Meiner saka ikkje er godt nok opplyst til å vedta nedlegging av utkantskulane
FJALER VENSTRE
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fjaler Venstre
- Avsender
- Politiker eller parti
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-92
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fjaler Venstre (pdf, 248KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 67KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 18 punkter
-
Økonomi · kritikk Når økonomi er hovedargumentet, må de økonomiske konsekvensene være grundig utredet, dokumentert og etterprøvbare, og det kravet er ikke oppfylt.
«Når økonomiske innsparingar er hovudargumentet for ei så omfattande endring, må det vere eit absolutt krav at dei økonomiske konsekvensane er grundig utgreidde, dokumenterte og etterprøvbare. … Etter vårt syn er ikkje dette kravet oppfylt.»
-
Økonomi · kritikk Det er usikkert hvor stor den reelle nettoinnsparingen blir og hvilke forutsetninger beregningene bygger på.
«Kor stor den reelle nettoinnsparinga vil vere, og kva føresetnader berekningane byggjer på.»
-
Økonomi · kritikk Det er usikkert hvilke økonomiske konsekvenser nedleggelse får for mottakerskolene når det gjelder kapasitet, bemanning, tilrettelegging og investeringer.
«Kva økonomiske konsekvensar nedlegging vil få for mottakarskulane, mellom anna knytt til kapasitet, bemanning, tilrettelegging og investeringar.»
-
Økonomi · kritikk Det er usikkert hvilke kostnader kommunen fortsatt vil ha til skolebyggene etter en nedleggelse.
«Kva kostnader kommunen framleis vil ha knytt til skulebygga etter ei nedlegging.»
-
Økonomi · kritikk Det er usikkert hvordan endringer i elevtall, bosetting og framtidige behov kan påvirke innsparingen.
«Korleis endringar i elevtal, busetjing og framtidige behov kan påverke innsparinga.»
-
Økonomi · kritikk Det er usikkert hvilken økonomisk risiko kommunen tar hvis forutsetningene ikke slår til.
«Kva økonomisk risiko kommunen tek dersom føresetnadene ikkje slår til.»
-
Økonomi · kritikk Det er ikke nok å vise til et beregnet innsparingspotensial uten å vise hvor sikre tallene er og hvordan ulike scenarioer påvirker resultatet.
«Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til eit berekna innsparingspotensial utan å synleggjere kor sikre tala er, og korleis ulike scenario vil påverke resultatet.»
-
Økonomi · kritikk Utredningen legger stor vekt på hva kommunen kan spare, men lite på hva kommunen risikerer å tape.
«Utgreiinga legg stor vekt på kva kommunen kan spare ved å redusere talet på skular, men i langt mindre grad på kva kommunen risikerer å tape.»
-
Økonomi · krav Kommunestyret må vite hvor stor og hvor sikker den reelle innsparingen er, og hva kommunen risikerer å tape på kort og lang sikt.
«Kommunestyret må vite kor stor den reelle innsparinga kan bli, kor sikker den er, og kva kommunen risikerer å tape på kort og lang sikt.»
-
Prosess · kritikk Saken er ikke tilstrekkelig opplyst til at kommunestyret kan fatte en forsvarlig avgjørelse om nedleggelse av utkantskolene.
«Fjaler Venstre meiner difor at saka, slik ho ligg føre i dag, ikkje gir kommunestyret eit tilstrekkeleg og forsvarleg avgjerdsgrunnlag for å vedta nedlegging av utkantskulane.»
-
Prosess · kritikk For få av spørsmålene som er reist om de økonomiske beregningene i prosessen, har fått konkrete og tilfredsstillende svar.
«Etter vårt syn har altfor få av desse spørsmåla fått konkrete og tilfredsstillande svar.»
-
Prosess · argument At konsekvensene er vanskelige å tallfeste, er ingen grunn til å utelate dem fra vurderingen.
«Fleire av desse konsekvensane er vanskelege å talfeste, men det kan ikkje vere ei grunngjeving for å utelate dei frå vurderinga.»
