Støttar nullalternativet – alle tre skulane skal halde fram som i dag
FJALER SV
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fjaler SV
- Avsender
- Politiker eller parti
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-93
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fjaler SV (pdf, 71KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 66KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 22 punkter og standpunkt
Standpunkt: 0: for 1: imot 2: imot 3: imot
-
Økonomi · kritikk Tallene har endret seg underveis og gir ikke et tydelig svar på om kommunen sparer driftsutgifter.
«Tala har endra seg undervegs, og dei gir ikkje eit tydeleg svar på om kommunen sparar driftsutgifter ved å flytte elevar mellom skulane.»
-
Økonomi · argument I 2016–2017 hadde Fjaler to flere skoler enn i dag, men færre årsverk per 100 elever, så antall skoler avgjør ikke alene kostnadsnivået.
«Kommunen har sjølv vist at talet på skular ikkje åleine avgjer kostnadsnivået. I 2016–2017 hadde Fjaler to fleire skular enn i dag, men færre årsverk per 100 elevar enn no»
-
Økonomi · argument Høy trivsel, lav turnover og lavt sykefravær ved Flekke skule gir mindre behov for vikarer og nyrekruttering, og er en relevant økonomisk faktor.
«Høg trivsel, låg turnover og lågt sjukefråvær ved Flekke skule gir mindre behov for vikarar og nyrekruttering, og er ein relevant økonomisk faktor.»
-
Økonomi · krav Kommunen må vurdere de samlede samfunnsøkonomiske konsekvensene, ikke bare kortsiktige innsparinger i skolebudsjettet.
«Kommunen må vurdere dei samla samfunnsøkonomiske konsekvensane, ikkje berre kortsiktige innsparingar i skulebudsjettet.»
-
Prosess · argument Samarbeidsavtalen med Ap, V og MDG for 2023–2027 forutsatte at skolestrukturen ikke skulle endres i perioden.
«Då vi inngjekk samarbeid med Ap, V og MDG for perioden 2023–2027, var avtalen om at skulestrukturen ikkje skulle endrast i perioden heilt avgjerande.»
-
Prosess · krav Konsekvensene for tilflytting, lokalsamfunn og rekruttering er for dårlig utredet, og kommunen må legge fram oppdaterte tall og en samlet konsekvensutredning.
«Konsekvensane for tilflytting, lokalsamfunn og rekruttering er for dårleg utgreidde. Kommunen må leggje fram oppdaterte tal og ei samla konsekvensutgreiing av tilflytting, næringsliv og lokalsamfunn.»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Hvordan skal utkantene i Fjaler følges opp og utvikles videre?
«Korleis skal utkantane i Fjaler følgjast opp og utviklast vidare?»
-
Samfunnshensyn · argument Lærerfamilier ved UWC som ikke kan bruke utenlandsk førerkort, kan bli mer isolert på Haugland uten nærskole.
«For lærarfamiliar ved UWC som ikkje kan nytte utanlandsk førarkort i Noreg, kan manglande nærskule og transportløysingar føre til sterkare isolasjon på Haugland.»
-
Samfunnshensyn · argument Fjaler, særlig Flekke, har hatt god folkevekst, og en bygdeskole er en investering og rekrutteringsfaktor heller enn en ren kostnadspost.
«Fjaler har hatt god folkevekst dei siste åra, særleg i Flekke. … Difor meiner vi at ein bygdeskule ikkje kan sjåast på som ein rein kostnadspost.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolen er en møteplass i bygdene og en rekrutteringsfaktor som gjør det mer attraktivt for barnefamilier å bosette seg i hele kommunen.
«Skulen er ein del av oppvekstmiljøet, ein møteplass i bygdene og ein viktig rekrutteringsfaktor som gjer det meir attraktivt for barnefamiliar å busetje seg i heile kommunen.»
-
Samfunnshensyn · argument Tap av en bygdeskole kan svekke boligattraktivitet, tilflytting, skattegrunnlag, næringsliv og frivillighet.
«Tap av ein bygdeskule kan svekkje bustadattraktiviteten, tilflyttinga, skattegrunnlaget, næringslivet og frivilligheita. Det kan gi færre barnefamiliar og færre arbeidstakarar, og dermed svikt i rekrutteringa til næringslivet.»
-
Samfunnshensyn · argument Over tid kan sentralisering gi svakere elevgrunnlag og svekke Dale vidaregåande skule.
«Over tid vil det gi eit svakare elevgrunnlag, som igjen vil svekkje framtidsgrunnlaget for Dale vidaregåande skule.»
-
Samfunnshensyn · argument Nedleggelse av Flekke skule strider mot målene i samfunnsdelen av kommuneplanen om utvikling i hele kommunen.
