← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 19. oktober 2026

Støttar Våge som 1.–10.-skule – peikar på reisetid og barnets beste

FAU Våge barnehage

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Barnehage og skole
Tema
Journalpost
2025/1844-70
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 106KB) · hos kommunen
Høyringsuttale - Utgreiing skulestruktur (pdf, 60KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 25 punkter og standpunkt

Standpunkt: 3: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringsuttale frå FAU i Våge barnehage

Sak 25/1844 – Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune

FAU i Våge barnehage ønskjer med dette å kome med innspel til høyringa om framtidig skulestruktur i Fjaler kommune.

For oss handlar denne saka først og fremst om barna som i dag går i barnehagen, og om kva slags oppvekst- og skuletilbod dei skal møte dei neste åra. Avgjerda som vert teken no, vil få konsekvensar langt utover dagens elevtal og dagens kommuneøkonomi. Ho vil vere med på å forme kvar familiar ønskjer å bu, korleis lokalsamfunna utviklar seg, og kva kvardag framtidige elevar i Fjaler skal ha.

FAU i Våge barnehage støttar kommunedirektøren si tilråding om å vidareføre Våge som ein kombinert barne- og ungdomsskule. Vi meiner at Våge skule må bestå som eit fullverdig og framtidsretta skuletilbod. For barna som går i Våge barnehage i dag, er dette den løysinga som sikrar nærleik, kontinuitet og eit føreseieleg oppvekstløp i eige lokalmiljø.

Barnehage og skule må sjåast i samanheng

For barn i barnehagealder er overgangen til skulen ei stor endring. På Våge har ein eit oversiktleg oppvekstmiljø der barn, føresette og tilsette kjenner lokalsamfunnet og kvarandre. Nærleiken mellom barnehage og skule legg til rette for ein trygg overgang og kontinuitet i barna sin oppvekst.

Når ein vurderer framtidig skulestruktur, meiner FAU at ein derfor ikkje berre kan sjå på elevane som går på skulane i dag. Barna som no går i barnehagen er dei komande skulekulla. Det er desse barna som skal leve lengst med konsekvensane av vedtaket.

Ei svekking eller avvikling av det lokale skuletilbodet vil også endre føresetnadene for barnehagen og for familiar som vurderer å busetje seg i området. Barnehage, skule, busetjing og lokal samfunnsutvikling må vurderast samla.

Eit svekt lokalt skuletilbod kan også gjere det vanskelegare å rekruttere og halde på tilsette i barnehagen, fordi tilgangen til skule i nærmiljøet har betydning for kvar tilsette med barn ønskjer å busetje seg. For FAU handlar dette om å sikre eit stabilt personale og eit trygt og godt barnehagetilbod.

Skuleskyss og reisetid – konkrete konsekvensar for barna

Reiseveg er ikkje ein liten detalj i denne saka. Han er ein del av skuledagen og ein del av barna sin kvardag. Bussreisa éin veg frå Våge skule, med samanliknbar eksisterande bussrute, er 60 minutt. Då har ein ikkje tatt omsyn til tida elevar brukar frå heimen til skulen. For mange elevar er det reiseveg på 10 til 15 minutt ekstra. I tillegg til dette har ein tid frå inngangsdør til buss.

Det betyr i praksis at enkelte barn og unge kan bruke mellom to og tre timar på skuleskyss kvar skuledag. Over ei vanleg skuleveke kan dette utgjere rundt 10–15 timar på buss. Over eit heilt skuleår er det svært mykje tid som vert teken frå fritid, familie, vener, aktivitetar og kvile.

For barna som går i barnehagen i dag, og barna på barneskulen, er dette særleg alvorleg. Dei skal inn i skulesystemet om kort tid, og eit vedtak om struktur no kan definere kvardagen deira i mange år framover.

Kvaliteten på vegen frå Våge til Dingemoen er heller ikkje ein ubetydeleg faktor. Vegen er ofte stengd ved store nedbørmengder, og det har gått ras på vegen fleire gonger. Kommunen må vurdere korleis vegstengingar og rasfare kan påverke tryggleiken og høvet til å kome seg til og frå skulen på ein føreseieleg måte.

FAU meiner derfor at kommunen ikkje kan omtale skuleskyss berre som eit transport- eller kostnadsspørsmål. Før endeleg vedtak må kommunen leggje fram realistiske berekningar av samla reisetid frå heim til skule og tilbake, inkludert gangtid, ventetid og eventuelle byte. Den samla belastninga på barnet må vurderast.

Barnet sitt beste må vere styrande

Barnet sitt beste må vere eit grunnleggjande omsyn i denne saka. For barna i Våge-området må vurderinga ta utgangspunkt i den samla kvardagen deira, ikkje berre i kvar sjølve undervisninga kan gjennomførast. Det inneber mellom anna å vurdere lengda på skuledagen inkludert transport, tid til fritid og kvile, deltaking i fritidsaktivitetar, sosial tilhøyrsle og familietid. Dei lange reisetidene gjer at ei endring av skuletilbodet vil få direkte og omfattande konsekvensar for barna sin kvardag. Etter FAU si vurdering talar dette tydeleg for å vidareføre Våge som barne- og ungdomsskule.