-
Prosess · krav Før en avgjørelse må de uavklarte økonomiske spørsmålene besvares, forutsetningene dokumenteres og de langsiktige konsekvensene vurderes grundigere.
«Før ei slik avgjerd kan fattast, må dei uavklarte økonomiske spørsmåla svarast ut, føresetnadene bak berekningane dokumenterast og dei langsiktige konsekvensane vurderast grundigare.»
-
Samfunnshensyn · argument Å legge ned en skole er blant de mest langsiktige og irreversible vedtakene et kommunestyre kan gjøre, og handler også om bosetting, næring og rekruttering.
«Å leggje ned ein skule er blant dei mest langsiktige og irreversible vedtaka eit kommunestyre kan gjere. Ei slik avgjerd handlar ikkje berre om skuledrift, men også om kommuneøkonomi, busetjing, næringsutvikling, rekruttering og framtida til lokalsamfunna våre.»
-
Samfunnshensyn · kritikk Det mangler en grundigere vurdering av konsekvensene for bosetting, rekruttering, skatteinntekter og overføringer, boligverdier, miljø, transport og ytterligere sentralisering.
«Vi saknar ei grundigare vurdering av konsekvensane for busetjing, rekruttering, framtidige skatteinntekter og kommunale overføringar, bustadverdiar, miljø og transportbehov, samt risikoen for ytterlegare sentralisering.»
-
Samfunnshensyn · krav Hvis målet er å samle stadig flere tjenester i kommunesenteret, bør det være en åpen politisk diskusjon.
«Dersom målet er å samle stadig fleire tenester i kommunesenteret, bør dette vere ein open politisk diskusjon.»
-
Samfunnshensyn · argument Samme perspektiv om samfunnsnytte og langsiktige ringvirkninger som brukes ved andre kommunale investeringer, må gjelde skolene.
«Fjaler Venstre meiner det same perspektivet må gjelde skulane. … Det er vanskeleg å sjå kvifor langsiktige ringverknader skal vektleggjast ved andre kommunale investeringar, men i så liten grad når ein vurderer framtida til skulane våre.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolene er en del av den grunnleggende infrastrukturen som gjør det mulig å bo, arbeide og etablere familie i ulike deler av kommunen.
«Dei er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen som gjer det mogleg å bu, arbeide og etablere familie i ulike delar av kommunen.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Høyringsinnspel til sak om skulestruktur 25-1844 frå Fjaler Venstre
Fjaler Venstre meiner at saka om framtidig skulestruktur slik den ligg føre i dag ikkje er tilstrekkeleg opplyst til at kommunestyret kan fatte ei forsvarleg avgjerd om nedlegging av utkantskulane.
Å leggje ned ein skule er blant dei mest langsiktige og irreversible vedtaka eit kommunestyre kan gjere. Ei slik avgjerd handlar ikkje berre om skuledrift, men også om kommuneøkonomi, busetjing, næringsutvikling, rekruttering og framtida til lokalsamfunna våre.
Når økonomiske innsparingar er hovudargumentet for ei så omfattande endring, må det vere eit absolutt krav at dei økonomiske konsekvensane er grundig utgreidde, dokumenterte og etterprøvbare.
Etter vårt syn er ikkje dette kravet oppfylt.
Økonomien er avgjerande – men spørsmåla står framleis utan svar
Fjaler Venstre erkjenner den alvorlege økonomiske situasjonen kommunen står i, og behovet for å sikre ei berekraftig drift i åra framover. Nettopp derfor er det avgjerande at dei økonomiske vurderingane bak ei eventuell skulenedlegging er så fullstendige som mogleg.
Gjennom prosessen har det vore reist vesentlege spørsmål om dei økonomiske føresetnadene, berekningane og den reelle innsparinga ved nedlegging. Etter vårt syn har altfor få av desse spørsmåla fått konkrete og tilfredsstillande svar.
Det er framleis stor uvisse knytt til mellom anna:
- Kor stor den reelle nettoinnsparinga vil vere, og kva føresetnader berekningane byggjer på.
- Kva økonomiske konsekvensar nedlegging vil få for mottakarskulane, mellom anna knytt til kapasitet, bemanning, tilrettelegging og investeringar.
