Høyringsuttale skulestruktur
Kommentarar til reknestykket i Agenda Kaupang sin rapport – skulestruktur Fjaler
Side 1 og 2 med kronebeløp. Side 3 endringar utan tal, som miljøaspektet
I forkant av folkemøtet i Flekke vart eit liknande reknestykke sendt inn, i håp om at tala mine vart kommenterte. Det einaste som vart kommentert då var innbyggartilskotet som eg hadde for lågt. I etterkant har Agenda Kaupang innrømt å ha utegløymt grunnskuletilskot i sitt reknestykke. Annan sjølvkritikk tek Agenda Kaupang ikkje, men kommunedirektøren har ved fleire høve sagt at administrasjonen skal komme med nye tal. Med andre ord, ein ser no meir vekk frå rapporten som var utgangspunkt for kommunestyret for å sende saka på høyring.
Eg vel likevel med dette å utfordre reknestykket i rapporten.
Agenda Kaupang har i rapporten estimert årleg innsparing på 5,9 millionar ved endra skulestruktur. Utrekningane bygger på ei rekke føresetnadar som m.a. bemanning, elevtal, klassedeling og bygning.
Tabellen under peikar på tilhøve som kan påverke den faktiske økonomiske gevinsten ved ei nedlegging av Flekke skule. Postane er potensielle kostnadar som ikkje er med eller i liten grad vurdert i AK-rapporten.
Beløpa i tabellen må ikkje sjåast på som sikre kostnadar, men som ein illustrasjon av den økonomiske usikkerheita det er å legge ned ein skule i eit område i kommunen som er i vekst.
| Tenkt innsparing frå Agenda Kaupang / kommunedirektøren | 5 900 | (4900 er elevkostnad og 1000 drift av bygg) | |
|---|---|---|---|
| Redusert innsparingspotensiale på bemanning ved Dingemoen skule | 900 | Bygger på vurdering av at det kan vere behov for fleire stillingar enn lagt til grunn i rapporten. Reknar 900k per lærarstilling inkl sos. utg. | |
| Ny klassedeling Dingemoen | 1 500 | Ein kontaktlærar + fagarbeidar Her berre ein klasse. Store kull i Flekke framover | |
| Grunnskulestilskot | 580 | Kommunen får tilskot per skule. Mister då for ein skule | |
| Færre arbeidsplassar i kommunen | 200 | 4-5 på Dingemoen/Flekke må seiast opp/slutte (ansiennitet) Mindre skatteinntekter til Fjaler kommune. Lågt rekna | |
| Rektor Flekke skule | 200 | Ikkje ned i lønn ved overføring. Inkl. sos. utg. | |
| Styrar Flekke barnehage | 70 | Vil trenge meir tid for å bli hovudadm for bygget og uteområdet. 10%? Må då erstattast i avdeling | |
| Kjøp av elevplassar i annan kommune? Høg sannsynlegheit | 520 | Fleire Guddalselevar til Sande, andre til Holmedal Montessorri? Ca 130 000 per elev. 4 stk ca 520 000 0-6 elevar | |
| Framandspråklege elevar Historisk mellom 15 og 25% av elevane i Flekke | 450 | I Flekke vert dei sett rett inn i klasse. Nokre få får timar første året. Billeg i Flekke. Kan vere > <. 4t x 5 elevar= 20 t = 1 stilling. (Reknar halv stilling her for å rekne forsiktig) | |
| Innbyggartilskot | 400 | Tenkt tilfelle: To familiar på 4 flyttar ikkje til kommunen. Innbyggartilskot varierer, men har rekna kr 50 000 pr person | |
| Driftsutgifter bygning | 200 | Har mange utgifter som no vert delte som barnehagen må ta; Renovasjon, kommunale avgifter, lisensar, mm. Tenkt sum | |
| Reinhald | 70 | No vert fellesareal betalt av drift skule. Vil måtte utvide reinhaldsdel for barnehagen. Tenkt 10% | |
| Investering nye garderobar Dingemoen 12 000 000,- . Rente 4% | 650 | Årleg kapitalkostnad Klargjering av tomt, inventar, prosjektering, etc | |
| Dugnadsinnsats Støtte til utstyr frå frivillige (private og lag og org) | 60 | Td grasslått. I dag leige frå Vevang. Dugnadsviljen er stor. | |
| Skyss generelt Skyss førskuledagar/overgang barnehage-skule Skyss til symjing Haugland | 120 | Summen i rapp. er låg. Må skyssast til Dale Låg sum for Flekke-elevar i dag. Har gått eine vegen. | |
| 5920 | |||
| Tap for kommunen ved å legge ned Flekke skule, og då er ikkje miljø- og samfunnsaspektet med | 20 | I tillegg kjem alt som er vanskeleg å måle i kroner, som MILJØASPEKTET Sjå neste side |
Saker som er vanskeleg å måle i kroner
| Miljøaspektet | ? | Meir skyss for elevar. Ekstaskyss for foreldre til SFO. Auka trafikkavvikling ved Dingemoen Nokre elevar kan ikkje gå heim etter skule eller SFO Nokre familiar vil trenge to bilar |
|---|---|---|
| Samfunnsøkonomisk | ? | Stor betydning for Fjaler med viktige arbeidsplassar på Haugland og på Ytsteneset. Samfunnsengasjementet og positivismen Å våge å satse framtidsretta. Fjaler har tidlegare vist eit slikt mot, sjølv i vanskelege økonomiske tider. |
| Joker Flekke | ? | Flekke skule og barnehage er ein viktig del av grunnlaget for butikken. Også eit miljøaspekt dersom det ikkje er grunnlag for nærbutikk |
| Flekke som vekstområde for nybygg i kommunen Ringverknader av nybygginga | ? | Mange har flytta til Flekke der skulen har vore ein del av det heile. Har vi andre bygder i Vestland med liknande einebustadaktivitet? |
| Eventuelle ITO* eller personleg assistanse for gjesteelevar (*individuelt tilrettelagt opplæring) | ? | Ved kjøp av elevplass og ITO i annan kommune må vi betale alt. Vert ikkje sett i gruppe slik det vert gjort i Fjaler når vi styrer det sjølve. |
Flekke 13.10.2026
Ingvard Flekke
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.