«Samfunnsdelen i kommuneplanen legg vekt på gode kvardagsliv og utvikling i heile kommunen. Å leggje ned Flekke skule strir mot desse måla.»
-
Samfunnshensyn · argument Å legge ned en skole er en varig avgjørelse med stor risiko.
«å leggje ned ein skule er ei varig avgjerd med stor risiko.»
-
Barns beste · argument En desentralisert skolestruktur gir barn et bedre oppvekstmiljø i hele kommunen.
«Ein desentralisert skulestruktur gir born eit betre oppvekstmiljø i heile kommunen»
-
Barns beste · argument Lærertettheten bør ses som en pedagogisk ressurs, ikke som et måltall i seg selv.
«Lærartettleiken bør sjåast som ein pedagogisk ressurs, ikkje som eit måltal i seg sjølv.»
-
Barns beste · argument Behovet for individuelt tilpasset opplæring blir ikke mindre av at elevene flytter, og kan bli mer ressurskrevende i et større skolemiljø.
«Behovet for individuelt tilpassa opplæring blir ikkje mindre av at elevane flyttar. Utfordringar som kan handterast i mindre klassar ved Flekke skule, kan bli meir ressurskrevjande i eit større skulemiljø.»
-
Barns beste · argument Regjeringens forslag om mer smågruppeundervisning passer godt med de mindre skolene i Flekke og Våge.
«Regjeringa har foreslått nye tiltak for å styrkje læringa, med meir målretta smågruppeundervisning, særleg for dei yngste. … Mindre skular som Flekke og Våge har alt gode føresetnader for dette»
-
Skyss og reisetid · argument Ved nedleggelse av Flekke skule vil store deler av Guddal få lengre skolevei enn de 30 kilometerne Agenda Kaupang anbefaler for 1.–4. trinn.
«Agenda Kaupang-rapporten tilrår maksimalt 30 kilometer reiseveg for elevar på 1.–4. trinn. Med dagens struktur ligg berre Steinset i Guddal utanfor denne grensa. Blir Flekke skule lagt ned, kjem store delar av Guddal utanfor.»
-
Skyss og reisetid · spørsmål Hvordan er lengre reisevei for små barn vurdert opp mot prinsippet om barnets beste?
«Og korleis er lengre reiseveg for små barn vurdert opp mot prinsippet om barnets beste?»
-
Skyss og reisetid · argument Lengre reisevei gir mer bilkjøring for SFO-familier, mer reisetid og for noen behov for bil nummer to, med økonomisk og miljømessig belastning.
«Familiar som brukar SFO må køyre barna til og frå. … Nokre familiar vil bli avhengige av bil nummer to, noko som gir både økonomisk belastning og auka miljøbelastning, lokalt og globalt.»
-
Bygg og barnehagen · krav Kommunen bør vurdere rimeligere og trinnvise løsninger som modulbygg eller mindre tilbygg i stedet for full rehabilitering eller nybygg.
«bør kommunen òg vurdere rimelegare og trinnvise løysingar, til dømes modulbygg eller mindre tilbygg, framfor å leggje full rehabilitering eller nybygg til grunn med ein gong.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Fjaler SV støttar nullalternativet. Flekke skule, Våge skule og Dingemoen skule skal halde fram som i dag, og oppvekstsektoren skal utviklast innanfor dagens rammer.
Fjaler Sosialistisk Venstreparti vil leggje til rette for eit trygt og godt oppvekstmiljø, sikre gode helse- og omsorgstenester som førebyggjer vanskar, og arbeide for at alle i heile kommunen får ta del i lokalsamfunnet.
Då vi inngjekk samarbeid med Ap, V og MDG for perioden 2023–2027, var avtalen om at skulestrukturen ikkje skulle endrast i perioden heilt avgjerande. Det står vi framleis fast ved.
Vi grunngir standpunktet med to hovudpunkt: Ein desentralisert skulestruktur gir born eit betre oppvekstmiljø i heile kommunen, og han er ein føresetnad for busetjing og samfunnsutvikling i alle delar av Fjaler.
Oppvekst og barnets beste
Lærartettleiken bør sjåast som ein pedagogisk ressurs, ikkje som eit måltal i seg sjølv. Behovet for individuelt tilpassa opplæring blir ikkje mindre av at elevane flyttar. Utfordringar som kan handterast i mindre klassar ved Flekke skule, kan bli meir ressurskrevjande i eit større skulemiljø.
Regjeringa har foreslått nye tiltak for å styrkje læringa, med meir målretta smågruppeundervisning, særleg for dei yngste. Målet er å sikre tidleg innsats og tettare læraroppfølging. Mindre skular som Flekke og Våge har alt gode føresetnader for dette, med eit oversiktleg miljø og nærleik mellom lærarar og elevar.
