← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 30. september 2026

Vil behalde ungdomssteget på Våge – peikar på skuleskyss og trivsel

Savannah Landro Hjelle

Tittel
Høyringsuttale frå elevrådet ved Våge skule
Avsender
Elevråd
Tema
Journalpost
2025/1844-45
Dokumenter
Høyringsuttale frå elevrådet ved Våge skule (pdf, 51KB) · hos kommunen
Høyringsuttale frå elevrådet ved Våge skule (pdf, 69KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 11 punkter og standpunkt

Standpunkt: 3: imot

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

21.09.26

Elevrådet ved Våge skule ynskjer å behalde ungdomssteget ved skulen. Dette er viktig for oss for fleire grunnar som er lista opp nedanfor.

Folkehelse/skuleskyss

Dersom Våge ungdomsskule blir flytta frå Våge til Dale, vil dei fleste få meir enn to timar lengre skuleveg, dette vil kunne føre til at elevane får mindre søvn, mindre tid og motivasjon til lekser og mindre tid til sosialt samvær med jamaldringar. Med to timar på bussen blir ein mykje meir stillesitjande og får mindre sjanse til å vere fysisk aktiv, som er ekstra viktig i denne fasen av livet. Totalt sett vil dette føre til ei stor negativ endring for ungdommar i ytre Fjaler.

Samfunnsutvikling

Ungdomssteget skapar liv i bygda for både dei yngre og dei eldre. Med blant anna valfag og på eige initiativ. Dette vil og ha stor påverknad for tilflyttarar som ikkje kjem til å sjå på denne plassen som like attraktiv. For nokre ungdommar i området vil dei kjenne på mindre tilknyting til ytre Fjaler som igjen kan føre til at færre flyttar heim etter utdanning og så vidare. Aktivitet som er rundt skulen og skuleområdet etter skuletid kjem til å bli redusert når store deler av kvardagen går til å sitte på buss.

Vurdering av barnets beste

Under 13.3 Kvalitet; skriv de at «å komme til ein større skule, med større breidde i det faglege og sosiale miljøet, vil kunne vere positivt for elevane.» På Våge skule har vi allereie eit veldig bra sosialt miljø på tvers av alle aldra. Det er og mogleg å få hjelp av lærarane utan å vente lenge, noko som fører til betre læring og samhald. De skriv og at konklusjonen er at overgangen vil gå bra ved oppfølging av sårbare elevar, i denne situasjonen blir mange elevar sårbare fordi det er vanskeleg å komme inn i ei allereie integrert gruppe. Overgangen mellom barneskulen og ungdomskulen er allereie vanskeleg, i tillegg er enn i ein svært emosjonell alder.

Mvh. elevane på Våge skule!

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.