Vil behalde Flekke skule – fleire i vennegjengen har flytta heim
Eivor Flekke med fleire
- Tittel
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
- Avsender
- Privatperson
- Tema
- Journalpost
- 2025/1844-63
- Dokumenter
- Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 96KB) · hos kommunen
Uttrekk: 15 punkter og standpunkt
Standpunkt: 1: argumenterer imot 2: argumenterer imot
-
Økonomi · argument Det er vanskeligere å regne på hva en bygd kan tape enn på hva en nedleggelse kan spare.
«Det er kanskje lett å tru at ein kan spare ved å leggje ned ein skule. Det er langt vanskelegare å rekne på kva ei bygd kan tape.»
-
Økonomi · argument En nedleggelse kan gi innsparing på kort sikt, men kan koste på lang sikt.
«Ei skulenedlegging kan kanskje gje ei innsparing på kort sikt. Men kva vil det koste på lang sikt?»
-
Samfunnshensyn · argument Fem i vennegjengen har flyttet eller er på vei hjem til Flekke, tre vurderer det, og om de kommer avhenger i stor grad av hva som skjer med skolen.
«Fem har allereie flytta heim til Flekke eller er på veg, og tre er potensielle heimflyttarar. Om alle vel å komme heim er i stor grad avhengig av kva som skjer med skulen.»
-
Samfunnshensyn · argument Dale kan bli det naturlige samlingspunktet også på fritiden.
«Då risikerer vi at Dale også blir det naturlege samlingspunktet på fritida.»
-
Samfunnshensyn · argument En nedleggelse kan gradvis flytte deler av barndommen og barnas sosiale liv ut av Flekke.
«Vi er redde for at ei nedlegging ikkje berre vil flytte undervisninga ut av bygda, men også gradvis flytte delar av barndommen og det sosiale livet til borna våre vekk frå Flekke.»
-
Samfunnshensyn · argument Konsekvensene av en nedleggelse, blant annet for om barna senere vil flytte hjem, viser seg kanskje først etter mange år.
«Konsekvensane av ei skulenedlegging vil vi kanskje ikkje sjå før om fem, ti eller tjue år.»
-
Samfunnshensyn · argument Flekke har hatt positiv utvikling med folketallsvekst og nye arbeidsplasser som bør bygges videre på.
«Flekke har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra med folketalsvekst og nye arbeidsplassar. … Det burde vere noko å byggje vidare på.»
-
Samfunnshensyn · argument En nedleggelse kan gjøre det mindre attraktivt for nye familier å flytte til Flekke.
«Ei nedlegging av skulen kan gjere det mindre attraktivt for nye familiar å flytte hit.»
-
Samfunnshensyn · argument En nedleggelse kan gjøre det vanskeligere for de store arbeidsplassene i bygda å rekruttere.
«Det kan gjere det vanskelegare for dei store arbeidsplassane i bygda å rekruttere tilsette.»
-
Samfunnshensyn · argument Færre barnefamilier kan få konsekvenser for barnehagen, nærbutikken og resten av lokalsamfunnet.
«Færre barnefamiliar kan igjen få konsekvensar for barnehagen, nærbutikken og resten av lokalsamfunnet.»
-
Samfunnshensyn · argument Å ta bort skolen kan sette i gang en utvikling som senere blir svært vanskelig å snu.
«Dersom ein tek bort ein så sentral del som skulen, risikerer ein å setje i gang ei utvikling som det seinare kan bli svært vanskeleg å snu.»
-
Samfunnshensyn · argument Å fjerne skolen kan svekke det som får neste generasjon til å flytte hjem.
«Korleis skal vi få neste generasjon til å flytte heim, dersom vi gradvis fjernar det som gjorde at vi sjølve ynskte å kome tilbake?»
-
Barns beste · argument Flekke skule har vært en grunnstein for et fellesskap der barn på tvers av alder leker sammen.
«Og kva har vore ein av dei viktigaste grunnsteinane for dette fellesskapet? Flekke skule.»
-
Barns beste · argument Flyttes skolen til Dale, kan fellesskapet på tvers av alder blant barna i Flekke gradvis forsvinne.
«Dersom skulen blir flytta til Dale, fryktar vi at dette fellesskapet gradvis vil forsvinne.»
-
Barns beste · argument Barna vil i større grad knytte vennskap til klassekamerater som bor andre steder.
«Borna vil i større grad knyte vennskap til sine eigne klassekameratar, som hovudsakleg bur andre stader.»
Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.
Høyringsuttale om framtida til Flekke skule
Vi er ein vennegjeng frå årskulla 1995–1998, som alle har vakse opp i Flekke. Fem har allereie flytta heim til Flekke eller er på veg, og tre er potensielle heimflyttarar. Om alle vel å komme heim er i stor grad avhengig av kva som skjer med skulen.
Vi har kjent kvarandre sidan vi var små, delt utallege opplevingar og skapt minne som vi framleis snakkar om den dag i dag. Sjølv om livet etterkvart tok oss i ulike retningar, har vennskapet halde fram. I dag, rundt 30 år etter at vi først fann kvarandre i ei lita bygd, er vi framleis gode vener. Og fleire av oss har valt å flytte heim att. Det er ikkje tilfeldig. For det er noko heilt spesielt med å vekse opp i ei bygd som Flekke. Noko vi kanskje ikkje forstod verdien av då vi var små, men som har blitt stadig viktigare for oss etter kvart som vi har blitt vaksne og nokon av oss sjølve har fått born. Vi ynskjer å gje våre eigne born og den neste generasjonen, noko av det same som vi var så heldige å få oppleve. Ein trygg og god barndom, med fridom til å leike, eit sterkt samhald og ei kjensle av å høyre til.
Vi vaks opp i ei bygd der vi kunne springe fritt mellom husa, banke på døra til naboen og spørje om nokon ville vere med ut. Kvar laurdag samla vi oss på butikken. Der kunne vi sitje i timevis, berre prate og vere saman, før vi gjekk vidare til skuleplassen for å leike spark på pinne, spele brentball eller finne på noko sprell. Dette gjentok seg laurdag etter laurdag, år etter år. På sommaren brukte vi utallege ettermiddagar og kveldar på skuleplassen eller på Hammaren. Om vinteren samla vi oss med akebretta ved postkassene i byggefeltet og sigla ned langs hovudvegen. Etterpå sat vi i enden av snarvegen og prata, før vi gjentok det heile, igjen og igjen. Den gongen tenkte vi ikkje over kor heldige vi var. Det var berre slik barndommen vår var. Først no, når vi sjølve har blitt vaksne og fått born, forstår vi kanskje kor verdifull han eigentleg var.
Det som kanskje er aller mest spesielt når vi ser tilbake, er kor mange forskjellige årskull som leika saman. Alder hadde lite å seie. Vi var ikkje berre klassekameratar eller naboar. Vi var ein stor vennegjeng på tvers av alder. Og kanskje er det nettopp dette som seier mest om oppveksten vår. For mange av dei vennskapa som vart skapte på skuleplassen, på butikken og mellom husa i Flekke, er like sterke den dag i dag. Vi har vakse opp, flytta ut, teke utdanning, fått oss arbeid og nokre har stifta eigne familiar. Livet har endra seg, men vennskapet har bestått. Det seier noko om kva slags fellesskap vi fekk vere ein del av. Og det er nettopp dette fellesskapet vi ynskjer at våre eigne born skal få oppleve. Vi ynskjer at dei skal få springe bort til naboen og spørje om nokon vil leike. At dei skal få vener på tvers av alder. At dei skal kjenne seg trygge, inkluderte og verdifulle i eit fellesskap der alle kjenner kvarandre og bryr seg om kvarandre. Vi ynskjer at dei ein dag skal sjå tilbake på sin eigen barndom med den same varmen som vi gjer. Og kva har vore ein av dei viktigaste grunnsteinane for dette fellesskapet?
Flekke skule.
Det som kanskje uroar oss aller mest, er kva ei nedlegging vil gjere med samhaldet mellom borna i Flekke. Vi voks opp i ei bygd der vennskap ikkje var avgrensa til eit bestemt klassetrinn. Vi var ein stor gjeng på tvers av alder. Dersom skulen blir flytta til Dale, fryktar vi at dette fellesskapet gradvis vil forsvinne. Borna vil i større grad knyte vennskap til sine eigne klassekameratar, som hovudsakleg bur andre stader. Når skuledagen er over, vil det vere naturleg å ynskje å vere der venene er. Då risikerer vi at Dale også blir det naturlege samlingspunktet på fritida. Og kva skjer då med Flekke? Med barna som spring mellom husa, med dei spontane samlingane på skuleplassen og med vennskapa som oppstår på tvers av alder? Vi fryktar at borna i Flekke i mindre grad vil søkje saman, fordi kvardagen deira i større grad blir knytt til andre stadar. At dei lokale vennskapa blir færre, og at avstanden mellom borna i bygda gradvis blir større. Det er nettopp dette fellesskapet som har gjort at mange av oss har valt å flytte heim att. Vi er redde for at ei nedlegging ikkje berre vil flytte undervisninga ut av bygda, men også gradvis flytte delar av barndommen og det sosiale livet til borna våre vekk frå Flekke. For når barna sluttar å samlast i bygda, risikerer vi å miste noko langt større enn ein skule. Vi risikerer å miste det fellesskapet som har gjort Flekke til ein stad folk ynskjer å kome tilbake til.