Agenda Kaupang-rapporten tilrår maksimalt 30 kilometer reiseveg for elevar på 1.–4. trinn. Med dagens struktur ligg berre Steinset i Guddal utanfor denne grensa. Blir Flekke skule lagt ned, kjem store delar av Guddal utanfor. Ein sit då med to store spørsmål:
Korleis skal utkantane i Fjaler følgjast opp og utviklast vidare? Og korleis er lengre reiseveg for små barn vurdert opp mot prinsippet om barnets beste?
Lengre reiseveg gir òg meir bilbruk. Familiar som brukar SFO må køyre barna til og frå. For dei som arbeider i Flekke, Hyllestad eller i Våge skuleskrins, kan dette gi vesentleg meir reisetid kvar dag. Nokre familiar vil bli avhengige av bil nummer to, noko som gir både økonomisk belastning og auka miljøbelastning, lokalt og globalt.
Behov for transport råkar òg dei som ikkje kan køyre sjølv. For lærarfamiliar ved UWC som ikkje kan nytte utanlandsk førarkort i Noreg, kan manglande nærskule og transportløysingar føre til sterkare isolasjon på Haugland.
Busetjing og samfunnsutvikling – skulen som ei investering
Fjaler har hatt god folkevekst dei siste åra, særleg i Flekke. Mykje av grunnen er eit rikt og variert næringsliv som er bygd opp rundt bygdene. Difor meiner vi at ein bygdeskule ikkje kan sjåast på som ein rein kostnadspost. Ein desentralisert skulestruktur er og har vore ei investering og ei satsing i Fjaler. Skulen er ein del av oppvekstmiljøet, ein møteplass i bygdene og ein viktig rekrutteringsfaktor som gjer det meir attraktivt for barnefamiliar å busetje seg i heile kommunen.
Tap av ein bygdeskule kan svekkje bustadattraktiviteten, tilflyttinga, skattegrunnlaget, næringslivet og frivilligheita. Det kan gi færre barnefamiliar og færre arbeidstakarar, og dermed svikt i rekrutteringa til næringslivet. Over tid vil det gi eit svakare elevgrunnlag, som igjen vil svekkje framtidsgrunnlaget for Dale vidaregåande skule. Ei sentralisering vil altså ikkje berre råke Flekke eller Våge, men få verknader for heile Fjaler. Skulane er med andre ord ryggrada i kommunen.
Samfunnsdelen i kommuneplanen legg vekt på gode kvardagsliv og utvikling i heile kommunen. Å leggje ned Flekke skule strir mot desse måla. Skal Fjaler vere ein attraktiv stad å flytte til, må kommunen kunne tilby noko som meir sentrale strøk ikkje kan. Ein levande skule i nærmiljøet er eit slikt tilbod.
Mangelfullt grunnlag
Vi meiner at høyringsgrunnlaget er vanskeleg å ta stilling til. Tala har endra seg undervegs, og dei gir ikkje eit tydeleg svar på om kommunen sparar driftsutgifter ved å flytte elevar mellom skulane. Kommunen har sjølv vist at talet på skular ikkje åleine avgjer kostnadsnivået. I 2016–2017 hadde Fjaler to fleire skular enn i dag, men færre årsverk per 100 elevar enn no (kommunedirektøren sin presentasjon på folkemøta). Tala varierer òg frå år til år, mellom anna ut frå behovet for individuelt tilpassa opplæring. Høg trivsel, låg turnover og lågt sjukefråvær ved Flekke skule gir mindre behov for vikarar og nyrekruttering, og er ein relevant økonomisk faktor.
Når det gjeld vedlikehaldsbehovet i bygningsmassen, bør kommunen òg vurdere rimelegare og trinnvise løysingar, til dømes modulbygg eller mindre tilbygg, framfor å leggje full rehabilitering eller nybygg til grunn med ein gong.
Konsekvensane for tilflytting, lokalsamfunn og rekruttering er for dårleg utgreidde. Kommunen må leggje fram oppdaterte tal og ei samla konsekvensutgreiing av tilflytting, næringsliv og lokalsamfunn.
Konklusjon
Vi anerkjenner at kommunen må effektivisere og få ned gjelda, men å leggje ned ein skule er ei varig avgjerd med stor risiko. Kommunen må vurdere dei samla samfunnsøkonomiske konsekvensane, ikkje berre kortsiktige innsparingar i skulebudsjettet. Samla sett ser vi ikkje at nedlegging av skular i bygder med vekst er rett strategi. Skulane er ei investering for framtida i Fjaler.
Fjaler SV kan ikkje støtte forslag om å leggje ned Flekke skule eller sentralisere skulestrukturen. Vi støttar nullalternativet og vil utvikle oppvekstsektoren innanfor dagens rammer.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.