Støttar kommunedirektøren – vil behalde ungdomstrinnet ved Våge skule
Jobjørn Hauken
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-78
- Dokumenter
- Høyringsuttale (pdf, 53KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 65KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 19 punkter og standpunkt
Standpunkt: 3: imot
-
Økonomi · argument Mindre tilflytting og utflytting gir kommunen mindre inntekter nå og i fremtiden.
«Begge gir mindre inntekter, både i notid og i framtida.»
-
Samfunnshensyn · argument Familien valgte Fjaler framfor Hyllestad på grunn av reiseavstanden til skolen for barna.
«Valet kunne og ha vore Hyllestad, men grunna reiseavstand til skulen for barna, vart valet heimkommunen til mor.»
-
Samfunnshensyn · argument Flyttingen til ytre Fjaler var et bevisst valg på grunn av opplæringstilbudet.
«Å flytte til ytre Fjaler var eit bevisst val på grunn av opplæringstilbodet vi kunne få her i tillegg til tilknyting til staden.»
-
Samfunnshensyn · argument Nedlegging av de eldste trinnene vil gjøre at færre vurderer å bosette seg i ytre Fjaler.
«meiner vi at ei nedlegging av dei eldste trinna vil føre til at fleire ikkje vil vurdere ytre Fjaler som ein plass dei kan tenkje seg å busetje seg.»
-
Samfunnshensyn · argument Et helt skoleløp gjennom ungdomstrinnet er en viktig faktor for tilflytting og for å beholde innbyggere.
«Vår erfaring er at foreldre planlegg fram i tid, og at det er eit skuleløp for elevane som går ut heile ungdomstrinnet meiner vi er ein viktig faktor for både tilflytting og å halde på dei som allereie bur her.»
-
Samfunnshensyn · argument Ungdom som må pendle til Dale på ungdomstrinnet, vil i mindre grad velge videregående i Dale.
«Vidare er sannsynet for at ungdommar som må pendle til Dale kvar dag på ungdomstrinnet, vel tre nye år i Dale på vidaregåande vere mindre.»
-
Samfunnshensyn · argument Familier i Våge skolekrets vil vurdere å flytte hvis ungdomstrinnet legges ned, og elevtallet vil da gå ned.
«Familiar som allereie er busett i Våge skulekrins vil vurdere å flytte viss ungdomstrinnet vert lagt ned. Desse har ofte barn på fleire trinn, og elevtalet vil då verte mindre.»
-
Samfunnshensyn · argument Familier som flytter, kan like gjerne flytte ut av kommunen som til kommunesenteret.
«Viss familiar vel å flytte, er det like truleg at dei flyttar ut av kommunen til dømes til Hyllestad eller Askvoll, som at dei flyttar nærmare kommunesenteret i Fjaler.»
-
Samfunnshensyn · argument Ytre Fjaler er i utvikling med tilflytting, fritidstilbud og næringsliv, og en kombinert barne- og ungdomsskole er viktig for å støtte dette.
«Det har vore fleire familiar som har flytta til bygda, det har kome fleire fritidstilbod til staden, og det er lovande utvikling i næringslivet her. Å halde på skulen som ein kombinert barne- og ungdomsskule er viktig for å støtte denne utviklinga.»
-
Samfunnshensyn · argument En attraktiv kommune må satse både på utkantene og kommunesenteret, slik at tilflyttere kan velge.
«For å vere ein attraktiv kommune må ein vise at ein er villig til å satse både på utkantane og kommunesenteret. Det gir tilflyttarar moglegheit til å velje det dei ynskjer, spreidd busetnad eller byggefelt, liten eller stor skule.»
-
Barns beste · argument Små skoler har kvaliteter som ikke kan prissettes.
«Det er kvalitetar ved små skular som ein ikkje kan sette ein prislapp på, og som ein ikkje er klar over før ein har kjennskap til det.»
