19. august 2026 · Svar på spørsmål til kommunestyremøte 20.8.26
Vi viser til epost frå Ainor Fristad Naustadal, datert 16.8.26
AP, SV, V og MDG har hatt gruppemøte i kveld, og vi har nokre spørsmål som vi ikkje finn svar på i sakspapira til sak 064/26.
1. Levetid for Flekke skule og barnehage
Har vi ein rapport eller ei fagleg vurdering frå folkehelseavdelinga i Kinn kommune som seier noko om forventa levetid og tilstanden til Flekke skule og barnehage?
Svar:
Folkehelseavdelinga har ansvar for å gjennomføre tilsyn med skular og barnehagar kvart fjerde år. Sist tilsyn vart gjennomført 15.6.23.
Tilsynet blir gjennomført ved at skulen fyller ut eit skjema utarbeidd med bakgrunn i lov om folkehelsearbeid og forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Deretter gjennomfører Folkehelseavdelinga eit fysisk tilsyn og går gjennom det innleverte skjemaet.
Dersom det blir avdekt avvik, får vi melding om dette med ein frist for å rette opp, før det eventuelt blir gitt vedtak om godkjenning.
Ein slik tilsynsrapport seier ikkje noko om forventa levetid på bygget, men kan innehalde rettingar som må gjerast ved eigedomsmassen.
I samsvar med mandatet har vi fått utarbeidd ei forenkla tilstandsvurdering etter NS 3424. Dersom ein skal vurdere levetid, må det gjennomførast ei tilstandsvurdering av alle komponentar. Vi har ikkje vurdert dette som relevant, sidan skulen manglar mange av dei funksjonane ein finn i eit moderne skulebygg, jf. kap. 2.6.3 i rapporten frå Agenda Kaupang. Det vil seie at det ikkje er den tekniske tilstanden åleine som ligg til grunn for vurderinga av behovet for nytt bygg.
Vi ønskjer særleg å få avklart om det er risiko for at skulen kan måtte stengjast på kort varsel, eller om vurderingane tilseier at skulebygget har lang levetid framover.
Svar
Det har ikkje vore meldt inn avvik eller hendingar som er rapporterte til kommunedirektøren, og som har gitt grunnlag for nedstenging. Dersom det blir rapportert avvik, vil vi følgje opp og gjennomføre tiltak slik at avvika blir lukka.
Som nemnt ovanfor har vi ikkje gjort ei eksplisitt vurdering av kor lenge bygget kan stå. På grunn av mangel på funksjonalitet og fleksibilitet, samt dårleg teknisk standard, vil det likevel bli utfordringar framover.
Vi meiner dette er viktig informasjon for den vidare politiske behandlinga av saka, og ønskjer derfor at eventuell rapport eller fagleg vurdering blir lagt ved saka før ho blir sendt ut på offentleg ettersyn.
Svar
Dersom det skal gjennomførast ei ny eller grundigare fagleg vurdering, er det ønskjeleg med ei avklaring av formålet, det vil seie kva som manglar av kartlegging samanlikna med det som allereie er gjort. Det blir også vist til vurderingane som vart gjorde i samband med moglegheitsstudien som vart gjennomført i 2021–23.
Det må også avklarast kva ein ønskjer vurdert, det vil seie kva metode eller nasjonal standard som skal brukast. Ei ny vurdering vil ha ein kostnad, og det må difor også løyvast midlar til å gjennomføre ho.
2. Konsekvensar av eventuell privat skule
Har administrasjonen vurdert kva konsekvensar det vil få for dei økonomiske innsparingane dersom det blir etablert ein privat skule i Flekke?
Svar
Det har ikkje vore ein del av mandatet eller bestillinga, så det er ikkje gjort.
