← Full visning

Ber politikarane halde grendene levande – erfaringar frå nedlagde grendeskular

Fjaler eldreråd · 21. oktober 2026

Fjaler eldreråd ynskjer å sende ein uttale i høve skulestrukturarbeidet som pågår i Fjaler kommune.

I Fjaler kommune har det i dei siste tiåra vorte nedlagt 3 grendeskular: Bakkebø, Hellevik og Guddal.

Dette var skular med minkande elevtal og barnehagane i desse grendene vart også nedlagde.

Grendene som har opplevd dette har tapt mykje av folkelivet og det sosiale limet i bygda når både barnehage, skule og SFO vart borte.

Det krev mykje av bygdene å få til dei tradisjonelle samlingane som 17. mai, julefestar og samlingar for dei unge.

Borna og dei unge har fått nye etablerte samlingspunkt, det gjeld både i barnehage og skule.

Føresette får nye oppgåver med køyring og henting etter SFO og og aktivitetar som før var i grendene.

Butikk, post og bibliotek har også vorte nedlagde med unnatak av Hellevik som har butikken sin.

Det vert mindre tilflytting og etablering av unge familiar.

Attende i grendene vert pensjonistane og dei eldre og talet av desse aukar for kvart år.

Dette er ein generasjon som har hatt glede av eit samfunn med born , ungdom, vaksne og eldre.

Kva skjer?

Fjaler kommune har i sine planar og vedtak sagt at vi eldre skal bu heime så lenge ein kan, helst til ein døyr.

Vi veit at bygder utan barnehage, skule og butikk er ei fattig bygd.

Det som var limet og livet før, er borte.

Vi eldre ynskjer oss bygder der alle generasjonar har glede av kvarandre. Der vi framleis kan få oppleve born og unge på skuleveg og i fritid i kvardagen og samlingar på høgtidsdagar.

Kunne gå eller køyre til nærbutikken som også er samlingsstaden i fleire av grendene.

POLITIKARAR: Lat dei 2 grendene som no er utsette for stukturendringar, framleis vere levande bygder der alle generasjonar kan ha gode liv i lag.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.