Vil behalde Flekke skule – ber om oppdatert prognose, nettorekneskap og skyssutgreiing
Gard Høgseth Felde
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - rektor og tilsette v/Flekke skule
- Avsender
- Ansatte og fagforening
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-86
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - rektor og tilsette v/Flekke skule (pdf, 105KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 66KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 31 punkter og standpunkt
Standpunkt: 1: imot 2: imot
-
Økonomi · krav Kommunen bør dokumentere de økonomiske og demografiske forutsetningene for en eventuell endring.
«Vi ber kommunen dokumentere dei økonomiske og demografiske føresetnadene for ei eventuell endring.»
-
Økonomi · argument Rektor kan gå inn i undervisning og vikardekning slik at fravær ofte løses uten ekstern vikar, en verdi som ikke synes når rektorstillingen bare ses som administrativ kostnad.
«Rektor kan ved behov gå inn i undervisning og vikardekning, slik at fråvær ofte kan løysast utan ekstern vikar. Dette er ein driftsmessig verdi som ikkje er synleg når rektorstillinga berre blir sett på som administrativ kostnad.»
-
Økonomi · krav Kommunen må skille mellom brutto årsverk og ressurser som faktisk kan effektiviseres, med hensyn til lov- og avtalepliktige forhold.
«Det må skiljast mellom brutto årsverk og ressursar som faktisk kan effektiviserast, med omsyn til kontaktlærarfunksjonar, redusert undervisningsplikt og andre lov- og avtalepliktige forhold.»
-
Økonomi · krav Kommunen bør vise konkret hva et innsparingspotensial består av og hvor mye som kan tas ut uten at ressursene må følge elevene.
«Dersom kommunen meiner det finst eit reelt innsparingspotensial, bør det visast konkret kva det består av, og kor mykje som kan takast ut utan at ressursane må følgje elevane til ein annan skule.»
-
Økonomi · argument Etter Agenda Kaupangs budsjettmodell ligger Flekke skole ikke langt unna i antall årsverk i reell drift.
«Kommunen har nytta budsjettmodellen frå Agenda Kaupang som grunnlag. Etter denne modellen ligg Flekke skule ikkje langt unna når det gjeld tal årsverk i reell drift.»
-
Økonomi · kritikk Agenda Kaupang legger til grunn om lag 38 elever, mens Flekke skole nå har 46, så prognosen bør oppdateres.
«Agenda Kaupang-rapporten legg til grunn om lag 38 elevar i skuleåret 2025–2026 og eit framtidig gjennomsnitt på 35–38 elevar. Flekke skule har no 46 elevar. Eitt skuleår kan ikkje åleine dokumentere varig vekst, men avviket er tydeleg nok til at prognosen bør oppdaterast»
-
Økonomi · krav Elevgrunnlaget bør vurderes for hele skolekretsen, og historiske tall, kjente årskull og tilflytting bør skilles fra selve prognosen.
«Elevgrunnlaget bør vurderast for heile skulekrinsen (Flekke, Guddal, Straumsnes og omkringliggjande bygder), og historiske tal, dagens tal, kjende årskull, tilflytting og bustadopplysningar bør skiljast frå sjølve prognosen.»
-
Økonomi · krav Kommunen bør legge fram et samlet nettoregnskap, siden ressurser delvis vil følge elevene til Dingemoen.
«Det er nettoeffekten som er relevant, ikkje berre kva som kan takast bort frå budsjettet til Flekke skule. … Ressursar vil delvis følgje elevane til Dingemoen. Kommunen bør leggje fram eit samla rekneskap som viser:»
-
Prosess · argument Usikkerhet om arbeidsplassens framtid påvirker arbeidsmiljø, motivasjon og trygghet og kan svekke rekrutteringen.
«Uvisse om framtida til arbeidsplassen påverkar arbeidsmiljø, motivasjon og tryggleik, og kan svekke rekrutteringa.»
-
Prosess · krav De ansatte må få vite hvordan kommunen ser for seg arbeidssituasjonen deres, og uten en plan for de ansatte er vurderingen mangelfull.
«Dei tilsette må få vite korleis kommunen ser for seg arbeidssituasjonen: arbeidsplassar, oppgåver, stillingsstorleik, arbeidsstad, organisering og tidspunkt for endring. Utan ein tydeleg plan for dei tilsette vil vurderinga vere mangelfull.»
