← Alle innspill · Lesevisning

Høringsuttalelse · 30. september 2026

Kunnskapsgrunnlag om skulestruktur og næringsliv – tek ikkje stilling

NYTTA AS

Tittel
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur
Avsender
Næringsliv
Tema
Journalpost
2025/1844-44
Dokumenter
Høyringsuttale - Utgreiing av skulestruktur (pdf, 65KB) · hos kommunen
skulestruktur_og_næringsliv_i_fjaler.pdf (pdf, 256KB) (vedlegg) · hos kommunen
Uttrekk: 27 punkter og standpunkt

Standpunkt: fleire: tar ikke stilling

Se oppsummeringen for hvordan uttrekket er laget.

Skulestruktur og næringsliv i Fjaler

Eit kunnskapsgrunnlag om samanhengen mellom skuletilbod, rekruttering og næringsutvikling, utarbeidd av Nytta AS som innspel til høyringa om framtidig skulestruktur i Fjaler kommune. Høyringsfrist 20. oktober 2026, vedtak i Fjaler kommunestyre 19. november 2026.

Nytta AS · september 2026

1. Innleiing

Fjaler kommune har sendt eit forslag til framtidig grunnskulestruktur på offentleg høyring. Høyringa varer frå 20. august til 20. oktober 2026, og kommunestyret skal etter planen gjere vedtak i saka 19. november 2026. Bakgrunnen for saka, dei ulike alternativa og den økonomiske og pedagogiske vurderinga av desse er skildra i kommunen sitt eige høyringsgrunnlag, utarbeidd av Agenda Kaupang. Dette dokumentet gjentek ikkje den utgreiinga.

Nytta AS er samfunns- og næringsselskapet i Fjaler kommune. Nokre næringsdrivande har teke kontakt med oss undervegs i høyringsprosessen og etterspurt eit innspel frå oss om kva skulestrukturen kan ha å seie for næringslivet, for rekruttering av arbeidskraft og for tilflytting til kommunen. Sidan dette er tema som ligg i Nytta sitt verkeområde, samfunns- og næringsutvikling, har vi valt å bidra med eit kunnskapsgrunnlag.

Nytta tek ikkje stilling til kva alternativ i skulestruktursaka som bør veljast. Det er eit politisk spørsmål som høyrer heime hos kommunestyret, og det involverer avvegingar mellom omsyn som økonomi, tenestekvalitet og lokalsamfunnsutvikling som det ikkje er Nytta si oppgåve å gjere på andre sine vegner.

Det vi bidrar med er fagleg kunnskap om dei mekanismane som er tema i denne saka. Dette dokumentet samlar difor to typar kjelder: forsking og utgreiingar om skulestruktur, næringsliv og distriktsutvikling frå andre stader i Noreg, og ei eiga spørjeundersøking som er svara på av næringslivet i Fjaler. Målet er at både innbyggjarar, næringsliv og folkevalde skal ha eit breiare kunnskapsgrunnlag å vurdere saka opp mot, uavhengig av kva konklusjon dei sjølve landar på.

Kapittel 2 gjer greie for metoden. Kapittel 3 summerer opp kva norsk forsking seier, og syner kvar forskinga er tynn, delt eller usikker. Kapittel 4 presenterer funna frå spørjeundersøkinga blant næringslivet i Fjaler. Kapittel 5 samlar trådane, utan å konkludere på vegner av høyringspartane.

2. Metode og datagrunnlag

2.1 Kunnskapsgjennomgang

Kapittel 3 byggjer på offentleg tilgjengeleg norsk forsking, artiklar og utgreiingsarbeid om skulestruktur, skulenedlegging, distriktsattraktivitet og sentralisering. Kjeldene er valde fordi dei er sentrale og mykje siterte i det norske fagfeltet, og fordi dei til saman dekker fleire perspektiv: pedagogikk, lokalsamfunn, demografi og næringsutvikling. Full kjeldeliste står bakarst i dokumentet.

2.2 Spørjeundersøking til næringslivet i Fjaler

Nytta sende i september ut eit spørjeskjema til verksemder i heile Fjaler kommune. Skjemaet spurde mellom anna om tal tilsette og kor dei bur, om rekruttering dei siste fem åra, om venta bemanningsbehov framover, og bad respondentane rangere kva faktorar dei trur vil vege tyngst for eiga rekruttering dei næraste åra.

Atten verksemder svarte: åtte i Flekke skulekrins, fem i Dingemoen skulekrins og fem i Våge skulekrins. Til saman sysselset desse verksemdene om lag 378 personar. Alle respondentane samtykte til at svara kan brukast til å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som blir sendt inn som høyringssvar.

