Vil behalde Flekke skule – meiner saka ikkje er godt nok opplyst etter fvl. § 17
Per Christian Burhol
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-73
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 91KB) · hos kommunen
Uttrekk: 29 punkter og standpunkt
Standpunkt: 0: for
-
Økonomi · argument Nybyggerne i Flekke har tilført kommunen betydelige midler, og en stor del av kommunens økonomi har grunnlag i Flekke.
«Nybyggarane i Flekke har tilført betydelege midlar til Fjaler kommune. … Ein svært stor del av Fjaler kommune si økonomi har grunnlag i Flekke.»
-
Økonomi · kritikk Administrasjonens beregninger ble trukket i tvil fra flere hold på folkemøtet i Flekke 22.09.
«Administrasjonen sine utrekningar vart trekte i tvil frå fleire hald under folkemøtet i Flekke 22.09.»
-
Økonomi · argument Med Agenda Kaupangs egen modell er det vist at kommunen sparer penger på å beholde Flekke skule.
«Arne Skaar Fismen nytta Agenda Kaupang sin eigen, enkle modell, og synte korleis ein faktisk sparar pengar på å behalde Flekke skule, dersom ein fylgjer den same utrekningsmodellen.»
-
Økonomi · kritikk Administrasjonen har ikke sagt hva en utbygging av Dingemoen vil koste.
«Kva kostnad ei slik utbygging vil ha, sa administrasjonen ingenting om.»
-
Økonomi · argument En utbygging av Dingemoen vil gi store kostnader, og nedleggelse vil sannsynligvis gi økt gjeld for kommunen.
«Det er liten tvil om at ei utbygging av Dingemoen vil medføre store kostnader for kommunen. Det er difor stor sannsyn for at nedlegging av Flekke skule vil føre til auka gjeld for Fjaler kommune.»
-
Prosess · spørsmål Spør hva rektor på Dingemoen mener om dette.
«Kva meiner rektoren på Dingemoen om dette?»
-
Prosess · kritikk Verken Agenda Kaupang eller administrasjonen spurte rektor ved Flekke skule.
«Ingen spurde rektoren i Flekke om kva han meinte. Kvifor snakka ingen med han? Agenda Kaupang har ikkje spurt han. Kvifor ikkje? Kvifor involverte ikkje administrasjonen rektoren?»
-
Prosess · kritikk Saken som ble lagt fram for kommunestyret i august er ikke så godt opplyst som forvaltningsloven § 17 krever.
«Saka om endring av skulestruktur i Fjaler, som vart lagd fram for kommunestyret i august, er på langt nær så godt opplyst som mogleg.»
-
Prosess · kritikk Dokumentene er ensidig negative om Flekke skule, og beregningene er gjort på tvilsomt grunnlag.
«Dokumenta som ligg føre er einsidig negative om Flekke skule, utrekningane er gjorde på tvilsamt grunnlag»
-
Prosess · kritikk Det er ikke gjort noen vurdering av hvilken innvirkning en nedleggelse vil ha på lokalsamfunnet.
«det er ikkje gjennomført ei vurdering av kva innverknad ei nedlegging vil ha på lokalsamfunnet.»
-
Prosess · kritikk De mindreårige som berøres har ikke fått mulighet til å uttale seg, slik forvaltningsloven § 17 krever.
«Dei mindreårige som vert påverka av vedtak i saka har heller ikkje fått høve til å gje uttrykk for sitt syn jf. forvaltingslova § 17.»
-
Prosess · argument Det kan ikke fattes et gyldig vedtak annet enn å videreføre dagens struktur, og et lovstridig vedtak vil bli påklaget.
«Dermed kan ein ikkje fatte eit gyldig vedtak i denne saka anna enn å vidareføre gjeldande skulestruktur. … Eit vedtak i strid med gjeldande lov vil verte påklaga av mange aktørar i tillegg til statsforvaltaren.»
-
Prosess · kritikk Administrasjonen bygger på tro og meninger i stedet for kunnskap.
«Administrasjonen synest å tru og meine, framfor å faktisk vite.»
-
Samfunnshensyn · argument Familien ville aldri ha vurdert å flytte til Flekke uten en skole der.
