Bevar Flekke skule.
Torkil Sandsund
Høyringsinnspel til Fjaler kommune
Sak 064/26 – Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune
20. oktober 2026
Eg meiner Fjaler kommune bør bevare Flekke skule.
Kommunen har med same argument som no tidlegare lagt ned Straumsnesskule og Guddalskule, med påfølgande nedlegging av butikken. Her ligg eit mønster som i det lange løp som viser i mange bygder i Norge. På lenger sikt kjem vanskar med å rekrutterer barnefamiliar og med det folketalsnedgang. Og i neste omgang vil næringsareal gå ut av drift og intekter stoppe opp. Det hender ikkje over natta men etter ein generasjon vil ein merke dette.
Ei bygd i vekst
Flekke er ein del av kommunen med eit betydeleg nærings- og institusjonsmiljø. United World College på Haugland og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er mellom dei større arbeidsplassane i Fjaler. Begge verksemdene er avhengige av å rekruttere kompetanse, også utanfrå kommunen og landet.
For lærarar og andre tilsette ved UWC som bur med familiane sine på Haugland, er Flekke skule den lokale nærskulen. Nærleik til skule og barnehage er ein del av infrastrukturen som gjer det mogleg å etablere seg med familie og delta i lokalsamfunnet.
Ein bør difor vurdere kva ei skulenedlegging kan bety for desse verksemdene si evne til å rekruttere og halde på tilsette.
Dette er ein økonomisk faktor. Kompetanse og arbeidskraft er avgjerande ressursar for næringsliv og institusjonar. Dersom tilgang til offentlege tenester påverkar kvar folk vel å bu, vil skulestrukturen også kunne påverke framtidig verdiskaping og busetnad.
Kommunen sitt eige høyringsgrunnlag viser at innbyggjartalet i grunnkrinsen Flekke–Espedal har auka mellom 2017 og 2026. Eg meiner Fjaler bør satse på dei delane av kommunen som har føresetnader for vidare utvikling. Flekke er eit område der ein bør undersøkje potensialet for fleire fastbuande familiar, fleire arbeidsplassar og betre utnytting av den infrastrukturen som allereie er etablert.
Å bevare skulen kan vere ein del av denne strategien.
Kostnader og verdiar
Flekke skule er som andre grender sentrum i bygda men mange fungsjonar ut over skuledrifta og har soleis ein høgare verdi enn skuledrift.
Skulebygget er i dag brukt av mange lag og organisasjonar. Denne aktiviteten skaper verdi ein ikkje ser i komunerekneskapen. Dersom skulen forsvinn, kva skjer med desse funksjonane, og kvar kjem konstnaden med å halde desse oppe?
Kommunen kan redusere utgiftene til undervisning, men barna kan få lengre reiseveg, fylkeskommunen kan få auka skysskostnader, og familiane kan få ein meir krevjande kvardag.
Kostnader som blir flytta frå kommunebudsjettet til andre aktørar, må synleggjerast.
Ei nedlegging av Flekke skule vil kunne redusere kommunens driftsutgifter og gi høve til å samle pedagogiske ressursar i eit større fagmiljø på Dingemoen. Men ei slik løysing vil gje andre kostnader - betydeleg auka kostnader ved Dingemoen skule og evnt ny byggeprosjekt - med kostnadsoverskridelser. Det vil føre til slitasje på lærarar, elevar, reise veg, og framtidig svekking av befolknings grunnlaget og rekruttering til arbeidsplassar.
Den samla samfunnsøkonomiske gevinsten slik eg ser det vere lavere enn den samfunnsøkonomiske kostnaden.
Ei justering til kun barnehage og 1-4.klasse vil truleg korkje gje monalege innsparingar - berre auka ulemper.
Fjaler bør utfordre staten
Problemstillinga gjeld ikkje berre Fjaler kommune men heile diostriksnoreg over mange år. det er ikkje tid no for godta at komunenokreg og utkantskulane tek rekningar for pengebruk i andre sektorar i samfunnet. Dette er ei sturt avvikling av bygdene gjennomsparekniven.
På kontinentet er det i dag store opprør mot endringar i skolestruktur. Eg foreslår ikkje same virkemiddel som i Framkriket, men eg meiner Fjaler kommune bør ta initiativ til eit breiare samarbeid med andre distriktskommunar om endringar i kommuneøkonomien.
Eit slikt kommuneopprør bør byggje på konkret dokumentasjon av samanhengen mellom folketalsutvikling, statlege overføringar, faste kostnader og konsekvensane av å avvikle lokal tenestekapasitet.
Kommunane bør krevje at staten undersøker korleis inntektssystemet kan støtte langsiktig busetnad og utvikling, og korleis nødvendig vedlikehald av kommunal infrastruktur kan finansierast utan at kommunane må avvikle viktige lokale tenester.
Det bør også vurderast om kommunar som har særlege strukturelle utfordringar, treng meir føreseielege finansieringsordningar som gir rom for langsiktig omstilling og utvikling.
Faren for ROBEK kan ikkje åleine vere eit argument for å gjennomføre alle kortsiktige innsparingstiltak.
ROBEK inneber statleg kontroll med delar av økonomistyringa, medan kommunen framleis har ansvar for tenestene. Samtidig må staten ta ansvar for dei overordna økonomiske rammene som kommunane arbeider innanfor.
Eg meiner Fjaler kommune bør synleggjere denne samanhengen og krevje at staten tek ein større del av ansvaret for å sikre økonomisk berekraft i distriktskommunane.
Fjaler kan vere ein kommune som tek initiativ til denne diskusjonen saman med andre kommunar i tilsvarande situasjon. Dette hastar no inn mot revidert statsbudsjett.
Bevar Flekke skule
Mitt standpunkt er at Fjaler kommune bør bevare Flekke skule og utvikle ein langsiktig strategi for korleis skulen og oppvekstsenteret kan vere ein del av vidare vekst og samfunnsutvikling i området.
Det må samtidig arbeidast med nøktern drift, vedlikehald og effektiv organisering av undervisninga. Dei økonomiske utfordringane må takast på alvor, og eventuelle tiltak må byggje på realistiske budsjett og forsvarleg kvalitet.
Eg ber kommunen om å gjennomføre ei reell vurdering av alternativ 4.
Det kan bli utarbeidd ei lokalsamfunnsanalyse som undersøker konsekvensane for busetnad, næringsliv, rekruttering og framtidige kommunale inntekter, og at den samla kostnadsfordelinga ved ei eventuell nedlegging blir synleggjord.
Parallelt bør kommunen ta initiativ til eit samarbeid med andre distriktskommunar om dei strukturelle utfordringane i kommuneøkonomien og behovet for endringar i den statlege finansieringa.
Fjaler kommune treng økonomisk balanse. Men vi treng også å bevare og utvikle dei ressursane som gjer det mogleg å bu, arbeide og skape verdiar i heile kommunen.
Eg meiner framtida til Flekke skule bør avgjerast med utgangspunkt i denne langsiktige balansen. Mitt framlegg er å halde fram med skuledrifta og satse på vidare utvikling av Flekke.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.