Høyringsuttale til sak 25/1844 Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune
I 2024 tok vi valet om å flytte til Fjaler. Valet kunne og ha vore Hyllestad, men grunna reiseavstand til skulen for barna, vart valet heimkommunen til mor. Å flytte til ytre Fjaler var eit bevisst val på grunn av opplæringstilbodet vi kunne få her i tillegg til tilknyting til staden. Vi hadde budd i Bergen i over 15 år, og som lærar i Bergen i fleire år, var mor godt kjent med ulike skuletilbod. Å gje barna dette såg vi på som viktig. Det er kvalitetar ved små skular som ein ikkje kan sette ein prislapp på, og som ein ikkje er klar over før ein har kjennskap til det.
Å halde på ungdomstrinnet ved skulen er viktig for fleire grunnar, men som foreldre til barna ved skulen og kommande barn ved skulen, meiner vi at ei nedlegging av dei eldste trinna vil føre til at fleire ikkje vil vurdere ytre Fjaler som ein plass dei kan tenkje seg å busetje seg. Avstanden til skulen vil vere for lang og kvaliteten på skuleskyssen vil vere for dårleg. Vår erfaring er at foreldre planlegg fram i tid, og at det er eit skuleløp for elevane som går ut heile ungdomstrinnet meiner vi er ein viktig faktor for både tilflytting og å halde på dei som allereie bur her. Elevar som seinare har valt Dale vidaregåande frå Våge skulekrins har ofte flytta på hybel i Dale, og denne moglegheita vil ikkje ungdomstrinnselevane ha. Dei vil verte tvungne til omfattande reiseveg kvar dag. Vi trur nok at fleire foreldre ville synest at det var vanskeleg å sende sine ungdommar til Førde frå Dale kvar dag sjølv om ungdomsskulen er større der? Reiseavstanden på 60 minutt med buss og vegkvaliteten ville ha vore for dårleg. Vidare er sannsynet for at ungdommar som må pendle til Dale kvar dag på ungdomstrinnet, vel tre nye år i Dale på vidaregåande vere mindre.
Familiar som allereie er busett i Våge skulekrins vil vurdere å flytte viss ungdomstrinnet vert lagt ned. Desse har ofte barn på fleire trinn, og elevtalet vil då verte mindre. Viss familiar vel å flytte, er det like truleg at dei flyttar ut av kommunen til dømes til Hyllestad eller Askvoll, som at dei flyttar nærmare kommunesenteret i Fjaler. Dette vil då forsterke den negative konsekvensen av ei nedlegging av ungdomstrinnet. Det vil både vere lite attraktivt å flytte til ytre Fjaler, og det vil vere lite attraktivt å vere igjen i Fjaler. Begge gir mindre inntekter, både i notid og i framtida.
Viss ungdomstrinnet vert lagt ned ved Våge, påverkar det òg korleis føresette kan følgje opp barna sine. Viss elevar vert sjuke i løpet av skuledagen, må føresette hente. Det vil ta tid for føresette å hente barna sine, og det vil ta tid for barna å kome seg heim. Terskelen for å halde barn heime vil vere lågare, noko som kan føre til unødvendig skulefråvær. I tillegg kjem vanleg oppfølging som utviklingssamtalar, foreldremøte og ulike tilstellingar ved skulen som ein skal delta på. Med avstanden det er snakk om, har dette tydeleg innverknad på kvardagen for familien og arbeidsgjevar til desse.
Det sosiale miljøet elevane frå utkantane får delta i ved Dingemoen, vil ikkje dei ha dei same føresetnadane for å delta i på fritida som elevane som bur i kommunesenteret. Dette kan føre til at skilnadene mellom elevgruppene vert forsterka. Medan elevar som bur nær skulen lettare kan møtast etter skuletid, delta på uformelle samlingar og byggje vidare på relasjonane sine, vil elevar frå utkantane i større grad vere avhengige av transport og planlagde aktivitetar. Konsekvensen kan vere at dei får færre høve til å ta del i det sosiale fellesskapet, noko som kan påverke både tilhøyrsle, inkludering og utvikling av vennskap på tvers. Over tid kan dette bidra til at enkelte elevar opplever større sosial avstand til medelevar og skulemiljøet enn dei elles ville gjort viss skulen låg nærmare. I tillegg er vi uroa for skuleskyssen som vil vere utan tilsyn.
Det er mykje som skjer i ytre Fjaler. Det har vore fleire familiar som har flytta til bygda, det har kome fleire fritidstilbod til staden, og det er lovande utvikling i næringslivet her. Å halde på skulen som ein kombinert barne- og ungdomsskule er viktig for å støtte denne utviklinga. For å vere ein attraktiv kommune må ein vise at ein er villig til å satse både på utkantane og kommunesenteret. Det gir tilflyttarar moglegheit til å velje det dei ynskjer, spreidd busetnad eller byggefelt, liten eller stor skule.
Vi meiner at dette er viktig å ta omsyn til når ein skal vurdere framtidig skulestruktur. Vi støttar tilrådinga frå kommunedirektøren i å behalde ungdomstrinnet ved Våge skule.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.