Vil behalde Flekke skule – peikar på rekruttering til Metier i Flekke
Jonny Pedersen
- Tittel
- Høyringsuttale - Ikkje legg ned Flekke skule – sats på framtida til Fjaler!
- Avsender
- Privatperson
Registrert hos kommunen som Fjaler Idrettsråd - Tema
- Journalpost
- 2025/1844-66
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Ikkje legg ned Flekke skule – sats på framtida til Fjaler! (pdf, 150KB) · hos kommunen
Uttrekk: 21 punkter og standpunkt
Standpunkt: 1: imot 2: imot
-
Økonomi · kritikk Kommunen legger vekt på den kortsiktige innsparingen uten å vise de langsiktige konsekvensene for næringsliv, bosetting, folketall og framtidige kommuneinntekter.
«Eg reagerer på at Fjaler kommune ser ut til å leggje stor vekt på den kortsiktige innsparinga ved å leggje ned Flekke skule, utan å synleggjere dei langsiktige konsekvensane for næringsliv, busetjing, folketalsutvikling og framtidige kommuneinntekter.»
-
Økonomi · kritikk Å regne på hva kommunen sparer uten å vurdere hva den risikerer å tape, gir et mangelfullt beslutningsgrunnlag.
«Å rekne nøyaktig på kva kommunen kan spare, utan å vurdere kva kommunen risikerer å tape, gir eit mangelfullt avgjerdsgrunnlag.»
-
Økonomi · spørsmål Er kommunens investeringer i Dale vurdert etter de samme prinsippene, med like grundige analyser av ringvirkninger, samfunnsnytte og framtidige inntekter?
«Fjaler kommune har investert i fleire viktige tiltak, mellom anna Nytta, Samvirke, beredskapshus, helsehus, skytebane og fotballbaner. Fleire av desse investeringane ligg i Dale. … Men er investeringane i Dale vurderte etter dei same prinsippa, med tilsvarande grundige analysar av ringverknader, samfunnsnytte og framtidige inntekter?»
-
Økonomi · krav Når gjeld og rentekostnader gir behov for innsparing, bør kommunen vurdere helheten og ikke bare kutte i tilbudet i en bygd med vekstpotensial.
«Når høg gjeld og rentekostnader fører til behov for innsparing, bør kommunen vurdere heilskapen – ikkje berre kutte i tilbodet i ei bygd som har potensial for vidare vekst.»
-
Økonomi · argument Kommunen risikerer å tape kompetanse, arbeidsplasser og framtidige skatteinntekter dersom den sparer på skolen.
«Då risikerer vi at kompetanse, arbeidsplassar og framtidige skatteinntekter går tapt for Flekke og Fjaler. Det vil vere eit paradoks dersom kommunen sparer pengar på skulen, men samstundes svekkjer grunnlaget for vekst og framtidige inntekter.»
-
Økonomi · krav Kommunale investeringer og innsparinger bør vurderes i et langsiktig samfunnsøkonomisk perspektiv på tvers av bygdene.
«vurdere kommunale investeringar og innsparingar i eit langsiktig samfunnsøkonomisk perspektiv, på tvers av bygdene»
-
Prosess · krav Kommunen bør gjennomføre en grundig konsekvens- og risikoanalyse av virkningene for næringsliv, rekruttering, bosetting, folketall og framtidige kommuneinntekter.
«gjennomføre ei grundig konsekvens- og risikoanalyse av verknadene for næringsliv, rekruttering, busetjing, folketalsutvikling og framtidige kommuneinntekter»
-
Samfunnshensyn · spørsmål Hvorfor legges ikke det samme langsiktige perspektivet til grunn for Flekke, som har næringsvirksomhet, arbeidsplasser og positiv folketallsutvikling?
«Kvifor vert ikkje det same langsiktige perspektivet lagt til grunn for Flekke? Her finst det næringsverksemd, arbeidsplassar og positiv folketalsutvikling.»
-
Samfunnshensyn · argument Nedleggelse av Flekke skule vil være et steg mot ytterligere sentralisering av tilbudene i kommunen.
«Slik eg ser det, vil nedlegging av Flekke skule bli eit steg mot ytterlegare sentralisering av tilboda i kommunen.»
-
Samfunnshensyn · krav Er sentralisering den politiske retningen, bør kommunen være åpen om det og drøfte hvilken bosettingsstruktur den ønsker.
«Dersom dette er den politiske retninga, bør kommunen vere open om det og drøfte kva slags busetjingsstruktur ein ønskjer i framtida.»