Kva skjer med dette fellesskapet dersom skulen forsvinn? Det er kanskje lett å tru at ein kan spare ved å leggje ned ein skule. Det er langt vanskelegare å rekne på kva ei bygd kan tape. For korleis set ein ein prislapp på tilhøyrsle? På vennskap som blir skapte på tvers av alder? På tryggleiken ved å vekse opp i eit fellesskap der ein kjenner kvarandre? Og korleis reknar ein på verdien av at eit born ein dag, mange år fram i tid, ynskjer å flytte heim att? Konsekvensane av ei skulenedlegging vil vi kanskje ikkje sjå før om fem, ti eller tjue år. Kanskje ser vi dei først når våre eigne born blir vaksne. Vil dei kjenne den same tilhøyrsla til Flekke som vi har gjort? Vil dei ha dei same sterke banda til bygda og menneska her? Og vil dei, slik som oss, ynskje å flytte heim att for å la sine eigne born vekse opp her?
Det veit vi ikkje.
Men vi veit at ein skule er så mykje meir enn ein stad der born får undervisning. Han er med på å forme barndommen, skape vennskap og byggje identitet. Han gjev borna røter, og han er med på å skape ei tilhøyrsle som kan vare livet ut.
Flekke har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra med folketalsvekst og nye arbeidsplassar. Det er ei bygd der folk ynskjer å bu, byggje og skape ei framtid. Der unge familiar har valt å satse, investere og slå rot. Det burde vere noko å byggje vidare på. Ei nedlegging av skulen kan gjere det mindre attraktivt for nye familiar å flytte hit. Det kan gjere det vanskelegare for dei store arbeidsplassane i bygda å rekruttere tilsette. Færre barnefamiliar kan igjen få konsekvensar for barnehagen, nærbutikken og resten av lokalsamfunnet. For alt heng saman. Skulen, barnehagen, butikken, arbeidsplassane og innbyggjarane er ikkje isolerte delar av bygda. Dei er delar av det same fellesskapet, og dei er avhengige av kvarandre. Dersom ein tek bort ein så sentral del som skulen, risikerer ein å setje i gang ei utvikling som det seinare kan bli svært vanskeleg å snu.
Ei skulenedlegging kan kanskje gje ei innsparing på kort sikt. Men kva vil det koste på lang sikt? Og kva er eigentleg prisen for at ei bygd gradvis mistar noko av det som gjer at vi ynskjer å bu der? For oss som har valt å flytte heim eller vurderer å gjere det, handlar dette om mykje meir enn kvar borna våre skal få undervisning. Det handlar om barndommen deira. Om minna dei skal skape, vennskapa dei skal knyte, og kjensla av å høyre til. Det handlar om kva slags bygd vi ynskjer å overlate til neste generasjon. Vi er ein vennegjeng som har fått oppleve kva det betyr å vekse opp i Flekke. Vi har med oss minne og vennskap som har følgt oss gjennom heile livet. No står vi her som vaksne, fleire av oss med eigne born, og ynskjer oss eigentleg berre det same som vi sjølve fekk. At borna våre skal få ein barndom dei ser tilbake på med like mykje glede som vi gjer. At dei skal skape vennskap som varer livet ut, og kjenne ei tilhøyrsle som er så sterk at ho ein dag kanskje fører dei heim att. Til Flekke.
Korleis skal vi få neste generasjon til å flytte heim, dersom vi gradvis fjernar det som gjorde at vi sjølve ynskte å kome tilbake?
Helsing ein vennegjeng frå årskulla 1995–1998, Tommy Rudi Flekke, Tarald Skaar, Sander Eikevik Dyrstad, Sara Eikevik Dyrstad, Eivor Flekke, Guro Flekke, Elid Myklebust Haaland og Frida Haugsbakk.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.