← Full visning

Meiner nedlegging trugar butikken og veksten i Flekke

Joker Flekke · 16. oktober 2026

Fjaler Kommune
Dato16.10.2026

Høyringsnotat ang. skulestuktur og nedlegging Av Flekke Skule.

Flekke Nærbutikk har fulgt saka og alle innspel om nedlegging av skulen i Flekke, med stor undring. Dette skuldast blant anna at innsparingane som er presenterte, verkar å vere langt mindre en det som administrasjonen har lagt fram. Dersom avvika er så store som det ser ut til, burde det verte ei ny høyringsrunde med korekte tal, og ikkje minst tal som er mulige å ettergå.

Eg tok over butikken i 2002, og har hatt gleden av sjå den fantastiske framgangen bygda har hatt i den perioden. Skulen i Flekke er grunnsteinen i bygda, og samspelet med butikken har sakte men sikkert skapt utvikling, tilflytting, og nye arbeidsplassar. Her kan ein og nevne samarbeidet med UWC, der både skulen og butikken er viktige faktorar, for deira evne til å rekrutere lærarar og tilflyttarar til kommunen. Tenkjer då spesielt på tal barnefamiliar, som har flytta hit og etablert seg. Utan barneskule og butikk, ville det kanskje ikkje vert mogleg. Ein kan også nemne Hauglandsenteret, ein stor og viktig instutisjon, som har vert med å skape den positive utviklinga i bygda vår.

Oppsummert, har samspelet skule, butikk og dei store instutisjonane som UWC og Hauglandsenteret, vert avgjerande for den eventyrlige veksten i bygda. Det er stadig nye tilflyttarar, som både byggjer hus, og skapar nye arbeidsplassar i form av bedrifter. Fellesnevnaren er først og fremst ein nærskule sentralt i bygda, der barna kan gå og sykle til skulen, med eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing. Mange av desse tilflyttarane fortel det same ( meg inkludert); vi flytta hit, først og fremst pga skulen, og vi hadde nok ikkje flytta til Fjaler utan den. Dette syner kor viktig skulen er for valget barnefamiliar tar, når dei vurderer å flytte hit.

Dersom skulen skulle verte nedlagt, vil den positive utviklinga stanse, og sakte men sikkert gå feil veg. Når foreldre må køyre å hente barna i Dale på SFO, er det store sjangsar for endring i handlemønster, som åleine kan ha stor påverknad for vidare drift av butikken. Tilflytting vil etter kvart avta, og nokre av dei mindre bedriftene vil etabler seg andre plassar. Fleire barnefamiliar har også signalisert flytting ut av kommunen, dersom skulen ryk. I sum vil dette føre til nedlegging av butikken, med ytterligare påverknad for bedrifter, arbeidsplassar, landbruk og tilflytting.

For Fjaler Kommune, kan verknadane av ei eventuell nedlegging av Flekke Skule, fortone seg som små på kort sikt, men i eit lengre perspektiv, er dei enorme. Har Fjaler Kommune verkeleg råd til dette?

Vi ber om at politikarar og administrasjon ser og skjønar kor viktig Flekke Skule er for innbyggjarar og næringsliv i bygda og kommunen, og at dei langsiktige kostnadane for Fjaler, er langt større en det ein sparar på ei eventuell nedlegging.

Frank Igelkjøn

Dagleg leiar Joker Flekke

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.