← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 19. oktober 2026

Vil behalde ungdomstrinnet på Våge – tvilar på tilbygg og innsparing

VÅGE SKULE

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Barnehage og skole
Tema
Journalpost
2025/1844-56
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 66KB) · hos kommunen
Høyringsuttale (pdf, 66KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 31 punkter og standpunkt

Standpunkt: 3: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Høyringsuttale til sak 25/1844 Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune

Vi viser til offentleg ettersyn av sak 25/1844 Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune med høyringsfrist 20. oktober 2026. Høyringsuttalen vår representerer dei tilsette ved Våge skule. Vi støttar kommunedirektøren si tilråding om å behalde ungdomstrinnet ved Våge skule. Under har vi samla våre hovudinnspel til saka.

Kvalitet

Både i Agenda Kaupang sin rapport og i hovuddokumentet til offentleg ettersyn blir det hevda at ei flytting av ungdomstrinnet ved Våge til Dingemoen vil gje betre moglegheiter for fagleg spesialisering og fagleg breidde. Som svar til dette vil vi understreke at eit godt fagmiljø handlar i 2026 ikkje om samlokalisering og kor mange lærarar som fysisk sitt saman på kontor eller møterom, men korleis einingane og kommunen organiserer kompetansedeling. Ved å sikre digitale fagnettverk eller digitale møtepunkt, vil ein både få lokal forankring og breiare fagleg sparring. Interkommunale nettverk og samarbeid kan og gje større fagmiljø. Våge skule har blant anna hatt samarbeid med Hyllestad når det kjem til eksamensførebuing. Vidare viser mengdeargumentet i rapporten til at det fleire som er samla, det meir meiningsbryting vil skje. Meiningsbryting er òg avhengig av ulik erfaringsbakgrunn, utdanning, alder, kjønn og fleire andre faktorarar enn berre tal personar samla i eitt rom.

I begge dokumenta, Agenda Kaupang sin rapport og i hovuddokumentet til offentleg ettersyn, blir det lagt vekt på avgrensingane ein liten skule har, og vi saknar ein grundigare gjennomgang av moglegheitene ein liten skule har meir enn oversiktleg miljø og høg pedagogtettleik per elev. Dei to sistnemnde er absolutt to sentrale styrker ved skulen, men ein liten skule gir og fleire moglegheiter.

Ei styrke ved Våge skule er moglegheita for fagleg samarbeid på tvers av trinn. Fordi vi er ein kombinert barne- og ungdomsskule kan vi dra nytte av den samla kompetansen ved skulen, dele erfaringar og utvikle felles pedagogisk praksis på tvers av alderstrinn. Dette gir gode moglegheiter for profesjonsfellesskap, kontinuitet i opplæringa og læring mellom tilsette med ulik erfaring og fagbakgrunn. Dette kan bidra til å styrkje kvaliteten i undervisninga og gi elevane eit meir heilskapleg opplæringsløp. Lærarane ved ungdomstrinnet er viktige bidragsytarar i dette profesjonsfellesskapet. Til dømes kan ein i matematikk samlast som team og drøfte ynskja utvikling og planlegge arbeid og mål gjennom heile utdanningsløpet. Ved skulen har vi etablerte fagseksjonar som arbeider med fagutvikling og kompetanseheving, og sidan det er eit mindre miljø er det kortare veg mellom avgjersler, gjennomføring og evaluering.

Ein annan styrkje ved skulen er dei aldersblanda undervisningsgruppene. Fådelte skular gir særlege moglegheiter for samarbeid hos elevane på tvers av alderstrinn.

Eldre elevar kan støtte yngre elevar både fagleg og sosialt, noko som fremjar utvikling av sentrale dugleikar som samarbeid, kommunikasjon, leiarskap og omsyn til andre. Dette bidreg til eit trygt og inkluderande læringsfellesskap. Til dømes har ungdomstrinnet og mellomtrinnet ved skulen hatt høgtlesingstunder i barnehagen som ligg rett ved sidan av, og elevrådet har i fysisk aktivitet organisert aktivitetar på tvers av alder. Dette gir elevane verdifull sosial erfaring blant anna i å tilpasse seg kvarandre. I tillegg lærer elevane å forklare til kvarandre, ofte yngre elevar, noko som fremjar fagleg refleksjon og metakognisjon.

