Krev utgreiing av barnets beste og skyss før vedtak om Flekke skule
Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Barnehage og skole
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-64
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 66KB) · hos kommunen
Høyringsuttale frå Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage (pdf, 127KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 23 punkter
-
Prosess · krav Elevenes erfaringer og meninger må komme tydelig fram i beslutningsgrunnlaget, med motstridende hensyn synliggjort.
«SU krev at elevane sine erfaringar og meiningar kjem tydeleg fram i avgjerdsgrunnlaget, og at eventuelle motstridande omsyn blir synleggjorde.»
-
Prosess · kritikk De åtte punktene er ikke godt nok utredet og dokumentert i saksforberedelsen.
«Punkta ovanfor oppsummerer viktige område som SU meiner ikkje er godt nok utgreidd og dokumentert i saksførebuingane.»
-
Prosess · krav Et trygt og velfungerende læringsmiljø må ikke avvikles uten et grundig, faglig forsvarlig og etterprøvbart beslutningsgrunnlag.
«ein ikkje avviklar eit trygt og velfungerande læringsmiljø utan eit grundig og fagleg forsvarleg avgjerdsgrunnlag, som også er råd å etterprøve.»
-
Samfunnshensyn · argument Fjaler har historisk satset på skole og utdanning og bør fortsette å gi barna et godt skoletilbud i lokalmiljøene.
«Fjaler kommune har i eit historisk perspektiv alltid satsa på og sett skule og utdanning høgt. … Lat oss fortsatt jobbe for og satse på å gje borna i Fjaler eit godt skuletilbod i sine lokalmiljø.»
-
Barns beste · krav Kommunen må dokumentere hvordan nedleggelse påvirker trygghet, trivsel, læring og utvikling for elevene ved Flekke, og hvordan dette blir veid mot økonomi.
«SU etterspør ei dokumentert vurdering av korleis nedlegging påverkar tryggleik, trivsel, læring og utvikling, og korleis dette vert vege opp mot økonomiske omsyn.»
-
Barns beste · kritikk Økonomiske hensyn veier tyngre enn barnets beste.
«Vi stiller oss sterkt kritiske til at økonomiske omsyn veg tyngre enn barnets beste.»
-
Barns beste · spørsmål Hvilke konsekvenser kan det få å bryte opp et etablert og trygt skolemiljø?
«Kva konsekvensar kan det få å bryte opp eit etablert og trygt skulemiljø?»
-
Barns beste · argument På en liten skole kjenner elever og ansatte hverandre godt, med stabile voksenrelasjoner, tilhørighet, sosial trygghet og tidlig oppfølging.
«SU ser kva det betyr å har stabile vaksenrelasjonar, tilhøyrsle, sosial tryggleik og tidleg oppfølging av elevar.»
-
Barns beste · argument Større skole er ikke automatisk bedre skole.
«Større skule er ikkje automatisk betre skule.»
-
Barns beste · krav Kommunen må dokumentere hvordan lærertetthet, gruppestørrelse, tilpasset opplæring og tilgang til spesialpedagogiske ressurser blir påvirket.
«SU ynskjer dokumentasjon på korleis lærartettleik, gruppestorleik, tilpassa opplæring og tilgang til spesialpedagogiske ressursar blir påverka.»
-
Barns beste · argument Elever som trenger forutsigbare rammer og tett oppfølging, kan være lettere å legge til rette for i mindre klasser og grupper.
«Nokre elevar er meir avhengige av føreseielege rammer, kjende vaksne og tettare oppfølging enn andre. Dette kan vere lettare å tilrettelegge for i mindre klasser og grupper.»
-
Barns beste · krav Kommunen må gjøre en særskilt vurdering av hvordan elever med behov for individuell tilrettelegging blir ivaretatt.
«SU ber om ei særskild vurdering av korleis elevar med behov for individuell tilrettelegging blir ivaretekne ved ei eventuell nedlegging.»
-
Barns beste · argument I Flekke er barnehage og skole tett knyttet sammen, og overgangen er trygg og forutsigbar for barna.
«I Flekke er barnehage og skule knytte tett saman. Overgangen frå barnehagen til skulen er trygg og føreseieleg for borna.»
-
Barns beste · krav Kommunen må vise konkrete tiltak for samarbeid, besøk og relasjonsbygging i overgangen barnehage–skole ved nedleggelse.
«SU krev konkrete tiltak for korleis samarbeid, besøk og relasjonsbygging vert i vareteke ved eventuell nedlegging.»
-
Barns beste · argument Flekke skule har gode resultater, høy trivsel, stabile ansatte og lite sykefravær, og dette må vektlegges.
«Skulen har gode resultat, høg trivsel, stabile tilsette og lite sjukefråvær og gjennomtrekk. Dette må takast med og vektleggast i saka og vurderingane.»