-
Prosess · kritikk Agenda Kaupang-rapporten er mangelfull som vedtaksgrunnlag, og vedtaket bør ikke bygges på rapporten alene.
«Vi meiner Agenda Kaupang-rapporten er mangelfull som grunnlag for ei vedtaksvurdering. … Kommunen bør difor ikkje byggje vedtaket på rapporten åleine, men utgreie eller supplere grunnlaget der det er mangelfullt, med tydeleg skilje mellom fakta, prognosar og vurderingar.»
-
Prosess · krav Høringsparter med særlig kunnskap om busetting, næringsliv og frivillighet bør vektlegges i vurderingen.
«høyringspartar med særleg kunnskap om busetjing, næringsliv og frivilligheit bør vektleggast i vurderinga»
-
Prosess · kritikk Konsekvensene for skolevei, skyss, barnehageovergang og barnehagens kostnader er ikke dokumentert i kunnskapsgrunnlaget.
«Slike konsekvensar er ikkje dokumenterte i kunnskapsgrunnlaget, og bør vere med i den samla vurderinga før vedtak.»
-
Prosess · krav Før vedtak bør kommunen minst legge fram oppdatert elevprognose, samlet nettoregnskap, skyss per trinn og elevgruppe og plan for de ansatte.
«Før vedtak bør kommunen minimum leggje fram: … oppdatert elevprognose … samla nettoregnskap for kommunen … skuleskyss dokumentert per trinn og elevgruppe … plan for korleis dei tilsette blir ivaretekne»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke skole er en møteplass i bygda, og lokale skoletilbud gjør området attraktivt for barnefamilier og påvirker busetting, næringsliv og frivillighet.
«Flekke skule er undervisningsarena, men også møteplass for barn, foreldre og tilsette, og ein del av det daglege livet i bygda. Lokale skuletilbod er med på å gjere eit område attraktivt for barnefamiliar, og det verkar inn på busetjing, næringsliv og frivilligheit.»
-
Samfunnshensyn · krav Flekke skolekrets bør vurderes i sammenheng med Flekke, Guddal, Straumsnes og andre lokale tjenester.
«vurdere Flekke skulekrins i samanheng med Flekke, Guddal, Straumsnes og andre lokale tenester»
-
Barns beste · krav Kommunen bør dokumentere verdien av den fådelte organiseringen på linje med nettoberegningen.
«dokumentere verdien av den fådelte organiseringa, på linje med nettoberekninga»
-
Barns beste · argument Et lite og oversiktlig miljø kan gi stabile relasjoner, trygghet, nærhet til voksne og rask oppfølging.
«Eit lite og oversiktleg miljø kan gi stabile relasjonar, tryggleik, nærleik til vaksne og rask oppfølging.»
-
Barns beste · krav Kommunen bør vurdere hva som faktisk vil skje for elevene ved en flytting og hvordan de faglige og sosiale forutsetningene ivaretas på Dingemoen.
«Kommunen bør vurdere kva som faktisk vil skje for elevane ved ei flytting, og korleis dei faglege og sosiale føresetnadene blir ivaretekne på Dingemoen.»
-
Barns beste · krav Ved en flytting bør kommunen vurdere konsekvensene for elever med ITO og annen tilrettelegging, og tiltakene må ikke bare behandles som kostnadsposter.
«Ved ei eventuell flytting bør kommunen vurdere konsekvensane for kontinuitet i relasjonar, organisering av undervisning, tilgang på vaksenressursar, fysisk tilrettelegging, skuleveg og samarbeid mellom heim, skule og hjelpeapparat. ITO og tilretteleggingstiltak må ikkje berre behandlast som kostnadspostar.»
-
Barns beste · argument Det faste samarbeidet mellom barnehagen og skolen i samme bygg gir en trygg overgang og et helhetlig barneløp.
«For mange er dette ein trygg overgang, og ein særleg kvalitet ved Flekke skule. Det gir eit heilskapleg barneløp, der barna møter same miljø og vaksne over fleire år.»
-
Barns beste · argument Ved nedleggelse må barnehagebarna transporteres til Dale for å bli kjent med skolen, noe som gir større utgifter og en helt annen overgang.
«Ved ei nedlegging må barna i Flekke barnehage i staden transporterast til Dale for å bli kjende med framtidige klassekameratar og skulelokale. Det gir både større utgifter og ein heilt annleis overgang samanlikna med i dag.»
