← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 21. oktober 2026

To ungdommar frå Flekke vil behalde Flekke skule for framtida til bygda

Tobias Habbestad

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Privatperson
Tema
Journalpost
2025/1844-83
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 718KB) · hos kommunen
Uttrekk: 10 punkter og standpunkt

Standpunkt: 1: imot 2: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringsuttale om framtida til Flekke skule

Vi er to ungdommar frå Flekke som ønskjer å seie nokre ord om kvifor vi meiner det er viktig å ta vare på Flekke skule.

Vi har sjølve gått på skulen, og vi veit kor mykje han betyr for både elevane og bygda. No går vi på vidaregåande, men vi har framleis eit sterkt forhold til Flekke. Vi er ungdommar som ein dag kanskje ønskjer å flytte tilbake hit og busetje oss. Då meiner vi det er viktig at bygda framleis har eit levande lokalsamfunn å kome tilbake til.

Vi forstår at kommunen må tenkje på økonomien, og at det må takast vanskelege avgjerder. Men når ein vurderer å leggje ned ein skule, må ein sjå på meir enn berre tal og pengar, spesielt når det framleis verkar uklart kor mykje kommunen faktisk vil spare på ei nedlegging. På lang sikt meiner vi at det å spare opp til nokre millionar no, ikkje er viktigare enn å behalde ei bygd. Ein må òg tenkje på kva skulen betyr for barna, familiane og framtida til bygda.

Flekke skule er meir enn ein stad der barn lærer å lese, skrive og rekne. Det er ein stad der ein blir kjend med kvarandre, får vener på tvers av alder og bakgrunn, og kjenner at ein høyrer til. På ein liten skule blir elevane sett, og det kan vere lettare å skape tryggleik og eit godt fellesskap. At barn frå ulike land og kulturar møtest her, er òg ein viktig ressurs for heile bygda. Gjennom eigne erfaringar har Flekke skule alltid vore og er ein plass der alle er velkomne og trivast.

For oss handlar dette om meir enn skulekvardagen til barna som går der no. Det handlar om kva slags bygd vi ønskjer å vekse opp i, og kva slags bygd vi ønskjer å kome tilbake til som vaksne.

Dersom skulen blir lagd ned, er vi redde for at bygda gradvis kan miste noko av samhaldet og livet som gjer Flekke til ein god stad å bu. Ein skule er ein viktig del av eit lokalsamfunn, og når han forsvinn, kan det få konsekvensar langt utover sjølve skulekvardagen. Vi treng ikkje sjå langt før vi ser eit godt døme på dette. Straumsnes gjekk frå å vere ei bygd med skule og butikk, til ei bygd utan nokon verksemder igjen og få tilbake flyttarar.

Vi ønskjer at det også skal vere mogleg for framtidige familiar å busetje seg i Flekke. Då må bygda ha tilbod som gjer det attraktivt å flytte hit og bli verande. Vi som er unge i dag, skal vere med på å forme framtida til bygda. Men då må det òg vere ei bygd å kome tilbake til.

Vi ber derfor kommunen om å tenkje langsiktig og vurdere andre løysingar før det blir teke ei så stor avgjerd. Økonomi er viktig, men det er òg tryggleik, inkludering, samhald og framtida til lokalsamfunnet vårt.

Flekke skule er hjarte i bygda vår. Vi ynskjer at det framleis skal vere eit hjarte som slår, både for barna som går der i dag, og for oss som kanskje skal flytte heim ein dag.

Hedda Igelkjøn Åsnes og Tobias Ness Habbestad

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.