnet skal gå i barnehage SFO i Fjaler kommune.»
-
Samfunnshensyn · argument Dagens skoleløsning for Øvre Guddal er sårbar og lite forutsigbar og kan, om den fortsetter, føre til fraflytting.
«Uavhengig av endringar i Flekke er dagens skuleløysing for Øvre Guddal sårbar og lite føreseieleg. Ei vidareføring av denne, eller endringar utan gode alternativ, kan føre til fråflytting.»
-
Samfunnshensyn · argument Tilknytning til Sande er den eneste løsningen som kan gi stabile og framtidsrettede rammer for innbyggerne i Øvre Guddal.
«ei tilknyting til Sande er den einaste løysinga som kan sikre stabile og framtidsretta rammer for innbyggjarane.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen må utrede om endret skolekrets for Øvre Guddal kan sikre bosettingen og samtidig være økonomisk god for kommunen.
«om ei endring av skulekrins for Øvre Guddal kan bidra til å sikre vidare busetnad i området og samstundes vere ei økonomisk god løysing for kommunen»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Skal kommunegrenser og administrative grenser telle mer enn nærhet til skole?
«Skal kommunegrenser vere avgjerande for kva skule barn skal gå på? … Bør administrative grenser telje meir enn nærleik til skule ?»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Skal avstanden til kommunesenteret avgjøre hvilke tjenester innbyggerne får?
«Skal avstand til kommunesenter avgjere kva tenester innbyggjarane får?»
-
Samfunnshensyn · argument Innbyggerne bør ikke få en tyngre hverdag bare på grunn av kommunegrenser.
«Innbyggjarane bør ikkje få ein tyngre kvardag berre på grunn av kommunegrenser.»
-
Barns beste · krav Kommunen må gjøre rede for hvordan ansvaret for et likeverdig opplæringstilbud blir ivaretatt når reisetiden blir svært ulik.
«Når reisetida blir svært ulik for elevane i kommunen, ber vi at det vert gjort greie for korleis dette ansvaret blir ivareteke.»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gjøre rede for den reelle reisetiden for elevene.
«Vi ber kommunen gjere greie for den reelle reisetida for elevane.»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må si hva den regner som forsvarlig reisetid for alle alderstrinn til og med 10. klasse.
«kva kommunen legg i forsvarleg reisetid for alle alderstrinn opp til 10 klasse»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gjøre rede for reell daglig reisetid fra dør til dør for elever fra Steinset og Guddal.
«reell dagleg reisetid frå dør til dør for elevar frå Steinset, Guddal»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gi oversikt over alle bytter mellom buss og bil, for eksempel i Guddal, Nautsundet og Flekke.
«oversikt over alle bytte mellom buss og bil, til dømes i Guddal, Nautsundet og Flekke»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gi oversikt over avreise- og hjemkomsttid for elevene på de ulike trinnene.
«ei oversikt over avreise- og heimkomsttid for elevane i dei ulike klassetrinna»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gjøre rede for hvilken rute som er aktuell, Nordsidevegen eller Hovlandsdal, og hva valgene betyr for reisetid og bytter.
«val av reiserute Nordsidevegen eller Hovlandsdal, kva ruteval er mest aktuelt og kva vert konsekvensen av dei to vala»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gjøre rede for hvordan lang reisetid påvirker læring, helse, fritid og mulighet til fritidsaktiviteter med klassekamerater.
«Vidare ber vi at de gjer greie for korleis lang reisetid påverkar: … læring … helse … fritid … moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar saman med klassekameratar»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gjøre rede for alternative løsninger for elever med særlig lang reisevei.
«Det bør også gjerast greie for alternative løysingar for elevar med særleg lang reiseveg.»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må gjøre rede for risikoen ved lang skolevei og reisetid og hvordan det påvirker trivsel, hverdag og læringsutbytte.
«Ber og om at ein gjer greie for risikoen ved lang skuleveg og reisetid og korleis det påverkar barnets trivsel, kvardag og læringsutbytte?»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Innspel til utgreiing om skulestruktur og økonomiske tiltak i Fjaler kommune
Vi viser til dokumenta i saka og til at kommunen varslar omfattande tiltak for å unngå ROBEK. I den samanhengen ønskjer vi å kome med innspel til forhold vi meiner ikkje er tilstrekkeleg utgreidde, og som bør vurderast nærare før det blir fatta vedtak.
Reisetid og forsvarleg skulekvardag
Vi ber kommunen gjere greie for den reelle reisetida for elevane. Dette bør omfatte:
- kva kommunen legg i forsvarleg reisetid for alle alderstrinn opp til 10 klasse
- reell dagleg reisetid frå dør til dør for elevar frå Steinset, Guddal
- oversikt over alle bytte mellom buss og bil, til dømes i Guddal, Nautsundet og Flekke
- ei oversikt over avreise- og heimkomsttid for elevane i dei ulike klassetrinna
- val av reiserute Nordsidevegen eller Hovlandsdal, kva ruteval er mest aktuelt og kva vert konsekvensen av dei to vala. Korlesi påverkar dei to vala reisetid og tal byter bil/buss
Vidare ber vi at de gjer greie for korleis lang reisetid påverkar:
- læring
- helse
- fritid
- moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar saman med klassekameratar (idrett, kulturskule, bursdagar, klassefester, sosiale samkomstar o.l.)
Det bør også gjerast greie for alternative løysingar for elevar med særleg lang reiseveg.
