Bekymra for trangt areal og manglande rom på Dingemoen om Flekke blir lagd ned
Eva Kyrkjebø
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-98
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 85KB) · hos kommunen
Uttrekk: 24 punkter
-
Økonomi · kritikk Innsparingen tar ikke høyde for økt voksentetthet på Dingemoen hvis elevene fra Flekke flyttes.
«Det er ikkje lagt inn i økonomiinsparinga at ein skal ha meir vaksentettleik på Dingemoen når elevane frå Flekke skule evt. vert flytta.»
-
Barns beste · argument Læreplanen krever mer aktiv, praktisk og utforskende undervisning med tverrfaglig arbeid og lek.
«I læreplanen, Kunnskapsløftet 2020, vert det stilt krav til ei meir aktiv, praktisk og undersøkjande undervising. Ein skal arbeide mykje tverrfagleg, og leiken skal ha ein sentral plass.»
-
Barns beste · argument Regjeringens nye skoleforslag går inn for mer undervisning i små grupper og mer fysisk aktivitet og lek.
«I regjeringa sitt nye skuleforslag foreslår dei tydelege grep for betre læring, m.a. meir undervising i små grupper, meir fysisk aktivitet og leik, særleg på dei første trinna.»
-
Barns beste · argument De minste barna trenger forutsigbarhet, og å flytte grupper til rom lenger unna tar tid og skaper uro og utrygghet.
«Særleg dei minste borna treng føreseielegheit og vaksne tett på. Å forflytte grupper og klassar til spesialrom eller grupperom som er lengre vekke tek mykje tid og skapar gjerne uro og utryggleik.»
-
Barns beste · argument Flekke skules musikalske forestillinger annethvert år viser at undervisning uten spesialrom fungerer.
«Eit godt bevis for at dette fungerar er Flekke skule sine musikalske førestillingar som dei set opp annankvart år.»
-
Barns beste · argument Skolen og barnehagen i Flekke har et stort og variert uteområde nær naturen som brukes mye til læring og lek.
«Skulen og barnehagen i Flekke har eit stort, godt og variert uteområde, med umiddelbar nærheit til naturen rundt, og denne vert mykje nytta som læringsarena og til variert leik.»
-
Barns beste · krav Før en god, trygg og voksende skole legges ned, må man vite sikkert at det er til barnets beste.
«Før ein kan gjere eit så drastisk tiltak som å legge ned ein god, trygg og veksande skule, så må ein vite heilt sikkert at dette vert til barnet sitt beste.»
-
Barns beste · kritikk Rapporten hevder at kvaliteten blir bedre ved flytting til Dingemoen uten å definere hva god kvalitet er.
«I rapporten til Agenda Kaupang står det at kvaliteten ved å flytte elevane til Dingemoen vert betre, utan at dei har gått inn på kva som god kvalitet.»
-
Barns beste · argument Kvaliteten ved Flekke skule ligger blant annet i mindre grupper, tett læreroppfølging, aldersblandede grupper, varierte rom og uteområdet.
«Kvalitet på Flekke skule er m.a. mindre grupper, god og tett læraroppfølging, aldersblanda grupper, varierte og gode rom og eit flott uteområde!»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument På folkemøtet i Dale sa alle gruppene at arealet på Dingemoen allerede er presset.
«På folkemøtet i Dale kom det innspel frå alle gruppene at arealet på skulen allereie no er pressa.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Rapporten sier selv at SFO-arealet, mange klasserom og noen spesialrom er for små for større grupper.
«Det er og skrive i rapporten frå Agenda Kaupang at SFO-arealet, mange av klasseromma og nokre av spesialromma har for lite areal til større grupper.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Det mangler rom for deling for elever som trenger individuell tilrettelegging og for gruppedeling.
«Det er og mangel på rom til deling for enkeltelevar som treng individuell tilrettelegging, og anna deling i grupper.»
-
Kapasitet på Dingemoen · kritikk Konsekvensene for arbeidsmiljøet med over 50 flere elever og ca. 30 flere i SFO på Dingemoen er dårlig kommunisert og utredet.
«Eg meinar det er for dårleg kommunisert, og lagt for lite vekt på konsekvensane for arbeidsmiljøet for elevar og lærarar når det med ei nedlegging av Flekke skule vil vere over 50 fleire elevar på skulen, og ca. 30 fleire på SFO på Dingemoen. Dette er for dårleg utgreidd i rapporten.»
-
Kapasitet på Dingemoen · kritikk Rapporten legger opp til at det ikke blir klassedeling selv med godt over 30 elever på enkelte trinn.