«Vi hadde aldri vurdert å flytte til Flekke om det ikkje låg ein skule her.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke har vært i vekst i flere år, og ingen andre steder i kommunen er det bygd flere eneboliger de siste fem årene.
«Flekke har vore i vekst gjennom fleire år, noko elevtala på skulen og i barnehagen syner godt. … Ingen andre stader i kommunen er det bygd fleire einebustader dei siste fem åra.»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Spør om administrasjonen tror veksten i Flekke fortsetter dersom skolen legges ned.
«Trur kommuneadministrasjonen at veksten i Flekke vil halde fram når dei legg ned det viktigaste i bygda?»
-
Samfunnshensyn · argument Et Norconsult-prosjekt som kan gi flere titalls arbeidsplasser i Flekke blir vanskeligere å realisere om skolen legges ned.
«Nyleg kunngjorde Norconsult at dei fekk eit prosjekt som kan tilføre fleire titalls arbeidsplassar til Flekke. Dette vil verte vanskelegare å realisere om Flekke skule vert lagt ned.»
-
Samfunnshensyn · argument Manglende SFO-skyss vil være et hinder for at UWC får de best egnede kandidatene til å flytte til Flekke.
«Ingen av borna får skyss til og frå SFO. Dette vil garantert vere eit hinder for at UWC skal få dei best eigna kandidatane til å flytte til Flekke.»
-
Barns beste · argument Barn av UWC-ansatte fra hele verden har gitt Flekke skule en unik kultur.
«Her er det tilsette frå heile verda, og borna deira går på Flekke skule. Dette har gjeve Flekke skule ein heilt unik kultur, ein kultur som sit i veggane i skulebygget.»
-
Barns beste · argument Skolebarna i Flekke har jevnlige aktiviteter i barnehagen gjennom hele skoletiden.
«På Flekke skule er ikkje borna ferdige med barnehagen når dei byrjar på skulen. Gjennom skuleåra er dei stadig inne i barnehagen og har ulike aktivitetar saman med dei små.»
-
Barns beste · argument De eldre barna lærer omsorg for yngre, og de minste barnehagebarna blir trygge på de større.
«Dette gjer at dei eldre borna lærer omsorg for born langt yngre enn dei sjølve, samstundes som det gjer dei minste barnehageborna trygge på dei større ungane.»
-
Barns beste · argument Barn som vokser opp på Flekke skule blir mer robuste fordi de opplever omsorg fra flere enn lærerne.
«born som veks opp på Flekke skule vert meir robuste, fordi dei får oppleve omsorg frå fleire hald enn «berre» lærarar når dei er på skulen.»
-
Barns beste · argument Barna i Flekke får et robust mentalt verktøysett gjennom omsorg gitt og mottatt.
«Eg veit at born i Flekke får eit robust mentalt verktøysett i form av omsorg gjeven og motteken.»
-
Barns beste · argument Etter svake PISA-resultater er det ikke tid for å svekke skoletilbudet.
«Noreg gjorde det nettopp katastrofalt dårleg på Pisa-undersøkinga. Er det då tid for å ribbe skuletilbodet?»
-
Skyss og reisetid · argument Nedleggelse gir stor økning i trafikken til Dingemoen, noe som verken er miljøvennlig eller bærekraftig.
«Nedlegging av Flekke skule vil òg medføre ein stor auke i trafikk til Dingemoen. … Dette er verken miljøvennleg eller berekraftig.»
-
Skyss og reisetid · argument Flere husholdninger må trolig kjøpe en ekstra bil for å levere og hente på SFO, fordi skoleskyss bare gjelder skoletimene.
«Fleire hushald i Flekke skulekrins vil truleg måtte kjøpe ein ekstra bil for å kunne levere til og hente frå SFO. Skuleskyss gjeld jo berre for sjølve skuletimane.»
-
Skyss og reisetid · spørsmål Spør hvordan UWC-ansatte uten førerkort skal levere barna på Dingemoen.
«Mange av dei har ikkje førarkort og har heller ikkje høve til å gjennomføre køyreopplæring med påfylgjande førarkortprøve. Korleis skal dei kunne levere borna til Dingemoen?»