-
Samfunnshensyn · argument Kostnader, tilgjengelighet og transport må vurderes etter prinsipper som også tar hensyn til verdien av livskraftige bygder, slik tilbudene i Dale begrunnes tross kort avstand til Sande og Førde.
«Poenget er at kostnader, tilgjenge og transport må vurderast etter prinsipp som òg tek omsyn til verdien av å oppretthalde livskraftige bygder.»
-
Samfunnshensyn · krav Ønsker kommunen levende lokalsamfunn, må den være villig til å prioritere og investere i bygdene.
«Dersom vi ønskjer det siste, må vi òg vere villige til å prioritere og investere i bygdene.»
-
Samfunnshensyn · argument Avsenderen valgte Norconsult som kjøper av Pecom AS fordi de ville bygge videre på kompetansen i Flekke, og har selv investert i kontorlokaler og arbeidsplasser der med en netto belastning på om lag 7,5 millioner kroner.
«Vi valde Norconsult fordi dei ønskte å byggje vidare på kompetansen i Flekke og styrkje kontoret der. … Eg har sjølv investert i kontorlokale og arbeidsplassar i Flekke. Etter salet og investeringane er den samla netto økonomiske belastninga mi på om lag 7,5 millionar kroner.»
-
Samfunnshensyn · krav Når næringslivet velger å satse i Flekke, må kommunen vise at den vil være en medspiller.
«Då må kommunen òg vise at han ønskjer å vere ein medspelar.»
-
Samfunnshensyn · argument Prosjekter Metier har vunnet gjennom avtaler med Sira-Kvina, Lyse Kraft og Hydro skal ledes fra Flekke.
«Norconsult AS skil no ut verksemda i Flekke til Metier AS for å leggje til rette for ei tydelegare og meir langsiktig satsing på kompetansen som er bygd opp i Flekke. Gjennom avtalar med Sira-Kvina, Lyse Kraft og Hydro skal prosjekt som Metier har vunne, leiast frå Flekke.»
-
Samfunnshensyn · argument Tonstad 1 alene ventes å gi mer enn 250 årsverk over åtte år, og de andre prosjektene mer enn dobler omfanget.
«Berre Tonstad 1, som er det største vasskraftprosjektet i Noreg på 30 år, er venta å generere meir enn 250 årsverk over ein periode på åtte år. Dei andre prosjekta vil meir enn doble dette omfanget når dei kjem i full drift.»
-
Samfunnshensyn · argument For å rekruttere unge sivilingeniører er det avgjørende at de ansatte kan tilby familien en attraktiv hverdag med god skole, trygg oppvekst og gode fritidstilbud.
«Løn og faglege utfordringar er viktige, men det er òg avgjerande at dei tilsette kan tilby familien ein attraktiv kvardag, med ein god skule, trygg oppvekst og gode fritidstilbod.»
-
Samfunnshensyn · argument En nedleggelse fører ikke automatisk til fraflytting, men kan gjøre rekruttering vanskeligere og på sikt flytte opplæring og rekruttering til Oslo eller større steder.
«Ei nedlegging av Flekke skule vil ikkje automatisk føre til fråflytting. Men ho kan gjere det vanskelegare å rekruttere nye medarbeidarar og få unge familiar til å busetje seg her. Ei nedlegging vil på sikt føre til at opplæring og rekruttering i større grad vert lagd til Oslo eller andre større stader.»
-
Samfunnshensyn · argument En nedleggelse kan gi en negativ spiral med færre tilflyttere, vanskeligere rekruttering og svekket grunnlag for arbeidsplasser og tjenester.
«Dersom skulen vert lagd ned, kan det oppstå ein negativ spiral: Det vert mindre attraktivt for familiar å flytte til bygda, rekruttering vert vanskelegare, og grunnlaget for lokale arbeidsplassar og tenester vert svekt.»
-
Samfunnshensyn · krav Kommunen bør samarbeide med næringslivet om en plan for arbeidsplasser, vekst og bosetting.
«samarbeide med næringslivet om ein plan for arbeidsplassar, vekst og busetjing i Flekke og resten av kommunen.»
-
Samfunnshensyn · argument Legges Flekke skule ned, blir det vesentlig vanskeligere å rekruttere til Flekke, og avsenderen må vurdere rådet fra Metier-ledelsen om å legge rekruttering og opplæring til Oslo.
«Dersom Flekke skule vert lagd ned, vil det bli vesentleg vanskelegare for oss å rekruttere medarbeidarar til Flekke. Eg må då òg ta på alvor råda frå Metier-leiinga om å vurdere om rekruttering og opplæring heller bør skje i Oslo.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Eg reagerer på at Fjaler kommune ser ut til å leggje stor vekt på den kortsiktige innsparinga ved å leggje ned Flekke skule, utan å synleggjere dei langsiktige konsekvensane for næringsliv, busetjing, folketalsutvikling og framtidige kommuneinntekter.
