Flekke 18.10.26
Høyringsutspel om skulestrukturen i Fjaler kommune
Høyringsuttale frå Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage.
Samarbeidsutvalet (SU) ved Flekke skule har ei særleg viktig stemme i høyringa om eventuell skulenedlegging. SU representerer både foreldre, tilsette og skulesamfunnet.
Vi er spesielt opptekne av konsekvensane for elevane, kvaliteten på opplæringa og om kommunen faktisk har dokumentasjon for at ei nedlegging vil gi eit betre eller likeverdig skuletilbod.
Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage har oppsummert våre merknader i åtte punkt, som også inneheld spørsmål som vi meiner det er vesentleg at Fjaler kommune greier ut i samband med saksframlegget til kommunestyret
1. Barnets beste – ei reell vurdering
Korleis er barnets beste vurdert konkret for elevane ved Flekke skule? Det er ikkje nok å vise til økonomiske innsparingar. SU etterspør ei dokumentert vurdering av korleis nedlegging påverkar tryggleik, trivsel, læring og utvikling, og korleis dette vert vege opp mot økonomiske omsyn.
Vi stiller oss sterkt kritiske til at økonomiske omsyn veg tyngre enn barnets beste.
2. Læringsmiljø og relasjonar
Flekke skule er ein liten skule der elevar og tilsette kjenner kvarandre godt. Kva konsekvensar kan det få å bryte opp eit etablert og trygt skulemiljø?
SU ser kva det betyr å har stabile vaksenrelasjonar, tilhøyrsle, sosial tryggleik og tidleg oppfølging av elevar.
3. Kvaliteten på undervisninga
Større skule er ikkje automatisk betre skule. SU ynskjer dokumentasjon på korleis lærartettleik, gruppestorleik, tilpassa opplæring og tilgang til spesialpedagogiske ressursar blir påverka. Kva vil ei skulenedlegging faktisk bety for den enkelte elev?
4. Sårbare elevar og særskilde behov
Nokre elevar er meir avhengige av føreseielege rammer, kjende vaksne og tettare oppfølging enn andre. Dette kan vere lettare å tilrettelegge for i mindre klasser og grupper.
SU ber om ei særskild vurdering av korleis elevar med behov for individuell tilrettelegging blir ivaretekne ved ei eventuell nedlegging.
5. Skuleskyss og lengre skuledagar
Kva blir den faktiske reisetida frå heim til skule, inkludert venting? Kva betyr lengre dagar for dei yngste elevane med tanke på fritid, leik, søvn og deltaking i organiserte aktivitetar? SU tenker spesielt på korleis skyssen vil verte organisert i praksis. Skulekrinsen til Flekke skule har store avstandar med varierande vegkvalitet.
Agenda Kaupang skriv i sin rapport kva ein reknar som maksimal reiseveg og reisetid for dei ulike trinna:
- 1-4 45 min /30 km
- 5-7 60 min /40 km
- 8-10 75 min /45 km.
SU meiner at det er vesentleg at Fjaler kommune går igjennom og forklarar korleis den auka skulevegen vil påverke reisetida for elevar ved Flekke skule. Vil ein kunne komme i ein situasjon der elevane får reisetid som vert lenger enn faktisk reiseavstand/reisetid, fordi skulerutene vil verte organisert som “melkeruter”.
6. Kapasitet og fysisk læringsmiljø ved Dingemoen
SU krev konkrete tal for elevgrupper, klasseromsareal, grupperom, garderobar, toalett, uteområde og SFO-kapasitet. Er det dokumentert at alle elevane får tilfredsstillande fysiske rammer også ved framtidig elevvekst? Korleis ser ein føre seg ei klassedeling når dei fleste romma er i bruk ved Dingemoen skule. Vi veit at det kjem store kull framover. SU undrar seg over korleis ein praktisk kan løyse dette, og ber difor kommunen greie dette ut.
Sjå tabell under over tal born frå 2021 til 2025 i Flekke og Dingemoen (henta frå helsesjukepleiar i Fjaler 2026):
| Flekke | Dingemoen | ||
|---|---|---|---|
| 2025 | 6 | 24 | 30 |
| 2024 | 7 | 32 | 39 |
| 2023 | 6 | 20 | 26 |
| 2022 | 7 | 28 | 35 |
| 2021 | 8 | 25 | 33 |
| SUM | 34 | 129 | 163 |
7. Overgangen frå barnehage til skule
I Flekke er barnehage og skule knytte tett saman. Overgangen frå barnehagen til skulen er trygg og føreseieleg for borna. Korleis vil kommunen sikre ein like trygg og god overgang for barna om dei ikkje lenger skal starte på nærskulen sin? SU krev konkrete tiltak for korleis samarbeid, besøk og relasjonsbygging vert i vareteke ved eventuell nedlegging.
8. Elevmedverknad og medverknad frå skulesamfunnet
SU krev at elevane sine erfaringar og meiningar kjem tydeleg fram i avgjerdsgrunnlaget, og at eventuelle motstridande omsyn blir synleggjorde. Vi syner til Elevrådet sin eigen uttale i saka
Avsluttande kommentar:
Fjaler kommune har i eit historisk perspektiv alltid satsa på og sett skule og utdanning høgt. Frå Nikka Vonen sin pikeskole, realskulen på Vevang, grendaskular, ungdomsskule, vidaregåande skule og UWC. Lat oss fortsatt jobbe for og satse på å gje borna i Fjaler eit godt skuletilbod i sine lokalmiljø.
Punkta ovanfor oppsummerer viktige område som SU meiner ikkje er godt nok utgreidd og dokumentert i saksførebuingane.
Flekke skule må vurderast ut frå korleis skulen faktisk fungerer i dag. Skulen har gode resultat, høg trivsel, stabile tilsette og lite sjukefråvær og gjennomtrekk. Dette må takast med og vektleggast i saka og vurderingane.
Samarbeidsutvalet meiner at ei eventuell nedlegging av Flekke skule ikkje kan vurderast ut frå økonomiske omsyn åleine. Ei slik avgjerd vil gripe direkte inn i kvardagen, læringsmiljøet og oppvekstvilkåra til barna våre.
Før ei avgjerd blir teken, må kommunen kunne dokumentere kva konsekvensar endringa får for elevane, og korleis omsynet til barnets beste er vurdert og vektlagt.
Vi meiner det er avgjerande at kvalitetane ved det eksisterande skuletilbodet blir synleggjorde, og at ein ikkje avviklar eit trygt og velfungerande læringsmiljø utan eit grundig og fagleg forsvarleg avgjerdsgrunnlag, som også er råd å etterprøve.
Med helsing
Samarbeidsutvalet ved Flekke skule og barnehage:
Kjersti Steinsdatter Reggestad – leiar i SU
Anita Nyland Skaar – representant tilsette skule
Dagrun Ørstavik - representant tilsette barnehage
Lykke Bonde Melone – leiar FAU Flekke skule og barnehage
Lene Beate Furset Dingsøyr – vara eigarrepresentant
Leon Joseph Kendall Lambert – leiar elevrådet
Iselilja Jennysdotter Espedal – sekretær elevråd
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.