Fjaler SV støttar nullalternativet. Flekke skule, Våge skule og Dingemoen skule skal halde fram som i dag, og oppvekstsektoren skal utviklast innanfor dagens rammer.
Fjaler Sosialistisk Venstreparti vil leggje til rette for eit trygt og godt oppvekstmiljø, sikre gode helse- og omsorgstenester som førebyggjer vanskar, og arbeide for at alle i heile kommunen får ta del i lokalsamfunnet.
Då vi inngjekk samarbeid med Ap, V og MDG for perioden 2023–2027, var avtalen om at skulestrukturen ikkje skulle endrast i perioden heilt avgjerande. Det står vi framleis fast ved.
Vi grunngir standpunktet med to hovudpunkt: Ein desentralisert skulestruktur gir born eit betre oppvekstmiljø i heile kommunen, og han er ein føresetnad for busetjing og samfunnsutvikling i alle delar av Fjaler.
Oppvekst og barnets beste
Lærartettleiken bør sjåast som ein pedagogisk ressurs, ikkje som eit måltal i seg sjølv. Behovet for individuelt tilpassa opplæring blir ikkje mindre av at elevane flyttar. Utfordringar som kan handterast i mindre klassar ved Flekke skule, kan bli meir ressurskrevjande i eit større skulemiljø.
Regjeringa har foreslått nye tiltak for å styrkje læringa, med meir målretta smågruppeundervisning, særleg for dei yngste. Målet er å sikre tidleg innsats og tettare læraroppfølging. Mindre skular som Flekke og Våge har alt gode føresetnader for dette, med eit oversiktleg miljø og nærleik mellom lærarar og elevar.
Agenda Kaupang-rapporten tilrår maksimalt 30 kilometer reiseveg for elevar på 1.–4. trinn. Med dagens struktur ligg berre Steinset i Guddal utanfor denne grensa. Blir Flekke skule lagt ned, kjem store delar av Guddal utanfor. Ein sit då med to store spørsmål:
Korleis skal utkantane i Fjaler følgjast opp og utviklast vidare? Og korleis er lengre reiseveg for små barn vurdert opp mot prinsippet om barnets beste?
Lengre reiseveg gir òg meir bilbruk. Familiar som brukar SFO må køyre barna til og frå. For dei som arbeider i Flekke, Hyllestad eller i Våge skuleskrins, kan dette gi vesentleg meir reisetid kvar dag. Nokre familiar vil bli avhengige av bil nummer to, noko som gir både økonomisk belastning og auka miljøbelastning, lokalt og globalt.
Behov for transport råkar òg dei som ikkje kan køyre sjølv. For lærarfamiliar ved UWC som ikkje kan nytte utanlandsk førarkort i Noreg, kan manglande nærskule og transportløysingar føre til sterkare isolasjon på Haugland.
Busetjing og samfunnsutvikling – skulen som ei investering
Fjaler har hatt god folkevekst dei siste åra, særleg i Flekke. Mykje av grunnen er eit rikt og variert næringsliv som er bygd opp rundt bygdene. Difor meiner vi at ein bygdeskule ikkje kan sjåast på som ein rein kostnadspost. Ein desentralisert skulestruktur er og har vore ei investering og ei satsing i Fjaler. Skulen er ein del av oppvekstmiljøet, ein møteplass i bygdene og ein viktig rekrutteringsfaktor som gjer det meir attraktivt for barnefamiliar å busetje seg i heile kommunen.
Tap av ein bygdeskule kan svekkje bustadattraktiviteten, tilflyttinga, skattegrunnlaget, næringslivet og frivilligheita. Det kan gi færre barnefamiliar og færre arbeidstakarar, og dermed svikt i rekrutteringa til næringslivet. Over tid vil det gi eit svakare elevgrunnlag, som igjen vil svekkje framtidsgrunnlaget for Dale vidaregåande skule. Ei sentralisering vil altså ikkje berre råke Flekke eller Våge, men få verknader for heile Fjaler. Skulane er med andre ord ryggrada i kommunen.
Samfunnsdelen i kommuneplanen legg vekt på gode kvardagsliv og utvikling i heile kommunen. Å leggje ned Flekke skule strir mot desse måla. Skal Fjaler vere ein attraktiv stad å flytte til, må kommunen kunne tilby noko som meir sentrale strøk ikkje kan. Ein levande skule i nærmiljøet er eit slikt tilbod.
Mangelfullt grunnlag
Vi meiner at høyringsgrunnlaget er vanskeleg å ta stilling til. Tala har endra seg undervegs, og dei gir ikkje eit tydeleg svar på om kommunen sparar driftsutgifter ved å flytte elevar mellom skulane. Kommunen har sjølv vist at talet på skular ikkje åleine avgjer kostnadsnivået. I 2016–2017 hadde Fjaler to fleire skular enn i dag, men færre årsverk per 100 elevar enn no (kommunedirektøren sin presentasjon på folkemøta). Tala varierer òg frå år til år, mellom anna ut frå behovet for individuelt tilpassa opplæring. Høg trivsel, låg turnover og lågt sjukefråvær ved Flekke skule gir mindre behov for vikarar og nyrekruttering, og er ein relevant økonomisk faktor.
Når det gjeld vedlikehaldsbehovet i bygningsmassen, bør kommunen òg vurdere rimelegare og trinnvise løysingar, til dømes modulbygg eller mindre tilbygg, framfor å leggje full rehabilitering eller nybygg til grunn med ein gong.
Konsekvensane for tilflytting, lokalsamfunn og rekruttering er for dårleg utgreidde. Kommunen må leggje fram oppdaterte tal og ei samla konsekvensutgreiing av tilflytting, næringsliv og lokalsamfunn.
Konklusjon
Vi anerkjenner at kommunen må effektivisere og få ned gjelda, men å leggje ned ein skule er ei varig avgjerd med stor risiko. Kommunen må vurdere dei samla samfunnsøkonomiske konsekvensane, ikkje berre kortsiktige innsparingar i skulebudsjettet. Samla sett ser vi ikkje at nedlegging av skular i bygder med vekst er rett strategi. Skulane er ei investering for framtida i Fjaler.
Fjaler SV kan ikkje støtte forslag om å leggje ned Flekke skule eller sentralisere skulestrukturen. Vi støttar nullalternativet og vil utvikle oppvekstsektoren innanfor dagens rammer.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.