«Det står der at det ikkje vert klassedeling sjølv om det på nokre trinn vert godt over 30 elevar.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Uten fast klassedeling må klasser på over 30 elever deles ofte, og det krever flere grupperom.
«så må ein uansett legge opp til at dei store klassane på over 30 elevar må delast ofte for å få til ei god og variert undervising. Store klassar vil ha bruk for fleire grupperom til individuell hjelp, og for smågrupper som treng tilpassing.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Variert undervisning krever godt med areal og rom nær elevenes eget klasserom.
«Eg meinar at ein må ha godt med areal og rom i umiddelbar nærleik til sitt eige klasserom for å kunne gje borna den varierte undervisinga dei treng, og skal ha.»
-
Kapasitet på Dingemoen · kritikk Å regne med et krav om 2 m² per elev er ikke tilstrekkelig.
«Å rekne på eit krav om 2 m² til kvar elev er ikkje tilstrekkeleg.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument På en stor skole må tilgang til spesialrom og grupperom styres av fast timeplan, noe som gir lite fleksibilitet.
«Ein må på ein så stor skule følgje ein fast oppsett timeplan for å få tilgang på spesialrom og grupperom, og dette er faktorar som gjev liten fleksibilitet i undervisinga.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Gruppedeling i rom unna klasserommet krever flere lærere eller andre faggrupper.
«Ein treng og fleire lærarar/andre faggrupper for å kunne dele grupper på denne måten, der undervising føregår på rom som ikkje er i umiddelbar nærleik til klasserommet.»
-
Kapasitet på Dingemoen · argument Dette gir ekstrabelastning på de ansatte og mindre lærerressurs per elev.
«Dette vil føre til ekstrabelastning på dei tilsette, og sjølsagt mindre lærarressurs til kvar elev.»
-
Bygg og barnehagen · kritikk Rapporten legger stor vekt på at Flekke skule mangler spesialrom, men moderne tverrfaglig undervisning trenger ikke nødvendigvis egne spesialrom.
«I rapporten legg ein stor vekt på at Flekke skule ikkje har spesialrom. « … » Då treng ein ikkje nødvendigvis å ha eigne musikkrom, kunst-og handverk eller naturfagsrom.»
-
Bygg og barnehagen · kritikk Rapporten omtaler bygget i Flekke som upraktisk, men barn trenger gjennomtenkt og spesiell arkitektur av den typen bygget har.
«Rapporten seier at bygget i Flekke har mange vinklar, skråtak og upraktiske løysingar! Born treng god, gjennomtenkt og spesiell arkitektur, der det er tenkt godt lysinnslepp, spanande vinklar på romma, solid og variert materialbruk.»
-
Bygg og barnehagen · argument Bygget i Flekke har særpreget arkitektur som gir bygda identitet og har stor verdi for brukerne.
«Flekke skule og barnehage har eit bygg med særprega arkitektur som skapar ein identitet til bygget for bygda. Dette har ein stor verdi for dei som er i bygget til vanleg, og alle andre som nyttar bygget.»
-
Bygg og barnehagen · argument Bygget bærer preg av lite vedlikehold, men kan bli godt i mange år med rimeligere og mer miljøvennlige løsninger uten riving eller omfattende rehabilitering.
«Sjølvsagt ber bygget preg av at det har vorte prioritert lite vedlikehald i mange år, men ein treng ikkje rive eller satse på høg grad av rehabilitering for det. Skulen kan med rimlegare og meir miljøvennlege løysingar bli eit godt bygg å bruke i mange år framover»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Bekymring for trangt areal og manglande rom på Dingemoen skule.
På folkemøtet i Dale kom det innspel frå alle gruppene at arealet på skulen allereie no er pressa. Det er og skrive i rapporten frå Agenda Kaupang at SFO-arealet, mange av klasseromma og nokre av spesialromma har for lite areal til større grupper. Det er og mangel på rom til deling for enkeltelevar som treng individuell tilrettelegging, og anna deling i grupper.
Eg meinar det er for dårleg kommunisert, og lagt for lite vekt på konsekvensane for arbeidsmiljøet for elevar og lærarar når det med ei nedlegging av Flekke skule vil vere over 50 fleire elevar på skulen, og ca. 30 fleire på SFO på Dingemoen. Dette er for dårleg utgreidd i rapporten. Det står der at det ikkje vert klassedeling sjølv om det på nokre trinn vert godt over 30 elevar.
