← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 21. oktober 2026

Elevane ber om at Flekke skule ikkje blir lagd ned

FLEKKE SKULE

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Elevane ved Flekke skule
Avsender
Elevråd
Tema
Journalpost
2025/1844-88
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Elevane ved Flekke skule (pdf, 62KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 67KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 6 punkter og standpunkt

Standpunkt: 1: imot 2: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Ein liten skule er ikkje ein dårleg skule. Ein liten skule er ein bra skule, fordi vi tek vare på kvarandre.

Høyringsuttale frå elevrådet ved Flekke skule, med signatur frå alle elevane ved skulen

Tale frå elevrådet, halde på «Slå ring om Flekke skule», 26.09.26

Ikkje legg ned skulen min

Eg heiter Tiril og eg går i 6. klasse på Flekke skule. Eg har gått her sidan eg var liten, og dette er ein av dei tryggaste plassane eg veit om.

På Flekke skule kjenner alle alle. Lærarane ser oss, vi blir høyrt, og ingen blir gløymd. Vi har det kjekt i friminutta, vi lærer mykje, og det er ikkje berre viktig for meg, men og for lillesøstra mi som skal gå her i mange år til.

Eg heiter Iselilja og eg går i 7. klasse på Flekke skule. Då eg fekk høyre att dei ville leggje ned skulen, blei eg både lei meg og frustrert. Kvifor skal vi måtte slutte her? Kvifor skal vi få lengre skuleveg? Miste vener og lærarane, miste samhaldet vi har?

Ein liten skule er ikkje ein dårleg skule. Ein liten skule er ein bra skule, fordi vi tek vare på kvarandre. La meg og alle elevane få bli her!

Hei, eg heiter Leon og går i 7. klasse på Flekke skule. Eg flytta til Norge fra USA i 2018, og denne skulen har spelt ei viktig rolle i livet mitt. Eg fekk venner, lærte norsk, og masse meir på denne skulen. Flekke skule har fått meg til å føle inkludert og velkomen i Flekke og lokalsamfunnet vårt. Flekke skule har vore veldig viktig for meg og mange andre.

Så ver så snill IKKJE legg ned Flekke skule.

Helsing alle elevane ved Flekke skule, skuleåret 2026/2027;

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.