-
Skyss og reisetid · spørsmål Hva blir den faktiske reisetiden fra hjem til skole, inkludert venting?
«Kva blir den faktiske reisetida frå heim til skule, inkludert venting?»
-
Skyss og reisetid · spørsmål Hva betyr lengre dager for de yngste elevene for fritid, lek, søvn og organiserte aktiviteter?
«Kva betyr lengre dagar for dei yngste elevane med tanke på fritid, leik, søvn og deltaking i organiserte aktivitetar?»
-
Skyss og reisetid · argument Skolekretsen til Flekke har store avstander og varierende veikvalitet.
«Skulekrinsen til Flekke skule har store avstandar med varierande vegkvalitet.»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen må forklare hvordan lengre skolevei påvirker reisetiden for elevene ved Flekke, sett opp mot maksimal reisetid i rapporten.
«SU meiner at det er vesentleg at Fjaler kommune går igjennom og forklarar korleis den auka skulevegen vil påverke reisetida for elevar ved Flekke skule.»
-
Skyss og reisetid · spørsmål Kan reisetiden bli lengre enn avstanden tilsier fordi rutene blir organisert som «melkeruter»?
«Vil ein kunne komme i ein situasjon der elevane får reisetid som vert lenger enn faktisk reiseavstand/reisetid, fordi skulerutene vil verte organisert som “melkeruter”.»
-
Kapasitet på Dingemoen · krav Kommunen må legge fram konkrete tall for elevgrupper, klasseromsareal, grupperom, garderober, toaletter, uteområde og SFO-kapasitet på Dingemoen.
«SU krev konkrete tal for elevgrupper, klasseromsareal, grupperom, garderobar, toalett, uteområde og SFO-kapasitet.»
-
Kapasitet på Dingemoen · spørsmål Er det dokumentert at alle elevene får tilfredsstillende fysiske rammer også ved framtidig elevvekst?
«Er det dokumentert at alle elevane får tilfredsstillande fysiske rammer også ved framtidig elevvekst?»
-
Kapasitet på Dingemoen · spørsmål Hvordan skal klassedeling løses når de fleste rommene på Dingemoen er i bruk og store kull kommer?
«Korleis ser ein føre seg ei klassedeling når dei fleste romma er i bruk ved Dingemoen skule. Vi veit at det kjem store kull framover.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Flekke 18.10.26
Høyringsutspel om skulestrukturen i Fjaler kommune
Høyringsuttale frå Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage.
Samarbeidsutvalet (SU) ved Flekke skule har ei særleg viktig stemme i høyringa om eventuell skulenedlegging. SU representerer både foreldre, tilsette og skulesamfunnet.
Vi er spesielt opptekne av konsekvensane for elevane, kvaliteten på opplæringa og om kommunen faktisk har dokumentasjon for at ei nedlegging vil gi eit betre eller likeverdig skuletilbod.
Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage har oppsummert våre merknader i åtte punkt, som også inneheld spørsmål som vi meiner det er vesentleg at Fjaler kommune greier ut i samband med saksframlegget til kommunestyret
1. Barnets beste – ei reell vurdering
Korleis er barnets beste vurdert konkret for elevane ved Flekke skule? Det er ikkje nok å vise til økonomiske innsparingar. SU etterspør ei dokumentert vurdering av korleis nedlegging påverkar tryggleik, trivsel, læring og utvikling, og korleis dette vert vege opp mot økonomiske omsyn.
Vi stiller oss sterkt kritiske til at økonomiske omsyn veg tyngre enn barnets beste.
2. Læringsmiljø og relasjonar
Flekke skule er ein liten skule der elevar og tilsette kjenner kvarandre godt. Kva konsekvensar kan det få å bryte opp eit etablert og trygt skulemiljø?
SU ser kva det betyr å har stabile vaksenrelasjonar, tilhøyrsle, sosial tryggleik og tidleg oppfølging av elevar.
3. Kvaliteten på undervisninga
Større skule er ikkje automatisk betre skule. SU ynskjer dokumentasjon på korleis lærartettleik, gruppestorleik, tilpassa opplæring og tilgang til spesialpedagogiske ressursar blir påverka. Kva vil ei skulenedlegging faktisk bety for den enkelte elev?
4. Sårbare elevar og særskilde behov
Nokre elevar er meir avhengige av føreseielege rammer, kjende vaksne og tettare oppfølging enn andre. Dette kan vere lettare å tilrettelegge for i mindre klasser og grupper.
SU ber om ei særskild vurdering av korleis elevar med behov for individuell tilrettelegging blir ivaretekne ved ei eventuell nedlegging.