Skulekrins Tal svar Tilsette i utvalet Bur i same krins
Flekke 8 247 78 (om lag 32 %)
Dingemoen 5 83 36 (om lag 43 %)
Våge 5 48 17 (om lag 35 %)
Alle 18 378 131 (om lag 35 %)

Tabell 1. Oversikt over respondentane i spørjeundersøkinga, etter skulekrins.

Avgrensingar i datagrunnlaget

Talgrunnlaget frå spørjeundersøkinga må lesast med atterhald. For det første er utvalet sjølvvalt ved at verksemdene har sjølv teke stilling til om dei ville svare. Det er naturleg at verksemder med eit sterkt engasjement i skulesaka er noko overrepresenterte samanlikna med næringslivet i Fjaler som heilskap. For det andre er talet på svar i kvar skulekrins lågt, mellom fem og åtte. Med så få svar kan eitt einskilt svar påverke eit gjennomsnitt mykje, og tala bør difor tolkast som ei kartlegging av kva synspunkt og erfaringar som finst blant næringslivet i Fjaler, ikkje som eit statistisk presist bilete av heile næringslivet. For det tredje er skjema sendt til dei verksemdene som Nytta har vurdert som selskap som rekrutterer. Det vil sei at ENK og andre selskap som ikkje naturleg er ute og rekrutterer, ikkje har fått tilsendt skjema.

Fjaler kommune, som sjølv er ein monaleg arbeidsgivar i kommunen, mellom anna innan skule og barnehage, har ikkje fått høve til å svare på denne undersøkinga. Kommunen er part i skulestruktursaka, ikkje ein nøytral arbeidsgivar på line med det private næringslivet, og kommunen sitt eige syn kjem alt fram gjennom dei formelle kanalane i høyringsprosessen. Datagrunnlaget vårt dekkjer difor perspektivet til det private næringslivet i Fjaler, ikkje kommunen sitt eige bemanningsperspektiv.

I presentasjonen av funna er svara i hovudsak samla per skulekrins, ikkje per verksemd. Direkte sitat er anonymiserte. Der ei namngitt verksemd, ei næring eller eit konkret utviklingsprosjekt er nemnt, er dette informasjon som alt er offentleg kjend, ikkje ei kopling til kven som har svart på undersøkinga.

2.3 Kjeldekritiske prinsipp

3. Kva veit vi frå før?

Meir enn 600 skular er lagt ned i Noreg mellom 2011 og 2025, og trenden gjeld i dag både små distriktskommunar og til dels større kommunar. Debatten om skulestruktur er difor ikkje unik for Fjaler. Dette kapittelet oppsummerer kva norsk forsking og utgreiingsarbeid seier om samanhengen mellom skulestruktur, lokalsamfunn og næringsliv.

3.1 Skulenedlegging som følgje eller årsak?

Eit gjennomgåande poeng i litteraturen er at skulenedlegging oftast er ei følgje av at folketalet i eit område alt er på veg ned, ikkje ei sjølvstendig årsak til fråflytting. Villa (2015) sin litteraturgjennomgang for Norsk senter for bygdeforskning (i dag Ruralis) peikar på at det finst lite solid empirisk forsking på området, og siterer eldre forsking som konkluderer med at det er «nesten umogleg å seie noko om kva verknader skulen har på flytte- og busetnadsmønster». Østlandsforskning (2015) sin gjennomgang av skule- og barnehagestrukturen i Lillehammer kommune peikar i same retning: ein skulenedlegging er ofte ein konsekvens av at ei bygd alt er uttynna.

Det er verdt å presisere at dette generelle biletet frå forskinga ikkje utan vidare stemmer med situasjonen i Fjaler. Kommunen sitt eige utgreiingsgrunnlag (Agenda Kaupang, sluttrapport 8. mai 2026, s. 22–24) viser at elevtalet i Fjaler har vore relativt stabilt dei siste 25 åra, med eit snitt på 334 elevar og variasjon mellom om lag 300 og 370. Framskrivingane for dei neste ti åra peikar i same retning for alle tre skulane: elevtalet ved Dingemoen skule ventar å stabilisere seg i underkant av 220 frå 2028, Flekke skule kan få noko fleire elevar midt i perioden dersom fødselstala blir jamt fordelt mellom skulekrinsane, og Våge skule ventar eit relativt stabilt elevtal gjennom heile perioden. Skulestruktursaka i Fjaler er difor ikkje eit eksempel på at eit område alt er tydeleg uttynna i folketal eller elevtal.

