← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 21. oktober 2026

Meiner faktagrunnlaget og prosessen ikkje held for å leggje ned Flekke skule

Utdanningsforbundet Flekke skule og barnehage

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - medlemmer Utdanningsforbundet v/Flekke skule og barnehage
Avsender
Ansatte og fagforening
Tema
Journalpost
2025/1844-104
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - medlemmer Utdanningsforbundet v/Flekke skule og barnehage (pdf, 118KB) · hos kommunen
Sak 251844 - Høyringsuttale kring framtidig skulestruktur i Fjaler kommune (pdf, 85KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 35 punkter

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringsuttale frå medlemmane i Utdanningsforbundet ved Flekke skule og barnehage

Sak 25/1844 – Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune

Innleiing

Medlemmane i Utdanningsforbundet ved Flekke skule og barnehage viser til høyringa om framtidig skulestruktur i Fjaler kommune, der kommunedirektøren tilrår å leggje ned Flekke skule og overføre elevane til Dingemoen. Vi har forståing for at kommunen står overfor økonomiske utfordringar og må vurdere korleis ressursane blir brukte. Samstundes meiner vi at ei avgjerd med så store konsekvensar for elevar, tilsette og lokalsamfunn må byggje på eit grundig og etterprøvbart faktagrunnlag. Vi er særleg kritiske til prosessen, manglande involvering, framstillinga av bemanninga ved Flekke skule og vurderingane av kvaliteten på opplæringstilbodet.

Prosess, involvering og informasjonsflyt

Vi opplever at dei tilsette ved Flekke skule i liten grad har blitt involverte i arbeidet med skulestruktursaka. På møta vi har delteke på, har kommuneadministrasjonen i hovudsak orientert om kommunen sine økonomiske utfordringar og behovet for innsparing. Vi har derimot fått lite informasjon om kva ei nedlegging konkret vil bety for elevane, undervisninga og dei tilsette. Å informere om behovet for innsparing er ikkje det same som å involvere dei tilsette i vurderinga av konsekvensane. Vi som arbeider ved skulen, har god kjennskap til elevane, undervisninga og behova for tilrettelegging. Vi stiller spørsmål ved kvifor denne kompetansen ikkje i større grad har blitt nytta i utgreiingsarbeidet. Vi meiner òg at informasjonsflyten har vore mangelfull, noko som har skapt uvisse om både faktagrunnlaget og konsekvensane av ei eventuell nedlegging.

Framstillinga av bemanningssituasjonen

Vi reagerer på at det gjentekne gonger blir hevda at Flekke skule har for mange tilsette og eit for høgt omfang av individuelt tilrettelagd opplæring (ITO). Slike påstandar må byggje på konkrete og etterprøvbare berekningar. Det må skiljast mellom ressursar til ordinær undervisning, ITO og undervisningsreduksjonar knytte til seniortiltak, kontaktlærarfunksjonar, IKT-oppgåver og andre oppgåver. Vi stiller òg spørsmål ved om kommunen og konsulentane skil tydeleg nok mellom tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagd opplæring (ITO). Dette er ulike omgrep med ulikt innhald og ulike rettslege føresetnader. Vi etterlyser ei samla oversikt over kva ressursar skulen får gjennom budsjettmodellen, kva ressursar som er naudsynte for å oppfylle elevane sine rettar og korleis det blir teke høgd for at undervisningsreduksjonar blant lærarane medfører behov for fleire lærarårsverk for å dekkje det samla undervisningsbehovet til elevane.

Vi meiner det er eit tydeleg misforhold mellom kommunen sin påstand om at Flekke skule er overbemanna, og det faktum at kommunen samstundes har tilført skulen fleire personalressursar. Dersom skulen allereie har fleire tilsette enn budsjettmodellen tilseier, er det grunn til å spørje kvifor bemanninga blir auka ytterlegare. Det er kommunen som har ansvaret for bemanning og ressursfordeling. Eventuelle avvik mellom budsjettmodellen og faktisk bemanning må difor forklarast av kommunen, ikkje framstillast som eit problem dei tilsette ved Flekke skule har skapt.

Elevmedverknad og barnets beste

Ei nedlegging av Flekke skule vil føre til store endringar i elevane sin kvardag. Dei vil få ein annan og lenger skuleveg, nye undervisningsgrupper, eit nytt skulemiljø og kanskje nye lærarar. Slik vi kjenner prosessen, har elevmedverknaden vore avgrensa til eitt møte med elevrådet. Vi stiller spørsmål ved om dette er tilstrekkeleg i ei sak som får så store konsekvensar for elevane. Elevane har ulike behov. Nokre kan trivast i eit større skulemiljø, medan andre har større behov for tryggleik, oversikt og stabile relasjonar. Vi meiner kommunen må vise korleis elevane sine synspunkt er innhenta, kva dei har gjeve uttrykk for og korleis dette er vurdert opp mot omsynet til barnets beste.

Skulebygget i Flekke og tidlegare utgreiingar

Vi stiller spørsmål ved korleis tidlegare vurderingar frå forstudiet eller moglegheitsstudiet for skulebygget i Flekke blir brukte i den noverande skulestruktursaka. Vi tilsette reagerer på våre vurderingar gjort i samband med moglegheitsstudiet tilbake i 2022-2023. Desse blir no brukte når ein skal vurdere kva dei tilsette i Flekke meiner om bygget. Desse vurderingane frå oss tilsette vart gjort i ein annan samanheng og med andre føresetnader. Det er viktig å skilje mellom kva som kan vere ei ynskjeleg framtidig løysing av bygget, og kva tiltak som faktisk er naudsynte for å halde fram med forsvarleg skuledrift i framtida. Vi ber kommunen klargjere når vurderingane vart gjort, kva føremål dei hadde og korleis dei blir brukte i dagens saksutgreiing. Tidlegare innspel frå tilsette om behov for utbetringar eller nye lokale må ikkje utan vidare brukast som argument for at nedlegging er det einaste realistiske alternativet.

