Meiner nedlegging trugar butikken og veksten i Flekke
Joker Flekke
- Tittel
- Høyringsnotat - Skulestruktur
- Avsender
- Næringsliv
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-55
- Dokumenter
- Høyringsnotat - Skulestruktur (pdf, 109KB) · hos kommunen
Skulestruktur (pdf, 44KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 12 punkter og standpunkt
Standpunkt: 1: argumenterer imot 2: argumenterer imot
-
Økonomi · kritikk Innsparingene ser ut til å være langt mindre enn det administrasjonen har lagt fram.
«innsparingane som er presenterte, verkar å vere langt mindre en det som administrasjonen har lagt fram.»
-
Økonomi · spørsmål Har Fjaler kommune råd til de langsiktige virkningene av en nedleggelse?
«Har Fjaler Kommune verkeleg råd til dette?»
-
Økonomi · argument De langsiktige kostnadene for Fjaler er langt større enn det man sparer ved en nedleggelse.
«at dei langsiktige kostnadane for Fjaler, er langt større en det ein sparar på ei eventuell nedlegging.»
-
Prosess · krav Ved så store avvik bør det bli en ny høringsrunde med korrekte og etterprøvbare tall.
«Dersom avvika er så store som det ser ut til, burde det verte ei ny høyringsrunde med korekte tal, og ikkje minst tal som er mulige å ettergå.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolen er grunnsteinen i bygda, og samspillet med butikken har skapt utvikling, tilflytting og nye arbeidsplasser.
«Skulen i Flekke er grunnsteinen i bygda, og samspelet med butikken har sakte men sikkert skapt utvikling, tilflytting, og nye arbeidsplassar.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolen og butikken er viktige for UWCs evne til å rekruttere lærere og tilflyttere.
«Her kan ein og nevne samarbeidet med UWC, der både skulen og butikken er viktige faktorar, for deira evne til å rekrutere lærarar og tilflyttarar til kommunen.»
-
Samfunnshensyn · argument En sentral nærskole der barna kan gå og sykle, med trygt skolemiljø, er fellesnevneren for tilflyttingen.
«Fellesnevnaren er først og fremst ein nærskule sentralt i bygda, der barna kan gå og sykle til skulen, med eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing.»
-
Samfunnshensyn · argument Mange tilflyttere, inkludert avsender, flyttet hit først og fremst på grunn av skolen.
«Mange av desse tilflyttarane fortel det same ( meg inkludert); vi flytta hit, først og fremst pga skulen, og vi hadde nok ikkje flytta til Fjaler utan den.»
-
Samfunnshensyn · argument Når foreldre må hente barna på SFO i Dale, kan handlemønsteret endres så mye at det påvirker driften av butikken.
«Når foreldre må køyre å hente barna i Dale på SFO, er det store sjangsar for endring i handlemønster, som åleine kan ha stor påverknad for vidare drift av butikken.»
-
Samfunnshensyn · argument Tilflyttingen vil avta, og noen mindre bedrifter vil etablere seg andre steder.
«Tilflytting vil etter kvart avta, og nokre av dei mindre bedriftene vil etabler seg andre plassar.»
-
Samfunnshensyn · argument Flere barnefamilier har signalisert at de vil flytte ut av kommunen hvis skolen legges ned.
«Fleire barnefamiliar har også signalisert flytting ut av kommunen, dersom skulen ryk.»
-
Samfunnshensyn · argument Samlet vil dette føre til nedleggelse av butikken, med videre virkninger for bedrifter, arbeidsplasser, landbruk og tilflytting.
«I sum vil dette føre til nedlegging av butikken, med ytterligare påverknad for bedrifter, arbeidsplassar, landbruk og tilflytting.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Fjaler Kommune
Dato16.10.2026
Høyringsnotat ang. skulestuktur og nedlegging Av Flekke Skule.
Flekke Nærbutikk har fulgt saka og alle innspel om nedlegging av skulen i Flekke, med stor undring. Dette skuldast blant anna at innsparingane som er presenterte, verkar å vere langt mindre en det som administrasjonen har lagt fram. Dersom avvika er så store som det ser ut til, burde det verte ei ny høyringsrunde med korekte tal, og ikkje minst tal som er mulige å ettergå.
Eg tok over butikken i 2002, og har hatt gleden av sjå den fantastiske framgangen bygda har hatt i den perioden. Skulen i Flekke er grunnsteinen i bygda, og samspelet med butikken har sakte men sikkert skapt utvikling, tilflytting, og nye arbeidsplassar. Her kan ein og nevne samarbeidet med UWC, der både skulen og butikken er viktige faktorar, for deira evne til å rekrutere lærarar og tilflyttarar til kommunen. Tenkjer då spesielt på tal barnefamiliar, som har flytta hit og etablert seg. Utan barneskule og butikk, ville det kanskje ikkje vert mogleg. Ein kan også nemne Hauglandsenteret, ein stor og viktig instutisjon, som har vert med å skape den positive utviklinga i bygda vår.
Oppsummert, har samspelet skule, butikk og dei store instutisjonane som UWC og Hauglandsenteret, vert avgjerande for den eventyrlige veksten i bygda. Det er stadig nye tilflyttarar, som både byggjer hus, og skapar nye arbeidsplassar i form av bedrifter. Fellesnevnaren er først og fremst ein nærskule sentralt i bygda, der barna kan gå og sykle til skulen, med eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing. Mange av desse tilflyttarane fortel det same ( meg inkludert); vi flytta hit, først og fremst pga skulen, og vi hadde nok ikkje flytta til Fjaler utan den. Dette syner kor viktig skulen er for valget barnefamiliar tar, når dei vurderer å flytte hit.
Dersom skulen skulle verte nedlagt, vil den positive utviklinga stanse, og sakte men sikkert gå feil veg. Når foreldre må køyre å hente barna i Dale på SFO, er det store sjangsar for endring i handlemønster, som åleine kan ha stor påverknad for vidare drift av butikken. Tilflytting vil etter kvart avta, og nokre av dei mindre bedriftene vil etabler seg andre plassar. Fleire barnefamiliar har også signalisert flytting ut av kommunen, dersom skulen ryk. I sum vil dette føre til nedlegging av butikken, med ytterligare påverknad for bedrifter, arbeidsplassar, landbruk og tilflytting.
For Fjaler Kommune, kan verknadane av ei eventuell nedlegging av Flekke Skule, fortone seg som små på kort sikt, men i eit lengre perspektiv, er dei enorme. Har Fjaler Kommune verkeleg råd til dette?
Vi ber om at politikarar og administrasjon ser og skjønar kor viktig Flekke Skule er for innbyggjarar og næringsliv i bygda og kommunen, og at dei langsiktige kostnadane for Fjaler, er langt større en det ein sparar på ei eventuell nedlegging.
Frank Igelkjøn
Dagleg leiar Joker Flekke
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.