Samstundes understrekar begge kjeldene at skulen har ein sosial funksjon utover sjølve undervisninga. Skulen blir omtalt som møteplass, kulturberar og identitetsskapar for lokalsamfunnet, og dette kan i seg sjølv vere med på å halde på og tiltrekkje innbyggjarar, sjølv om den direkte, målbare effekten på busetjingsmønster er vanskeleg å dokumentere. Villa (2015) peikar på at nærleik til skule kan vere viktigare for enkelte grupper, som barnefamiliar og attendeflyttarar, enn for befolkninga generelt.

3.2 Når skular blir lagt ned

Den nyaste og mest omfattande norske studien på feltet er Storm mfl. (2026), utarbeidd av Telemarksforsking og Nordlandsforskning på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Studien byggjer på intervju i ni kommunar som i hovudsak alt har gjennomført skulenedleggingar. Hovudfunnet er at måten ei skulenedlegging blir gjennomført på, kan ha meir å seie enn sjølve nedlegginga. Rapporten omtaler prosessane som ein «demokratisk stresstest» og dokumenterer sterke og langvarige kjensler i lokalsamfunna, i nokre tilfelle år etter at vedtaket vart gjort.

Rapporten finn vidare at kommunane truleg sparer mindre enn forventa reint økonomisk, og at det er vanskeleg å påvise varige negative effektar på elevane sine resultat. Sjølve overgangsfasen er den mest sårbare perioden. Det er verdt å presisere at Storm mfl. (2026), etter det vi har hatt tilgang til, ikkje behandlar næringsliv, arbeidsmarknad eller bedrifter si rekruttering som eige tema. Dette er dermed ikkje ei kjelde vi kan bruke til å seie noko direkte om næringslivet, men ho er sentral for å forstå kva som står på spel i sjølve prosessen.

3.3 Kva gjer at folk og bedrifter blir buande ein stad?

Telemarksforsking har over fleire år utvikla metodar for å måle stadleg attraktivitet for busetjing. Vareide og Storm (2010) definerer stadleg (bustads-)attraktivitet som den delen av nettoflyttinga til ein kommune eller region som ikkje kan forklarast av vekst i talet på arbeidsplassar, ei sentral skiljelinje mellom «harde» strukturelle forhold, som arbeidsplassvekst og demografi, og «mjuke» stadskvalitetar. Same år lanserte Vareide «attraktivitetspyramiden», som skilde mellom tre dimensjonar: attraktivitet for busetjing, for bedrifter og for besøk (Vareide, 2024, kapittel 1). Modellen vart sidan revidert, mellom anna i 2012–2013, då strukturelle forhold vart skilt tydelegare frå sjølve attraktivitetsomgrepet, og tredelinga har difor ikkje stått uendra sidan 2010. Rapporten frå 2010, går gjennom ei rekkje moglege forklaringsfaktorar for bustadattraktivitet, mellom anna arbeidsmarknad, bustadprisar, folketal, innvandring, utdanning og kommuneøkonomi, men grunnskule eller barnehagetilbod er ikkje eitt av dei faktorane som er undersøkte. Dette styrkjer biletet frå kapittel 3.6, at skulestruktur ikkje ser ut til å vere eit tema desse analysane isolerer.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sin gjennomgang av sentraliseringstrendar i Noreg peikar på ein sjølvforsterkande mekanisme: fråflytting gir «smådriftsulemper» i tenesteproduksjonen, mellom anna ved at grendeskular blir nedlagde og attverande elevar får lengre reiseveg, noko som igjen kan gjere det mindre attraktivt å bli buande. SSB peikar samstundes på at økonomisk vekst og næringsklyngjer i hovudsak oppstår i byane, på grunn av stordriftsfordelar og større arbeidsmarknader, uavhengig av tenestetilbod i den einskilde kommunen. NOU 2020: 15 «Det handler om Norge» (Demografiutvalet) drøftar utdanning som faktor for distriktsutvikling, men behandlar i hovudsak barnehage og høgare utdanning. Utvalet nemner ikkje grunnskulestruktur spesifikt som ein lokaliseringsfaktor for bedrifter eller familiar. Rye (2021) dokumenterer at unge frå distrikta i stor grad busett seg der dei tek utdanning, noko som bidreg til å forklare kompetanseflukt frå distrikta, men også dette gjeld vidaregåande og høgare utdanning, ikkje grunnskule.

