← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 16. oktober 2026

Meiner konsekvensane for Flekke barnehage ikkje er greidde ut

FLEKKE BARNEHAGE

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Barnehage og skole
Tema
Journalpost
2025/1844-54
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 67KB) · hos kommunen
Høyringsuttale (pdf, 90KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 21 punkter

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Flekke barnehage, 16.10.26.

Høyringsuttale kom064/26 -Framtidig skulestruktur i Fjaler

Samandrag:

Som styrar i Flekke barnehage meiner eg at konsekvensane for Flekke barnehage av ei eventuell nedlegging av Flekke skule ikkje er tilstrekkeleg utgreidde i rapporten frå Agenda Kaupang. Særleg saknar eg ei grundig vurdering av korleis ei nedlegging vil påverke barnehagen sitt pedagogiske arbeid, samarbeidet med skulen, fagmiljøet, økonomien og den framtidige rekrutteringa til barnehagen.

Det tette samarbeidet mellom barnehagen og skulen er i dag ein sentral styrke for både barn, foreldre og tilsette. Samlokaliseringa gir barna ein trygg og god overgang til skule, fremjar sosial og fagleg utvikling og bidreg til eit sterkt fellesskap i lokalmiljøet. Ei nedlegging av skulen vil svekkje desse kvalitetane og krevje nye løysingar for å sikre barna same gode overgang til skulen.

Eg meiner at dei økonomiske konsekvensane av ei nedlegging er mangelfullt utgreidde. Kostnader knytte til framtidig drift, bygning, transport og framtidige investeringar i Flekke barnehage er i liten grad vurderte. Samstundes er det uklart kva konsekvensar nedlegging av skulen kan få for framtidig barnetal og attraktiviteten til Flekke barnehage.

Uavhengig av kva som vert vedteke når det gjeld framtidig skulestruktur, vil det vere behov for Flekke barnehage i framtida. Konsekvensane for barnehagen bør verte vurderte heilskapleg og grundig før det vert fatta vedtak om framtidig skulestruktur i Fjaler kommune.

Ei heilskapleg vurdering av framtidig skulestruktur må også omfatte konsekvensane for barnehagetilbodet i bygda. I det følgjande utdjupar eg dei forholda eg meiner må leggjast til grunn i den vidare behandlinga av saka.

Bakgrunn

Då kommunestyret i Fjaler 11.12.25 vedtok mandat for arbeid med skulestruktur (kom074/25), står det at konsekvensar for barnehage i Flekke om skulen vert lagt ned skal vere ein del av rapport. I møte 08.01.26 vedtok styringsgruppa for arbeid med skulestruktur ein prosjektplan, der det er teke med eit eige punkt om Flekke barnehage i bestillinga til Agenda Kaupang: c. Eige delkapittel om konsekvensar for barnehage i Flekke dersom skulen vert lagt ned eller endra.

Konsekvensane for barnehagen er svært mangelfullt utgreia i rapporten frå Agenda Kaupang, anna enn å påpeike at det er behov for utbetring av barnehagen sine lokale uavhengig av framtidig skulestruktur. For Flekke barnehage meiner eg det er andre konsekvensar som er vel så viktige å få fram.

1. Samarbeid barnehage - skule

Flekke barnehage er i dag samlokalisert med Flekke skule, og har dermed Flekke skule som ein nær samarbeidspart både når det gjeld sjølve bygget, men også i det pedagogiske arbeidet i Flekke barnehage.

Flekke skule og barnehage vart samlokaliserte seint på 1990-talet og har i mange år også hatt felles leiing, før eininga vart delt igjen i august 2025. Likevel heldt det gode samarbeidet fram, med felles arrangement gjennom året, som Bli-Me-dagen, Turbo-tråkk, Barnehagedagen og andre arrangement knytt til høgtider og anna. Gjennom året har elevar frå skulen fast dag dei er i barnehagen for å lese for, og leike med, barna i barnehagen. Elevane i skulen kjem inn i barnehagen med høg leikekompetanse og er gode førebilete for barna i barnehagen. Dei får øve på å vere rollemodellar og omsorgsgjevarar for dei som er mindre enn seg, og barna i barnehagen har eldre barn å sjå opp til, og som dei knyter varige relasjonelle band med; ein felles identitetsmarkør som heiter Flekke skule OG barnehage.

Det gode samarbeidet mellom barnehagen og skulen kjem best til syne når det gjeld overgang barnehage-skule. Siste halvår før skulestart får førskulebarna besøke 1. klasse jamleg. Det vert sett av tid til at førskulebarna skal få ei trygg tilvenning til skulen. Dei møter elevar og tilsette i skulen, og får verte betre kjende med skulelokala og rutinane på skulen. I mai er det førskuleveke, då føl førskulebarna 1.klasse i tre dagar, ilag med tilsette frå barnehagen. Vi får svært mange tilbakemeldingar frå foreldre som opplever dette som svært positivt og ein stor styrke for barna deira, som får ein mjuk overgang frå barnehage til skule. Dei kjenner allereie skulelokala, SFO, skuleplassen, lærarane og elevane.

Barnehagen og skulen samarbeider om planleggingsdagar, foreldremøte og har felles samarbeidsutval og foreldrearbeidsutval.