- Kva kostnader kommunen framleis vil ha knytt til skulebygga etter ei nedlegging.
- Korleis endringar i elevtal, busetjing og framtidige behov kan påverke innsparinga.
- Kva økonomisk risiko kommunen tek dersom føresetnadene ikkje slår til.
Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til eit berekna innsparingspotensial utan å synleggjere kor sikre tala er, og korleis ulike scenario vil påverke resultatet. Når økonomien er sjølve hovudgrunngjevinga for nedlegging, er det eit grunnleggjande problem at så mange spørsmål om den faktiske økonomiske gevinsten framleis står utan svar.
Berre halve rekneskapen er presentert
Utgreiinga legg stor vekt på kva kommunen kan spare ved å redusere talet på skular, men i langt mindre grad på kva kommunen risikerer å tape.
Ei skulenedlegging kan få økonomiske konsekvensar langt utover oppvekstsektoren sitt budsjett. Dersom færre familiar vel å etablere seg eller bli buande i kommunen, kan dette påverke både folketalsutviklinga, inntektsgrunnlaget og næringslivet.
Vi saknar ei grundigare vurdering av konsekvensane for busetjing, rekruttering, framtidige skatteinntekter og kommunale overføringar, bustadverdiar, miljø og transportbehov, samt risikoen for ytterlegare sentralisering. Fleire av desse konsekvensane er vanskelege å talfeste, men det kan ikkje vere ei grunngjeving for å utelate dei frå vurderinga.
Kva slags kommune ønskjer Fjaler å vere?
Denne saka handlar også om kva slags samfunnsutvikling kommunen ønskjer å leggje til rette for. Dersom målet er å samle stadig fleire tenester i kommunesenteret, bør dette vere ein open politisk diskusjon. Dersom målet derimot er vekst og levande bygder i heile kommunen, må dette også få betydning for korleis ein vurderer kommunale tenester og investeringar.
Kommunen har gjennom åra investert i tiltak og anlegg der samfunnsnytte, trivsel og attraktivitet har vore viktige argument, ikkje berre direkte økonomisk avkastning.
Fjaler Venstre meiner det same perspektivet må gjelde skulane. Dei er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen som gjer det mogleg å bu, arbeide og etablere familie i ulike delar av kommunen.
Det er vanskeleg å sjå kvifor langsiktige ringverknader skal vektleggjast ved andre kommunale investeringar, men i så liten grad når ein vurderer framtida til skulane våre.
Ei irreversibel avgjerd krev betre kunnskap og svar
Fjaler Venstre meiner ikkje at dagens skulestruktur skal vere urørleg. Vi erkjenner behovet for krevjande prioriteringar og at endringar kan vere nødvendige.
Men nettopp fordi økonomien er så avgjerande, må vi stille særleg strenge krav til grunnlaget for dei tiltaka som blir foreslått.
Det er ikkje nok at ei nedlegging kan gi ei innsparing. Kommunestyret må vite kor stor den reelle innsparinga kan bli, kor sikker den er, og kva kommunen risikerer å tape på kort og lang sikt. Når det gjennom prosessen er reist vesentlege spørsmål ved dei økonomiske berekningane, utan at desse er tilstrekkeleg avklarte, meiner vi det vil vere uforsvarleg å fatte ei så langsiktig og irreversibel avgjerd.
Fjaler Venstre meiner difor at saka, slik ho ligg føre i dag, ikkje gir kommunestyret eit tilstrekkeleg og forsvarleg avgjerdsgrunnlag for å vedta nedlegging av utkantskulane.
Før ei slik avgjerd kan fattast, må dei uavklarte økonomiske spørsmåla svarast ut, føresetnadene bak berekningane dokumenterast og dei langsiktige konsekvensane vurderast grundigare. Det handlar ikkje om å utsetje nødvendige prioriteringar. Det handlar om å sikre at dei prioriteringane kommunen gjer, faktisk er rette, og at vedtaka byggjer på eit grunnlag vi kan stå inne for – også i framtida.
Fjaler Venstre
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.