Distriktssenteret (Langseth og Mediå) har på si side argumentert for at samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv, til dømes gjennom karrierelæring og bruk av lokal historie og natur i undervisninga, kan styrkje unge si bulyst og tilhøyrsle til staden dei veks opp. Dette er ei fagleg vurdering frå tilsette ved Distriktssenteret, ikkje ein isolert forskingsstudie, men ho peikar på at det ikkje berre er skulen sin eksistens, men også korleis skulen spelar saman med lokalt næringsliv, som kan ha noko å seie.

Eit anna kunnskapsnotat frå Distriktssenteret, utarbeidd av Hatling og Dahl (2020) til Demografiutvalet, oppsummerer forsking om tilflyttings- og rekrutteringsarbeid i distrikta. Notatet viser til Borge mfl. (2013) og skriv at «næringslivet i stor grad meiner at eit godt tenestetilbod innan barnehage, grunnskule og kultur er viktig» for lokaliseringsval. Notatet peikar òg på at innvandrarfamiliar ofte har høge ambisjonar på vegner av borna sine og er opptekne av utdanningsmoglegheitene deira, noko som kan vere relevant for verksemder som rekrutterer internasjonal arbeidskraft, slik fleire av respondentane i Flekke gjer (kapittel 4.4). Samstundes understrekar notatet at sjølve arbeidsplassen er den viktigaste grunnen til at folk flyttar, og at tilflyttingsarbeid gir avgrensa, men reelle resultat når det tek utgangspunkt i lokale behov, ikkje generiske kampanjar.

3.4 Skulestorleik og kvaliteten på undervisninga

Spørsmålet om små skular gir eit fagleg svakare tilbod enn store skular, er ikkje avklart i norsk forsking. Solstad (2016) argumenterer for at forskingsgrunnlaget for at små skular skulle vere fagleg svakare, er tynt, og peikar på at mykje siterte tilrådingar om «ideell skulestorleik» byggjer på enkeltstudiar som vanskeleg let seg generalisere. Brox (2023) stadfestar, frå ei anna fagleg vinkling, at feltet framleis manglar pålitelege svar på grunnleggjande spørsmål som kor liten ein grunnskule kan vere før det fagleg er uforsvarleg, og at kommunar til tider baserer vedtak på materiale som ikkje er fagfellevurdert.

Nytta tek ikkje stilling i denne fagstriden. Poenget her er at usemja er reell og anerkjend i fagmiljøet, og at det difor ikkje finst eit eintydig forskingssvar å vise til, korkje for eller mot at mindre skular gir eit svakare tilbod.

3.5 To kommunar som har vore gjennom liknande prosessar

Stange kommune (Lie mfl., 2014) fekk utarbeidd ei liknande utgreiing som Fjaler har fått frå Agenda Kaupang. Utgreiinga fann at større, samla skular reduserte einingskostnadene og kunne gi årlege innsparingar, men også at investeringskostnadene var høge. Same rapport åtvara mot at nedlegging kunne svekkje enkelte bygdesamfunn, men understreka at skulekrinsen berre er éin av fleire faktorar som definerer eit lokalsamfunn. Lillehammer kommune (Østlandsforskning, 2015) hadde på si side samla folkevekst i perioden som vart undersøkt, men med tydeleg sentralisering internt i kommunen: byområda vaks, medan bygdene i kommunen hadde nedgang. Ingen av desse to utgreiingane behandlar næringsliv og bedriftsrekruttering som eige tema, og dei kan difor berre brukast som bakgrunn, ikkje som direkte samanlikningsgrunnlag for Fjaler.

3.6 Oppsummert kunnskapsstatus

Det finst noko norsk forsking på skulenedlegging som prosess, på konfliktnivå og på konsekvensar for elevane. Det finst derimot påfallande lite direkte, kvantitativ norsk forsking som isolerer effekten av grunnskulestruktur spesifikt på bedrifter si rekruttering, lokalisering eller på tilflytting av arbeidskraft. Dette er eit reelt kunnskapshol, ikkje eit spørsmål vi kan svare på ved å tolke forskinga hardare enn ho toler. Kausalitetsretninga er også eit gjennomgåande metodisk problem: fleire kjelder peikar på at skulenedlegging oftast er ein konsekvens av fråflytting, ikkje ei årsak til han, noko som gjer det vanskeleg å bruke enkeltcase som bevis for at skulestruktur i seg sjølv driv næringsliv eller busetjing i éi bestemt retning. Som nemnt i kapittel 3.1 er ikkje dette mønsteret utan vidare treffande for Fjaler, der elevtalet er dokumentert som stabilt, ikkje fallande.

