Vil behalde Flekke skule – ber kommunen utfordre staten om kommuneøkonomien
Torkil Sandsund
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-87
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 64KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - utgreiing av skulestruktur (pdf, 52KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 27 punkter og standpunkt
Standpunkt: 1: imot 2: imot
-
Økonomi · argument Lavere undervisningsutgifter for kommunen kan gi lengre reisevei for barna, økte skysskostnader for fylkeskommunen og en mer krevende hverdag for familiene.
«Kommunen kan redusere utgiftene til undervisning, men barna kan få lengre reiseveg, fylkeskommunen kan få auka skysskostnader, og familiane kan få ein meir krevjande kvardag.»
-
Økonomi · krav Kostnader som flyttes fra kommunebudsjettet til andre aktører, må synliggjøres.
«Kostnader som blir flytta frå kommunebudsjettet til andre aktørar, må synleggjerast.»
-
Økonomi · argument En nedleggelse gir betydelig økte kostnader ved Dingemoen og eventuelt et nytt byggeprosjekt med kostnadsoverskridelser.
«Men ei slik løysing vil gje andre kostnader - betydeleg auka kostnader ved Dingemoen skule og evnt ny byggeprosjekt - med kostnadsoverskridelser.»
-
Økonomi · argument Den samlede samfunnsøkonomiske gevinsten er lavere enn den samfunnsøkonomiske kostnaden.
«Den samla samfunnsøkonomiske gevinsten slik eg ser det vere lavere enn den samfunnsøkonomiske kostnaden.»
-
Økonomi · argument En justering til bare barnehage og 1.–4. klasse vil trolig ikke gi nevneverdige innsparinger, bare flere ulemper.
«Ei justering til kun barnehage og 1-4.klasse vil truleg korkje gje monalege innsparingar - berre auka ulemper.»
-
Økonomi · argument Distriktskommunene og utkantskolene bør ikke ta regningen for pengebruk i andre sektorer.
«det er ikkje tid no for godta at komunenokreg og utkantskulane tek rekningar for pengebruk i andre sektorar i samfunnet.»
-
Økonomi · krav Fjaler bør ta initiativ til samarbeid med andre distriktskommuner om endringer i kommuneøkonomien.
«eg meiner Fjaler kommune bør ta initiativ til eit breiare samarbeid med andre distriktskommunar om endringar i kommuneøkonomien.»
-
Økonomi · krav Kommunene bør kreve at staten undersøker hvordan inntektssystemet kan støtte langsiktig bosetting og finansiere vedlikehold av kommunal infrastruktur.
«Kommunane bør krevje at staten undersøker korleis inntektssystemet kan støtte langsiktig busetnad og utvikling, og korleis nødvendig vedlikehald av kommunal infrastruktur kan finansierast utan at kommunane må avvikle viktige lokale tenester.»
-
Økonomi · krav Det bør vurderes om kommuner med særlige strukturelle utfordringer trenger mer forutsigbare finansieringsordninger.
«Det bør også vurderast om kommunar som har særlege strukturelle utfordringar, treng meir føreseielege finansieringsordningar som gir rom for langsiktig omstilling og utvikling.»
-
Økonomi · argument Faren for ROBEK kan ikke alene begrunne alle kortsiktige innsparingstiltak.
«Faren for ROBEK kan ikkje åleine vere eit argument for å gjennomføre alle kortsiktige innsparingstiltak.»
-
Økonomi · krav Fjaler bør kreve at staten tar en større del av ansvaret for økonomisk bærekraft i distriktskommunene.
«Eg meiner Fjaler kommune bør synleggjere denne samanhengen og krevje at staten tek ein større del av ansvaret for å sikre økonomisk berekraft i distriktskommunane.»
-
Økonomi · krav Det må samtidig arbeides med nøktern drift, vedlikehold og effektiv organisering av undervisningen.
«Det må samtidig arbeidast med nøktern drift, vedlikehald og effektiv organisering av undervisninga.»
-
Prosess · krav Kommunen må gjennomføre en reell vurdering av alternativ 4.
«Eg ber kommunen om å gjennomføre ei reell vurdering av alternativ 4.»
-
Prosess · krav Det bør utarbeides en lokalsamfunnsanalyse av konsekvensene for bosetting, næringsliv, rekruttering og kommunale inntekter, og kostnadsfordelingen ved nedleggelse bør synliggjøres.
«Det kan bli utarbeidd ei lokalsamfunnsanalyse som undersøker konsekvensane for busetnad, næringsliv, rekruttering og framtidige kommunale inntekter, og at den samla kostnadsfordelinga ved ei eventuell nedlegging blir synleggjord.»
-
Samfunnshensyn · argument Kommunen har tidligere lagt ned Straumsnes og Guddal skule med samme argument, og butikken ble lagt ned etterpå.
«Kommunen har med same argument som no tidlegare lagt ned Straumsnesskule og Guddalskule, med påfølgande nedlegging av butikken.»
-
Samfunnshensyn · argument På lengre sikt gir skolenedleggelser problemer med å rekruttere barnefamilier, folketallsnedgang og bortfall av næringsareal og inntekter.
