Ber politikarane halde grendene levande – erfaringar frå nedlagde grendeskular
Fjaler eldreråd
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fjaler eldreråd
- Avsender
- Lag og organisasjon
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-103
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fjaler eldreråd (pdf, 41KB) · hos kommunen
Sak 251844 (pdf, 53KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 9 punkter
-
Samfunnshensyn · argument Grender i Fjaler som har mistet skolen, har tapt mye av folkelivet og det sosiale limet.
«I Fjaler kommune har det i dei siste tiåra vorte nedlagt 3 grendeskular: Bakkebø, Hellevik og Guddal. … Grendene som har opplevd dette har tapt mykje av folkelivet og det sosiale limet i bygda når både barnehage, skule og SFO vart borte.»
-
Samfunnshensyn · argument Det krever mye av bygdene å få til tradisjonelle samlinger som 17. mai og julefester.
«Det krev mykje av bygdene å få til dei tradisjonelle samlingane som 17. mai, julefestar og samlingar for dei unge.»
-
Samfunnshensyn · argument Butikk, post og bibliotek er også lagt ned i grendene, unntatt butikken i Hellevik.
«Butikk, post og bibliotek har også vorte nedlagde med unnatak av Hellevik som har butikken sin.»
-
Samfunnshensyn · argument Det blir mindre tilflytting og etablering av unge familier.
«Det vert mindre tilflytting og etablering av unge familiar.»
-
Samfunnshensyn · argument Tilbake i grendene blir pensjonister og eldre, og de blir flere hvert år.
«Attende i grendene vert pensjonistane og dei eldre og talet av desse aukar for kvart år.»
-
Samfunnshensyn · argument Kommunen har vedtatt at eldre skal bo hjemme lengst mulig, og bygder uten barnehage, skole og butikk er fattige bygder.
«Fjaler kommune har i sine planar og vedtak sagt at vi eldre skal bu heime så lenge ein kan, helst til ein døyr. … Vi veit at bygder utan barnehage, skule og butikk er ei fattig bygd.»
-
Samfunnshensyn · argument Eldre ønsker bygder der alle generasjoner har glede av hverandre.
«Vi eldre ynskjer oss bygder der alle generasjonar har glede av kvarandre.»
-
Samfunnshensyn · krav Politikerne bør la de to grendene som er berørt av strukturendringer, fortsatt være levende bygder.
«POLITIKARAR: Lat dei 2 grendene som no er utsette for stukturendringar, framleis vere levande bygder der alle generasjonar kan ha gode liv i lag.»
-
Skyss og reisetid · argument Foreldre får nye oppgaver med kjøring og henting etter SFO og aktiviteter.
«Føresette får nye oppgåver med køyring og henting etter SFO og og aktivitetar som før var i grendene.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Fjaler eldreråd ynskjer å sende ein uttale i høve skulestrukturarbeidet som pågår i Fjaler kommune.
I Fjaler kommune har det i dei siste tiåra vorte nedlagt 3 grendeskular: Bakkebø, Hellevik og Guddal.
Dette var skular med minkande elevtal og barnehagane i desse grendene vart også nedlagde.
Grendene som har opplevd dette har tapt mykje av folkelivet og det sosiale limet i bygda når både barnehage, skule og SFO vart borte.
Det krev mykje av bygdene å få til dei tradisjonelle samlingane som 17. mai, julefestar og samlingar for dei unge.
Borna og dei unge har fått nye etablerte samlingspunkt, det gjeld både i barnehage og skule.
Føresette får nye oppgåver med køyring og henting etter SFO og og aktivitetar som før var i grendene.
Butikk, post og bibliotek har også vorte nedlagde med unnatak av Hellevik som har butikken sin.
Det vert mindre tilflytting og etablering av unge familiar.
Attende i grendene vert pensjonistane og dei eldre og talet av desse aukar for kvart år.
Dette er ein generasjon som har hatt glede av eit samfunn med born , ungdom, vaksne og eldre.
Kva skjer?
Fjaler kommune har i sine planar og vedtak sagt at vi eldre skal bu heime så lenge ein kan, helst til ein døyr.
Vi veit at bygder utan barnehage, skule og butikk er ei fattig bygd.
Det som var limet og livet før, er borte.
Vi eldre ynskjer oss bygder der alle generasjonar har glede av kvarandre. Der vi framleis kan få oppleve born og unge på skuleveg og i fritid i kvardagen og samlingar på høgtidsdagar.
Kunne gå eller køyre til nærbutikken som også er samlingsstaden i fleire av grendene.
POLITIKARAR: Lat dei 2 grendene som no er utsette for stukturendringar, framleis vere levande bygder der alle generasjonar kan ha gode liv i lag.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.