FOLKEMØTE PÅ VÅGE – VÅGE GRENDAHUS 8.12.25 – 18.00-19.30.
Gruppearbeid:
Kva meinar de er viktig for kommunen å ta omsyn til når ein skal gjennomføre utgreiingsarbeidet?
Ca 60 deltakarar.
Gruppe 1
- Store reisebelastning ikkje til barnets beste
- Lite innsparing ved å flytte Våge ungdomsskule
- Kor er det største investeringsbehov. Ta ned investeringane for kommunen.
- Større samfunnskonsekvens ved å flytte Våge ungdomstrinn enn Flekke skule.
- Våge Skule krinsområde bidre med store inntekter til kommunen
- Foreldre og skule blir godt involvert fortløpande
- Styringsgruppa bør vere geografisk representativ.
- Konsekvenstar for framtidig næringutvikling
Gruppe 2
- For ytre Fjaler er det viktig å ta vare på på ungdomssteget på Våge, for å lettar få folk til å busette seg med familiar. Er spennande det som skjer på Lutelandet.
- Barnets beste må vege inn, nå ein skal gejre grep. Skuleveg, og blastning knytt til dette, må avgrensast
- Eit strukturgrep må genere økonomisk innsparing av ein viss grad.
- FUS bør seljast. Så lenge politikkarane har prioritert Samvirket til kulturhus, så kan ein ikkj bruke pengar på å ha eit hus på neste 2500m2. Berre oppvarming er svært kostbart. Ein bør finne alternative lokale til vaksenopplæringa.
- Jobbe for å halde sjukefråværet lågt.
Gruppe 3
- Lang og dårleg skuleveg, pendlertrøttleik (konsekvensar for Dale VGS)
- Industrietablering (uvisse)
- Oppretthalde bu-lyst, auke i folketa -> tilflytting
- Tilstand på bygg (Våge skule vs Flekke skule)
- Flytte skulegrensene (Straumsneset til Våge)
- Ledig kapasitet på Våge (ledig rom og pedagogdekning)
- Klar med arealplanar, tomter, reguleringsplanar til husbygging
- Utleigebustader (på sikt)
Gruppe 4
- Vi må ta omsyn til ungane si reisetid og transport
- Sikre skuleplassar til alle
- Bestemme framtid av skulebygg
- Sikre godt skulemiljø for elevane
Gruppe 5
- Avstandar og reiseveg
- Utvikling på Lutelandet
- Utvikling generelt
- Konsekvensar for Dale VGS mtp pendling 3 år – 6 år
Gruppe 6
- Omsyn til næringsutvikling og aktivtet på Lutelandet. Ved å endre skuletilbodet sette ein investering og utviklingsmuligheiter i fare.
- Få opp kuttliste som viser også lovpålagde og ikkje lovpålagde, også tiltak som ulike støtteordningar td frivilligheitsinnsats, Fjalerhallen, kulturaktivitet, Samvirke
- Lang reiseveg frå ytre deler av Fjaler til Dale
- Sette søkegrunnlaget til Dale VGS i fare, då elevar i ytre Fjaler er mette av lang reiseveg.
- Sal av kommunal eigedom, til dømes ungdomsskulen. Vil bety kutt av driftsutgifter, Fjaler kommune må vere forutsigbar – det er det ikkje no.
- Må vere pedagogisk forsvarleg, med foreldre sitt syn må vege tyngst i forhold til å oppretthalde skulen på Våge.
Gruppe 7
- Utvikling vidare i regionen – Bue Salmon
- Avstand til Dingemoen
- Farleg skuleveg. Vegen er stengt 5 gonger i året
- Danningspotensial med fådelt skule.
- God fagleg progresjon med barne- og ungdomsskule samla
- Lettare å fylle vikarbehov med barne- og ungdomsskule samla
- Dale VGS vil miste elevar som vert lei av Dale
- Mange yngre tilflyttande par til kretsen
- Pendling til Dale innebærer heile dagar i Dale, sidan fritidsaktivitetar er Dale
- Gode og trygge relasjon på mindre skular
- Dårleg læringsutbytte å bruke dagen på buss.
- Dårleg folkehelse å bruke dagen på buss
- Er det økonomi i å legge ned Våge, og bygda?
- Er ungdomssrådet høyrt i saka?
Gruppe 8
- Flytte skulegrensa. Td sende frå Straumsneset til Våge. Dårleg veg mot Flekke/Dale frå Straumsnes.
- Opningstid til BHG og SFO spelar inn på kvar foreldre sender borna sine.
- Vanskeleg å få ungdomen heim att.
- Går utover VGS i Dale om dei har nok av pendling etter ungdomsskulen
- Bygge, finne utleigehus, bustader for tilflyttarane.
- Avstand/reisetid, nye ruter – vanskeleg
- Legge til rette for bustader i utkanten.
- Konsekvensar ved å ta vekk ungdomsskulen
- Tidlegare fråflytting
- Manglande motivasjon - å kome heim til «ingenting»
- Går ut over engasjement og moglegheit for fritidsaktivteter.
- Mykje køyring på foreldre.
- Tilflytting generelt blir vanskelegare
- Meir offentleg transport, nye ruter, noko som kostar
- Selje gamle ungdomsskulen i Dale, samt andre bygg som står tomme.
Gruppe 9
- Reiseveg – reelle tal på reisetid
- Fråflytting/mindre tilflytting viss ungdomsskulen ryk
- Lange pendletid i 3 år på ungdomsskule, går vidaregåande andre plassar enn i Dale. Kva då med Dale VGS.
- Beholde inntekter frå td havbruksfonde. Må ha folk som bur i ytre Fjaler. Må ikkje miste den kompetansen.
- Skape skulestruktur med like forhold for alle elevane i kommunen.
- Endring i skulekrinsane
- Utvikling på Lutelandet/BUE
- Frårøve barna fritid/fritidsaktivitetar. Ein del av elevane har fotball/kulturskule i Dale etter skuletid/kveld. Lekser.
Gruppe 10
- Kva påverknad frå nedlegging av u-trinnet på næringslivet? Vil td Bue komme om vi mistar ungdomstrinnet.
- Mulig å vidareutdanne dagens assistentar slik at dei får god nok kompetanse på område der vi har lite. Til dømes tilrettelagt undervisning -> for igjen å redusere kostnadane.
- Kva er beste for barna – sosial sett – miljø kan bli for små
- Idrettstilbod
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.