Tilflytta familiar vil behalde Flekke skule – 22 nye familiar sidan 2019
Kjersti Steinsdatter Reggestad m.fl
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - familiar busett i Flekke
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-79
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - familiar busett i Flekke (pdf, 58KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 67KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttale frå Tommy og Iselin (pdf, 30KB) (vedlegg) · hos kommunen
Bilete av tilflytta familiar (pdf, 7MB) (vedlegg) · hos kommunen
Tilflytta familiar i Flekke (pdf, 151KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 19 punkter
-
Økonomi · argument Spørsmålet om Flekke skule handler om mer enn tall i et regneark, nemlig hva slags kommune man vil være.
«Difor handlar diskusjonen om Flekke skule om langt meir enn tal i eit kommunalt rekneark.»
-
Økonomi · argument En representativ tilflyttet familie med to barn gir kommunen et samlet årlig bidrag på om lag 485 000 kr.
«vil det samla årlege økonomiske bidraget til Fjaler kommune vere like i underkant av 500 000 kr. Her er det medrekna inntektsskatt, kommunale avgifter, eigenandel til SFO og barnehage og statlege rammetilskot.»
-
Økonomi · argument Hvis fem av familiene hadde bosatt seg i en annen kommune, ville kommunen fått om lag 2,5 mill. kr lavere inntekter.
«Om t.d. 5 av familiane hadde busett seg i ein anna kommune, ville dette ha gitt om lag 2,5 mill. kr i lågare inntekter til kommunen.»
-
Økonomi · spørsmål Kan kommunen risikere lavere fremtidige inntekter, og bør man heller se på økte inntekter fra tilflyttere enn på kostnader?
«kan Fjaler kommune verkeleg ta sjansen på å legge ned Flekke skule og risikere lågare framtidige inntekter og bør ein heller sjå på mogelege auke i inntekter frå tilflyttarar enn på kostnadar?»
-
Prosess · kritikk Tilflyttingstallene er verken kommentert eller undersøkt nærmere i administrasjonens saksutredning.
«Vi er svært forundra over desse tala verken er kommentert eller at det er undersøkt nærare og lagt meir vekt på i saksutgreiinga til administrasjonen.»
-
Samfunnshensyn · argument Mange unge familier har valgt å flytte til Flekke, og bygda opplever tilflytting i stedet for fraflytting.
«I ei tid der mange bygder opplever fråflytting, er vi ein del av grunnen til at Flekke opplever det motsette.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke skule er en del av grunnlaget for at familiene har valgt å etablere seg i Flekke.
«Den er ein del av sjølve grunnlaget for at vi har valt å etablere oss her.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolen skaper møteplasser mellom familier og generasjoner og er en viktig del av fellesskapet i bygda.
«Han skaper møteplassar mellom familiar og generasjonar, og er ein viktig del av fellesskapet som gjer Flekke til den bygda vi ønskjer å bu i.»
-
Samfunnshensyn · argument Familiene har tatt langsiktige valg og investert penger, tid og engasjement i hjem og lokalsamfunn.
«Vi har investert pengar, tid og engasjement i heimane våre og i lokalsamfunnet.»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Hvilket signal sender det til unge familier som vurderer å flytte hit, dersom skolen legges ned?
«For kva signal sender vi til unge familiar som vurderer å flytte hit, dersom ein legg ned skulen i ei bygd der unge familiar faktisk har valt å satse?»
-
Samfunnshensyn · argument Alternativet til Flekke er ikke nødvendigvis et annet sted i Fjaler, men kan være andre kommuner eller land.
«alternativet til å busetje seg i Flekke ikkje nødvendigvis er å busetje seg ein annan stad i Fjaler. For mange kan det også vere aktuelt å sjå mot andre kommunar eller land.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen må satse på de unge familiene og ta verdien av et levende lokalsamfunn og en nærskole på alvor.
«No treng vi ein kommune som også tør å satse på oss. … Vi ber om at verdien av eit levande lokalsamfunn, og betydninga av ein nærskule, blir teken på alvor.»
-
Samfunnshensyn · argument Nærhet til skole, barnehage og butikk gjør Flekke attraktiv for unge som vil stifte familie.
