Støttar tilrådinga om å behalde ungdomssteget på Våge – viktig for idrett og fysisk aktivitet
FURE IDRETTSLAG
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fure Idrettslag
- Avsender
- Lag og organisasjon
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-74
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur - Fure Idrettslag (pdf, 78KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 66KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 18 punkter og standpunkt
Standpunkt: 3: imot
-
Samfunnshensyn · argument Fure Idrettslag har de siste ti årene tatt initiativ til og bidratt til anlegg og utstyr ved Våge skule for om lag 10 millioner kroner.
«Berre dei siste ti åra har Fure Idrettslag vore initiativtakar, byggherre og bidrege til finansieringa av mellom anna kunstgrasbane, eit stort og moderne trimrom, ballbinge, sandvolleyballbane og innkjøp av trenings- og idrettsutstyr. Desse tiltaka representerer ei samla investering på om lag 10 millionar kroner.»
-
Samfunnshensyn · argument Anleggene er viktige møteplasser som skaper aktivitet og fellesskap i bygda.
«Anlegga er samtidig viktige møteplassar som skaper aktivitet og fellesskap i bygda.»
-
Samfunnshensyn · argument Skolen og idrettsanleggene bør ses i sammenheng, og verdiene skapt gjennom kommunale investeringer, frivillig innsats og idrettslagets bidrag bør tas vare på.
«Vi meiner det er viktig å sjå skulen og idrettsanlegga i samanheng, og å ta vare på dei verdiane som gjennom mange år er skapte gjennom kommunale investeringar, frivillig innsats og betydelege økonomiske bidrag frå idrettslaget.»
-
Samfunnshensyn · argument Flere ungdommer kan falle fra organisert idrett, noe som er uheldig for den enkelte, folkehelsen og det lokale idrettsmiljøet.
«Vi meiner det er ein reell fare for at fleire ungdommar då vil falle frå organisert idrett og redusere den fysiske aktiviteten sin. Dette vil vere uheldig både for den enkelte ungdommen, for folkehelsa og for det lokale idrettsmiljøet.»
-
Samfunnshensyn · argument En lengre skoledag kan svekke grunnlaget for det frivillige idrettsarbeidet i ytre Fjaler.
«Dette vil også kunne svekkje grunnlaget for det frivillige idrettsarbeidet i ytre Fjaler.»
-
Samfunnshensyn · krav Konsekvensene for fysisk aktivitet, folkehelse, fritidstilbud og frivillig arbeid må tillegges stor vekt i den videre behandlingen.
«Vi ber om at konsekvensane for fysisk aktivitet, folkehelse, fritidstilbod og det frivillige arbeidet i lokalsamfunnet blir tillagde stor vekt i den vidare behandlinga av saka.»
-
Barns beste · argument Kunstgressbanen og trimrommet har ført til en tydelig økning i fysisk aktivitet blant ungdommene i skolekretsen.
«Særleg etableringa av kunstgrasbana og trimrommet har etter vår oppleving ført til ein tydeleg auke i den fysiske aktiviteten blant ungdommane i skulekrinsen.»
-
Barns beste · argument Når fasilitetene ligger nær der barn og unge bor og går på skole, blir terskelen for fysisk aktivitet lavere.
«Når gode fasilitetar ligg i nærleiken av der barn og unge bur og går på skule, blir terskelen for å vere fysisk aktiv lågare.»
-
Barns beste · argument En nedleggelse av ungdomstrinnet på Våge kan føre til redusert fysisk aktivitet blant ungdommene.
«Fure Idrettslag er difor uroa for at ei nedlegging av ungdomssteget på Våge vil kunne føre til redusert fysisk aktivitet blant ungdommane våre.»
-
Barns beste · argument Alle elever i Fjaler bør ha gode og likeverdige rammer for læring og fysisk aktivitet uansett skole.
«Samstundes meiner vi det må vere eit grunnleggjande mål at alle elevar i Fjaler skal ha gode og likeverdige rammer for læring og fysisk aktivitet, uavhengig av kva skule dei går på.»
-
Skyss og reisetid · argument Den lange reiseveien er en av de mest alvorlige konsekvensene av å flytte ungdomstrinnet til Dingemoen.
«For Fure Idrettslag er den lange reisevegen ein av dei mest alvorlege konsekvensane ved ei eventuell flytting av ungdomssteget til Dingemoen.»
-
Skyss og reisetid · argument Ungdom som driver lagidrett reiser allerede til Askvoll, Dale eller Hyllestad, og familiene bruker mye tid på transport.
«Etter dette er det vanleg at dei som ønskjer å halde fram med lagidrett, deltek på treningar og kampar i Askvoll, Dale eller Hyllestad. … Mange familiar brukar fleire ettermiddagar og kveldar i veka på transport til og frå trening og andre fritidsaktivitetar.»
-
Skyss og reisetid · argument Samlet daglig reisetid kan bli to til tre timer for mange elever, noe som går ut over tid til lekser, hvile, sosialt samvær og fysisk aktivitet.