-
Barns beste · krav Tryggheten med barnehage og skole i samme bygg faller bort ved nedleggelse, og kommunen må vurdere konkret hvordan trygghet, kontinuitet og relasjoner kan sikres.
«Den særlege tryggleiksituasjonen med barnehage og skule i same bygg fell bort ved ei nedlegging, og dette må vegast tungt i den samla vurderinga. Dersom strukturen blir endra, må kommunen konkret vurdere korleis tryggleik, kontinuitet og relasjonar kan sikrast for dei yngste barna.»
-
Barns beste · argument Felles personale i barnehage og skole gir bred kompetanse, for eksempel i svømmeopplæringen, som går tapt ved nedleggelse.
«Felles personale i barnehage og skule gir brei kompetanse og eit stabilt personale med lågt sjukefråvær. Kompetansen blir nytta på tvers av einingane, til dømes i symjeopplæringa … Ved ei nedlegging blir fagmiljøet mindre, og kompetanse som i dag er tilgjengeleg på tvers, går tapt.»
-
Skyss og reisetid · argument Nedleggelse gir flere elever skyssrett og lengre skolevei, med høyere kostnader og mindre fritid og fleksibilitet.
«Ei nedlegging vil føre til at fleire elevar får rett til skuleskyss, og at skulevegen blir lengre for mange. Det gir høgare kostnader for kommunen, og mindre fritid og fleksibilitet for elevane og heimane.»
-
Skyss og reisetid · krav Kommunen bør dokumentere skyssrett, reisetid, rutetilbud og skysskostnader per trinn og elevgruppe fra Flekkekretsen.
«Vi ber kommunen konkret dokumentere, for kvart trinn og kvar elevgruppe frå Flekkekrinsen: … reisetid éin veg, inkludert ventetid på buss, bytte og første og siste avgang»
-
Skyss og reisetid · krav De yngste elevene og elever med særlige behov bør få en særskilt vurdering av transporten.
«Dei yngste elevane (1.–4. trinn) bør få ei særskild vurdering, då dei har størst behov for trygg transport og vaksen oppfølging på reisa. Det same gjeld elevar med særlege behov»
-
Kapasitet på Dingemoen · krav Kapasiteten på Dingemoen bør vurderes bredere enn antall ledige plasser, inkludert gruppestørrelse, bemanning, areal, skolemiljø og SFO.
«Kapasiteten bør vurderast breiare enn talet på ledige plassar. Eit auka elevtal kan påverke gruppestorleik, bemanning, spesialpedagogiske ressursar, arbeidsmiljø, arealbruk, skulemiljø og SFO.»
-
Bygg og barnehagen · argument Samlokaliseringen med Flekke barnehage gir deling av kompetanse, ressurser, bygg og uteareal som må tas med i vurderingen.
«Kompetanse og ressursar blir delt på tvers av barnehage og skule, og felles bygg og uteareal gir ressursutnytting som må takast med i vurderinga.»
-
Bygg og barnehagen · kritikk Vurderingen av arealene bør handle om hvordan de faktisk brukes, ikke bare om antall spesialrom eller kvadratmeter.
«Vurderinga bør derfor handle om korleis areala faktisk blir brukte, og kva fleksibilitet dei gir, ikkje berre om talet på spesialrom eller kvadratmeter.»
-
Bygg og barnehagen · argument Ved nedleggelse må Flekke barnehage bære kostnadene til avgifter, strøm, lisenser og vedlikehold alene.
«Barnehagen må òg bere kostnadene til avgifter, straum, lisensar og vedlikehald åleine.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Høyringsinnspel om framtidig skulestruktur
Høyringsinnspel frå rektor og tilsette ved Flekke skule
20.10.2026
Fjaler kommune står overfor reelle økonomiske utfordringar, og vi har forståing for at skulestrukturen må vurderast. Vi meiner Flekke skule bør førast vidare, og at ei nedlegging ikkje bør vedtakast. Dersom kommunen likevel held fram med å vurdere endring, må det skje på eit oppdatert, heilskapleg og etterprøvbart grunnlag. Som tilsette kan vi bidra med førstehandskunnskap om korleis ein fådelt skule fungerer i kvardagen, kva det betyr for elevane, og kva ei flytting vil seie for opplæringstilbodet. Vi ber kommunen dokumentere dei økonomiske og demografiske føresetnadene for ei eventuell endring.