Ein skule er meir enn ein bygning

Våge skule er ein viktig del av infrastrukturen i lokalsamfunnet. For barnefamiliar er tilgang til barnehage og skule blant dei mest grunnleggande faktorane når ein vurderer kvar ein skal etablere seg. Dersom kommunen ønskjer levande bygder og busetjing også utanfor kommunesenteret, må det finnast grunnleggande tenester som gjer det realistisk å bu der med barn. Når ein skule først vert redusert eller lagd ned, er konsekvensane vanskelege å reversere. Færre barnefamiliar kan igjen føre til færre barn i barnehagen, lågare folketal og ytterlegare svekking av grunnlaget for lokale tenester.

Næringssatsinga på Lutelandet må også inngå i dette framtidsbiletet. Bue har opplyst at første byggjetrinn kan gi rundt 30 faste arbeidsplassar, og har peika på at lokal barnehage og skule er viktig for rekrutteringa. For FAU er det sentrale at nye arbeidsplassar kan gje fleire barnefamiliar og styrkje grunnlaget for barnehagen og skulen dersom familiane vel å busetje seg i nærområdet. Kommunen må ta høgde for denne moglegheita når framtidig barne- og elevtal vert vurdert.

FAU meiner kommunen må sjå skulestrukturen i eit langsiktig samfunnsperspektiv, der oppvekstvilkår, busetjing og utviklinga av lokalsamfunnet vert vurderte samla.

Økonomiske vurderingar må vere fullstendige

FAU har forståing for at Fjaler kommune må ha kontroll på økonomien. Samstundes må det økonomiske biletet vise alle kostnader som følgjer av ei eventuell strukturendring, det er mange faktorar som ikkje er vurdert eller belyst i Agenda Kaupang sin rapport.

FAU meiner derfor at skuleskyss, transportbehov, kapasitet og bemanning ved andre skular, investeringar og bygningsmessige tiltak må vere synlege i beslutningsgrunnlaget, samt fråflytting eller mangel på tilflytting. Berre då får kommunestyret eit korrekt bilete av kva dei ulike alternativa faktisk inneber økonomisk.

For FAU er hovudpoenget at økonomiske rekneark ikkje fangar heile verdien av eit lokalt skuletilbod eller den belastninga lange reisevegar påfører barna.

Det må vere plass til små skular i Fjaler

Små skular vert ofte vurderte ut frå kva dei kostar per elev. Men små einingar kan også ha kvalitetar som er vanskelege å uttrykkje i eit rekneark. Oversiktlege miljø, nære relasjonar mellom barn og vaksne, god kjennskap til den enkelte eleven og tett samarbeid mellom heim og skule er store styrkar. FAU meiner derfor at målet ikkje bør vere å skape størst mogleg einingar, men å finne ein skulestruktur som gir gode og berekraftige oppvekstvilkår i heile kommunen.

Fjaler er ein distriktskommune med spreidd busetjing. Då må også tenestestrukturen i ein viss grad vere tilpassa geografien kommunen faktisk har.

Avgjerda må tole eit framtidsperspektiv

Barna som går i Våge barnehage i dag skal leve med konsekvensane av vedtaket mykje lenger enn dei som tek avgjerda. FAU ber derfor kommunestyret løfte blikket utover dei neste budsjetta og stille spørsmålet:

Kva slags kommune ønskjer Fjaler å vere for barnefamiliar om 10, 20 og 30 år?

Dersom målet er levande lokalsamfunn, busetjing i heile kommunen og attraktive oppvekstmiljø, meiner vi at lokale barnehagar og skular er ein heilt sentral del av løysinga. Det er lett å leggje ned eit tilbod. Det er langt vanskelegare å byggje det opp att når familiar, kompetanse og elevgrunnlag først har forsvunne.

FAU si klare oppmoding

På bakgrunn av dette ber FAU i Våge barnehage om at:

FAU i Våge barnehage meiner at Våge skule har ein verdi for barna og lokalsamfunnet som ikkje kan målast berre i kostnad per elev. Den verdien må vere ein del av grunnlaget når framtidas Fjaler skal formast.

For barna våre er dette ikkje først og fremst ei økonomisak. Det handlar om kvar dei skal gå på skule, kor mykje av barndommen dei skal bruke på transport, kven dei skal vekse opp saman med, og kva slags lokalsamfunn dei skal få vere ein del av.

Etter FAU si vurdering talar omsynet til barna, reisebelastninga, kontinuiteten frå barnehage til skule og den langsiktige utviklinga av lokalsamfunnet tydeleg for å vidareføre Våge skule.

FAU i Våge barnehage
Oktober 2026

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.