Vi var ein familie på to då vi flytta til og bygde hus i Flekke i 2019. Verken eg eller kona mi er frå Flekke. Eg er fødd i Tromsø, og ho i Canada. No er vi ein familie på fire.
Vi hadde aldri vurdert å flytte til Flekke om det ikkje låg ein skule her. Sidan borna våre har engelsk som morsmål tenkte vi at Flekke skule var ein perfekt skule der borna våre kunne vekse opp saman med born frå både Noreg og store delar av verda. Slik fekk vi det beste av to verder: nære og trygge forhold, saman med ein internasjonal horisont frå ung alder. Dette er takka vere United World College Red Cross Nordic, som ligg på Haugland i Flekke. Her er det tilsette frå heile verda, og borna deira går på Flekke skule. Dette har gjeve Flekke skule ein heilt unik kultur, ein kultur som sit i veggane i skulebygget.
Det er òg ein omsorgskultur på Flekke skule. Eg hugsar ein dag i 2021 då son min, på to år, leika på skuleplassen i Flekke. Som kontaktsøkande små born ofte er, gjekk han bort til nokre ungar på mellomtrinnet. Desse skuleungane tok imot han og leika med han på hans premissar. Dei gjorde ikkje berre det – dei hadde det gøy med han. På Flekke skule er ikkje borna ferdige med barnehagen når dei byrjar på skulen. Gjennom skuleåra er dei stadig inne i barnehagen og har ulike aktivitetar saman med dei små. Dette gjer at dei eldre borna lærer omsorg for born langt yngre enn dei sjølve, samstundes som det gjer dei minste barnehageborna trygge på dei større ungane.
Eg tenkjer ofte på synet av borna i 11–12-årsalderen som kosa seg med son min på to. Få ting har rørt meg meir enn det synet. Eigne born er heilt spesielle, og som forelder vil eg helst skjerme dei mot alt som er vondt i livet. Uansett kor urealistisk det er, veit eg at born som veks opp på Flekke skule vert meir robuste, fordi dei får oppleve omsorg frå fleire hald enn «berre» lærarar når dei er på skulen. Dette er ei viktig investering i framtida vår.
Mange i samfunnet vårt opplever psykiske lidingar. Eg veit at born i Flekke får eit robust mentalt verktøysett i form av omsorg gjeven og motteken. Eg veit kva vi har i Flekke. Spørsmålet er om Fjaler kommune veit kva dei har i Flekke.
Eit dokumentert godt opplæringsmiljø er utvilsamt god samfunnsøkonomi. Dette har vi i Flekke. Får vi eit tilsvarande miljø på Dingemoen, i overfylte klasserom? Får borna i Dale det, dersom dei må sitje i overfylte klasserom? Lite tyder på det. Kva meiner rektoren på Dingemoen om dette? Ingen spurde rektoren i Flekke om kva han meinte. Kvifor snakka ingen med han? Agenda Kaupang har ikkje spurt han. Kvifor ikkje? Kvifor involverte ikkje administrasjonen rektoren? Kven kjenner skulen betre? Denne rektoren heiter Ingvard Flekke. Han gjekk av med pensjon etter nyttår.
Noreg gjorde det nettopp katastrofalt dårleg på Pisa-undersøkinga. Er det då tid for å ribbe skuletilbodet? Korleis gjer det elevane betre rusta? Borna er framtida vår. Er det framtida vi skal kutte i? Kva er vel viktigare enn å investere i framtida?
Flekke har vore i vekst gjennom fleire år, noko elevtala på skulen og i barnehagen syner godt. Trur kommuneadministrasjonen at veksten i Flekke vil halde fram når dei legg ned det viktigaste i bygda? Ingen andre stader i kommunen er det bygd fleire einebustader dei siste fem åra. Nybyggarane i Flekke har tilført betydelege midlar til Fjaler kommune. Nyleg kunngjorde Norconsult at dei fekk eit prosjekt som kan tilføre fleire titalls arbeidsplassar til Flekke. Dette vil verte vanskelegare å realisere om Flekke skule vert lagt ned. Ein svært stor del av Fjaler kommune si økonomi har grunnlag i Flekke. Eg ber dykk politikara om å setje dykk inn i kor viktig Flekke er for Fjaler. Flekke er ikkje eit vedlegg til Dale.
Administrasjonen seier ein må tenkje økonomisk forsvarleg i denne saka. Gjer dei sjølve det? Administrasjonen sine utrekningar vart trekte i tvil frå fleire hald under folkemøtet i Flekke 22.09. Ordføraren, i ein artikkel i Firda datert 23.09.2026, trur det vert spart pengar på å leggje ned skulen. Arne Skaar Fismen nytta Agenda Kaupang sin eigen, enkle modell, og synte korleis ein faktisk sparar pengar på å behalde Flekke skule, dersom ein fylgjer den same utrekningsmodellen. Administrasjonen vedgjekk òg at ein må byggje ut Dingemoen dersom Flekke-elevane vert overførte dit. Allereie no er det for lite garderobeplass. Kva kostnad ei slik utbygging vil ha, sa administrasjonen ingenting om. Det er liten tvil om at ei utbygging av Dingemoen vil medføre store kostnader for kommunen. Det er difor stor sannsyn for at nedlegging av Flekke skule vil føre til auka gjeld for Fjaler kommune.
Nedlegging av Flekke skule vil òg medføre ein stor auke i trafikk til Dingemoen. Fleire hushald i Flekke skulekrins vil truleg måtte kjøpe ein ekstra bil for å kunne levere til og hente frå SFO. Skuleskyss gjeld jo berre for sjølve skuletimane. Dette er verken miljøvennleg eller berekraftig. Tilsette ved UWC er frå heile verda. Mange av dei har ikkje førarkort og har heller ikkje høve til å gjennomføre køyreopplæring med påfylgjande førarkortprøve. Korleis skal dei kunne levere borna til Dingemoen? Ingen av borna får skyss til og frå SFO. Dette vil garantert vere eit hinder for at UWC skal få dei best eigna kandidatane til å flytte til Flekke.
Jamfør forvaltingslova § 17 første ledd skal forvaltingsorganet «påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes. Det skal påse at mindreårige parter har fått mulighet til å gi uttrykk for sitt syn». Saka om endring av skulestruktur i Fjaler, som vart lagd fram for kommunestyret i august, er på langt nær så godt opplyst som mogleg. Korkje agenda kaupang eller kommuneadministrasjonen har snakka med rektor på Flekke skule når saka vart greia ut. Dokumenta som ligg føre er einsidig negative om Flekke skule, utrekningane er gjorde på tvilsamt grunnlag, og det er ikkje gjennomført ei vurdering av kva innverknad ei nedlegging vil ha på lokalsamfunnet. Ein veit difor ikkje konsekvensane av å leggje ned Flekke skule. Dei mindreårige som vert påverka av vedtak i saka har heller ikkje fått høve til å gje uttrykk for sitt syn jf. forvaltingslova § 17. Det er difor udiskutabelt at saka ikkje er godt nok opplyst. Dermed kan ein ikkje fatte eit gyldig vedtak i denne saka anna enn å vidareføre gjeldande skulestruktur.
Administrasjonen synest å tru og meine, framfor å faktisk vite. Det er, mildt sagt, sterkt bekymringsverdig. Eg vonar at dykk politikarar ikkje vil fatte eit lovstridig vedtak i denne saka. Eit vedtak i strid med gjeldande lov vil verte påklaga av mange aktørar i tillegg til statsforvaltaren.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.