Fagleg kvalitet og storleiken på fagmiljøet

Eit sentralt argument for større skular er at større fagmiljø kan gje betre kvalitet i opplæringa. Vi stiller spørsmål ved kva dokumentasjon som ligg til grunn for denne vurderinga. Eit større fagmiljø kan gje fleire moglegheiter for samarbeid og utvikling, men storleiken åleine er ingen garanti for betre undervisning. Kvaliteten er òg avhengig av kompetanse, leiing, samarbeid, ressursar og korleis undervisninga blir organisert. Vi meiner saksutgreiinga i for liten grad viser kvalitetane ved undervisninga som allereie blir gjeve ved Flekke skule. Vi etterlyser òg ei tydeleg forklaring på kva kriterium kommunen har brukt når fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa er vurderte.

Fleksibilitet og individuelt tilrettelagd opplæring

Ein viktig kvalitet ved Flekke skule er at små og oversiktlege tilhøve gjev gode moglegheiter for fleksibel undervisning på tvers av trinn. Vi kjenner alle elevane og kan tilpasse undervisninga godt. Dette gjeld særleg elevar med vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring (ITO). ITO organiserer vi gjennom støtte i klassen, mindre grupper eller individuell oppfølging, alt etter kva eleven treng og kva vedtaket seier eleven skal ha. Vi meiner kommunen må ta omsyn til desse kvalitetane når små og store skular blir samanlikna. Det er heller ikkje gjeve at ei samanslåing automatisk vil føre til meir effektiv ressursbruk eller betre opplæring for elevar med særskilde behov. Vi saknar ei konkret vurdering av korleis ITO skal organiserast ved Dingemoen, og kva ressursar som vil vere naudsynte for å oppfylle elevane sine vedtak.

Oppvekstplan og samarbeid mellom skulane

Vi stiller spørsmål ved korleis kommunen arbeider med kvalitetsutvikling av Fjalerskulen. Så langt vi kjenner til, finst det ikkje ein oppdatert plan som seier noko om dei pedagogiske satsingsområda for skulane våre (då tenkjer vi ikkje på BTI og trygge skulemiljø). På fagdagar der alle tilsette ved skulane i Fjaler er samla ein heil arbeidsdag, opplever vi at val av tema i liten grad er knytte til ein langsiktig og overordna plan for pedagogisk utvikling. Vi har over fleire år sakna ein plan som kan vere den raude tråden for den langsiktige, faglege utviklinga. Vi meiner at det er mykje å spare – både av tid, krefter og ressursar – på å ha ein gjennomarbeidd plan som viser kva mål ein har for dei pedagogiske satsingsområda for alle skulane våre. Ein felles plan vil sikre kontinuitet over tid, og gje oss tydelege rammer for korleis vi skal implementere innhaldet i det pedagogiske arbeidet vi gjer kvar dag. Vi meiner òg at kommunen i større grad bør undersøkje korleis samarbeidet mellom skulane kan styrkjast innanfor dagens skulestruktur. Eit større fagmiljø krev ikkje nødvendigvis at alle lærarane arbeider i same bygning. Gjennom faglege nettverk, felles kompetanseutvikling og samarbeid kan ein byggje sterke profesjonsfellesskap på tvers av skulane. Vi saknar ei vurdering av slike alternativ før ein går vidare med omfattande strukturendringar.

Planar og rutinar for overgangar

Gode overgangar mellom barnehage og skule, mellom barnetrinn og ungdomstrinn og mellom ulike skular er viktige for tryggleiken og utviklinga til elevane. Vi meiner kommunen må vise kva planar og rutinar som finst for slike overgangar, og korleis dei blir følgde opp. Dette er særleg viktig dersom alle elevane ved Flekke skule skal flyttast til Dingemoen. Vi saknar ein konkret plan for korleis ei slik overføring skal gjennomførast, mellom anna når det gjeld undervisningsgrupper, bemanning, ITO, relasjonsbygging og samarbeid med føresette. Vi meiner dei grunnleggjande føresetnadene for ein trygg og pedagogisk forsvarleg overgang må vere avklarte før eit endeleg vedtak blir gjort.

Avslutning

Medlemmane i Utdanningsforbundet ved Flekke skule og barnehage meiner at saksutgreiinga i for liten grad viser dei pedagogiske og organisatoriske konsekvensane av ei eventuell nedlegging. Vi opplever at dei økonomiske argumenta har fått større plass enn vurderingane av korleis kommunen skal sikre eit godt opplæringstilbod for alle elevar. Vi etterlyser særleg betre dokumentasjon av bemanning, undervisningsorganisering, elevmedverknad, fagleg kvalitet og gjennomføring av ei eventuell samanslåing. På bakgrunn av tilhøva vi har peika på, meiner vi at korkje prosessen, saksutgreiinga eller faktagrunnlaget er godt nok til å danne grunnlag for ei innstilling om å leggje ned Flekke skule. Ei avgjerd med så store og varige konsekvensar for elevar, tilsette og lokalsamfunn må byggje på eit korrekt og etterprøvbart grunnlag.

Med helsing

Medlemmane i Utdanningsforbundet ved Flekke skule og barnehage

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.