Kommunen bør uansett spesifikt vurdere dei fire punkta nedanfor før det blir fatta vedtak om skulestruktur:
- dokumentere verdien av den fådelte organiseringa, på linje med nettoberekninga
- vurdere konsekvensane for elevane, særleg tryggleik, relasjonar, ITO, heim–skulesamarbeid, overgang frå barnehage og skuleskyss
- oppdatere elevprognosen og dokumentere den reelle nettoinnsparinga, bemanninga og kapasiteten ved Dingemoen
- vurdere Flekke skulekrins i samanheng med Flekke, Guddal, Straumsnes og andre lokale tenester, og la høyringspartar med særleg kunnskap belyse dei breiare samfunnsspørsmåla
Innhald
- Arbeidskvardagen ved ein fådelt skule
- Eleven sitt beste
- 2.1 ITO og tilrettelegging
- 2.2 Barnehage og overgang
- 2.3 Skuleskyss
- Kvaliteten i grunnlaget og prosessen
- 3.1 Elevtal og prognose
- 3.2 Reell nettoeffekt
- 3.3 Dei tilsette
- 3.4 Kapasitet ved Dingemoen
- 3.5 Kunnskapsgrunnlaget
- Samfunn og framtidig utvikling
- Samla tilråding
1. Arbeidskvardagen ved ein fådelt skule
Ein fådelt skule krev fleksibilitet. Tilsette arbeider på tvers av fag og trinn, handterer skiftande elevgrupper og finn praktiske løysingar ved fråvær. Rektor kan ved behov gå inn i undervisning og vikardekning, slik at fråvær ofte kan løysast utan ekstern vikar. Dette er ein driftsmessig verdi som ikkje er synleg når rektorstillinga berre blir sett på som administrativ kostnad.
Samlokaliseringa med Flekke barnehage er ein del av den fådelte organiseringa. Kompetanse og ressursar blir delt på tvers av barnehage og skule, og felles bygg og uteareal gir ressursutnytting som må takast med i vurderinga.
Flekke skule har ikkje eigne spesialrom for alle fag. Dei tilsette nyttar uteområde og andre eigna areal som læringsarenaer når det er pedagogisk forsvarleg og innanfor regelverket. Vurderinga bør derfor handle om korleis areala faktisk blir brukte, og kva fleksibilitet dei gir, ikkje berre om talet på spesialrom eller kvadratmeter.
Den tette organiseringa gjer det mogleg å omdisponere ressursar raskt når det oppstår behov. Kommunen bør synleggjere både den verdien som i dag ikkje er synleg, og den reelle effektiviseringa. Det må skiljast mellom brutto årsverk og ressursar som faktisk kan effektiviserast, med omsyn til kontaktlærarfunksjonar, redusert undervisningsplikt og andre lov- og avtalepliktige forhold.
Dersom kommunen meiner det finst eit reelt innsparingspotensial, bør det visast konkret kva det består av, og kor mykje som kan takast ut utan at ressursane må følgje elevane til ein annan skule. Kommunen har nytta budsjettmodellen frå Agenda Kaupang som grunnlag. Etter denne modellen ligg Flekke skule ikkje langt unna når det gjeld tal årsverk i reell drift. I reell drift må det òg takast omsyn til redusert undervisningsplikt for lærarar som har andre oppgåver i jobbsamanheng, og andre reduksjonar som arbeidsplassen må ta høgde for.
2. Eleven sitt beste
Spørsmålet om skulestruktur må til sist vurderast ut frå kva som gir elevane eit godt og forsvarleg opplæringstilbod. Økonomi og organisering er viktige, men kan ikkje stå åleine.
Dei tilsette kjenner elevane og familiane over tid. Eit lite og oversiktleg miljø kan gi stabile relasjonar, tryggleik, nærleik til vaksne og rask oppfølging. Kommunen bør vurdere kva som faktisk vil skje for elevane ved ei flytting, og korleis dei faglege og sosiale føresetnadene blir ivaretekne på Dingemoen.
2.1 ITO og tilrettelegging
Individuelt tilrettelagd opplæring og anna tilrettelegging er lovpålagde. Elevane sine rettar gjeld uavhengig av skule og økonomi. Ved ei eventuell flytting bør kommunen vurdere konsekvensane for kontinuitet i relasjonar, organisering av undervisning, tilgang på vaksenressursar, fysisk tilrettelegging, skuleveg og samarbeid mellom heim, skule og hjelpeapparat. ITO og tilretteleggingstiltak må ikkje berre behandlast som kostnadspostar.