«På lenger sikt kjem vanskar med å rekrutterer barnefamiliar og med det folketalsnedgang. Og i neste omgang vil næringsareal gå ut av drift og intekter stoppe opp.»
-
Samfunnshensyn · argument UWC og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er store arbeidsplasser som er avhengige av å rekruttere kompetanse utenfra.
«United World College på Haugland og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er mellom dei større arbeidsplassane i Fjaler. Begge verksemdene er avhengige av å rekruttere kompetanse, også utanfrå kommunen og landet.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke skule er nærskolen for UWC-ansatte som bor med familien på Haugland.
«For lærarar og andre tilsette ved UWC som bur med familiane sine på Haugland, er Flekke skule den lokale nærskulen.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen bør vurdere hva en nedleggelse betyr for virksomhetenes evne til å rekruttere og beholde ansatte.
«Ein bør difor vurdere kva ei skulenedlegging kan bety for desse verksemdene si evne til å rekruttere og halde på tilsette.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolestrukturen kan påvirke framtidig verdiskaping og bosetting.
«Dersom tilgang til offentlege tenester påverkar kvar folk vel å bu, vil skulestrukturen også kunne påverke framtidig verdiskaping og busetnad.»
-
Samfunnshensyn · argument Innbyggertallet i grunnkretsen Flekke–Espedal har økt mellom 2017 og 2026.
«Kommunen sitt eige høyringsgrunnlag viser at innbyggjartalet i grunnkrinsen Flekke–Espedal har auka mellom 2017 og 2026.»
-
Samfunnshensyn · argument Fjaler bør satse på de delene av kommunen som har forutsetninger for videre utvikling.
«Eg meiner Fjaler bør satse på dei delane av kommunen som har føresetnader for vidare utvikling.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke skule har mange funksjoner utover skoledriften og har derfor høyere verdi enn selve skoledriften.
«Flekke skule er som andre grender sentrum i bygda men mange fungsjonar ut over skuledrifta og har soleis ein høgare verdi enn skuledrift.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen bør utvikle en langsiktig strategi for hvordan skolen og oppvekstsenteret kan inngå i videre vekst i området.
«utvikle ein langsiktig strategi for korleis skulen og oppvekstsenteret kan vere ein del av vidare vekst og samfunnsutvikling i området.»
-
Barns beste · argument En nedleggelse vil gi slitasje på lærere og elever og lengre reisevei.
«Det vil føre til slitasje på lærarar, elevar, reise veg»
-
Bygg og barnehagen · argument Skolebygget brukes av mange lag og organisasjoner, og denne verdien synes ikke i kommuneregnskapet.
«Skulebygget er i dag brukt av mange lag og organisasjonar. Denne aktiviteten skaper verdi ein ikkje ser i komunerekneskapen.»
-
Bygg og barnehagen · spørsmål Spør hva som skjer med lagenes funksjoner i bygget om skolen forsvinner, og hvem som bærer kostnaden.
«Dersom skulen forsvinn, kva skjer med desse funksjonane, og kvar kjem konstnaden med å halde desse oppe?»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Bevar Flekke skule.
Torkil Sandsund
Høyringsinnspel til Fjaler kommune
Sak 064/26 – Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune
20. oktober 2026
Eg meiner Fjaler kommune bør bevare Flekke skule.
Kommunen har med same argument som no tidlegare lagt ned Straumsnesskule og Guddalskule, med påfølgande nedlegging av butikken. Her ligg eit mønster som i det lange løp som viser i mange bygder i Norge. På lenger sikt kjem vanskar med å rekrutterer barnefamiliar og med det folketalsnedgang. Og i neste omgang vil næringsareal gå ut av drift og intekter stoppe opp. Det hender ikkje over natta men etter ein generasjon vil ein merke dette.
Ei bygd i vekst
Flekke er ein del av kommunen med eit betydeleg nærings- og institusjonsmiljø. United World College på Haugland og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er mellom dei større arbeidsplassane i Fjaler. Begge verksemdene er avhengige av å rekruttere kompetanse, også utanfrå kommunen og landet.
For lærarar og andre tilsette ved UWC som bur med familiane sine på Haugland, er Flekke skule den lokale nærskulen. Nærleik til skule og barnehage er ein del av infrastrukturen som gjer det mogleg å etablere seg med familie og delta i lokalsamfunnet.
Ein bør difor vurdere kva ei skulenedlegging kan bety for desse verksemdene si evne til å rekruttere og halde på tilsette.
Dette er ein økonomisk faktor. Kompetanse og arbeidskraft er avgjerande ressursar for næringsliv og institusjonar. Dersom tilgang til offentlege tenester påverkar kvar folk vel å bu, vil skulestrukturen også kunne påverke framtidig verdiskaping og busetnad.
Kommunen sitt eige høyringsgrunnlag viser at innbyggjartalet i grunnkrinsen Flekke–Espedal har auka mellom 2017 og 2026. Eg meiner Fjaler bør satse på dei delane av kommunen som har føresetnader for vidare utvikling. Flekke er eit område der ein bør undersøkje potensialet for fleire fastbuande familiar, fleire arbeidsplassar og betre utnytting av den infrastrukturen som allereie er etablert.
