Innspel til utgreiing om skulestruktur og økonomiske tiltak i Fjaler kommune
Vi viser til dokumenta i saka og til at kommunen varslar omfattande tiltak for å unngå ROBEK. I den samanhengen ønskjer vi å kome med innspel til forhold vi meiner ikkje er tilstrekkeleg utgreidde, og som bør vurderast nærare før det blir fatta vedtak.
Reisetid og forsvarleg skulekvardag
Vi ber kommunen gjere greie for den reelle reisetida for elevane. Dette bør omfatte:
- kva kommunen legg i forsvarleg reisetid for alle alderstrinn opp til 10 klasse
- reell dagleg reisetid frå dør til dør for elevar frå Steinset, Guddal
- oversikt over alle bytte mellom buss og bil, til dømes i Guddal, Nautsundet og Flekke
- ei oversikt over avreise- og heimkomsttid for elevane i dei ulike klassetrinna
- val av reiserute Nordsidevegen eller Hovlandsdal, kva ruteval er mest aktuelt og kva vert konsekvensen av dei to vala. Korlesi påverkar dei to vala reisetid og tal byter bil/buss
Vidare ber vi at de gjer greie for korleis lang reisetid påverkar:
- læring
- helse
- fritid
- moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar saman med klassekameratar (idrett, kulturskule, bursdagar, klassefester, sosiale samkomstar o.l.)
Det bør også gjerast greie for alternative løysingar for elevar med særleg lang reiseveg.
Samanlikning av alternativ
Vi ber utvalet gjere ei konkret berekning av kostnader for kommunen ved dagens ordning der kommunen kjøper skuleplass i Sunnfjord for elevar frå Øvre Guddal, opp mot ei mogleg endring av skulekrinsen. Kva tilskot får kommunen til å betale for skuleplassar og kva er kommunen sine reelle utgifter frå kommunebudsjettet? Kva med iinntekter ved at det bur nokon i Øvre Guddal? Kva verdiskapning som skjer i området ved at det bur familiar her?
Det bør også gjerast greie for om samarbeid med nabokommunar kan gi betre og meir kostnadseffektive og tidseffektive løysingar både for skuleplassar og skuleskyss. Dette vil gjelde fleire utkantar i kommunen som har nærleik til nabokommunar. Hovudmålsetjinga må vere ein så god kvardag som mogleg for alle barn i Fjaler.
Likeverdig opplæringstilbod
Kommunen har ansvar for å sikre at alle barn i kommunen får eit likeverdig opplæringstilbod. Når reisetida blir svært ulik for elevane i kommunen, ber vi at det vert gjort greie for korleis dette ansvaret blir ivareteke. Ber og om at ein gjer greie for risikoen ved lang skuleveg og reisetid og korleis det påverkar barnets trivsel, kvardag og læringsutbytte?
Kvardagen for barnefamiliar
Vi ber også om at kommunen gjere greie for konsekvensane dersom opningstidene i barnehage og SFO blir reduserte ytterlegare, eller flytta til Dingemoen. I Fjaler kommune pendlar ein stor del av dei tilsette ut av kommunen for arbeid. I Øvre Guddal er det naturleg å pendle til Sunnfjord. Samstundes fins det fleire gardsbruk i området der gardbrukarane kombinerer drift med arbeid utanfor kommunen. Vi ber kommunen gjere greie for korleis eventuelle endringar i skulestruktur/tilbud vil påverke moglegheita til å bu og arbeide i området.
Vi ber derfor kommunen setje opp eit konkret døme på ein kvardag for ei barnefamilie i Øvre Guddal, kor foreldre pendlar til Førde og barnet skal gå i barnehage SFO i Fjaler kommune. I tillegg driv gjerne foreldra gard, med utgangspunkt i:
- arbeidstid kl. 08.00–15.30
- levering og henting i barnehage eller SFO innanfor opningstidene
- skuleskyss
- fritidsaktivitetar
Konsekvensar for Øvre Guddal
Uavhengig av endringar i Flekke er dagens skuleløysing for Øvre Guddal sårbar og lite føreseieleg. Ei vidareføring av denne, eller endringar utan gode alternativ, kan føre til fråflytting. Øvre Guddal har ikkje ei tilfredsstillande og føreseieleg skuleløysing i dag. For oss er det difor viktig å understreke at ei tilknyting til Sande er den einaste løysinga som kan sikre stabile og framtidsretta rammer for innbyggjarane.
Vi ber derfor kommunen gjere greie for:
- kva økonomiske konsekvensar fråflytting frå til dømes 4–5 barnefamiliar vil ha for kommunen
- korleis dette vil påverke skatteinntekter og statlege overføringar
- om ei endring av skulekrins for Øvre Guddal kan bidra til å sikre vidare busetnad i området og samstundes vere ei økonomisk god løysing for kommunen
Prinsipielle spørsmål
Vi meiner det er viktig å gjere greie for nokre grunnleggande spørsmål i saka:
- Skal kommunegrenser vere avgjerande for kva skule barn skal gå på?
- Bør administrative grenser telje meir enn nærleik til skule ?
- Skal avstand til kommunesenter avgjere kva tenester innbyggjarane får?
Innbyggjarane bør ikkje få ein tyngre kvardag berre på grunn av kommunegrenser.
Medverknad
Til slutt vil vi understreke at innbyggjarane i dei mest berørte områda bør bli høyrde i saka. Vi ber derfor om at kommunen legg til rette for reell medverknad frå innbyggjarane, ikkje berre gjennom grendelag.
Det er avgjerande at kommunen høyrer alle innbyggjarar i ei sak om skulestruktur, fordi slike avgjerder påverkar kvardagen til barn og familiar i heile kommunen – ikkje berre dei som utgjer fleirtalet i eitt område, slik som t.d. grendelaga gjere. Når ein berre legg vekt på synspunkta til fleirtalet i bygda, risikerer ein at mindre lokalsamfunn blir overkøyrde og ikkje får ivareteke sine behov og perspektiv. Dette kan svekkje tilliten til dei demokratiske prosessane.
For å sikre ei rettferdig og inkluderande behandling av saka, må kommunen aktivt hente inn meiningar frå alle delar av bygda. Ei digital innbyggjarundersøking er eit godt verkemiddel for å sikre brei deltaking, der stemmene innanfor kvart geografisk område tel for innbyggarane i sin del av kommunen. Dette vil bidra til at den som er reelt berørt av endringar får bidrege med si stemme.
Helsing
Ulrik Brask Steinseth og Susanne Lillestøl Paulsen
Jan Ove og Mona Steinseth
Arne og Trine D. Heggheim
Terje og Hjørdis Møller
Geir Helge og Elin H. Møller
Øystein Osland og Stine Torheim
Odd Arne Osland
Atle og Liv Solveig Langeland
Håkon og Line Langeland.
Hei!
Vedlagt ligger innspill vi ønsker utgreiing på i forbindelse med arbeidet kommunen står i vedrørende skolestrukturen. Ber om at dette sendes til arbeidsgruppen/ styringsgruppen som er nedsatt.
Mvh Line Langeland
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.