Samanlikning av alternativ
Vi ber utvalet gjere ei konkret berekning av kostnader for kommunen ved dagens ordning der kommunen kjøper skuleplass i Sunnfjord for elevar frå Øvre Guddal, opp mot ei mogleg endring av skulekrinsen. Kva tilskot får kommunen til å betale for skuleplassar og kva er kommunen sine reelle utgifter frå kommunebudsjettet? Kva med iinntekter ved at det bur nokon i Øvre Guddal? Kva verdiskapning som skjer i området ved at det bur familiar her?
Det bør også gjerast greie for om samarbeid med nabokommunar kan gi betre og meir kostnadseffektive og tidseffektive løysingar både for skuleplassar og skuleskyss. Dette vil gjelde fleire utkantar i kommunen som har nærleik til nabokommunar. Hovudmålsetjinga må vere ein så god kvardag som mogleg for alle barn i Fjaler.
Likeverdig opplæringstilbod
Kommunen har ansvar for å sikre at alle barn i kommunen får eit likeverdig opplæringstilbod. Når reisetida blir svært ulik for elevane i kommunen, ber vi at det vert gjort greie for korleis dette ansvaret blir ivareteke. Ber og om at ein gjer greie for risikoen ved lang skuleveg og reisetid og korleis det påverkar barnets trivsel, kvardag og læringsutbytte?
Kvardagen for barnefamiliar
Vi ber også om at kommunen gjere greie for konsekvensane dersom opningstidene i barnehage og SFO blir reduserte ytterlegare, eller flytta til Dingemoen. I Fjaler kommune pendlar ein stor del av dei tilsette ut av kommunen for arbeid. I Øvre Guddal er det naturleg å pendle til Sunnfjord. Samstundes fins det fleire gardsbruk i området der gardbrukarane kombinerer drift med arbeid utanfor kommunen. Vi ber kommunen gjere greie for korleis eventuelle endringar i skulestruktur/tilbud vil påverke moglegheita til å bu og arbeide i området.
Vi ber derfor kommunen setje opp eit konkret døme på ein kvardag for ei barnefamilie i Øvre Guddal, kor foreldre pendlar til Førde og barnet skal gå i barnehage SFO i Fjaler kommune. I tillegg driv gjerne foreldra gard, med utgangspunkt i:
- arbeidstid kl. 08.00–15.30
- levering og henting i barnehage eller SFO innanfor opningstidene
- skuleskyss
- fritidsaktivitetar
Konsekvensar for Øvre Guddal
Uavhengig av endringar i Flekke er dagens skuleløysing for Øvre Guddal sårbar og lite føreseieleg. Ei vidareføring av denne, eller endringar utan gode alternativ, kan føre til fråflytting. Øvre Guddal har ikkje ei tilfredsstillande og føreseieleg skuleløysing i dag. For oss er det difor viktig å understreke at ei tilknyting til Sande er den einaste løysinga som kan sikre stabile og framtidsretta rammer for innbyggjarane.
Vi ber derfor kommunen gjere greie for:
- kva økonomiske konsekvensar fråflytting frå til dømes 4–5 barnefamiliar vil ha for kommunen
- korleis dette vil påverke skatteinntekter og statlege overføringar
- om ei endring av skulekrins for Øvre Guddal kan bidra til å sikre vidare busetnad i området og samstundes vere ei økonomisk god løysing for kommunen
Prinsipielle spørsmål
Vi meiner det er viktig å gjere greie for nokre grunnleggande spørsmål i saka:
- Skal kommunegrenser vere avgjerande for kva skule barn skal gå på?
- Bør administrative grenser telje meir enn nærleik til skule ?
- Skal avstand til kommunesenter avgjere kva tenester innbyggjarane får?
Innbyggjarane bør ikkje få ein tyngre kvardag berre på grunn av kommunegrenser.
Medverknad
Til slutt vil vi understreke at innbyggjarane i dei mest berørte områda bør bli høyrde i saka. Vi ber derfor om at kommunen legg til rette for reell medverknad frå innbyggjarane, ikkje berre gjennom grendelag.
Det er avgjerande at kommunen høyrer alle innbyggjarar i ei sak om skulestruktur, fordi slike avgjerder påverkar kvardagen til barn og familiar i heile kommunen – ikkje berre dei som utgjer fleirtalet i eitt område, slik som t.d. grendelaga gjere. Når ein berre legg vekt på synspunkta til fleirtalet i bygda, risikerer ein at mindre lokalsamfunn blir overkøyrde og ikkje får ivareteke sine behov og perspektiv. Dette kan svekkje tilliten til dei demokratiske prosessane.
For å sikre ei rettferdig og inkluderande behandling av saka, må kommunen aktivt hente inn meiningar frå alle delar av bygda. Ei digital innbyggjarundersøking er eit godt verkemiddel for å sikre brei deltaking, der stemmene innanfor kvart geografisk område tel for innbyggarane i sin del av kommunen. Dette vil bidra til at den som er reelt berørt av endringar får bidrege med si stemme.
Helsing
Ulrik Brask Steinseth og Susanne Lillestøl Paulsen
Jan Ove og Mona Steinseth
Arne og Trine D. Heggheim
Terje og Hjørdis Møller
Geir Helge og Elin H. Møller
Øystein Osland og Stine Torheim
Odd Arne Osland
Atle og Liv Solveig Langeland
Håkon og Line Langeland.
Hei!
Vedlagt ligger innspill vi ønsker utgreiing på i forbindelse med arbeidet kommunen står i vedrørende skolestrukturen. Ber om at dette sendes til arbeidsgruppen/ styringsgruppen som er nedsatt.
Mvh Line Langeland
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.