-
Kapasitet på Dingemoen · spørsmål Spør om elevene får et tilsvarende godt opplæringsmiljø i overfylte klasserom på Dingemoen, også elevene fra Dale.
«Får vi eit tilsvarande miljø på Dingemoen, i overfylte klasserom? Får borna i Dale det, dersom dei må sitje i overfylte klasserom?»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Dingemoen må bygges ut om Flekke-elevene flyttes dit, og det er allerede for lite garderobeplass.
«Administrasjonen vedgjekk òg at ein må byggje ut Dingemoen dersom Flekke-elevane vert overførte dit. Allereie no er det for lite garderobeplass.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Vi var ein familie på to då vi flytta til og bygde hus i Flekke i 2019. Verken eg eller kona mi er frå Flekke. Eg er fødd i Tromsø, og ho i Canada. No er vi ein familie på fire.
Vi hadde aldri vurdert å flytte til Flekke om det ikkje låg ein skule her. Sidan borna våre har engelsk som morsmål tenkte vi at Flekke skule var ein perfekt skule der borna våre kunne vekse opp saman med born frå både Noreg og store delar av verda. Slik fekk vi det beste av to verder: nære og trygge forhold, saman med ein internasjonal horisont frå ung alder. Dette er takka vere United World College Red Cross Nordic, som ligg på Haugland i Flekke. Her er det tilsette frå heile verda, og borna deira går på Flekke skule. Dette har gjeve Flekke skule ein heilt unik kultur, ein kultur som sit i veggane i skulebygget.
Det er òg ein omsorgskultur på Flekke skule. Eg hugsar ein dag i 2021 då son min, på to år, leika på skuleplassen i Flekke. Som kontaktsøkande små born ofte er, gjekk han bort til nokre ungar på mellomtrinnet. Desse skuleungane tok imot han og leika med han på hans premissar. Dei gjorde ikkje berre det – dei hadde det gøy med han. På Flekke skule er ikkje borna ferdige med barnehagen når dei byrjar på skulen. Gjennom skuleåra er dei stadig inne i barnehagen og har ulike aktivitetar saman med dei små. Dette gjer at dei eldre borna lærer omsorg for born langt yngre enn dei sjølve, samstundes som det gjer dei minste barnehageborna trygge på dei større ungane.
Eg tenkjer ofte på synet av borna i 11–12-årsalderen som kosa seg med son min på to. Få ting har rørt meg meir enn det synet. Eigne born er heilt spesielle, og som forelder vil eg helst skjerme dei mot alt som er vondt i livet. Uansett kor urealistisk det er, veit eg at born som veks opp på Flekke skule vert meir robuste, fordi dei får oppleve omsorg frå fleire hald enn «berre» lærarar når dei er på skulen. Dette er ei viktig investering i framtida vår.
Mange i samfunnet vårt opplever psykiske lidingar. Eg veit at born i Flekke får eit robust mentalt verktøysett i form av omsorg gjeven og motteken. Eg veit kva vi har i Flekke. Spørsmålet er om Fjaler kommune veit kva dei har i Flekke.
Eit dokumentert godt opplæringsmiljø er utvilsamt god samfunnsøkonomi. Dette har vi i Flekke. Får vi eit tilsvarande miljø på Dingemoen, i overfylte klasserom? Får borna i Dale det, dersom dei må sitje i overfylte klasserom? Lite tyder på det. Kva meiner rektoren på Dingemoen om dette? Ingen spurde rektoren i Flekke om kva han meinte. Kvifor snakka ingen med han? Agenda Kaupang har ikkje spurt han. Kvifor ikkje? Kvifor involverte ikkje administrasjonen rektoren? Kven kjenner skulen betre? Denne rektoren heiter Ingvard Flekke. Han gjekk av med pensjon etter nyttår.
Noreg gjorde det nettopp katastrofalt dårleg på Pisa-undersøkinga. Er det då tid for å ribbe skuletilbodet? Korleis gjer det elevane betre rusta? Borna er framtida vår. Er det framtida vi skal kutte i? Kva er vel viktigare enn å investere i framtida?