-
Barns beste · argument Lengre avstand kan senke terskelen for å holde barn hjemme og gi unødvendig fravær.
«Terskelen for å halde barn heime vil vere lågare, noko som kan føre til unødvendig skulefråvær.»
-
Barns beste · argument Elever fra utkantene får dårligere forutsetninger for å delta i det sosiale miljøet på fritiden, noe som kan forsterke forskjeller mellom elevgrupper.
«Det sosiale miljøet elevane frå utkantane får delta i ved Dingemoen, vil ikkje dei ha dei same føresetnadane for å delta i på fritida som elevane som bur i kommunesenteret. Dette kan føre til at skilnadene mellom elevgruppene vert forsterka.»
-
Skyss og reisetid · argument Avstanden til skolen blir for lang og skoleskyssen for dårlig.
«Avstanden til skulen vil vere for lang og kvaliteten på skuleskyssen vil vere for dårleg.»
-
Skyss og reisetid · argument Ungdomsskoleelever kan ikke bo på hybel i Dale slik videregåendeelever gjør, og vil få omfattende daglig reisevei.
«Elevar som seinare har valt Dale vidaregåande frå Våge skulekrins har ofte flytta på hybel i Dale, og denne moglegheita vil ikkje ungdomstrinnselevane ha. Dei vil verte tvungne til omfattande reiseveg kvar dag.»
-
Skyss og reisetid · argument Tilsvarende daglig reise fra Dale til Førde, 60 minutter med buss på dårlig vei, ville foreldre i Dale funnet for dårlig.
«Vi trur nok at fleire foreldre ville synest at det var vanskeleg å sende sine ungdommar til Førde frå Dale kvar dag sjølv om ungdomsskulen er større der? Reiseavstanden på 60 minutt med buss og vegkvaliteten ville ha vore for dårleg.»
-
Skyss og reisetid · argument Når elever blir syke, vil det ta lang tid for foresatte å hente dem og for barna å komme hjem.
«Viss elevar vert sjuke i løpet av skuledagen, må føresette hente. Det vil ta tid for føresette å hente barna sine, og det vil ta tid for barna å kome seg heim.»
-
Skyss og reisetid · argument Avstanden påvirker foresattes deltakelse i utviklingssamtaler, foreldremøter og arrangementer, og dermed familiens hverdag og arbeidsgivere.
«I tillegg kjem vanleg oppfølging som utviklingssamtalar, foreldremøte og ulike tilstellingar ved skulen som ein skal delta på. Med avstanden det er snakk om, har dette tydeleg innverknad på kvardagen for familien og arbeidsgjevar til desse.»
-
Skyss og reisetid · argument Skoleskyssen vil være uten tilsyn.
«I tillegg er vi uroa for skuleskyssen som vil vere utan tilsyn.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Høyringsuttale til sak 25/1844 Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune
I 2024 tok vi valet om å flytte til Fjaler. Valet kunne og ha vore Hyllestad, men grunna reiseavstand til skulen for barna, vart valet heimkommunen til mor. Å flytte til ytre Fjaler var eit bevisst val på grunn av opplæringstilbodet vi kunne få her i tillegg til tilknyting til staden. Vi hadde budd i Bergen i over 15 år, og som lærar i Bergen i fleire år, var mor godt kjent med ulike skuletilbod. Å gje barna dette såg vi på som viktig. Det er kvalitetar ved små skular som ein ikkje kan sette ein prislapp på, og som ein ikkje er klar over før ein har kjennskap til det.
