Vil behalde ungdomstrinnet på Våge – lang skuleveg og næringsutvikling på Lutelandet
VÅGE GRENDALAG
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Våge grendalag
- Avsender
- Lag og organisasjon
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-94
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Våge grendalag (pdf, 54KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 66KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 15 punkter og standpunkt
Standpunkt: 3: imot
-
Økonomi · argument Kommunen står i en krevende økonomisk situasjon, og det er nødvendig å snu hver stein.
«Vi har forståing for at kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon, og at det difor er naudsynt å snu kvar stein for å sikre ei berekraftig framtid.»
-
Økonomi · argument Næringslivet i ytre Fjaler, med Lutelandet vindkraftverk og havbruk, gir kommunen store ekstraordinære inntekter.
«Næringslivet i ytre Fjaler bidreg med store ekstraordinære inntekter til Fjaler kommune gjennom at både Lutelandet Vindkraftverk og havbruk er geografisk plassert i vårt område.»
-
Prosess · argument Kommuneadministrasjonen har hatt en god, åpen og grundig prosess.
«Våge grendalag ynskjer å rette ei takk til kommuneadministrasjonen for ein god, open og grundig prosess i denne saka.»
-
Prosess · argument Utredningsarbeidet og medvirkningen er bedre denne gangen enn ved tidligere runder om ungdomstrinnet på Våge.
«Ungdomstrinnet ved Våge skule har vore truga ved fleire tidlegare høve, men denne runden skil seg ut i positiv retning, både når det kjem til nivået på utgreiingsarbeidet som blir gjort, men ikkje minst på graden av medverknad vi som innbygjarar i kommunen har opplevd i saka.»
-
Prosess · argument Administrasjonens grundige arbeid har gitt større aksept og forståelse blant innbyggerne for at debatten kommer opp.
«Administrasjonen sitt grundige arbeid har skapt ein heilt annan aksept og forståing blant innbyggjarane for at debatten kjem opp denne gongen.»
-
Samfunnshensyn · argument Bue Salmon etablerer landbasert oppdrett på Lutelandet, en stor investering med store ringvirkninger for regionen.
«På industriområdet på Lutelandet er det landbaserte oppdrettsselskapet Bue Salmon i ferd med å etablere seg. Dette er ei kjempeinvestering som vil medføre stor aktivitet, store ringverknader og ei massiv utvikling av heile regionen vår.»
-
Samfunnshensyn · argument Et fullverdig og nært skoletilbud er en suksessfaktor for å rekruttere arbeidskraft og få barnefamilier til å bosette seg.
«Ein suksessfaktor for å få barnefamiliar til å busetje seg i området, er at det eksisterer eit fullverdig og nært skuletilbod.»
-
Samfunnshensyn · argument Nedleggelse av ungdomstrinnet vil svekke attraktiviteten til Våge-området radikalt.
«Dersom ungdomstrinnet vert lagt ned, vil det svekke attraktiviteten til Våge-området radikalt.»
-
Samfunnshensyn · argument Våge skule er hjertet i lokalsamfunnet og en viktig brikke for den industrielle veksten.
«Våge skule er hjartet i lokalsamfunnet vårt og sannsynligvis ei svært viktig brikke for den store industrielle veksten vi no står på dørstokken til.»
-
Samfunnshensyn · argument Flytting av ungdomstrinnet vil føre til at barnefamilier flytter fordi avstandene blir for store.
«Ei flytting av ungdomstrinnet vil nok føre til at barnefamiliar ikkje ser noko anna løysing enn å flytte sidan avstandane rett og slett blir for store.»
-
Samfunnshensyn · argument Flytting av ungdomstrinnet kan bli starten på en nedbefolkning av ytre Fjaler.
«Vi fryktar at ei flytting av ungdomstrinnet på Våge vil vere startskotet på ei ganske effektiv nedbefolking av ytre Fjaler.»
-
Skyss og reisetid · argument Det er 33 km fra Våge skule til Dingemoen, og over 40 km for de som bor lengst unna.
«det er 33 kilometer frå Våge skule til Dingemoen skule. For dei elevane som bur lengst vekke i skulekrinsen vår er det over 40 kilometer til Dingemoen frå heimen deira.»
-
Skyss og reisetid · argument Reisetiden blir opp mot 1 time og 20 minutter hver vei, over 2,5 timer på bussen daglig for 13-åringer.
«Reisetida for dei som bur lengst vekke vil komme opp mot 1 time og 20 minutt kvar veg. Dette betyr at 13-åringar vil få ein skulekvardag med over 2,5 timar på skulebussen kvar dag.»
-
Skyss og reisetid · argument Reisetiden er negativ for læringsmiljø, helse og overskudd til fritid og går over grensen for forsvarlig skolevei for ungdomsskoleelever.