«For ein stor del av elevane kan den samla daglege reisetida bli mellom to og tre timar. Det vil gå direkte utover tida og overskotet dei har til lekser, kvile, sosialt samvær og fysisk aktivitet.»
-
Skyss og reisetid · argument Etter lang skoleskyss blir terskelen høy for å ta bil og ferje til trening om kvelden.
«For elevar som allereie har brukt fleire timar på skuleskyss, vil terskelen for å setje seg i bilen og ta ferja for å delta på trening om kvelden bli svært høg.»
-
Bygg og barnehagen · argument Idrettslagets anlegg gir skolen tilgang til moderne fasiliteter for fysisk aktivitet og undervisning.
«Dette er investeringar som ikkje berre kjem medlemmene i idrettslaget til gode, men som også gir skulen tilgang til gode og moderne fasilitetar for fysisk aktivitet og undervisning.»
-
Bygg og barnehagen · argument Våge skule er i forholdsvis god stand, men bygg, tekniske installasjoner og utstyr trenger jevnlig vedlikehold og oppgradering.
«Etter vår vurdering er Våge skule i forholdsvis god stand. Det er likevel slik at både bygg, tekniske installasjonar og utstyr har ei avgrensa levetid, og at det med jamne mellomrom er nødvendig med vedlikehald og oppgraderingar.»
-
Bygg og barnehagen · argument Lysanlegget i gymsalen er i så dårlig stand at det har et tydelig behov for oppgradering.
«Eit konkret døme er lysanlegget i gymsalen, som blir nytta av både skulen og idrettslaget. Dette er no i så dårleg stand at lysforholda er svært mangelfulle, og anlegget har eit tydeleg behov for oppgradering.»
-
Bygg og barnehagen · krav Nødvendige oppgraderinger og vedlikehold i skolene må gjennomføres i stedet for å holde tilbake investeringer.
«Fure Idrettslag ser difor med uro på at det har vore lufta tankar om å halde tilbake investeringar i Fjalerskulen. Vi meiner det er viktig at nødvendige oppgraderingar og vedlikehald blir gjennomførte»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Høyringsuttale frå Fure Idrettslag
Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune
Fure Idrettslag støttar kommunedirektøren si tilråding om å oppretthalde ungdomssteget ved Våge skule. Vi meiner det er viktig at Våge framleis skal vere ein 1.–10.-skule.
I denne høyringsuttalen vil vi særleg løfte fram forhold som er viktige for Fure Idrettslag, og kva betydning ungdomsskulen på Våge har for fysisk aktivitet, idrettsglede og fritidstilbodet til barn og unge i ytre Fjaler.
Samarbeid og investeringar i skule- og idrettsanlegget
Fure Idrettslag har heilt sidan Våge skule vart bygd på 1980-talet vore ein aktiv bidragsytar til utviklinga av anlegg og utstyr som kjem både skulen, idrettslaget og lokalsamfunnet til gode. Gjennom fleire tiår har det vore eit godt samarbeid mellom idrettslaget og kommunen om å utvikle området på og rundt skulen.
Berre dei siste ti åra har Fure Idrettslag vore initiativtakar, byggherre og bidrege til finansieringa av mellom anna kunstgrasbane, eit stort og moderne trimrom, ballbinge, sandvolleyballbane og innkjøp av trenings- og idrettsutstyr. Desse tiltaka representerer ei samla investering på om lag 10 millionar kroner.
Dette er investeringar som ikkje berre kjem medlemmene i idrettslaget til gode, men som også gir skulen tilgang til gode og moderne fasilitetar for fysisk aktivitet og undervisning. Anlegga er samtidig viktige møteplassar som skaper aktivitet og fellesskap i bygda.
Fure Idrettslag ønskjer å vidareføre og utvikle det gode samarbeidet med Fjaler kommune. Vi meiner det er viktig å sjå skulen og idrettsanlegga i samanheng, og å ta vare på dei verdiane som gjennom mange år er skapte gjennom kommunale investeringar, frivillig innsats og betydelege økonomiske bidrag frå idrettslaget.
Fysisk aktivitet og idrettsglede blant barn og unge
Erfaringane våre viser at gode og tilgjengelege idrettsanlegg har stor betydning for aktivitetsnivået blant barn og unge. Særleg etableringa av kunstgrasbana og trimrommet har etter vår oppleving ført til ein tydeleg auke i den fysiske aktiviteten blant ungdommane i skulekrinsen.
Når gode fasilitetar ligg i nærleiken av der barn og unge bur og går på skule, blir terskelen for å vere fysisk aktiv lågare. Det gir rom for både organisert trening og eigenorganisert aktivitet, og gjer det enklare for ungdommane å bruke anlegga i kvardagen.
Fure Idrettslag er difor uroa for at ei nedlegging av ungdomssteget på Våge vil kunne føre til redusert fysisk aktivitet blant ungdommane våre. Ei slik endring vil ikkje berre påverke skulekvardagen, men også moglegheitene til å nytte dei lokale idrettsanlegga og delta i fritidsaktivitetar.