Det er nettopp dette kunnskapsholet spørjeundersøkinga i neste kapittel prøver å seie noko om, sett frå næringslivet i Fjaler sitt eige ståstad. Éi lokal undersøking med atten svar kan ikkje fylle att eit nasjonalt kunnskapshol, men ho kan vise korleis næringslivet i kommunen sjølv vurderer og opplever samanhengen.

4. Kva seier næringslivet i Fjaler? Funn frå spørjeundersøkinga

4.1 Rekruttering og tilflytting dei siste fem åra

Dei 18 verksemdene oppgir til saman å ha rekruttert om lag 42 nye tilsette dei siste fem åra som flytta til Fjaler for å ta jobben. Av desse hadde om lag 20 ei tilknyting til området frå før, til dømes at dei vaks opp der, har familie der eller har ein partnar derifrå, medan om lag 23 var heilt nye i området utan kjend tilknyting. Talet kan vere noko usikre, sidan dette er avrunda tal som respondentane sjølve har oppgitt.

Ni av dei 18 verksemdene oppgir at dei i dag opplever utfordringar med å rekruttere nye tilsette, anten i noko eller i stor grad. Elleve av 18 ventar auka bemanningsbehov dei neste tre til fem åra. Samla oppgir verksemdene eit venta rekrutteringsbehov på mellom om lag 125 og 140 nye tilsette i same periode, når vanleg utskifting er rekna med. Spennet kjem av at fleire av svara sjølve var oppgitt som eit intervall eller som eit årleg tal. Dei kompetanseområda som oftast blir nemnde som vanskelegast å rekruttere til, spenner frå fagspesifikk kompetanse som helsepersonell og teknisk/økonomisk kompetanse, til meir generelle yrke som butikkmedarbeidarar og bilmekanikarar.

4.2 Kor viktig meiner verksemdene at grunnskuletilbodet er for framtidig rekruttering?

På spørsmål om kor viktig grunnskuletilbodet slik det er i dag, er for verksemda si framtidige rekruttering (skala frå 1, ikkje viktig, til 5, svært viktig), var gjennomsnittet for alle 18 respondentane 3,9. Figur 1 viser at det er ein viss skilnad mellom skulekrinsane.

Stolpediagram: snitt-skår for kor viktig grunnskuletilbodet er for rekruttering, per skulekrins: Flekke 4,4, Dingemoen 2,8, Våge 4,4, snitt alle 3,9

Figur 1. Kor viktig verksemdene meiner grunnskuletilbodet er for framtidig rekruttering, per skulekrins (snitt, skala 1–5).

Spørjeundersøking Nytta AS, hausten 2026 · 18 svar

Verksemdene i Flekke og Våge gir i gjennomsnitt høg skår, medan verksemdene i Dingemoen i gjennomsnitt gir ein tydeleg lågare skår. Med berre fem til åtte svar i kvar krins skal desse gjennomsnitta tolkast varsamt, men retninga går att òg i dei opne svara: fleire verksemder i Dingemoen sin skulekrins skriv eksplisitt at grunnskulestrukturen har mindre å seie for deira eiga rekruttering enn andre forhold, medan fleire verksemder i Flekke og Våge koplar grunnskuletilbodet direkte til eiga evne til å rekruttere og halde på tilsette.

4.3 Kva vektlegg verksemdene mest for framtidig rekruttering?

Respondentane vart bedne om å rangere fem faktorar etter kor mykje dei trur kvar faktor vil bety for verksemda si rekruttering dei næraste åra: tilgang på bustad, geografisk plassering av skuletilbodet, løns- og arbeidsvilkår i bransjen, natur/friluftsliv/bulyst generelt, og kommunen sin økonomiske situasjon. Figur 2 viser kor stor del av dei 18 verksemdene som sette kvar faktor blant sine to viktigaste.

Stolpediagram: del av verksemdene som set kvar faktor blant dei to viktigaste for rekruttering: tilgang på bustad 67 %, geografisk plassering av skuletilbod 50 %, løns- og arbeidsvilkår 44 %, natur/friluftsliv/bulyst 39 %, kommuneøkonomi 0 %

Figur 2. Del av verksemdene som set kvar faktor blant sine to viktigaste for framtidig rekruttering.