Vi viser til e-post frå Marte Haugsbakk datert 16.8.26
1. Ber om at det leggast fram oppdatert "Tabell 21 - Samlede kostnader alternativ 1: Flekke til Dingemoen" og "Figur 17 - Årsverk per 100 elev skoleåret 2025-26 fordelt mellom skolene I Fjaler kommune'' med 2026/2027- tal i rapporten "Rapport skolestruktur i Fjaler kommune - utkast til endelig rapport 08.05.2026"
Svar
Det er ikkje mogeleg å oppdatere tabellen med tal for 2026. Årsaka til dette er at ikkje alle kostnader og inntekter i rekneskapen er periodisitet månad for månad. Nokre kostnader og inntekter kjem ulike tidspunkt, dvs på etterskot og nokre på forskot. Det vil heller ikkje vere mogeleg å samanlikne med andre kommunar, i og med at det ikkje er noko datagrunnlag å hente ut.
2. Ber om at det vert beskrive kva som ligg under fellesutgifter i Tabell 21.
202 Undervisning: 5 682 244
222 Skole-lokaler: 6 254 425
Totalt 11 936 669
Svar
Fellesutgiftene er dei same i alle alternativa og blir ikkje påverka av dei ulike alternativa. Fellesutgiftene på 202 omfattar løn og drift av PPT, kjøp av tenester frå andre kommunar og andre aktørar, løn til kommunalsjef, noko kurs og reise, lisensar og IKT-utstyr, konsulenttenester, avskrivingar og andre mindre postar som er førte sentralt i kommunen og ikkje ute på den enkelte skulen. Dette er altså felles utgifter for kommunen som ikkje er knytte til enkeltskular, men som høyrer til denne kostrafunksjonen.
Kostrafunksjon 222 gjeld skulelokale, og omfattar alle driftsutgiftene til skulelokala i kommunen. Det som er ført som fellesutgifter, er avskrivingane av bygga, som blir førte på denne funksjonen. Utgiftene ved den enkelte skulen er straum, reinhald, bygningsdrift, kommunale avgifter og andre mindre utgifter knytte til bygga.
3. Kva er den reelle innsparinga ved å legge ned skulen i Flekke, dersom ein må bygge ny barnehage?
Svar
Den reelle innsparinga ved å leggje ned skulen i Flekke er på kort sikt 5,9 mill. kr, og på lang sikt 10,9 mill. kr.
Å byggje ny barnehage kjem som ein kostnad uavhengig av kva ein gjer med skulen. Det er gjennomført ei vurdering av kor mange kvadratmeter som trengst til ny barnehage (jf. s. 53–55 i Agenda Kaupang sin rapport), gitt at barnehagen har 3 avdelingar. Dette er estimert til 686 kvadratmeter, eller 616 kvadratmeter dersom ein kan ha samdrift med skulen.
Med ein føresett kvadratmeterpris for nybygg på 60 000 kr, blir kostnaden høvesvis 41,16 mill. kr (med kapitalkostnader på 2,1 mill. kr) eller 36,96 mill. kr (med kapitalkostnader på 1,9 mill. kr). Når det gjeld oppgradering, har vi nytta ein kvadratmeterpris på 50 000 kr (jf. s. 16–17 i Agenda Kaupang sin rapport), som gir ein total kostnad på 34,25 mill. kr.
På side 46 i kommunedirektøren sin rapport, siste avsnitt, blir det konkludert med at løysinga for barnehagen er anten nybygg eller rehabilitering, og at utfallet av saka om skulestruktur vil avgjere korleis ein skal arbeide vidare med den framtidige løysinga for barnehagen i Flekke.
4. Kvifor vert folketalsutvikling vurdert ulikt i Flekke og Våge?
For Våge blir det brukt som argument at skulen bør oppretthaldast for å stabilisere og helst snu nedgang i folketal og elevtal. Det er eit godt argument.
Men kvifor blir ikkje den same tankegangen brukt i Flekke? Flekke-området har hatt positiv folketalsutvikling, tilflytting og fleire viktige arbeidsplassar. Ei full nedlegging av Flekke skule kan påverke denne utviklinga.
Svar
I oppsummeringa blir det konkludert med at begge alternativa for Flekke (1 og 2) vil ha negativ effekt for samfunnsutviklinga (s. 43). Alternativ 3 (Våge) blir vurdert til å gje ein negativ effekt tilsvarande alternativ 2, men fordi km- og tidsavstanden til kommunesenteret er mykje større, blir konsekvensen likevel annleis.