5. Skuleskyss og lengre skuledagar
Kva blir den faktiske reisetida frå heim til skule, inkludert venting? Kva betyr lengre dagar for dei yngste elevane med tanke på fritid, leik, søvn og deltaking i organiserte aktivitetar? SU tenker spesielt på korleis skyssen vil verte organisert i praksis. Skulekrinsen til Flekke skule har store avstandar med varierande vegkvalitet.
Agenda Kaupang skriv i sin rapport kva ein reknar som maksimal reiseveg og reisetid for dei ulike trinna:
- 1-4 45 min /30 km
- 5-7 60 min /40 km
- 8-10 75 min /45 km.
SU meiner at det er vesentleg at Fjaler kommune går igjennom og forklarar korleis den auka skulevegen vil påverke reisetida for elevar ved Flekke skule. Vil ein kunne komme i ein situasjon der elevane får reisetid som vert lenger enn faktisk reiseavstand/reisetid, fordi skulerutene vil verte organisert som “melkeruter”.
6. Kapasitet og fysisk læringsmiljø ved Dingemoen
SU krev konkrete tal for elevgrupper, klasseromsareal, grupperom, garderobar, toalett, uteområde og SFO-kapasitet. Er det dokumentert at alle elevane får tilfredsstillande fysiske rammer også ved framtidig elevvekst? Korleis ser ein føre seg ei klassedeling når dei fleste romma er i bruk ved Dingemoen skule. Vi veit at det kjem store kull framover. SU undrar seg over korleis ein praktisk kan løyse dette, og ber difor kommunen greie dette ut.
Sjå tabell under over tal born frå 2021 til 2025 i Flekke og Dingemoen (henta frå helsesjukepleiar i Fjaler 2026):
| Flekke | Dingemoen | ||
|---|---|---|---|
| 2025 | 6 | 24 | 30 |
| 2024 | 7 | 32 | 39 |
| 2023 | 6 | 20 | 26 |
| 2022 | 7 | 28 | 35 |
| 2021 | 8 | 25 | 33 |
| SUM | 34 | 129 | 163 |
7. Overgangen frå barnehage til skule
I Flekke er barnehage og skule knytte tett saman. Overgangen frå barnehagen til skulen er trygg og føreseieleg for borna. Korleis vil kommunen sikre ein like trygg og god overgang for barna om dei ikkje lenger skal starte på nærskulen sin? SU krev konkrete tiltak for korleis samarbeid, besøk og relasjonsbygging vert i vareteke ved eventuell nedlegging.
8. Elevmedverknad og medverknad frå skulesamfunnet
SU krev at elevane sine erfaringar og meiningar kjem tydeleg fram i avgjerdsgrunnlaget, og at eventuelle motstridande omsyn blir synleggjorde. Vi syner til Elevrådet sin eigen uttale i saka
Avsluttande kommentar:
Fjaler kommune har i eit historisk perspektiv alltid satsa på og sett skule og utdanning høgt. Frå Nikka Vonen sin pikeskole, realskulen på Vevang, grendaskular, ungdomsskule, vidaregåande skule og UWC. Lat oss fortsatt jobbe for og satse på å gje borna i Fjaler eit godt skuletilbod i sine lokalmiljø.
Punkta ovanfor oppsummerer viktige område som SU meiner ikkje er godt nok utgreidd og dokumentert i saksførebuingane.
Flekke skule må vurderast ut frå korleis skulen faktisk fungerer i dag. Skulen har gode resultat, høg trivsel, stabile tilsette og lite sjukefråvær og gjennomtrekk. Dette må takast med og vektleggast i saka og vurderingane.
Samarbeidsutvalet meiner at ei eventuell nedlegging av Flekke skule ikkje kan vurderast ut frå økonomiske omsyn åleine. Ei slik avgjerd vil gripe direkte inn i kvardagen, læringsmiljøet og oppvekstvilkåra til barna våre.
Før ei avgjerd blir teken, må kommunen kunne dokumentere kva konsekvensar endringa får for elevane, og korleis omsynet til barnets beste er vurdert og vektlagt.
Vi meiner det er avgjerande at kvalitetane ved det eksisterande skuletilbodet blir synleggjorde, og at ein ikkje avviklar eit trygt og velfungerande læringsmiljø utan eit grundig og fagleg forsvarleg avgjerdsgrunnlag, som også er råd å etterprøve.
Med helsing
Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage:
Kjersti Steinsdatter Reggestad – leiar i SU
Anita Nyland Skaar – representant tilsette skule
Dagrun Ørstavik - representant tilsette barnehage
Lykke Bonde Melone – leiar FAU Flekke skule og barnehage
Lene Beate Furset Dingsøyr – vara eigarrepresentant
Leon Joseph Kendall Lambert – leiar elevrådet
Iselilja Jennysdotter Espedal – sekretær elevråd
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.