«Noko av det som gjer Flekke til ein attraktiv plass å busetje seg, er nettopp nærleiken til skule, barnehage og butikk.»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Hvilke konsekvenser får det for fremtidig tilflytting dersom skolen forsvinner?
«Kva konsekvensar vil det få for framtidig tilflytting dersom skulen forsvinn? Vil unge familiar framleis sjå på Flekke som ein attraktiv plass å etablere seg?»
-
Samfunnshensyn · argument Man må se på hva skolen betyr for lokalsamfunnet og for barn som ennå ikke er født, ikke bare hva den koster og elevtallet i dag.
«Det er viktig å sjå på kva ein skule betyr for eit lokalsamfunn, ikkje berre kva han kostar å drive. … Det handlar ikkje berre om elevtalet i dag, men også om barna som enno ikkje er fødde, og framtida til bygda.»
-
Samfunnshensyn · argument Siden 2019 har 22 familier med 48 barn flyttet til Flekke skolekrets.
«Sidan 2019 har 22 familiar med 48 born flytta til og etablert seg i Flekke skulekrins.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke skule har vært avgjørende for tilflyttingen, og flere familier ville trolig ha bosatt seg i en annen kommune uten skole.
«Flekke skule har utan tvil vore ein avgjerande faktor for at så mange familiar har valt å etablere seg i bygda. … Det vi derimot kan vere rimeleg sikre på er at fleire av desse familiane ville valt å busetje seg i ein anna kommune dersom Flekke ikkje hadde hatt ein skule.»
-
Barns beste · argument Skolen gir barna en trygg start, tilhørighet, vennskap og røtter.
«Skulen gir barna våre ein trygg og god start på livet. Han gir dei tilhøyrsle, vennskap og røter.»
-
Barns beste · argument Oppvekst i en liten bygd med skole i nærmiljøet gir en trygg og god oppvekst der man blir sett.
«Vi har begge opplevd ein trygg og god oppvekst i eit lite miljø, der vi kjende oss sett og hadde det godt.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Flekke ei bygd i vekst
Her er vi ❤️
Vi som har valt å busetje oss her. Vi som har kjøpt hus, fått barn, ynskjer barn og har etablert eller ynskjer å etablere livet vårt i denne vesle bygda.
Vi er mange unge småbarnsfamiliar og unge par (sjå vedlagt uttale frå det eine paret) som har teke eit aktivt val om å satse på Flekke. Sjå vedlegg med bilete av oss alle saman og skriv om kor mange vi har blitt dei siste 7 åra. I ei tid der mange bygder opplever fråflytting, er vi ein del av grunnen til at Flekke opplever det motsette. Vi har valt å flytte hit, bli verande og skape ei framtid her.
Kvifor?
Fordi Flekke har det vi treng og ønsker for både oss sjølve og barna våre.
Her har vi eit levande bygdesamfunn, eit sterkt fellesskap, nærleik til naturen, trygge oppvekstvilkår og menneske som stiller opp for kvarandre. Her kjenner barna dei ein møter på butikken, på leikeplassen og langs vegen. Her er det kort veg mellom arbeid, heim, barnehage, skule og fritidsaktivitetar.
Og midt i dette står Flekke skule.
For oss er ikkje skulen berre ein bygning der barna skal lære å lese, skrive og rekne. Den er ein del av sjølve grunnlaget for at vi har valt å etablere oss her.
Skulen gir barna våre ein trygg og god start på livet. Han gir dei tilhøyrsle, vennskap og røter. Han skaper møteplassar mellom familiar og generasjonar, og er ein viktig del av fellesskapet som gjer Flekke til den bygda vi ønskjer å bu i. Og kanskje også for barna våre i framtida?
Når vi har valt Flekke, har vi ikkje gjort det tilfeldig. Vi har teke langsiktige val. Vi har investert pengar, tid og engasjement i heimane våre og i lokalsamfunnet. Vi har trudd på at Flekke er ei bygd med ei framtid.
Difor handlar diskusjonen om Flekke skule om langt meir enn tal i eit kommunalt rekneark.
Han handlar om kva slags kommune vi ønskjer å vere. Om vi skal leggje til rette for at unge familiar vel å busetje seg i bygdene våre, eller om vi skal gjere det stadig vanskelegare å ta nettopp det valet.
For kva signal sender vi til unge familiar som vurderer å flytte hit, dersom ein legg ned skulen i ei bygd der unge familiar faktisk har valt å satse?