Lang skuleveg vil gå utover deltaking i idrett og fritidsaktivitetar
For Fure Idrettslag er den lange reisevegen ein av dei mest alvorlege konsekvensane ved ei eventuell flytting av ungdomssteget til Dingemoen.
Vi er eit idrettslag i ein liten skulekrins, og aktivitetstilbodet vårt må naturleg nok tilpassast talet på barn og unge i området. Fure Idrettslag kan tilby mellom anna individuelle idrettsaktivitetar, aktivitetar som krev få deltakarar, og styrke- og uthaldstrening i trimrommet.
Når det gjeld lagidrett, som engasjerer mange barn og unge, har vi i hovudsak høve til å gi eit lokalt tilbod fram til barna er om lag ti år gamle. Etter dette er det vanleg at dei som ønskjer å halde fram med lagidrett, deltek på treningar og kampar i Askvoll, Dale eller Hyllestad.
Dette er ei ordning som har fungert godt gjennom mange år, men som allereie krev mykje tid og innsats frå både barn og foreldre. Mange familiar brukar fleire ettermiddagar og kveldar i veka på transport til og frå trening og andre fritidsaktivitetar.
Dersom ungdomsskuleelevane i tillegg får ein vesentleg lengre skuleveg, vil dette gjere kvardagen langt meir krevjande. For ein stor del av elevane kan den samla daglege reisetida bli mellom to og tre timar. Det vil gå direkte utover tida og overskotet dei har til lekser, kvile, sosialt samvær og fysisk aktivitet.
Fure Idrettslag fryktar at ungdommane i praksis vil bli stilte overfor eit val mellom å prioritere skulearbeid og kvile eller å delta i idrett og fritidsaktivitetar. For elevar som allereie har brukt fleire timar på skuleskyss, vil terskelen for å setje seg i bilen og ta ferja for å delta på trening om kvelden bli svært høg.
Vi meiner det er ein reell fare for at fleire ungdommar då vil falle frå organisert idrett og redusere den fysiske aktiviteten sin. Dette vil vere uheldig både for den enkelte ungdommen, for folkehelsa og for det lokale idrettsmiljøet.
Likeverdige rammer og behov for vedlikehald
Fure Idrettslag har forståing for og respekt for den krevjande økonomiske situasjonen Fjaler kommune står i. Vi ser at kommunen må gjere prioriteringar, og at det er behov for å finne løysingar som sikrar ei berekraftig drift over tid.
Samstundes meiner vi det må vere eit grunnleggjande mål at alle elevar i Fjaler skal ha gode og likeverdige rammer for læring og fysisk aktivitet, uavhengig av kva skule dei går på.
Etter vår vurdering er Våge skule i forholdsvis god stand. Det er likevel slik at både bygg, tekniske installasjonar og utstyr har ei avgrensa levetid, og at det med jamne mellomrom er nødvendig med vedlikehald og oppgraderingar.
Eit konkret døme er lysanlegget i gymsalen, som blir nytta av både skulen og idrettslaget. Dette er no i så dårleg stand at lysforholda er svært mangelfulle, og anlegget har eit tydeleg behov for oppgradering.
Fure Idrettslag ser difor med uro på at det har vore lufta tankar om å halde tilbake investeringar i Fjalerskulen. Vi meiner det er viktig at nødvendige oppgraderingar og vedlikehald blir gjennomførte, slik at ein tek vare på eksisterande bygg og anlegg og sikrar gode forhold for elevane.
Det ville vere uheldig dersom manglande investeringar over tid fører til at kvaliteten på tilboda blir svekt, særleg i område der både kommunen og frivilligheita allereie har lagt ned store ressursar i å utvikle gode skule- og idrettsanlegg.
Avslutning
Fure Idrettslag meiner at ei eventuell nedlegging av ungdomssteget ved Våge skule vil få konsekvensar som strekkjer seg langt utover sjølve skuledrifta.
Gjennom mange år har idrettslaget, kommunen og lokalsamfunnet saman utvikla eit skule- og idrettsområde med gode fasilitetar og eit breitt aktivitetstilbod. Desse investeringane har bidrege til meir fysisk aktivitet, større idrettsglede og eit sterkare fellesskap blant barn og unge.
Vi fryktar at ein vesentleg lengre skulekvardag vil redusere ungdommane sine moglegheiter til å delta i både organisert og eigenorganisert aktivitet. Dette vil også kunne svekkje grunnlaget for det frivillige idrettsarbeidet i ytre Fjaler.
Fure Idrettslag støttar difor kommunedirektøren si tilråding om å bevare ungdomssteget ved Våge skule. Vi ber om at konsekvensane for fysisk aktivitet, folkehelse, fritidstilbod og det frivillige arbeidet i lokalsamfunnet blir tillagde stor vekt i den vidare behandlinga av saka.
Med helsing
Fure Idrettslag
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.