1 a. Overgang

Dersom Flekke skule vert nedlagt, korleis sikrar ein at barna som går i Flekke barnehage får ei trygg og god tilvenning til Dingemoen skule? Barnehagane i Dale har i dag eit samarbeid. Plan for overgang barnehage – skule i Fjaler har som mål:

For å kunne gje barna i Flekke barnehage ein like god og trygg overgang frå barnehage til skule som dei har no, vil det føre til at barna må fraktast til Dale for å verte kjende med framtidige klassekameratar, lærarar og skulelokale. Per i dag treffast førskulebarna frå dei to barnehagane i Dale vekentleg siste året i barnehagen. Det vil verte knytt større utgifter til å sikre ein god overgang barnehage-skule for barna i Flekke barnehage, då dei må skyssast i buss ilag med tilsette til Dale. Det må vere eit mål at alle barn som skal gå på same skulen, skal ha like moglegheiter til å få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule.

1 b. Fagmiljø

Samarbeidet mellom barnehagen og skulen er viktig for dei tilsette. Når ein ser personalet frå dei to einingane under eitt, er det brei kunnskap og kompetanse i personalgruppa, som kjem både barnehagen og skulen til gode. I tillegg har dei tilsette felles sosiale møtepunkt med felles pauserom og sosiale samlingar elles. Dersom Flekke skule vert lagt ned, vil fagmiljøet som er att, verte mindre, og ein vil sakne noko av den kompetansen som vi kan nytte oss av i dag, t.d. når det gjeld symjeopplæring, der barnehagen og skulen samarbeider om personale med livredningsprøve.

Dei tilsette melder om godt arbeidsmiljø og høg grad av trivsel, og det viser att i eit stabilt personale, med lågt sjukefråvær.

1 c. Økonomi

Kva økonomiske konsekvensar vil ei nedlegging av Flekke skule få for Flekke barnehage i tillegg til auka utgifter i samband med overgang barnehage-skule? Der vi i dag deler lokale og utstyr og har nokre fordelar av samlokalisering, må barnehagen då stå åleine om utgiftene, både til kommunale avgifter, straum, ulike lisensar, kopimaskin og liknande. Lokala vil ha behov for varme, ettersyn og vedlikehald sjølv om ein stenger av nokre klasserom. Vil leiinga i Flekke barnehage få ansvar for heile bygget eller berre dei delane av bygget barnehagen nyttar i dag? Det er ikkje rekna på økonomiske konsekvensar for Flekke barnehage i høve ei nedlegging av Flekke skule, og det opplevast som at det ikkje er gitt særleg tanke heller.

2. Flekke barnehage i framtida

2 a. Lokale

Per i dag vert Flekke barnehage driven samlokalisert med skulen, hovudsakleg i eit påbygg frå 1997, i tillegg til at barnehagen lånar eit klasserom frå skulen, nyttar skulekjøkkenet i den daglege drifta, og har felles pauserom og kontorfellesskap med skulen i brakkeløysing. Barnehagen kan og nytte gymsalen til skulen. Barnehagen sine lokale har først og fremst utfordringar knytt til funksjonalitet. Småbarnsavdelinga har eit lite og trangt stellerom, barnehagen manglar eige kjøkken tilpassa dagens behov, personalet har ikkje eigna garderobe og det manglar lagerplass. Trass slike utfordringar har vi fått barnehagen til å fungere godt, i nær forståing og samarbeid med Flekke skule.

Rapporten til Agenda Kaupang peikar på utfordringane knytt til lokale og tilstanden til bygget, og gjennom rapporten får ein inntrykk av at bygget er i dårlegare forfatning enn det vert opplevd av dei som brukar lokala til dagleg. Det opplevast som at det er mykje synsing, rykter og tankar om kva tilstand bygget er i, men for Flekke barnehage sin del, saknar eg konkrete svar på tilstand til bygget.

Kor lenge kan dagens lokale nyttast? Kor lenge kan barnehagen halde fram i eksisterande lokale før ein er nøydd til å gjere tiltak, anten med nytt bygg eller rehabilitering av det eksisterande bygget?

2 b. Barnetal

Per 2026 er situasjonen i Fjaler kommune slik at det ikkje er ledig kapasitet i barnehagane verken i Dale eller i Flekke. Dersom ein ser litt lenger fram i tid, kan dette komme til å endre seg. Folketalsutviklinga nasjonalt spår at det skal verte fødde færre barn, og verte fleire eldre.

Foreldre står fritt til å velje barnehageplass for sine barn, og dersom det er slik at barna skal til Dingemoen når dei startar på skule, er det lett å tenkje seg at foreldre vel barnehagar i Dale framfor Flekke barnehage. Ein kan også tenkje seg at når ein har barn både i barnehage og skule, vert det mindre logistikkutfordringar når ein kan hente og levere alle barn i same bygda. Utan Flekke skule kan det då verte mindre attraktivt å søkje barnet sitt inn i Flekke barnehage.

Når det gjeld tilflytting til Flekke, er det eit faktum at av 32 barn i Flekke barnehage i barnehageåret 2026/-27, var 10 av barna ikkje heimehøyrande i Flekke krins då dei vart fødde, men har adresse innanfor Flekke krins i dag. Det viser at det er god tilflytting til bygdene, og at det er vanskeleg å spå barnetalet i Flekke barnehage og elevtalet i Flekke skule framover utifrå fødselstal åleine. Eg har håp om at vi skal fylle Flekke barnehage med barn i åra framover også.

Uavhengig av kva som vert vedteke når det gjeld framtidig skulestruktur, vil det vere behov for Flekke barnehage i framtida. Flekke barnehage skal halde fram med å gje eit godt barnehagetilbod i Flekke. Utan Flekke skule vil det verte annleis enn i dag, men barnehagen skal verte driven med god kvalitet og barna skal framleis ha det trygt og godt i Flekke barnehage.

Torunn Åsnes
Styrar Flekke barnehage.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.