Å rekne nøyaktig på kva kommunen kan spare, utan å vurdere kva kommunen risikerer å tape, gir eit mangelfullt avgjerdsgrunnlag. Dette er kritikkverdig, særleg når kommunen samtidig ønskjer vekst og utvikling.
Investeringar og prioriteringar – gjeld dei same prinsippa i heile kommunen?
Fjaler kommune har investert i fleire viktige tiltak, mellom anna Nytta, Samvirke, beredskapshus, helsehus, skytebane og fotballbaner. Fleire av desse investeringane ligg i Dale. Det kan vere gode og nødvendige investeringar, men dei viser òg at kommunen er villig til å bruke pengar for å utvikle lokalsamfunnet.
Kvifor vert ikkje det same langsiktige perspektivet lagt til grunn for Flekke? Her finst det næringsverksemd, arbeidsplassar og positiv folketalsutvikling. Likevel er den kommunale satsinga avgrensa, og no står sjølve skulen i fare.
Kommunen reknar på kostnaden per elev ved Flekke skule og samanliknar med andre skular. Men er investeringane i Dale vurderte etter dei same prinsippa, med tilsvarande grundige analysar av ringverknader, samfunnsnytte og framtidige inntekter? Når høg gjeld og rentekostnader fører til behov for innsparing, bør kommunen vurdere heilskapen – ikkje berre kutte i tilbodet i ei bygd som har potensial for vidare vekst.
Sentralisering eller levande lokalsamfunn i heile Fjaler?
Slik eg ser det, vil nedlegging av Flekke skule bli eit steg mot ytterlegare sentralisering av tilboda i kommunen. Dersom dette er den politiske retninga, bør kommunen vere open om det og drøfte kva slags busetjingsstruktur ein ønskjer i framtida.
Dersom argumentet er at barn kan transporterast med buss og bil til ein annan skule, må vi òg stille eit større spørsmål: Kvifor treng vi vidaregåande skule, politistasjon, kulturhus, fotballhall og andre fasilitetar i Dale når det er relativt kort køyreavstand til Sande og Førde? Og kva er grunngjevinga for å oppretthalde tenester og institusjonar regionalt dersom sentralisering og lågast mogleg kostnad per innbyggjar skal vere det avgjerande prinsippet?
Poenget er ikkje at tilboda i Dale er unødvendige. Dei er viktige for Dale og for heile regionen. Poenget er at kostnader, tilgjenge og transport må vurderast etter prinsipp som òg tek omsyn til verdien av å oppretthalde livskraftige bygder.
Dersom målet berre er lågast mogleg utgift per innbyggjar, vil det i teorien vere mest kostnadseffektivt om flest mogeleg bur i byane. Men ønskjer Fjaler kommune å forsterke sentraliseringa, eller vil kommunen bidra til å ta vare på busetjingsstrukturen vi har i Noreg, med levande lokalsamfunn i heile landet?
Dersom vi ønskjer det siste, må vi òg vere villige til å prioritere og investere i bygdene. Å halde oppe eller leggje ned Flekke skule er eitt av mange viktige val i denne samanhengen. Det handlar ikkje berre om skulebudsjettet, men om kva retning kommunen vel for framtida.
Flekke som stad for næringsutvikling og arbeidsplassar
Då Pecom AS vart seld til Norconsult i 2021, kunne eigarane ha valt andre interessentar som var villige til å betale langt meir for verksemda. Vi valde Norconsult fordi dei ønskte å byggje vidare på kompetansen i Flekke og styrkje kontoret der. Vi såg dette som ei god moglegheit til å vidareutvikle verksemda og sikre ei langsiktig satsing på den særskilde kompetansen vår innan store og komplekse energiprosjekt.
Eg har sjølv investert i kontorlokale og arbeidsplassar i Flekke. Etter salet og investeringane er den samla netto økonomiske belastninga mi på om lag 7,5 millionar kroner. Dersom eg i staden hadde bygd opp verksemda i Oslo, ville det økonomiske resultatet vore 20–25 millionar kroner betre.
Eg valde likevel Flekke fordi eg ønskte å bidra til lokale arbeidsplassar, næringsutvikling og framtidstru. Det er nettopp slike val som kan skape vekst og sikre busetjing utanfor dei større sentra. Då må kommunen òg vise at han ønskjer å vere ein medspelar.
