← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 21. oktober 2026

Tidlegare elevar vil bevare Flekke skule – viser til oppvekst og eiga framtid i bygda

Oda Janninge Tveiten

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Privatperson
Tema
Journalpost
2025/1844-80
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 65KB) · hos kommunen
høyringsuttale - utgreiing av skulestruktur (pdf, 41KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 14 punkter og standpunkt

Standpunkt: 1: imot 2: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringssvar – Bevar Flekke skule

Frå tidlegare elevar ved Flekke skule, fødde i 2008, 2009 og 2010

Vi er ei gruppe tidlegare elevar som har gått på Flekke skule. Vi kjem frå fleire av bygdene rundt Flekke, mellom anna Guddalen og Straumsneset, og vi har alle hatt skulen som ein viktig del av oppveksten vår. I dag går vi på vidaregåande, og fleire av oss skal etter kvart vidare for å studere, gå ut i lære eller starte i arbeidslivet. Sjølv om vi har gått vidare frå Flekke skule, har vi framleis ei sterk tilknyting til skulen og bygdene vi kjem frå. Vi ønskjer derfor å uttrykkje vår bekymring for ei eventuell nedlegging.

For oss er Flekke skule mykje meir enn ein skulebygning. Det er her vi har fått våre første vennskap, utvikla oss fagleg og sosialt og opplevd eit trygt og inkluderande miljø. Noko av det som gjorde skulen spesiell, var fellesskapet på tvers av klassetrinn og bygder. Vi kjende både elevane og lærarane, og opplevde at alle blei sette. Mange av vennskapa vi fekk på skulen, har vi framleis i dag. Skulen har ikkje berre gitt oss kunnskap, men også lært oss å inkludere andre, ta ansvar og vere gode medmenneske.

Ein annan viktig del av oppveksten vår var det internasjonale miljøet. Gjennom tilflyttarar frå andre land og med UWC som næraste nabo fekk vi tidleg møte ulike språk, kulturar og bakgrunnar. Dette gav oss forståing for respekt, openheit og inkludering. Sjølv om Flekke er ei lita bygd, har vi fått oppleve eit mangfald som har gitt oss verdifulle erfaringar og perspektiv.

Vi opplevde også at Flekke skule gav oss eit svært godt fagleg grunnlag. Då vi begynte på Dingemoen, merka fleire av oss at vi på enkelte faglege område hadde kome lenger enn mange av dei andre elevane. Dette er våre personlege erfaringar, men vi meiner det seier noko om undervisninga vi fekk. Lærarane kjende kvar enkelt elev og kunne tilpasse undervisninga etter behova våre. Vi opplevde at vi blei sette og følgde opp, både fagleg og sosialt. Dette meiner vi er ein av dei største styrkane ved ein mindre skule.

Etter å ha gått på både Flekke skule og Dingemoen opplevde vi også at det allereie var avgrensa med plass på Dingemoen. Vi stiller derfor spørsmål ved korleis endå fleire elevar skal få plass utan at det påverkar læringsmiljøet. Ei eventuell nedlegging vil dessutan føre til ein betydeleg lengre skuleveg for mange barn. Dette gjeld særleg elevar frå Guddalen, som allereie har lang reiseveg til Flekke, og som vil måtte reise endå lenger dersom dei skal heilt til Dale. For enkelte kan skulevegen bli over 30 kilometer kvar veg. Dette kan bety tidlegare morgonar, lengre dagar og mindre tid til familie, vener og fritidsaktivitetar. Vi meiner dette står i motsetnad til kommunen sitt ønske om at barn og unge skal vere aktive og delta i organiserte fritidstilbod. Det er vanskeleg å leggje til rette for aktivitet og deltaking dersom ein samtidig gjer skulekvardagen lengre og meir krevjande.

Vi er klar over at Flekke skule har behov for vedlikehald og oppussing. Likevel meiner vi det er viktig å skilje mellom kvaliteten på skulebygningen og kvaliteten på skuletilbodet. Det som har gjort Flekke skule til ein god skule, er først og fremst lærarane, relasjonane og det trygge miljøet som har blitt bygd opp gjennom mange år.

Vi forstår at kommunen står overfor økonomiske utfordringar, men stiller spørsmål ved om innsparingane ved ei nedlegging vil vere store nok til å forsvare konsekvensane. Slik vi oppfattar det, er det framleis uklart kor mykje kommunen faktisk vil spare. Det er viktig å vurdere dei langsiktige konsekvensane for både barna og lokalsamfunnet, ikkje berre dei kortsiktige økonomiske innsparingane. Det å spare pengar i dag bør ikkje gå på kostnad av framtida til fleire bygder.

For oss handlar denne saka også om vår eiga framtid. Fleire av oss ønskjer å flytte tilbake til heimbygdene våre etter utdanning og arbeid andre stader, for å etablere oss og stifte familie. Ein viktig grunn til dette er den gode oppveksten vi sjølve har hatt, og ønsket om å gi våre eigne barn dei same moglegheitene. Dersom Flekke skule blir lagd ned, vil fleire av oss måtte revurdere om Fjaler kommune er ein stad vi ønskjer å etablere oss. Vi ønskjer ikkje nødvendigvis å flytte til Dale berre fordi skuletilbodet blir samla der.

Vi meiner det er motstridande at kommunen ønskjer tilflytting, vekst og levande bygder, samtidig som ein vurderer å leggje ned eit så viktig tilbod for barnefamiliar. Flekke skule er eit knutepunkt som bind saman fleire bygder, familiar og generasjonar. Ei nedlegging vil derfor ikkje berre påverke dagens elevar, men også framtidig busetjing og utviklinga av lokalsamfunna. Vi som er unge i dag, skal vere med på å forme framtida til Fjaler kommune. Men då må det også vere eit levande lokalsamfunn å kome tilbake til.

Vi skriv ikkje dette fordi vi er imot endring, men fordi vi sjølve har erfart kva Flekke skule har gitt oss. Vi har fått eit godt fagleg grunnlag, nære vennskap, tryggleik og ei sterk tilhøyrsle til bygdene vi kjem frå. Vi håpar at kommunen lyttar til alle som blir påverka av ei eventuell nedlegging, og vurderer alle alternativa og konsekvensane før ei endeleg avgjerd blir teken.

Vi er tidlegare elevar ved Flekke skule, og vi ønskjer ikkje å sjå ein så stor og viktig del av oppveksten vår forsvinne. Flekke skule er hjartet i bygda, og vi håpar framtidige generasjonar får den same moglegheita til å vekse opp i det trygge og inkluderande miljøet vi sjølve har vore ein del av.

Med helsing

Tidlegare elevar ved Flekke skule

Oda Janninge Tveiten, Madeleine Høydal Løseth, Abel Berger Follevåg, Sara Strandenes, Sofie Helene Berg, Federico De Marco, Stefan Daniel Brasovanu, Ola Berger Follevåg, Jarand Vatnelid, Even Brendehaug, Synne Janninge Tveiten, Sanna Ullvatne Igelkjøn, Adelheid Guddal, Ole Martin Mandelid Sandøy,

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.