← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 14. oktober 2026

Nytt reknestykke: meiner nedlegging av Flekke ikkje gir innsparing

Ingvard Flekke

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Privatperson
Tema
Journalpost
2025/1844-52
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 65KB) · hos kommunen
Høyringsuttale skulestruktur (pdf, 100KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 26 punkter

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringsuttale skulestruktur

Kommentarar til reknestykket i Agenda Kaupang sin rapport – skulestruktur Fjaler

Side 1 og 2 med kronebeløp. Side 3 endringar utan tal, som miljøaspektet

I forkant av folkemøtet i Flekke vart eit liknande reknestykke sendt inn, i håp om at tala mine vart kommenterte. Det einaste som vart kommentert då var innbyggartilskotet som eg hadde for lågt. I etterkant har Agenda Kaupang innrømt å ha utegløymt grunnskuletilskot i sitt reknestykke. Annan sjølvkritikk tek Agenda Kaupang ikkje, men kommunedirektøren har ved fleire høve sagt at administrasjonen skal komme med nye tal. Med andre ord, ein ser no meir vekk frå rapporten som var utgangspunkt for kommunestyret for å sende saka på høyring.
Eg vel likevel med dette å utfordre reknestykket i rapporten.

Agenda Kaupang har i rapporten estimert årleg innsparing på 5,9 millionar ved endra skulestruktur. Utrekningane bygger på ei rekke føresetnadar som m.a. bemanning, elevtal, klassedeling og bygning.

Tabellen under peikar på tilhøve som kan påverke den faktiske økonomiske gevinsten ved ei nedlegging av Flekke skule. Postane er potensielle kostnadar som ikkje er med eller i liten grad vurdert i AK-rapporten.
Beløpa i tabellen må ikkje sjåast på som sikre kostnadar, men som ein illustrasjon av den økonomiske usikkerheita det er å legge ned ein skule i eit område i kommunen som er i vekst.

Tenkt innsparing frå Agenda Kaupang / kommunedirektøren 5 900 (4900 er elevkostnad og 1000 drift av bygg)
Redusert innsparingspotensiale på bemanning ved Dingemoen skule 900 Bygger på vurdering av at det kan vere behov for fleire stillingar enn lagt til grunn i rapporten. Reknar 900k per lærarstilling inkl sos. utg.
Ny klassedeling Dingemoen 1 500 Ein kontaktlærar + fagarbeidar Her berre ein klasse. Store kull i Flekke framover
Grunnskulestilskot 580 Kommunen får tilskot per skule. Mister då for ein skule
Færre arbeidsplassar i kommunen 200 4-5 på Dingemoen/Flekke må seiast opp/slutte (ansiennitet) Mindre skatteinntekter til Fjaler kommune. Lågt rekna
Rektor Flekke skule 200 Ikkje ned i lønn ved overføring. Inkl. sos. utg.
Styrar Flekke barnehage 70 Vil trenge meir tid for å bli hovudadm for bygget og uteområdet. 10%? Må då erstattast i avdeling
Kjøp av elevplassar i annan kommune? Høg sannsynlegheit 520 Fleire Guddalselevar til Sande, andre til Holmedal Montessorri? Ca 130 000 per elev. 4 stk ca 520 000 0-6 elevar
Framandspråklege elevar Historisk mellom 15 og 25% av elevane i Flekke 450 I Flekke vert dei sett rett inn i klasse. Nokre få får timar første året. Billeg i Flekke. Kan vere > <. 4t x 5 elevar= 20 t = 1 stilling. (Reknar halv stilling her for å rekne forsiktig)
Innbyggartilskot 400 Tenkt tilfelle: To familiar på 4 flyttar ikkje til kommunen. Innbyggartilskot varierer, men har rekna kr 50 000 pr person
Driftsutgifter bygning 200 Har mange utgifter som no vert delte som barnehagen må ta; Renovasjon, kommunale avgifter, lisensar, mm. Tenkt sum
Reinhald 70 No vert fellesareal betalt av drift skule. Vil måtte utvide reinhaldsdel for barnehagen. Tenkt 10%
Investering nye garderobar Dingemoen 12 000 000,- . Rente 4% 650 Årleg kapitalkostnad Klargjering av tomt, inventar, prosjektering, etc
Dugnadsinnsats Støtte til utstyr frå frivillige (private og lag og org) 60 Td grasslått. I dag leige frå Vevang. Dugnadsviljen er stor.
Skyss generelt Skyss førskuledagar/overgang barnehage-skule Skyss til symjing Haugland 120 Summen i rapp. er låg. Må skyssast til Dale Låg sum for Flekke-elevar i dag. Har gått eine vegen.
5920
Tap for kommunen ved å legge ned Flekke skule, og då er ikkje miljø- og samfunnsaspektet med 20 I tillegg kjem alt som er vanskeleg å måle i kroner, som MILJØASPEKTET Sjå neste side

Saker som er vanskeleg å måle i kroner

Miljøaspektet ? Meir skyss for elevar. Ekstaskyss for foreldre til SFO. Auka trafikkavvikling ved Dingemoen Nokre elevar kan ikkje gå heim etter skule eller SFO Nokre familiar vil trenge to bilar
Samfunnsøkonomisk ? Stor betydning for Fjaler med viktige arbeidsplassar på Haugland og på Ytsteneset. Samfunnsengasjementet og positivismen Å våge å satse framtidsretta. Fjaler har tidlegare vist eit slikt mot, sjølv i vanskelege økonomiske tider.
Joker Flekke ? Flekke skule og barnehage er ein viktig del av grunnlaget for butikken. Også eit miljøaspekt dersom det ikkje er grunnlag for nærbutikk
Flekke som vekstområde for nybygg i kommunen Ringverknader av nybygginga ? Mange har flytta til Flekke der skulen har vore ein del av det heile. Har vi andre bygder i Vestland med liknande einebustadaktivitet?
Eventuelle ITO* eller personleg assistanse for gjesteelevar (*individuelt tilrettelagt opplæring) ? Ved kjøp av elevplass og ITO i annan kommune må vi betale alt. Vert ikkje sett i gruppe slik det vert gjort i Fjaler når vi styrer det sjølve.

Flekke 13.10.2026

Ingvard Flekke

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.