Metier kan gi store ringverknader for Flekke
Norconsult AS skil no ut verksemda i Flekke til Metier AS for å leggje til rette for ei tydelegare og meir langsiktig satsing på kompetansen som er bygd opp i Flekke. Gjennom avtalar med Sira-Kvina, Lyse Kraft og Hydro skal prosjekt som Metier har vunne, leiast frå Flekke. Kompetansen og erfaringa i Metier-teamet har vore ein viktig faktor for at selskapa har fått tildelt prosjekta.
Berre Tonstad 1, som er det største vasskraftprosjektet i Noreg på 30 år, er venta å generere meir enn 250 årsverk over ein periode på åtte år. Dei andre prosjekta vil meir enn doble dette omfanget når dei kjem i full drift. Samla sett gir dette eit betydeleg potensial for nye arbeidsplassar og auka aktivitet i lokalsamfunnet.
For å realisere potensialet må vi behalde eit sterkt kompetansemiljø i Flekke og sikre at ein vesentleg del av bemanninga er knytt hit. Det krev gode rammer for rekruttering og ein stad der folk ønskjer å bu og etablere seg.
Skulen er ein del av grunnlaget for vidare vekst
Når vi skal rekruttere unge sivilingeniørar frå NTNU og andre universitet, konkurrerer vi med arbeidsgivarar over heile landet. Løn og faglege utfordringar er viktige, men det er òg avgjerande at dei tilsette kan tilby familien ein attraktiv kvardag, med ein god skule, trygg oppvekst og gode fritidstilbod.
Ei nedlegging av Flekke skule vil ikkje automatisk føre til fråflytting. Men ho kan gjere det vanskelegare å rekruttere nye medarbeidarar og få unge familiar til å busetje seg her. Ei nedlegging vil på sikt føre til at opplæring og rekruttering i større grad vert lagd til Oslo eller andre større stader.
Då risikerer vi at kompetanse, arbeidsplassar og framtidige skatteinntekter går tapt for Flekke og Fjaler. Det vil vere eit paradoks dersom kommunen sparer pengar på skulen, men samstundes svekkjer grunnlaget for vekst og framtidige inntekter.
Kommunen må vurdere heile rekneskapen
Ei vurdering av Flekke skule kan ikkje avgrensast til kostnaden per elev. Ho må òg omfatte konsekvensane for næringslivet, rekrutteringa, busetjinga, folketalsutviklinga, lokale tenester og framtidige kommuneinntekter.
Dersom skulen vert lagd ned, kan det oppstå ein negativ spiral: Det vert mindre attraktivt for familiar å flytte til bygda, rekruttering vert vanskelegare, og grunnlaget for lokale arbeidsplassar og tenester vert svekt. Kortsiktig innsparing kan dermed gi større kostnader og tap på lengre sikt.
Næringslivet i Flekke opplever det som direkte provoserande at kommunen reknar grundig på kostnaden ved å drive skulen, men ikkje i same grad vurderer kva tap av arbeidsplassar, busetjing og framtidige inntekter kan koste.
Kommunen må vurdere både kostnaden ved å halde oppe skulen og risikoen ved å leggje han ned. Alt anna gir eit mangelfullt og ubalansert avgjerdsgrunnlag.
Våre oppmodingar til kommunen og politikarane
Eg ber Fjaler kommune om å:
- avvise forslaget om å leggje ned Flekke skule
- gjennomføre ei grundig konsekvens- og risikoanalyse av verknadene for næringsliv, rekruttering, busetjing, folketalsutvikling og framtidige kommuneinntekter
- vurdere kommunale investeringar og innsparingar i eit langsiktig samfunnsøkonomisk perspektiv, på tvers av bygdene
- samarbeide med næringslivet om ein plan for arbeidsplassar, vekst og busetjing i Flekke og resten av kommunen.
Dersom Flekke skule vert lagd ned, vil det bli vesentleg vanskelegare for oss å rekruttere medarbeidarar til Flekke. Eg må då òg ta på alvor råda frå Metier-leiinga om å vurdere om rekruttering og opplæring heller bør skje i Oslo. Det vil vere eit tap både for verksemda og for lokalsamfunnet.
Fjaler kommune må ikkje berre administrere økonomisk nedgang. Kommunen må leggje til rette for vekst.
Eg oppmodar politikarane til å sjå heilskapen og velje ei løysing som styrkjer framtida til Fjaler. Hald oppe Flekke skule – og sats på utvikling, arbeidsplassar og levande lokalsamfunn i heile kommunen.
Med vennleg helsing
Jonny Pedersen
Prosjektdirektør
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.