2.2 Barnehage og overgang
Flekke barnehage og Flekke skule er i same bygg, og dei spelar godt på kvarandre i kvardagen. Samarbeidet er konkret og går begge vegar.
Elevar frå skulen les for og leikar med barna i barnehagen fast ein dag i veka. Elevane er rollemodellar og omsorgsgjevarar for dei yngste, og barna har eldre førebilete å sjå opp til. Felles arrangement som Bli-Me-dagen, Turbo-tråkk og Barnehagedagen, og felles aktivitetsdagar, styrkjer det same miljøet.
I siste halvår før skulestart besøkjer førskulebarna 1. klasse jamleg, og i mai er det førskuleveke, då førskulebarna følgjer 1. klasse i tre dagar saman med tilsette frå barnehagen. Barna blir kjende med skulelokala, SFO, skuleplassen, lærarane og elevane før dei startar på skulen.
Samarbeidet er òg fagleg, med dialog mellom dei tilsette om overgangen og kjennskap til barna frå før. For mange er dette ein trygg overgang, og ein særleg kvalitet ved Flekke skule. Det gir eit heilskapleg barneløp, der barna møter same miljø og vaksne over fleire år.
Ved ei nedlegging må barna i Flekke barnehage i staden transporterast til Dale for å bli kjende med framtidige klassekameratar og skulelokale. Det gir både større utgifter og ein heilt annleis overgang samanlikna med i dag.
Den særlege tryggleiksituasjonen med barnehage og skule i same bygg fell bort ved ei nedlegging, og dette må vegast tungt i den samla vurderinga. Dersom strukturen blir endra, må kommunen konkret vurdere korleis tryggleik, kontinuitet og relasjonar kan sikrast for dei yngste barna.
2.3 Skuleskyss
Ei nedlegging vil føre til at fleire elevar får rett til skuleskyss, og at skulevegen blir lengre for mange. Det gir høgare kostnader for kommunen, og mindre fritid og fleksibilitet for elevane og heimane.
Vi ber kommunen konkret dokumentere, for kvart trinn og kvar elevgruppe frå Flekkekrinsen:
- kor mange elevar som får rett til skuleskyss, og kor mange som får ein lengre skuleveg enn i dag
- reisetid éin veg, inkludert ventetid på buss, bytte og første og siste avgang
- rutetilbod før og etter skuledagen, og om elevane må reise utanfor vanleg rutetid
- kostnader til skyss og eventuelle tiltak som må setjast inn
Dei yngste elevane (1.–4. trinn) bør få ei særskild vurdering, då dei har størst behov for trygg transport og vaksen oppfølging på reisa. Det same gjeld elevar med særlege behov, som kan ha andre føresetnader for transport.
3. Kvaliteten i grunnlaget og prosessen
3.1 Elevtal og prognose
Agenda Kaupang-rapporten legg til grunn om lag 38 elevar i skuleåret 2025–2026 og eit framtidig gjennomsnitt på 35–38 elevar. Flekke skule har no 46 elevar. Eitt skuleår kan ikkje åleine dokumentere varig vekst, men avviket er tydeleg nok til at prognosen bør oppdaterast før han blir brukt som premiss for ei langsiktig endring. Elevgrunnlaget bør vurderast for heile skulekrinsen (Flekke, Guddal, Straumsnes og omkringliggjande bygder), og historiske tal, dagens tal, kjende årskull, tilflytting og bustadopplysningar bør skiljast frå sjølve prognosen.
3.2 Reell nettoeffekt
Det er nettoeffekten som er relevant, ikkje berre kva som kan takast bort frå budsjettet til Flekke skule. Elevane har lovfesta rett til forsvarleg skuleskyss og tilrettelegging etter opplæringslova, og desse rettane gjeld uavhengig av kor skulen ligg. Ressursar vil delvis følgje elevane til Dingemoen. Kommunen bør leggje fram eit samla rekneskap som viser:
- bemanning som faktisk fell bort ved Flekke
- auka bemanningsbehov ved Dingemoen
- ITO og anna tilrettelegging
- skuleskyss og andre transportkostnader
- SFO og administrative konsekvensar
- bygningsdrift og vedlikehald
- investeringar eller tilpassingar ved Dingemoen
- overgangskostnader
- kostnader som blir flytta til Flekke barnehage ved ei nedlegging (kommunale avgifter, straum, lisensar og vedlikehald)
3.3 Dei tilsette
Dei tilsette er ein viktig ressurs. Uvisse om framtida til arbeidsplassen påverkar arbeidsmiljø, motivasjon og tryggleik, og kan svekke rekrutteringa. Felles personale i barnehage og skule gir brei kompetanse og eit stabilt personale med lågt sjukefråvær. Kompetansen blir nytta på tvers av einingane, til dømes i symjeopplæringa, der personale med livredningsprøve i dag er felles for barnehage og skule. Ved ei nedlegging blir fagmiljøet mindre, og kompetanse som i dag er tilgjengeleg på tvers, går tapt. Dei tilsette må få vite korleis kommunen ser for seg arbeidssituasjonen: arbeidsplassar, oppgåver, stillingsstorleik, arbeidsstad, organisering og tidspunkt for endring. Utan ein tydeleg plan for dei tilsette vil vurderinga vere mangelfull.