Spørjeundersøking Nytta AS, hausten 2026 · 18 svar

Målt på denne måten, kor stor del av verksemdene som set faktoren blant sine to viktigaste, rangerer verksemdene tilgang på bustad høgast (67 %), tett følgt av geografisk plassering av skuletilbod (50 %). Løns- og arbeidsvilkår i bransjen (44 %) og natur/friluftsliv/bulyst generelt (39 %) kjem noko lenger ned, medan kommunen sin økonomiske situasjon blir gjennomgåande rangert som minst viktig for rekrutteringa, og ingen av respondentane sette denne faktoren blant sine to viktigaste. Fleire respondentar peikar i tilleggskommentarane på at dette ikkje betyr at kommuneøkonomien er uviktig i seg sjølv, men at han verkar meir indirekte, til dømes gjennom kva tenestetilbod og kva utviklingsprosjekt kommunen kan finansiere.

Også her er det skilnader mellom skulekrinsane. I Våge rangerte verksemdene geografisk plassering av skuletilbod høgast av alle fem faktorane, tett saman med løns- og arbeidsvilkår, noko som truleg heng saman med geografi/avstandar. I Dingemoen vart same faktor rangert lågast av dei fire ikkje-økonomiske faktorane. I Flekke vart tilgang på bustad rangert høgast, med geografisk plassering av skuletilbod på tredjeplass.

4.4 Perspektiv frå dei tre skulekrinsane

Synspunkta blant respondentane er ikkje eintydige, korkje samla eller innanfor kvar skulekrins. Under følgjer ei kort, anonymisert oppsummering av hovudtendensane i kvar krins, med atterhald om at datagrunnlaget er lite.

Flekke

Fleire verksemder i Flekke uttrykker uro for kva ei nedlegging av skulen vil bety, både for eiga rekruttering og for bygda som heilskap. Fleire peikar på ein risiko for det dei skildrar som ei sjølvforsterkande, negativ utvikling dersom skulen forsvinn: mindre tilflytting, svakare grunnlag for anna lokalt tenestetilbod, og på sikt fråflytting. Nokre respondentar fortel konkret om tilsette eller eigarar som har flytta til, eller tilbake til, Flekke nettopp på grunn av skule- og barnehagetilbodet. Andre verksemder i same krins er meir nøkterne og skriv at skulen ikkje er avgjerande for deira eiga rekruttering, sjølv om dei trur han har noko å seie for bygda meir generelt. Fleire peikar også på at Flekke har fleire større arbeidsgivarar med internasjonalt retta verksemd, og at desse har sine eigne, til dels annleis, rekrutteringsutfordringar knytt til internasjonal arbeidskraft.

Våge

I Våge blir bekymringa av fleire kopla til den planlagde industriutviklinga på Lutelandet-området, der det ligg føre planar som på sikt kan gi behov for fleire titals nye tilsette. Éin respondent, som sjølv er involvert i eit slikt utviklingsprosjekt, meiner det vil bli krevjande å rekruttere til desse stillingane utan eit lokalt skule- og barnehagetilbod i nærleiken, og fleire andre verksemder i Våge deler ei meir generell uro for at eit redusert skuletilbod kan gjere rekruttering til nye arbeidsplassar i området vanskelegare. Fleire peikar også på reiseavstand og logistikk for barnefamiliar dersom ungdomstrinnet skulle flyttast ut av krinsen, og på at lokalt handels- og servicenæringsliv i utkanten kan vere sårbart for redusert kundegrunnlag dersom færre familiar bur i området.

Dingemoen

Verksemdene i Dingemoen gir eit meir samansett og gjennomgåande meir avdempa bilete. Fleire skriv eksplisitt at grunnskulestrukturen har mindre å seie for eiga rekruttering enn til dømes tilgang på tomter og bustader, eller nærleiken til vidaregåande skule i Dale. Samstundes trekker nokre fram den nye skulen på Dingemoen som eit gode for bygda, og peikar på at eit godt skuletilbod kan bidra til at unge som har flytta ut, vel å kome tilbake.

4.5 Kva grunngjevingar gir verksemdene sjølve?

På spørsmålet om kvifor dei vurderer skuletilbodet som viktig eller mindre viktig for rekrutteringa, går nokre grunngjevingar att på tvers av krinsane. Fleire respondentar peikar på at eit fullt og aktivt skule- og barnehagetilbod fungerer som eit signal om optimisme og utvikling i bygda, som igjen kan påverke om folk vel å busetje seg der. Andre peikar på reint praktiske forhold: kort reiseveg til skule og barnehage gjer kvardagslogistikken enklare for barnefamiliar, og kan difor vere med på å avgjere om ein tilsett takkar ja til ein jobb i utkanten av kommunen. Samstundes er det respondentar, særleg blant dei som rekrutterer meir spesialisert eller internasjonal arbeidskraft, som peikar på at sjølve jobbtilbodet, løn og fagleg utviklingsmoglegheit veg tyngre enn skulestrukturen.