Om det ikkje er tenkt ressursar til fast klassedeling av dei store kulla, så må ein uansett legge opp til at dei store klassane på over 30 elevar må delast ofte for å få til ei god og variert undervising. Store klassar vil ha bruk for fleire grupperom til individuell hjelp, og for smågrupper som treng tilpassing.
I læreplanen, Kunnskapsløftet 2020, vert det stilt krav til ei meir aktiv, praktisk og undersøkjande undervising. Ein skal arbeide mykje tverrfagleg, og leiken skal ha ein sentral plass. I regjeringa sitt nye skuleforslag foreslår dei tydelege grep for betre læring, m.a. meir undervising i små grupper, meir fysisk aktivitet og leik, særleg på dei første trinna.
Eg meinar at ein må ha godt med areal og rom i umiddelbar nærleik til sitt eige klasserom for å kunne gje borna den varierte undervisinga dei treng, og skal ha. Å rekne på eit krav om 2 m² til kvar elev er ikkje tilstrekkeleg. I dagens undervising varierar ein metodar innan for ein skuletime, og mange gonger for dagen. For å gjennomføre dette på ein god måte, treng ein areal med variert møblering, fleire rom til å kunne arbeide i, ein treng god oppbevaring av arbeid, og tilgang til ulikt undervisingsmateriale, tett på sitt eige klasserommet.
Særleg dei minste borna treng føreseielegheit og vaksne tett på. Å forflytte grupper og klassar til spesialrom eller grupperom som er lengre vekke tek mykje tid og skapar gjerne uro og utryggleik. Ein må på ein så stor skule følgje ein fast oppsett timeplan for å få tilgang på spesialrom og grupperom, og dette er faktorar som gjev liten fleksibilitet i undervisinga. Ein treng og fleire lærarar/andre faggrupper for å kunne dele grupper på denne måten, der undervising føregår på rom som ikkje er i umiddelbar nærleik til klasserommet. Det er ikkje lagt inn i økonomiinsparinga at ein skal ha meir vaksentettleik på Dingemoen når elevane frå Flekke skule evt. vert flytta. Dette vil føre til ekstrabelastning på dei tilsette, og sjølsagt mindre lærarressurs til kvar elev.
Spesialrom, arkitektur og nærheit til naturen
I rapporten legg ein stor vekt på at Flekke skule ikkje har spesialrom. I ei moderne undervising arbeidar ein mykje tverrfagleg, praktisk og utforskande. Ein legg til rette for variert undervising i klasserommet, der ein gjerne har kreative aktivitetar innanfor musikk, drama og kunst/handverk integrert i faga. Då treng ein ikkje nødvendigvis å ha eigne musikkrom, kunst-og handverk eller naturfagsrom. Eit godt bevis for at dette fungerar er Flekke skule sine musikalske førestillingar som dei set opp annankvart år.
Rapporten seier at bygget i Flekke har mange vinklar, skråtak og upraktiske løysingar! Born treng god, gjennomtenkt og spesiell arkitektur, der det er tenkt godt lysinnslepp, spanande vinklar på romma, solid og variert materialbruk. Eg trur borna trivast i eit slikt bygg! Då Flekke skule vart bygd var dette ein svært moderne skule, som la til rette for nytenkande og varierte undervisingsformer. Flekke skule og barnehage har eit bygg med særprega arkitektur som skapar ein identitet til bygget for bygda. Dette har ein stor verdi for dei som er i bygget til vanleg, og alle andre som nyttar bygget.
Sjølvsagt ber bygget preg av at det har vorte prioritert lite vedlikehald i mange år, men ein treng ikkje rive eller satse på høg grad av rehabilitering for det. Skulen kan med rimlegare og meir miljøvennlege løysingar bli eit godt bygg å bruke i mange år framover
Skulen og barnehagen i Flekke har eit stort, godt og variert uteområde, med umiddelbar nærheit til naturen rundt, og denne vert mykje nytta som læringsarena og til variert leik. Dette er ein verdi vi set høgt.
Før ein kan gjere eit så drastisk tiltak som å legge ned ein god, trygg og veksande skule, så må ein vite heilt sikkert at dette vert til barnet sitt beste. I rapporten til Agenda Kaupang står det at kvaliteten ved å flytte elevane til Dingemoen vert betre, utan at dei har gått inn på kva som god kvalitet.
Kvalitet på Flekke skule er m.a. mindre grupper, god og tett læraroppfølging, aldersblanda grupper, varierte og gode rom og eit flott uteområde!
Eva Kyrkjebø
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.