Å halde på ungdomstrinnet ved skulen er viktig for fleire grunnar, men som foreldre til barna ved skulen og kommande barn ved skulen, meiner vi at ei nedlegging av dei eldste trinna vil føre til at fleire ikkje vil vurdere ytre Fjaler som ein plass dei kan tenkje seg å busetje seg. Avstanden til skulen vil vere for lang og kvaliteten på skuleskyssen vil vere for dårleg. Vår erfaring er at foreldre planlegg fram i tid, og at det er eit skuleløp for elevane som går ut heile ungdomstrinnet meiner vi er ein viktig faktor for både tilflytting og å halde på dei som allereie bur her. Elevar som seinare har valt Dale vidaregåande frå Våge skulekrins har ofte flytta på hybel i Dale, og denne moglegheita vil ikkje ungdomstrinnselevane ha. Dei vil verte tvungne til omfattande reiseveg kvar dag. Vi trur nok at fleire foreldre ville synest at det var vanskeleg å sende sine ungdommar til Førde frå Dale kvar dag sjølv om ungdomsskulen er større der? Reiseavstanden på 60 minutt med buss og vegkvaliteten ville ha vore for dårleg. Vidare er sannsynet for at ungdommar som må pendle til Dale kvar dag på ungdomstrinnet, vel tre nye år i Dale på vidaregåande vere mindre.
Familiar som allereie er busett i Våge skulekrins vil vurdere å flytte viss ungdomstrinnet vert lagt ned. Desse har ofte barn på fleire trinn, og elevtalet vil då verte mindre. Viss familiar vel å flytte, er det like truleg at dei flyttar ut av kommunen til dømes til Hyllestad eller Askvoll, som at dei flyttar nærmare kommunesenteret i Fjaler. Dette vil då forsterke den negative konsekvensen av ei nedlegging av ungdomstrinnet. Det vil både vere lite attraktivt å flytte til ytre Fjaler, og det vil vere lite attraktivt å vere igjen i Fjaler. Begge gir mindre inntekter, både i notid og i framtida.
Viss ungdomstrinnet vert lagt ned ved Våge, påverkar det òg korleis føresette kan følgje opp barna sine. Viss elevar vert sjuke i løpet av skuledagen, må føresette hente. Det vil ta tid for føresette å hente barna sine, og det vil ta tid for barna å kome seg heim. Terskelen for å halde barn heime vil vere lågare, noko som kan føre til unødvendig skulefråvær. I tillegg kjem vanleg oppfølging som utviklingssamtalar, foreldremøte og ulike tilstellingar ved skulen som ein skal delta på. Med avstanden det er snakk om, har dette tydeleg innverknad på kvardagen for familien og arbeidsgjevar til desse.
Det sosiale miljøet elevane frå utkantane får delta i ved Dingemoen, vil ikkje dei ha dei same føresetnadane for å delta i på fritida som elevane som bur i kommunesenteret. Dette kan føre til at skilnadene mellom elevgruppene vert forsterka. Medan elevar som bur nær skulen lettare kan møtast etter skuletid, delta på uformelle samlingar og byggje vidare på relasjonane sine, vil elevar frå utkantane i større grad vere avhengige av transport og planlagde aktivitetar. Konsekvensen kan vere at dei får færre høve til å ta del i det sosiale fellesskapet, noko som kan påverke både tilhøyrsle, inkludering og utvikling av vennskap på tvers. Over tid kan dette bidra til at enkelte elevar opplever større sosial avstand til medelevar og skulemiljøet enn dei elles ville gjort viss skulen låg nærmare. I tillegg er vi uroa for skuleskyssen som vil vere utan tilsyn.
Det er mykje som skjer i ytre Fjaler. Det har vore fleire familiar som har flytta til bygda, det har kome fleire fritidstilbod til staden, og det er lovande utvikling i næringslivet her. Å halde på skulen som ein kombinert barne- og ungdomsskule er viktig for å støtte denne utviklinga. For å vere ein attraktiv kommune må ein vise at ein er villig til å satse både på utkantane og kommunesenteret. Det gir tilflyttarar moglegheit til å velje det dei ynskjer, spreidd busetnad eller byggefelt, liten eller stor skule.
Vi meiner at dette er viktig å ta omsyn til når ein skal vurdere framtidig skulestruktur. Vi støttar tilrådinga frå kommunedirektøren i å behalde ungdomstrinnet ved Våge skule.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.