Fleire respondentar understrekar òg at det ikkje er skulen åleine som avgjer utviklinga i bygdene, og peikar på andre forhold, som tilgang på tomter, bustader og generell optimisme i lokalsamfunnet, som minst like viktige. Dette samsvarar med biletet frå forskingsgjennomgangen i kapittel 3: skule kan vere ein av fleire faktorar, men sjeldan den einaste.

5. Samla vurdering

Sett i samanheng peikar forskingsgjennomgangen i kapittel 3 og funna frå næringslivet i Fjaler i kapittel 4 på fleire av dei same mekanismane, sjølv om ingen av kjeldene åleine kan gi eit fullstendig svar på kva den lokale skulestrukturen har å seie for næringslivet.

Skilnaden mellom skulekrinsane i kor viktig verksemdene meiner grunnskuletilbodet er for framtidig rekruttering (kapittel 4.2) samsvarer med eit skilje forskinga sjølv peikar på. Villa (2015) skriv at nærleik til skule kan bety meir for enkelte grupper, som barnefamiliar og attendeflyttarar, enn for befolkninga generelt (kapittel 3.1). Verksemdene i Flekke og Våge, som gir skuletilbodet høgast skår, er i stor grad dei same verksemdene som i dei opne svara fortel om tilsette eller eigarar som har flytta til, eller attende til, bygda saman med familie, eller som peikar på behovet for å rekruttere arbeidskraft utanfrå til meir utkantlege delar av kommunen (kapittel 4.4). Verksemdene i Dingemoen skulekrins, som gir lågast skår, peikar i staden på tilgang på tomter og bustader og på nærleiken til vidaregåande skule i Dale som viktigare for eiga rekruttering. Dette treng ikkje vere motstridande funn. Det kan heller tolkast som at same type mekanisme forskinga skildrar, slår ulikt ut avhengig av kva type arbeidskraft og kva type tilflytting den einskilde verksemda er avhengig av. Samstundes varierer synspunkta også innanfor same krins: også i Flekke og Våge finst det verksemder som vurderer skulen som mindre avgjerande for eiga drift. Generelle utsegner om «kva næringslivet meiner» om saka bør difor brukast varsamt, same kva retning dei peikar.

Det same skiljet kan bidra til å forklare kvifor geografisk plassering av skuletilbod blir sett høgt av verksemdene samla sett, på andreplass av fem faktorar (kapittel 4.3), men varierer så mykje mellom skulekrinsane: høgast i Våge, lågast i Dingemoen. Skiljet mellom bustadattraktivitet, det vil seie kva som gjer at folk vel å busetje seg ein stad, og bedriftsattraktivitet, det vil seie kva som gjer at talet på arbeidsplassar i næringslivet veks, stammar frå «attraktivitetspyramiden» som Vareide lanserte i 2010 (kapittel 3.3). Verksemder som i hovudsak rekrutterer spesialisert eller internasjonal arbeidskraft, og som i kapittel 4.5 peikar på at sjølve jobbtilbodet, løn og fagleg utviklingsmoglegheit veg tyngre enn skulestrukturen, ser ut til å vurdere rekrutteringa si meir ut frå ein bedriftsattraktivitets-logikk. Verksemder som i staden er avhengige av at tilsette flyttar til bygda saman med familie, ser ut til å vurdere skuletilbodet som ein del av staden sin bustadattraktivitet.

Eit anna moment heng saman med dette: rekrutteringsbehovet til den einskilde verksemda er ikkje nødvendigvis avgrensa til skuletilbodet i den skulekrinsen verksemda sjølv held til i. Tabell 1 i kapittel 2.2 viser at berre mellom 32 og 43 prosent av dei tilsette hos dei spurde verksemdene bur i same skulekrins som arbeidsplassen, det vil seie at mellom 57 og 68 prosent bur i ein annan skulekrins eller utanfor kommunen. For verksemder med tilsette spreidde over fleire delar av kommunen, kan skuletilbodet i meir enn éin skulekrins difor vere relevant for rekrutteringsevna, ikkje berre tilbodet der verksemda sjølv er lokalisert.