Vidare gir dei mindre undervisingsgruppene betre moglegheiter for å utnytte ressursane rundt skulen. Våge skule jobbar aktivt for å ha ei meir praktisk tilnærming til fag blant anna gjennom uteskule, ekskursjonar og leik som læringsform for dei yngste trinna. Dette er i tråd med utviklinga innafor norsk skule i dag, der elevane skal få erfare samanhengen mellom teori og praksis og utvikle kompetanse gjennom utforskande og aktive arbeidsmåtar. Hos oss gir organiseringa og storleiken på elevgruppene gode føresetnader for å lukkast med dette arbeidet. For ungdomstrinnet er dette spesielt viktig i valfag og arbeidslivsfag. Når ungdomstrinnet har mindre elevgrupper, får lærarane høve til å leggje til rette for meir elevaktive arbeidsformer. Dette støttar opp om intensjonane i overordna del av læreplanen, der det blir lagt vekt på at elevane skal utvikle kompetanse gjennom deltaking, utforsking og praktisk arbeid. Dette er òg ei side ved Våge skule som gjer arbeidsplassen attraktiv for framtidige arbeidssøkjarar.

I tillegg vil vi legge til at ein desentralisert skulestruktur er viktig for kommunen viss ein ynskjer ein robust skule. Å ha to ungdomstrinn i kommunen gir moglegheiter, blant anna gjennom to ulike skulemiljø med sine erfaringar og kompetanse. Erfaringsdeling mellom ein fådelt skule og fulldelt skule sikrar ei breiare innsikt i korleis drive opplæring og skule. Vidare gir to ungdomstrinn moglegheiter i eventuelle skulemiljøsaker der bytte av miljø kan vere eit godt tiltak.

Avslutningsvis når det kjem til kvalitet deler vi bekymringa for konsekvensen for barne- og mellomtrinnet viss ungdomstrinnet ved Våge blir lagt ned. Skulen vert redusert til ein rein barneskule, noko som gjer skulen mindre attraktiv som arbeidsplass. Lærarar som jobbar på ungdomstrinnet har ofte utdanning som gir undervisningskompetanse for 5. til 10. klasse. Fagmiljøet vil verte mindre, og det som Agenda Kaupang i sin rapport framhev som svakheiter ved kvaliteten ved skulen, vil verte større. Vi vil òg få fram at lærarar ved Våge skule jobbar ikkje berre på eit trinn, men på tvers. Det vil derfor verte utfordrande når det kjem til ressursbruk, timeplanlegging og vikarhandtering med færre å spele på.

Skuleskyss

Reisetid frå Våge skule til Dale med buss vil vere 60 minutt viss bussen køyrer direkte frå Våge skule (dette med utgangspunkt i eksisterande bussrute innover).

Denne reisevegen åleine vil gjere at elevane frå Våge vil vere ein del av dei 5 % som har lengst reiseveg i landet.

Med direkte frå Våge skule meiner vi at ein ikkje tar omsyn til reisetid frå heimen til Våge skule. Mange av elevane vil vere avhengig av transport som hentar elevar frå heimen til næraste busstopp, og denne reisetida frå dør til busstopp, kjem då i tillegg. For dei fleste elevane vil reisevegen innebere transport frå dør til skulebuss frå Våge skule, for deretter å ta denne til Dale. Det vil med andre ord vere meir enn 75 minutt reisetid éin veg for mange av elevane. I tillegg til lang reiseveg er det ein utrygg reiseveg med smal veg og dårleg vegstandard. Vi veit av tidlegare år at det ikkje har vore tilrådd at elevar frå ytre delar av kommunen reiser inn til Dale dagar der det er mykje nedbør. Tida elevane brukar på skulebussen vil òg vere tid utan tilsyn av vaksne.

Økonomisk innsparing

I rapporten vert det sagt at å legge ned ungdomstrinnet ved Våge vil gje ein «begrenset økonomisk effekt» (Agenda Kaupang, 2026, s.89-90). Hovudsakleg vil innsparinga skje gjennom reduserte stillingar (redusert kostnadsnivå per elev), gjennom redusert bruk av bygget og fordi ein slepp å bygge eit tilbygg ved skulen viss ungdomstrinnet vert flytta til Dingemoen. Vi vil hevde at innsparingane som ein kjem fram til i rapporten, vil vere endå mindre. For det første gjentek vi at lærarar ved Våge skule jobbar ikkje berre på eit trinn, men på tvers. Det vil derfor verte utfordrande når det kjem til ressursbruk, timeplanlegging og vikarhandtering med færre å spele på. Det kan føre til at ein i større grad må leige inn andre som vikarar. Vidare ser vi ikkje at ei nedlegging av ungdomstrinnet vil føre til redusert bruk av bygget. Einaste rommet som er i bruk berre til ungdomstrinnet er eitt rom med ein skiljevegg mellom. Eitt rom vil ikkje føre til nemneverdig reduksjon i utgifter til reinhald og straum.

