Kronikk: lokalskulen i Flekke er grunnen til å flytte heim – mot nedlegging
Linda Leirpoll
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-89
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 83KB) · hos kommunen
Uttrekk: 9 punkter og standpunkt
Standpunkt: 1: argumenterer imot 2: argumenterer imot
-
Økonomi · argument Kostnaden ved nedleggelse er lett å regne ut, men det er umulig å regne ut hva det koster bygda, kommunen og framtida å miste skolen.
«Det er berre så synd at det er lett å rekne ut kostnaden av ei nedlegging i kroner og øre, men umogeleg å rekne ut kva det kostar å miste han.»
-
Samfunnshensyn · argument Bygde-Norge er i vekst, og småbarnsfamilier begynner å flytte til bygdene.
«NRK hadde nyleg ei sak om at bygde-Noreg er i vekst, og at småbarnsfamiliar byrjar å flytte til bygdene for eit rolegare liv.»
-
Samfunnshensyn · argument Bygdene har noe å tjene på nærhet, fellesskap, dugnadsånd, trygghet og et enklere liv.
«For det er faktisk mange som etter kvart ser at bygda kan gi dei noko byen kanskje ikkje kan i like stor grad: nærleik, fellesskap, dugnadsånd, tryggleik.»
-
Samfunnshensyn · argument Å fortsette å gjøre tilbudene i bygdene dårligere fører til sentralisering.
«Men kva skjer dersom vi held fram med å gjere tilboda i bygdene dårlegare? Leggje ned. Sentralisere.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke er i vekst.
«Det som kanskje då er så forferdeleg provoserande, er at Flekke faktisk er i vekst.»
-
Samfunnshensyn · argument Lokalskolen er mer enn en skole; den gir trygghet, fellesskap og nærhet og skaper identitet for barn og foreldre.
«Den lokale skulen er nemleg langt meir enn ein skule. Han er tryggleik, fellesskap og nærleik. Det er her identiteten blir skapt, for både barn og foreldre.»
-
Samfunnshensyn · argument Skoletilbudet må være der for at barnefamilier skal velge å flytte til bygda.
«Eller skal vi ha ein skule som gjer at barnefamiliane faktisk vel å flytte hit?»
-
Samfunnshensyn · argument Ordningen med sletting av studielån koster staten mye, men det er lokalskolen de fleste ville flyttet hjem for.
«For all del. Eg takkar staten for at eg får sletta studielånet mitt, men eg trur likevel det er den lokale skulen dei fleste ville flytta heim for.»
-
Samfunnshensyn · argument For å trekke nye arbeidstakere og barnefamilier til Flekke er lokalskolen bygdas beste kort.
«Der er den lokale skulen det aller beste kortet på handa.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Kronikk skrive til Firda september 2026:
Vi er begynt å bli vande med desse overskriftene. Den lokale skulen skal leggjast ned. Dei har kome jamt og trutt opp gjennom åra frå ulike kantar av landet. Kampen om det som held bygda saman. Som Are Kalvø skriv i boka si «Berre bønder lengtar heim»: Det er ingenting som er vanskelegare og vondare enn samfunnsdebattane om nedlegging av lokalskulane.
Så var det bygda mi sin tur. Flekke. Vår lokale skule. Skulen eg har vakse opp på. Skulen barna mine skulle gått på, om eg hadde flytta heim.
Ja, om ein hadde flytta heim?
For ein flyttar vel heim for å få eit betre og meir praktisk liv enn i byen? Eller?
NRK hadde nyleg ei sak om at bygde-Noreg er i vekst, og at småbarnsfamiliar byrjar å flytte til bygdene for eit rolegare liv. Dei er lei av hamsterhjulet og ynskjer eit enklare liv med nærleik til natur, nærskule og lokale gardsutsal. Småbruk er faktisk noko av det mest søkte på Finn, og stadig dukkar det opp glade austlendingar på Vestlandet som vil leve eit litt enklare liv.
For det er faktisk mange som etter kvart ser at bygda kan gi dei noko byen kanskje ikkje kan i like stor grad: nærleik, fellesskap, dugnadsånd, tryggleik. Og eit praktisk enklare liv. Og det er nettopp dette bygdene har å tene på.
Men kva skjer dersom vi held fram med å gjere tilboda i bygdene dårlegare? Leggje ned. Sentralisere. Flytte ungane ut av bygda for å kunne gå på skule.
Ja, sentralisering er ikkje eit nytt fenomen. Heilt sidan etterkrigstida, då folk faktisk måtte flytte til byane fordi jobbane var der, har vi jobba for å behalde folk og liv i bygdene våre. Det som kanskje då er så forferdeleg provoserande, er at Flekke faktisk er i vekst.
Så kva har vi då å tilby småbarnsfamilien når dei kjem? Eller, om ein vil flytte heim?
Den lokale skulen er nemleg langt meir enn ein skule. Han er tryggleik, fellesskap og nærleik. Det er her identiteten blir skapt, for både barn og foreldre. Å miste éin ting betyr plutseleg å miste fem.
Så må ein tørre å stille spørsmålet: Kva kjem først? Folketalet eller tilboda?
Skal vi vente på at barnefamiliane flyttar til bygda før vi tilbyr dei ein skule? Eller skal vi ha ein skule som gjer at barnefamiliane faktisk vel å flytte hit?
Så er eg også smerteleg klar over at dette handlar om økonomi. Stort sett økonomi.
Det er berre så synd at det er lett å rekne ut kostnaden av ei nedlegging i kroner og øre, men umogeleg å rekne ut kva det kostar å miste han. For bygda. For kommunen. For framtida.
Og ja, eg har tidlegare jobba i politikken eg, men eg skjøna framleis ikkje korleis alt heng saman alltid.
«Det er forskjellige budsjettpostar, Linda.»
«Det går nok dessverre ikkje, Linda. Vi må prioritere noko anna fyrst.»
Eller min personlege favoritt:
«Det er dei andre partia i førre regjeringsperiode sin feil. Ikkje vår.»
Ordninga med sletting av studielån har kosta staten x-antal millionar kroner. Det er mange lokalskular det.
For all del. Eg takkar staten for at eg får sletta studielånet mitt, men eg trur likevel det er den lokale skulen dei fleste ville flytta heim for.
Så skreiv Marte Haugsbakk eit så fint og realitetsnært innlegg for ei tid tilbake. Om korleis det er å vere lokalpolitikar. Om korleis økonomien alltid set ein stoppar for politikken ein eigentleg ønskjer å drive. Det politikarane og kommunen eigentleg gjer, er å spele eit spel du er dømt til å tape.
Og det er kanskje nettopp her problemet ligg.
For skal eg, den nye arbeidstakaren eller barnefamilien som vurderer å flytte hit, ynskje å bu i Flekke, må det vere noko her som byen ikkje kan tilby. Det er bygda sitt ess i ermet. Der er den lokale skulen det aller beste kortet på handa.
Eg vil gjerne flytte heim ein dag. Kanskje.
Men eg vil ikkje berre flytte heim til ein stad der eg kan ta over ein gard.
Eg vil flytte heim til ei bygd som framleis lever.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.