For det er viktig å ha med seg at alternativet til å busetje seg i Flekke ikkje nødvendigvis er å busetje seg ein annan stad i Fjaler. For mange kan det også vere aktuelt å sjå mot andre kommunar eller land. Difor er det viktig at vi tek vare på det som gjer bygdene våre attraktive, slik at fleire får lyst til å busetje seg her og bli verande over tid.
Vi har gjort vår del. Vi har flytta hit, etablert oss, fått barn og engasjert oss i lokalsamfunnet.
No treng vi ein kommune som også tør å satse på oss.
Vi ber ikkje om særbehandling. Vi ber om at verdien av eit levande lokalsamfunn, og betydninga av ein nærskule, blir teken på alvor.
For vi er her. Barna våre er her. Framtida til Flekke og Fjaler er her.
Og vi ønskjer at endå fleire skal få moglegheita til å velje Flekke, slik vi gjorde.
Med helsing:
Anders og Anne Nikoline m/familie
Ingvild og Svein m/familie
Geir og Amalie m/familie
Alexander og Eivor m/familie
Sara og Einar m/familie
Harald og Kjersti m/familie
Marte og Adrian m/familie
Øystein og Lone m/familie
Vegard og Sandra m/familie
Arne og Myrtle m/familie
Marie og Torstein m/familie
Stine - Chris m/familie
Håkon Harry - Synnøve m/familie
Per Kristian og Jenny m/familie
Katrine og Knut Odin m/familie
Tommy og Iselin
Viljar og Natalia
Terese og Nikolai m/familie
Thea og Elid
Jimmy & Taren m/familie
David & Lykke m/familie
Mathew - Liusaidh
Alex & Sarah m/familie
Emma og Kiran m/familie
Christopher og Guro m/familie
Per og Ida
Marit og Svante m/famile
Vedlegg: Uttale frå Tommy og Iselin
Vi er eit ungt par som har valgt å byggje hus og etablere oss i Flekke. Tommy er fødd og oppvaksen her og har sjølv gått på Flekke skule. No har vi valgt å skape ei framtid her saman.
Vi er ikkje aleine om dette. Dei siste åra har mange unge valgt å flytte til Flekke, byggje hus og etablere seg. Noko av det som gjer Flekke til ein attraktiv plass å busetje seg, er nettopp nærleiken til skule, barnehage og butikk. Det å ha desse tilbuda i nærmiljøet betyr mykje, særleg for unge som ønskjer å stifte familie.
Vi har sjølv erfart kor mykje det betyr å vekse opp i ei lita bygd med skulen i nærmiljøet. Vi har begge opplevd ein trygg og god oppvekst i eit lite miljø, der vi kjende oss sett og hadde det godt. Dette er oppvekstvilkår vi set stor pris på, og som vi ønskjer at framtidige generasjonar også skal få oppleve.
Vi har forståing for at kommunen står i ein krevande økonomisk situasjon og må sjå på innsparingar. Samtidig meiner vi det er viktig å tenke langsiktig. Kva konsekvensar vil det få for framtidig tilflytting dersom skulen forsvinn? Vil unge familiar framleis sjå på Flekke som ein attraktiv plass å etablere seg?
Det er viktig å sjå på kva ein skule betyr for eit lokalsamfunn, ikkje berre kva han kostar å drive. Ein nærskule kan bidra til trygghet, fellesskap, tilflytting og framtidstru.
Det handlar ikkje berre om elevtalet i dag, men også om barna som enno ikkje er fødde, og framtida til bygda.
Vedlegg: Bilete av tilflytta familiar


























Tilflytta familiar i Flekke skulekrins
Dei siste åra har Flekke skulekrins hatt ei omfattande tilflytting av familiar. Dette har mellom anna bidrege til folketalsvekst i Fjaler kommune, levande grender utanfor kommunesenteret og til Fjaler kommune sin økonomi.