Når det kjem til tilbygget er vi ikkje einig i at dette er behov for. Vi treng oppussing av eksisterande bygningsmasse for å legge betre til rette for sløyd og naturfag, til dømes at eksisterande sløydsal vert rehabilitert og brukt som eit kombinasjonsrom for desse faga med eit eige rom med avsug. Vi har ledige rom som kan omdisponerast til kontorareal for tilsette. Vurderinga vår samsvarar med rapporten utarbeida av Agenda Kaupang våren 2025, der det står: «Skolen har altså tilstrekkelig areal» og «[…] skolen har nok grupperom og spesialrom da både klasserom som er til overs og bibliotek kan nyttes til dette.» (Agenda Kaupang, 2025, s.25-26.) I førebels delrapport 1 18.03.2026 står det om areal og moderniseringsbehov av skulen: «Vi vil anbefale at det jobbes med å transformere annet areal ved skolen […]. Skolen har nok areal så dette anses som en enkel oppgave.» og «Skolen har ikke behov for hverken omfattende renovering eller tilbygg/nybygg. Det er nok areal, men det bør gjøres vedlikehold og enkel ombygging når det gjelder å omdisponere noe areal.» (Agenda Kaupang, 18.03.2026, s.41-42). Det har heile vegen vore snakk om omdisponering, ikkje nybygg i form av eit tilbygg slik det står i endeleg sluttrapport (Agenda Kaupang, 08.05.2026, s.59).

Elevane sitt beste

Det er til elevane sitt beste å bevare ungdomstrinnet på Våge. På ungdomstrinnet har elevane valfag, mat og helse og nokre har arbeidslivsfag. I alle desse får ungdommane moglegheit til å delta og bidra i lokalsamfunnet. Vi meiner det er viktig at elevane får gjennomføre desse faga i nærmiljøet sitt. Når opplæringa tek utgangspunkt i lokale ressursar, verksemder og behov, styrkjer det både tilhøyrsla til bygda og forståinga for rolla dei sjølve kan ha som aktive deltakarar i lokalsamfunnet. Dette er viktig for at elevane skal føle at arbeidet dei gjer er meiningsfull, dei gir tilbake til bygda dei er ein del av, samstundes som det legg til rette for at dei ein dag vil kome tilbake viss dei flyttar vekk for vidare utdanning.

Skuleerfaringa dei får på Våge er verdifull. Å vere ein fådelt 1.-10. skule gjer elevane tilpassingsdyktige. Dei er færre og lærar å spele på kvarandre, og å samarbeide med medelevar på tvers av alder og modningsnivå.

Det er ikkje til barna sitt beste å utsette dei for så lang og dårleg reiseveg kvar dag for å gå på skule. I tillegg til tid tapt til å sitte på buss og vere inaktive, vil det avgrense moglegheitene dei har til å drive med ulike fritidsaktivitetar. Når ein først kjem heim etter skule, vert terskelen høg for å sette seg på nytt i bilen for å køyre til aktivitetar. I fleire tilfelle vil det vere vanskeleg å nå dei tidsmessig. I tillegg til aktivitetar på fritid påverkar den lange reisevegen tida til skulearbeid og lekse. Det vil vere mindre tid til å gjere dette på ein god måte, noko som igjen vil påverke skuleprestasjonane. Det er viktig at elevane er likestilte på skulebenken. Når nokre elevar må bruke lang tid på skulebuss stiller ikkje elevane på likt grunnlag.

For å oppsummere meiner vi at føremålet med utgreiing av skulestruktur var å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere kva for tiltak som vil føre til økonomisk innsparing. Ei nedlegging av ungdomstrinnet ved Våge skule vil ha ei avgrensa innsparing, og vi vil hevde at innsparinga som er skissert i Agenda Kaupang sin rapport, i realiteten vil vere mindre. Derimot vil ei nedlegging av ungdomstrinnet ved skulen ha fleire alvorlege negative konsekvensar. Først og fremst for barna sitt beste med tanke på skuleskyss og opplæringstilbod, men òg for fagmiljøet som blir igjen.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.