Kommunedirektøren har, i større grad enn Agenda Kaupang, også meint at alternativ 2 kan ha negativ effekt for samfunnsutviklinga (s. 45 og 46).
5. Innsparing 222 Drift av bygg (FDV) ligg med utgift på 1 286 493,- og med tilsvarande innsparing. Kva er driftskostnaden for Flekke barnehage i dag, og kva vert den ved eventuell nedlegging av Flekke skule?
Svar
Driftskostnaden for Flekke barnehage var i 2025 452,000 kr. (221 - utgifter til dagleg drift og avskrivingar minus driftsinntekter). Kostnadane blir ikkje endra om skulen blir lagt ned.
6. Kva betyr 34,25 millionar til rehabilitering av barnehagen?
Administrasjonen har rekna at rehabilitering av barnehagen vil koste om lag 34,25 millionar kroner. Men kva omfattar dette beløpet? Gjeld det berre den delen av bygget som barnehagen brukar, eller gjeld det heile skule- og barnehagebygget?
Dersom det berre gjeld barnehagedelen, må vi òg få vite kva som skal skje med resten av bygget dersom skulen blir lagt ned. Kjem det kostnader til ombygging, teknisk frådeling, drift og vedlikehald (FDV), sikring eller riving?
Svar
Tilstandsvurderinga legg til grunn at det er behov for omfattande vedlikehaldstiltak, både utvendig og innvendig, anten som eit stort rehabiliteringsprosjekt eller som årlege vedlikehaldsprosjekt for å ta att etterslepet på vedlikehald, jf. Forenkla tilstandsvurdering s. 4.
Det er vist ei berekning av kva investeringskostnadene vil vere, basert på same arealbehov som ved ny barnehage.
Det vil vere nokre driftskostnader knytte til den delen av bygget (skulen) som ikkje er i bruk. Vi har ikkje laga eit estimat på dette, men noko straumutgifter må reknast inn. For 2025 var straumkostnadane 145 597 kr.
Det blir vist til svaret under spørsmål 3 når det gjeld vidare arbeid med løysingar for barnehagen.
Rapporten og framlegget manglar eit konkret kostnadsoverslag for ei nøktern rehabilitering av heile Flekke oppvekstsenter, der både skule og barnehage blir vurderte samla. Eventuelt å fortsette som i dag.
Svar
Kostnadsestimatet for investeringa byggjer på vurderingane i den forenkla tilstandsvurderinga. Til orientering har dei tre siste store investeringsprosjekta til Fjaler kommune blitt om lag 67 % dyrare enn opphavleg planlagt (160 mill. kr vs. 268 mill. kr). Erfaringa viser òg at vedlikehaldsprosjekt gjerne blir dyrare enn planlagt, ofte grunna regulatoriske krav — som til dømes TEK17, prisauke og endringar i marknaden. Jf. sak 30/26 om kostnadsauke i investeringsprosjekt, som vart handsama i kommunestyret 23.4.26.
7. Er det planlagt lokalsamfunnsanalyse før saka skal opp til endeleg handsaming i november?
Nei, lokalsamfunnsanalyse er ikkje ein del av mandatet. Agenda Kaupang skriv på s 92 at forskning på skulenedlegging viser at konsekvensane for lokalsamfunn varierer betydeleg. Legg ved lenkje til Telemarksforskning sin rapport - Skolenedleggelser - Telemarksforsking
8. Ser ein utfordringar med rekruttering til Flekke barnehage dersom ein legg ned Flekke skule?
Flekke barnehage har ikkje større rekrutteringsutfordringar enn dei andre barnehagane i kommunen. Vi veit at det er vanskar i høve å skaffe barnehagelærarar til Fjaler, også på landsbasis. I Flekke barnehage har vi rekrutteringstiltak ved at vi denne hausten startar utdanning av ein fagabeidar til barnehagelærar.
Ola Hovland
Kommunedirektør
18.8.26
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.