Sidan 2019 har 22 familiar med 48 born flytta til og etablert seg i Flekke skulekrins. I tillegg er det fleire par i etableringsfasen (3 par) og fleire enkeltpersonar som har etablert seg i bygda. Dette er ei blanding av folk som har vokst opp i skulekrinsen og flytta tilbake, familiar som har etablert seg her utan særskilt tilknyting til Flekke og familiar som er knytt til UWC og Hauglandssentert. Desse tala beskriv ikkje anna enn ei suksesshistorie for ei bygd med Flekke sin storleik. Er ikkje dette noko alle mindre kommunar strebar etter? Vi er svært forundra over desse tala verken er kommentert eller at det er undersøkt nærare og lagt meir vekt på i saksutgreiinga til administrasjonen.
Desse familiane gjev eit vesentleg bidrag til kommuneøkonomien. Dersom ein skisserer ein familie med to born, som er representativt for dei tilflytta familiane, der begge foreldra er i full jobb, har eitt born i barnehage og eitt i skulealder vil det samla årlege økonomiske bidraget til Fjaler kommune vere like i underkant av 500 000 kr. Her er det medrekna inntektsskatt, kommunale avgifter, eigenandel til SFO og barnehage og statlege rammetilskot. Ein slik familie vil finansiere sine eigne tenester, i tillegg til å bidra til fellesskapet.
| Kjelde for inntekt | Årleg verdi til kommunen | Forklaring |
|---|---|---|
| Inntektsskatt | ca. 140 000 kr | Basert på 12,75 % kommuneskatt av alminneleg inntekt (etter standard frådrag) ved 1,4 mill. i bruttoinntekt. |
| Kommunale avgifter | 18 218 kr | Fast årleg gebyr til Fjaler kommune for vatn, avløp, renovasjon og feiing. |
| Eigedomsskatt (Bustad verdt 4 mill) | ca. 4 480 kr | Fjaler har ein skattesats på 1,6 promille. Skattegrunnlaget vert sett til 70 % av formuesverdien (4 mill. × 0,70 = 2,8 mill.). |
| Barnehageplass (Eigenandel) | ca. 22 000 kr | Foreldrebetaling basert på gjeldande makspris (2 000 kr/mnd i 11 månader). |
| SFO-plass (Redusert plass) | ca. 20 900 kr | Eigenandel for skulefritidsordninga (1 900 kr/mnd i 11 månader). |
| Statleg rammetilskot (4 personar) | ca. 280 000 kr | Generelle overføringar frå staten via inntektssystemet, berekna til om lag 70 000 kr per innbyggjar for ein distriktskommune som Fjaler. |
| TOTAL VERDI PER ÅR | ca. 485 598 kr | Familien sitt samla bidrag til Fjaler kommune. |
Flekke skule har utan tvil vore ein avgjerande faktor for at så mange familiar har valt å etablere seg i bygda. Kor mange som ville ha etablert seg her utan skule er umogeleg å talfeste. Like vanskeleg er det å talfeste kor mange framtidige familiar som vil velje vekk Flekke dersom skulen forsvinn. Det vi derimot kan vere rimeleg sikre på er at fleire av desse familiane ville valt å busetje seg i ein anna kommune dersom Flekke ikkje hadde hatt ein skule.
Kvar familie som vel å busetje seg i ein anna kommune, representerer tap av framtdigie inntekter. Om t.d. 5 av familiane hadde busett seg i ein anna kommune, ville dette ha gitt om lag 2,5 mill. kr i lågare inntekter til kommunen. Då kan ein spørje seg; kan Fjaler kommune verkeleg ta sjansen på å legge ned Flekke skule og risikere lågare framtidige inntekter og bør ein heller sjå på mogelege auke i inntekter frå tilflyttarar enn på kostnadar?
Med helsing tilflyttarar sidan 2019, her representert av 21 av 25 par:
Anders og Anne Nikoline m. fam
Geir og Amalie m. fam
Alexander og Eivor m. fam
Sara og Einar m. fam
Harald og Kjersti m. fam
Marte og Adrian m. fam
Øystein og Lone m. fam
Vegard og Sandra m. fam
Arne og Myrtle m. fam
Marie og Torstein m. fam
Nikolai og Terese m. fam
Stine og Chris m. fam
Håkon Harry og Synnøve m. fam
Per Kristian og Jenny m. fam
Katrine og Knut Odin m. fam
David og Lykke - m. fam
Emma og Keiran - m. fam
Tommy og Iselin
Viljar og Natalia
Thea og Elid
Mathew og Liusaidh
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.