Flekke har vore i vekst gjennom fleire år, noko elevtala på skulen og i barnehagen syner godt. Trur kommuneadministrasjonen at veksten i Flekke vil halde fram når dei legg ned det viktigaste i bygda? Ingen andre stader i kommunen er det bygd fleire einebustader dei siste fem åra. Nybyggarane i Flekke har tilført betydelege midlar til Fjaler kommune. Nyleg kunngjorde Norconsult at dei fekk eit prosjekt som kan tilføre fleire titalls arbeidsplassar til Flekke. Dette vil verte vanskelegare å realisere om Flekke skule vert lagt ned. Ein svært stor del av Fjaler kommune si økonomi har grunnlag i Flekke. Eg ber dykk politikara om å setje dykk inn i kor viktig Flekke er for Fjaler. Flekke er ikkje eit vedlegg til Dale.
Administrasjonen seier ein må tenkje økonomisk forsvarleg i denne saka. Gjer dei sjølve det? Administrasjonen sine utrekningar vart trekte i tvil frå fleire hald under folkemøtet i Flekke 22.09. Ordføraren, i ein artikkel i Firda datert 23.09.2026, trur det vert spart pengar på å leggje ned skulen. Arne Skaar Fismen nytta Agenda Kaupang sin eigen, enkle modell, og synte korleis ein faktisk sparar pengar på å behalde Flekke skule, dersom ein fylgjer den same utrekningsmodellen. Administrasjonen vedgjekk òg at ein må byggje ut Dingemoen dersom Flekke-elevane vert overførte dit. Allereie no er det for lite garderobeplass. Kva kostnad ei slik utbygging vil ha, sa administrasjonen ingenting om. Det er liten tvil om at ei utbygging av Dingemoen vil medføre store kostnader for kommunen. Det er difor stor sannsyn for at nedlegging av Flekke skule vil føre til auka gjeld for Fjaler kommune.
Nedlegging av Flekke skule vil òg medføre ein stor auke i trafikk til Dingemoen. Fleire hushald i Flekke skulekrins vil truleg måtte kjøpe ein ekstra bil for å kunne levere til og hente frå SFO. Skuleskyss gjeld jo berre for sjølve skuletimane. Dette er verken miljøvennleg eller berekraftig. Tilsette ved UWC er frå heile verda. Mange av dei har ikkje førarkort og har heller ikkje høve til å gjennomføre køyreopplæring med påfylgjande førarkortprøve. Korleis skal dei kunne levere borna til Dingemoen? Ingen av borna får skyss til og frå SFO. Dette vil garantert vere eit hinder for at UWC skal få dei best eigna kandidatane til å flytte til Flekke.
Jamfør forvaltingslova § 17 første ledd skal forvaltingsorganet «påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes. Det skal påse at mindreårige parter har fått mulighet til å gi uttrykk for sitt syn». Saka om endring av skulestruktur i Fjaler, som vart lagd fram for kommunestyret i august, er på langt nær så godt opplyst som mogleg. Korkje agenda kaupang eller kommuneadministrasjonen har snakka med rektor på Flekke skule når saka vart greia ut. Dokumenta som ligg føre er einsidig negative om Flekke skule, utrekningane er gjorde på tvilsamt grunnlag, og det er ikkje gjennomført ei vurdering av kva innverknad ei nedlegging vil ha på lokalsamfunnet. Ein veit difor ikkje konsekvensane av å leggje ned Flekke skule. Dei mindreårige som vert påverka av vedtak i saka har heller ikkje fått høve til å gje uttrykk for sitt syn jf. forvaltingslova § 17. Det er difor udiskutabelt at saka ikkje er godt nok opplyst. Dermed kan ein ikkje fatte eit gyldig vedtak i denne saka anna enn å vidareføre gjeldande skulestruktur.
Administrasjonen synest å tru og meine, framfor å faktisk vite. Det er, mildt sagt, sterkt bekymringsverdig. Eg vonar at dykk politikarar ikkje vil fatte eit lovstridig vedtak i denne saka. Eit vedtak i strid med gjeldande lov vil verte påklaga av mange aktørar i tillegg til statsforvaltaren.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.