«Dette er ikkje berre negativt ut frå omsynet til elevane sitt læringsmiljø, helse og overskot til fritidsaktivitetar, men det tøyer òg grensene for kva ein kan kalle ei forsvarleg reisetid og skuleveg for ungdomsskuleelevar. Vi meiner det er over grensa.»
-
Skyss og reisetid · argument Veistandarden mellom ytre Fjaler og Dale gjør reisetiden mer belastende enn tilsvarende tid på E39.
«Å køyre 1 time med buss på E39 oppleves langt mindre belastande enn å køyre 1 time mellom ytre Fjaler og Dale.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Høyringsuttale frå Våge grendalag - vurdering av framtidig skulestruktur
Våge grendalag viser til kommunen sin pågåande prosess kring framtidig skulestruktur, og ønskjer med dette å gi sitt innspel til saka.
Vi har forståing for at kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon, og at det difor er naudsynt å snu kvar stein for å sikre ei berekraftig framtid. Våge grendalag ynskjer å rette ei takk til kommuneadministrasjonen for ein god, open og grundig prosess i denne saka. Ungdomstrinnet ved Våge skule har vore truga ved fleire tidlegare høve, men denne runden skil seg ut i positiv retning, både når det kjem til nivået på utgreiingsarbeidet som blir gjort, men ikkje minst på graden av medverknad vi som innbygjarar i kommunen har opplevd i saka. Administrasjonen sitt grundige arbeid har skapt ein heilt annan aksept og forståing blant innbyggjarane for at debatten kjem opp denne gongen. Den gode involveringa og den tydelege kommunikasjonen vert sett stor pris på.
Når det er sagt, må Våge grendalag på det sterkaste fråråde å flytte ungdomstrinnet frå Våge skule til Dingemoen skule. Eit slikt vedtak vil få dramatiske konsekvensar for elevane, familiane og heile lokalsamfunnet vårt, basert på særleg to hovudargument;
-
Lang reiseveg og uforsvarleg reisetid: det er 33 kilometer frå Våge skule til Dingemoen skule. For dei elevane som bur lengst vekke i skulekrinsen vår er det over 40 kilometer til Dingemoen frå heimen deira. Reisetida for dei som bur lengst vekke vil komme opp mot 1 time og 20 minutt kvar veg. Dette betyr at 13-åringar vil få ein skulekvardag med over 2,5 timar på skulebussen kvar dag. Dette er ikkje berre negativt ut frå omsynet til elevane sitt læringsmiljø, helse og overskot til fritidsaktivitetar, men det tøyer òg grensene for kva ein kan kalle ei forsvarleg reisetid og skuleveg for ungdomsskuleelevar. Vi meiner det er over grensa. Når ein skal vurdere konsekvensane for elevane av lang skuleveg så er det sjølvsagt tida som er det viktigaste elementet, men tilstanden og kvaliteten på vegen spelar òg ei rolle. Å køyre 1 time med buss på E39 oppleves langt mindre belastande enn å køyre 1 time mellom ytre Fjaler og Dale.
-
Kritisk for næringsutvikling og rekruttering: Fjaler, og Våge skulekrins står akkurat no framfor ei historisk og formidabel satsing. På industriområdet på Lutelandet er det landbaserte oppdrettsselskapet Bue Salmon i ferd med å etablere seg. Dette er ei kjempeinvestering som vil medføre stor aktivitet, store ringverknader og ei massiv utvikling av heile regionen vår. For at slike etableringar skal lukkast, er ein heilt avhengige av å kunne rekruttere og halde på arbeidskraft. Ein suksessfaktor for å få barnefamiliar til å busetje seg i området, er at det eksisterer eit fullverdig og nært skuletilbod. Dersom ungdomstrinnet vert lagt ned, vil det svekke attraktiviteten til Våge-området radikalt. Næringslivet i ytre Fjaler bidreg med store ekstraordinære inntekter til Fjaler kommune gjennom at både Lutelandet Vindkraftverk og havbruk er geografisk plassert i vårt område.
Avslutningsvis: Våge skule er hjartet i lokalsamfunnet vårt og sannsynligvis ei svært viktig brikke for den store industrielle veksten vi no står på dørstokken til. Ei flytting av ungdomstrinnet vil nok føre til at barnefamiliar ikkje ser noko anna løysing enn å flytte sidan avstandane rett og slett blir for store. Vi fryktar at ei flytting av ungdomstrinnet på Våge vil vere startskotet på ei ganske effektiv nedbefolking av ytre Fjaler.
Med venleg helsing
Våge grendalag.
Øystein Våge
Leiar
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.