Uroa som fleire respondentar i Flekke og Våge gir uttrykk for, om ei mogleg sjølvforsterkande, negativ utvikling dersom skulen forsvinn (kapittel 4.4), liknar den mekanismen SSB skildrar i sin gjennomgang av sentraliseringstrendar: fråflytting kan gi smådriftsulemper som igjen gjer det mindre attraktivt å bli buande (kapittel 3.3). Her er det likevel grunn til å vere presis om kva funna faktisk seier. SSB skildrar ein mekanisme som typisk gjer seg gjeldande i område som alt er inne i ei fråflytting, medan Fjaler sitt eige elevtalsgrunnlag viser eit stabilt elevtal, både historisk og i framskrivingane (kapittel 3.1). Uroa frå respondentane handlar difor om ei mogleg framtidig utvikling dei fryktar kan starte, ikkje om ein mekanisme som alt er i gang i Fjaler. Kausalitetsretninga mellom skulestruktur og busetjingsmønster er dessutan usikker i litteraturen (kapittel 3.6), og verken forskinga eller ei spørjeundersøking med atten svar kan slå fast om, eller i kva grad, ei eventuell nedlegging faktisk vil utløyse ei slik utvikling i Fjaler.

Det finst framleis eit reelt kunnskapshol i norsk forsking, som drøfta i kapittel 3.6. Det manglar direkte, kvantitativ forsking som isolerer effekten av grunnskulestruktur spesifikt på bedrifter si rekruttering og lokalisering. Spørjeundersøkinga i kapittel 4 fyller ikkje dette holet, men ho gir eit konkret, lokalt bilete av korleis næringslivet i Fjaler sjølv resonnerer, eit bilete som langt på veg stemmer overeins med dei skiljelinjene og mekanismane forskinga peikar på. Verken forskinga eller den lokale undersøkinga kan likevel seie kor stor den samla effekten på næringslivet i Fjaler vil vere.

Samla sett tek Nytta, som presisert innleiingsvis, ikkje stilling til kva alternativ i skulestruktursaka som bør veljast. Dette dokumentet er meint som eit kunnskapsbidrag til høyringa, ikkje som ei tilråding.

Vedlegg A: Om spørjeundersøkinga

Kjelder

Agenda Kaupang (2026). Utredning av bærekraftig skolestruktur i Fjaler kommune. Sluttrapport, 8. mai 2026. Utarbeidd for Fjaler kommune.

Brox, B.A. (2023). Vi trenger mer forskning om skolestørrelse og skolekvalitet. Kommunal Rapport.

Hatling, L. og Dahl, I. (2020). Tilflyttings- og rekrutteringsarbeid i distriktene – ein oppsummering av kunnskap. Notat til Demografiutvalet. Distriktssenteret.

Langseth, M. og Mediå, M. (Distriktssenteret). Kan skolen i distriktskommuner skape bolyst og tilhørighet hos ungdom? Utdanningsnytt.no.

Lie, K., Støren, H., Thorstensen, A., Leikvoll, G.K.A. og Hjelseth, A. (2014). Skolestruktur i Stange kommune. TF-rapport nr. 338. Telemarksforsking.

NOU 2020: 15. Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rye, J.F. (2021). Distriktsungdom og utdanning: Studievalg, forløp og arbeidsmarkeder. Distriktssenteret.

Solstad, K.J. (2016). Nedlegging av skular – grunnar og konsekvensar. Utdanningsforskning.no.

Statistisk sentralbyrå (SSB). Sentralisering – årsaker, virkninger og politikk.

Storm, H.N., Videt, L.L., Waldahl, R.H., Brandtzæg, B.A., Weiss, D. og Sele, S. (2026). Skolenedleggelser – Om prosesser, konsekvenser og lokale slagmarker. Telemarksforsking/Nordlandsforskning.

Utdanningsnytt.no, basert på tal frå Utdanningsdirektoratet. Oversikt over skulenedleggingar i Noreg 2011–2025.

Vareide, K. og Storm, H.N. (2010). Attraktivitetsbarometeret: Hvordan måle regional bostedsattraktivitet? TF-rapport nr. 277. Telemarksforsking. Rapporten dokumenterer korleis stadleg (bustads-)attraktivitet er definert og målt, som den delen av nettoflyttinga til ein kommune som ikkje kan forklarast av vekst i talet på arbeidsplassar.

Vareide, K. (2024). Hvordan skape vekst? Kan steder påvirke sin egen vekst? Regional utvikling, sentralitet og attraktivitet. Cappelen Damm Akademisk. Kapittel 1 skildrar korleis «attraktivitetspyramiden» (busetjing, bedrifter, besøk) vart lansert i 2010 og sidan revidert.

Villa, M. (2015). Litteraturgjennomgang: Forskning og evaluering om skolesentralisering/-strukturendring. Norsk senter for bygdeforskning (Ruralis), NTNU.

Østlandsforskning (2015). Skole- og barnehagestruktur i Lillehammer kommune. ØF-notat 06/2015.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.