← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 21. oktober 2026

Vil behalde Flekke skule – meiner innsparingsgrunnlaget er for usikkert

Tora Hope - på vegne av foreldre og andre i Dale

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - foreldre og andre i Dale
Avsender
Privatperson
Tema
Journalpost
2025/1844-85
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - foreldre og andre i Dale (pdf, 77KB) · hos kommunen
Høyringsuttale til sak 251844 om skulestruktur (pdf, 97KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 15 punkter og standpunkt

Standpunkt: 1: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringsinnspel til sak om skulestruktur 25/1844 frå foreldre og andre i Dale

Vi som sender dette er foreldre og andre i Dale, som er sterkt imot den føreslegne nedleggina av Flekke skule. Vi meiner det er uhaldbart å legge ned ein grendeskule i eit levande lokalsamfunn med folkeauke og etableringslyst, og at ei nedlegging vil vere eit sørgeleg kapittel i historia til Fjaler kommune.

1. Hev ambisjonane

I Fjaler er det tradisjon for å tenkje og realisere visjonært, ikkje berre i næringsliv og kultur, men også i skule og danning.

Fjaler kommune er ein kommune med ei lang skulehistorie, som strekkjer seg frå Nikka Vonens pigeinstitutt til UWC Red Cross Nordic i dag. Bondefolkehøgskule, Falcks pensjonatskule, Vevang, Dale vidaregåande skule, Dingemoen skule, Fjaler ungdomsskule, Våge skule, Guddal skule, og Flekke skule er alle del av denne tradisjonen, på sine ulike vis.

Agenda Kaupang meiner å syne at Fjaler driv dyrare per elev enn enkelte andre kommunar. At dette skal vere eit argument for å spare er ikkje naturgive. Agenda Kaupangs metode og kommuneindeks er også kritisert gjentekne gongar, blant anna i Morgenbladet (“Konsulentselskapet Agenda Kaupang må ut av den lokale kulturpolitikken”, Morgenbladet, 19.12.2025). Vi ber administrasjonen og våre folkevalde heller sjå dette som eit kvalitetsteikn og arbeide for å halde kvaliteten i hevd, ikkje redusere den.

2. Grunnlaget er ikkje godt nok

Vi syner til innvendingane og dei utrekningane gjort av Flekke grendelag/FAU ved Flekke skule, og meiner at det er uhaldbart om Fjaler kommune legg ned skulen basert innsparingsberekningar som i beste fall er usikre. Ei nedlegging vil vere svært vanskeleg å få seinare omgjord, og konsekvensane for Flekke vil etter tilbakemeldingar å dømme både gå utover trivselen og dagleglivet i grenda, skape for lang skuleveg for dei elevane som bur lengre vekke frå Dingemoen enn Flekke, og skade tilliten og samhaldet i Fjaler kommune.

3. Overfylte klassar og dårlegare skulekvardag

Vi er også uroa for at elevane frå Flekke og omegn og elevane frå Dale skal ende opp med for liten plass og ein meir pressa skulekvardag på Dingemoen skule, som ikkje er dimensjonert for ei slik skulesamanslåing.

4. Lytt til lokalmiljøet

Om foreldre og elevar vil behalde skulen i Flekke bør dei lokale ynskja vege sterkt. Vi oppmodar kommunepolitikarar og administrasjon til å arbeide for at kommunens inntekter står i stil med samfunnsoppdraget sitt, og arbeide for betre rammevilkår for kommunen frå statleg hald og andre finansieringskjelder. Det er ikkje til til å forstå at Noreg/Fjaler kommune hadde råd til ha grendeskular i tider då økonomien var mykje trongare enn den er i dag, og presset for gode nok økonomiske rammer må leggjast ein annan stad enn på dei yngste elevane våre.

Helsing

Tora Hope
Sarah Bøgh Meling
Fredrik Solheim
Rebecca Julie Baust
Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim
Idunn Amalie Sandemose
Sturle Sandvik
Thea Nistad Sunde
Marta Laukeland Kleiven
Margrete Reisæter
Simon Haaland
Miriam Prestøy Lie
Silje Haugen
Trygve Halsnes
Malene Solheim
Rasmus Jogeir Høgalmen
Ingvild Søgnen
Hilde Genberg
Kjetil-Andre Hellebust
Miriam Sletteland
Maria Del Pilar Sanchis Garcia
Juan Carlos Nogales Munoz
Emma Annesdotter Norddal
Joachim Leiros
Hege Hammersvik Johne
John Trygve Mulhearn Evensen
Henriette Salman Rogne

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.