← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 21. oktober 2026

Ber om å bevare Flekke skule – meiner innsparingstala ikkje held

Ingvild Espedal

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Privatperson
Tema
Journalpost
2025/1844-68
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 88KB) · hos kommunen
Uttrekk: 18 punkter og standpunkt

Standpunkt: 1: imot 2: imot 3: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Bygdekommunen Fjaler

Om det er nokon saker ein er vande med når ein bur i ein bygdekommune så må det vere dårleg kommuneøkonomi og spørsmål om skulenedlegging. Det å legge ned skular fører med seg svært dårlege samfunnsøkonomiske konsekvensar for ei bygd. Eg trur me endå har til gode at Firda eller andre lokalaviser kan skimte med ei slik overskrift: «La ned den lokale skulen, lokalsamfunnet blomstrar.» Difor vekker dette sterkt og stort engasjement blant oss. Eg er oppvoksen på Hellevika og gjekk på Hellevik skule i 3 år før den vart lagt ned, me vart flytta til Våge skule og gjekk der fram til tiande klasse, deretter gjekk vegen vidare til Dale vidaregåande skule. Eg bur no i Espedalen på gard med mannen min, vi har to døtre, ei som går på førskulen i Flekke barnehage og ei som går i andre klasse på Flekke skule.

Ein skule skal ikkje leggast ned KUN for å spare pengar. Fjaler kommune sin økonomi er pressa – det er ingen av oss som no kjempar for Flekke eller Våge skule som ikkje forstår dette. Det einaste argumentet som vert brukt for å legge ned Flekke skule er nettopp for å spare pengar. Sjukefråværet på Flekke skule er så lågt at kommunedirektøren skrytte av det på folkemøte, elevane er fornøgde, lærarane er fornøgde, og vi har eit unikt tverrfagleg samarbeid mellom barnehagen og skulen i Flekke då dette er i same bygg.

Fjaler kommune er ein bygdekommune. Fjaler er ikkje berre Dale. Alle bygdene treng kvarandre. No må vi passe oss så vi ikkje brukar kommuneøkonomi som påskudd for noko anna, sentralisering. Når Firda skreiv tidleg at ein ville spare 10 millionar kroner på å legge ned Flekke skule (basert på Agenda kaupang sin rapport), og seinare at dette var enkel matematikk, kunne svaret virke opplagt. So var da heldigvis nokre lyse hovud som tenkte – lat oss no stille oss undrande til desse tala – for saka er jo faktisk den at me skal spare pengar. Det er jo svært uheldig å legge ned ein skule dersom desse tala ikkje viser seg å stemme. Kva skjedde? Jo, det viser seg, og dette er lagt fram til kommunedirektøren, at tala er svært misvisande. Det dreiar seg ikkje om 10 millionar overhode. Etter inngåande gjennomgang av tala frå fleire hald er tala no so svake at vi faktisk må stille det spørsmålet her: Vil vi egentlig spare noko vesentleg i kroner på å legge ned Flekke skule? I tillegg så kjem dette: kva med dei mange og store negative konsekvensane ei skulenedlegging faktisk fører med seg for lokalsamfunnet, næringslivet og folkeveksten som Flekke bygd har fått til? Dersom dette her FAKTISK dreiar seg om kommuneøkonomi, så hadde iallfall eg ikkje ville vore ein kommunedirektør, ein ordførar eller ein politikar som stemte for å legge ned ein skule for å spare pengar – som seinare synte seg å gjere det stikk motsatte. Vil de verkeleg ta den sjansen og det valet? Det er faktisk dykkar jobb å passe på at saka er tilstrekkeleg belyst, og at tala stemmer – det ansvaret ber eg dykk instendig ta på største alvor.

Ein dominoeffekt av å legge ned Flekke skule er for meg svært tydeleg både for vidare skulestruktur men også den politiske linja og oppslutnaden innad i kommunen.

Dersom saka dreiar seg om kommunoøkonomi og tala no er so svake, og kanskje rett og slett feil, så kan de ikkje velje å legge ned skulen for å spare pengar. For det vil de faktisk ikkje gjere. Vel de likevell å legge ned Flekke skule så er heller ikkje agenden dykkar å spare pengar. Då vil eg tørre å påstå å sei det er sentralisering.

Dersom det er sentralisering som er viktig for Fjaler kommune så er det også noko de må hugse neste gong Vestland fylkeskommune skal sjå på dei vidaregåande skulane. Dersom Fjaler kommune skal støtte ei nedlegging av Flekke skule, må de også støtte ei nedlegging av Dale vidaregåande skule. For i den store samanheng blir det er to sider av same sak. Eg vil driste meg til å påstå at kommunedirektøren og politikarane, då ville utfordra kvart einaste tal som støtta ei evt nedlegging av Dale vidaregåande skule. Det er ein viktig del av jobben til kommunedirektøren å sjå kritisk på tala og finne moglegheiter til innsparing. Då må ein og vere sikre på at ein gjer tiltak som fører nettopp til innsparing og ikkje verte for ivrige etter å vise til tiltak gjennomført.

Noko vi alle må hugse på når slike saker kjem, slutt å spel kvarandre opp mot kvarandre. På første folkemøte var det nedlegging av Flekke skule kontra helse og omsorg i Fjaler. Når det var forbi, så var det å stille Flekke og Våge opp mot kvarandre og fokus på avstand for elevane. Dette skapar berre splid, i ein bygdekommune treng me alle saman, og vi treng å stå samla for å beskytte kvarandre. Kommunane får altfor lite økonomisk støtte og altfor stort økonomisk ansvar sjølve. Vi må tørre å stå opp for oss sjølv. For oss i Flekke handlar ikkje dette om at vi tykkjer Dingemoen skule er ein forferdelig skule, eller at me på død og liv ikkje vil sende ungane våre til Dale. For der skal dei til slutt, og det er kjempe bra fordi ein treng den naturlege utviklinga. Det vi no kjempar for er at vi må passe på at den skjer på rett tidspunkt og av rett årsak.

Eg ber deg som les dette og er politikar, ikkje tolk argumenta våre for å ta vare på Flekke skule som argument for at vi tykkjer Dingemoen er ein dårleg skule. Flekke skule er ein god skule pga av det unike samfunnet i Flekke, pga det gode og tverrfaglege samarbeidet ein har der. Dette er det vi i Flekke skulekrins som har fått til, det er ikkje pga andre bygder me har fått det til, men der er heller ikkje på trass av andre bygder. Flekke skulekrins er ekstremt viktig for bygda, for næringslivet og for det lokale samfunnet vårt. Det er dette me kjempar FOR – ikkje tolk dette som at vi kjempar MOT Dale eller Dingemoen.

Eg ber dykk om å ikkje forandre på skulestrukturen i Fjaler kommune, og bevare Flekke skule. Ikkje stem for å legge ned fordi de skal spare pengar, når de ser no at tala ikkje viser dette. Ein kommune som ikkje ynskjer å legge til rette for vidare folkevekst i ei bygd og ein kommune, er ikkje ein kommune som vil bestå.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.