3.4 Kapasitet ved Dingemoen
Kapasiteten bør vurderast breiare enn talet på ledige plassar. Eit auka elevtal kan påverke gruppestorleik, bemanning, spesialpedagogiske ressursar, arbeidsmiljø, arealbruk, skulemiljø og SFO.
3.5 Kunnskapsgrunnlaget
Vi meiner Agenda Kaupang-rapporten er mangelfull som grunnlag for ei vedtaksvurdering. Elevprognosen er ikkje oppdatert, rapporten viser ikkje den reelle nettoeffekten, og konsekvensane for skuleskyss, ITO, dei tilsette og kapasiteten ved Dingemoen er ikkje tilstrekkeleg utgreidd. Kommunen bør difor ikkje byggje vedtaket på rapporten åleine, men utgreie eller supplere grunnlaget der det er mangelfullt, med tydeleg skilje mellom fakta, prognosar og vurderingar.
4. Samfunn og framtidig utvikling
Ein god skule er ein viktig del av eit levande lokalsamfunn. Flekke skule er undervisningsarena, men også møteplass for barn, foreldre og tilsette, og ein del av det daglege livet i bygda. Lokale skuletilbod er med på å gjere eit område attraktivt for barnefamiliar, og det verkar inn på busetjing, næringsliv og frivilligheit.
Ei nedlegging kan derfor få konsekvensar utover skuledrifta, mellom anna for samanhengen med barnehagetilbodet og bruken av lokale møteplassar. Kommunen bør ta høgd for slike verknader i den samla vurderinga, og høyringspartar med særleg kunnskap om busetjing, næringsliv og frivilligheit bør vektleggast i vurderinga.
5. Samla tilråding
Flekke skule har no 46 elevar. Den fådelte organiseringa gir ein arbeidskvardag med stor fleksibilitet, tett kjennskap til elevane og moglegheit til å finne praktiske løysingar innanfor dei rammene skulen har. Vi meiner difor at Flekke skule bør førast vidare.
Ei nedlegging vil òg føre til lengre skuleveg og auka skuleskyss for fleire elevar, og til at barna i Flekke barnehage må transporterast til Dale for å bli kjende med framtidige klassekameratar og skulelokale. Det gir større utgifter og ein svakare overgang samanlikna med i dag. Barnehagen må òg bere kostnadene til avgifter, straum, lisensar og vedlikehald åleine. Slike konsekvensar er ikkje dokumenterte i kunnskapsgrunnlaget, og bør vere med i den samla vurderinga før vedtak.
Dei fire punkta nedanfor bør vurderast før det blir fatta vedtak om skulestruktur:
- dokumentere verdien av den fådelte organiseringa, på linje med nettoberekninga
- vurdere konsekvensane for elevane, særleg tryggleik, relasjonar, ITO, heim–skulesamarbeid, overgang frå barnehage og skuleskyss
- oppdatere elevprognosen og dokumentere den reelle nettoinnsparinga, bemanninga og kapasiteten ved Dingemoen
- vurdere Flekke skulekrins i samanheng med Flekke, Guddal, Straumsnes og andre lokale tenester, og la høyringspartar med særleg kunnskap belyse dei breiare samfunnsspørsmåla
Før vedtak bør kommunen minimum leggje fram:
- oppdatert elevprognose
- samla nettoregnskap for kommunen
- skuleskyss dokumentert per trinn og elevgruppe
- plan for korleis dei tilsette blir ivaretekne
Målet må vere ein skulestruktur som er berekraftig, og som gir gode og forsvarlege føresetnader for barn, familiar og lokalsamfunn i Fjaler over tid.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.