Å bevare skulen kan vere ein del av denne strategien.
Kostnader og verdiar
Flekke skule er som andre grender sentrum i bygda men mange fungsjonar ut over skuledrifta og har soleis ein høgare verdi enn skuledrift.
Skulebygget er i dag brukt av mange lag og organisasjonar. Denne aktiviteten skaper verdi ein ikkje ser i komunerekneskapen. Dersom skulen forsvinn, kva skjer med desse funksjonane, og kvar kjem konstnaden med å halde desse oppe?
Kommunen kan redusere utgiftene til undervisning, men barna kan få lengre reiseveg, fylkeskommunen kan få auka skysskostnader, og familiane kan få ein meir krevjande kvardag.
Kostnader som blir flytta frå kommunebudsjettet til andre aktørar, må synleggjerast.
Ei nedlegging av Flekke skule vil kunne redusere kommunens driftsutgifter og gi høve til å samle pedagogiske ressursar i eit større fagmiljø på Dingemoen. Men ei slik løysing vil gje andre kostnader - betydeleg auka kostnader ved Dingemoen skule og evnt ny byggeprosjekt - med kostnadsoverskridelser. Det vil føre til slitasje på lærarar, elevar, reise veg, og framtidig svekking av befolknings grunnlaget og rekruttering til arbeidsplassar.
Den samla samfunnsøkonomiske gevinsten slik eg ser det vere lavere enn den samfunnsøkonomiske kostnaden.
Ei justering til kun barnehage og 1-4.klasse vil truleg korkje gje monalege innsparingar - berre auka ulemper.
Fjaler bør utfordre staten
Problemstillinga gjeld ikkje berre Fjaler kommune men heile diostriksnoreg over mange år. det er ikkje tid no for godta at komunenokreg og utkantskulane tek rekningar for pengebruk i andre sektorar i samfunnet. Dette er ei sturt avvikling av bygdene gjennomsparekniven.
På kontinentet er det i dag store opprør mot endringar i skolestruktur. Eg foreslår ikkje same virkemiddel som i Framkriket, men eg meiner Fjaler kommune bør ta initiativ til eit breiare samarbeid med andre distriktskommunar om endringar i kommuneøkonomien.
Eit slikt kommuneopprør bør byggje på konkret dokumentasjon av samanhengen mellom folketalsutvikling, statlege overføringar, faste kostnader og konsekvensane av å avvikle lokal tenestekapasitet.
Kommunane bør krevje at staten undersøker korleis inntektssystemet kan støtte langsiktig busetnad og utvikling, og korleis nødvendig vedlikehald av kommunal infrastruktur kan finansierast utan at kommunane må avvikle viktige lokale tenester.
Det bør også vurderast om kommunar som har særlege strukturelle utfordringar, treng meir føreseielege finansieringsordningar som gir rom for langsiktig omstilling og utvikling.
Faren for ROBEK kan ikkje åleine vere eit argument for å gjennomføre alle kortsiktige innsparingstiltak.
ROBEK inneber statleg kontroll med delar av økonomistyringa, medan kommunen framleis har ansvar for tenestene. Samtidig må staten ta ansvar for dei overordna økonomiske rammene som kommunane arbeider innanfor.
Eg meiner Fjaler kommune bør synleggjere denne samanhengen og krevje at staten tek ein større del av ansvaret for å sikre økonomisk berekraft i distriktskommunane.
Fjaler kan vere ein kommune som tek initiativ til denne diskusjonen saman med andre kommunar i tilsvarande situasjon. Dette hastar no inn mot revidert statsbudsjett.
Bevar Flekke skule
Mitt standpunkt er at Fjaler kommune bør bevare Flekke skule og utvikle ein langsiktig strategi for korleis skulen og oppvekstsenteret kan vere ein del av vidare vekst og samfunnsutvikling i området.
Det må samtidig arbeidast med nøktern drift, vedlikehald og effektiv organisering av undervisninga. Dei økonomiske utfordringane må takast på alvor, og eventuelle tiltak må byggje på realistiske budsjett og forsvarleg kvalitet.
Eg ber kommunen om å gjennomføre ei reell vurdering av alternativ 4.
Det kan bli utarbeidd ei lokalsamfunnsanalyse som undersøker konsekvensane for busetnad, næringsliv, rekruttering og framtidige kommunale inntekter, og at den samla kostnadsfordelinga ved ei eventuell nedlegging blir synleggjord.
Parallelt bør kommunen ta initiativ til eit samarbeid med andre distriktskommunar om dei strukturelle utfordringane i kommuneøkonomien og behovet for endringar i den statlege finansieringa.
Fjaler kommune treng økonomisk balanse. Men vi treng også å bevare og utvikle dei ressursane som gjer det mogleg å bu, arbeide og skape verdiar i heile kommunen.
Eg meiner framtida til Flekke skule bør avgjerast med utgangspunkt i denne langsiktige balansen. Mitt framlegg er å halde fram med skuledrifta og satse på vidare utvikling av Flekke.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.