← Full visning

Småbarnsforeldre i Våge krins vil bevare ungdomstrinnet ved Våge skule

Andrea Flølo · 22. oktober 2026

Høyringsuttale – Bevar ungdomstrinnet ved Våge skule

Vi er småbarnsforeldre tilknytta Våge skulekrins som ønskjer å uttrykke vår uro over framlegget om å leggje ned ungdomstrinnet ved Våge skule.

Vi har valt å etablere oss her og ønskjer å gje barna våre ein trygg og god oppvekst i ei levande bygd. For oss handlar denne saka om langt meir enn elevtal og kommunale innsparingar. Ho handlar om framtida til lokalsamfunnet vårt.

Ei bygd i utvikling – kvifor byggje ho ned?

Vi opplever ei positiv utvikling i bygda, med tilflytting og framtidstru. Det er heller ikkje mange år sidan kommunen investerte i ny barnehage på Våge. Dette var ei viktig satsing på barn og unge i lokalsamfunnet.

Vi stiller oss difor undrande til at kommunen no vurderer å redusere skuletilbodet. Kva signal sender dette til unge familiar som ønskjer å busetje seg her?

Vi fryktar at ei nedlegging av ungdomstrinnet vil gjere bygda mindre attraktiv for barnefamiliar og på sikt svekkje både busetjing, næringsliv og grunnlaget for vidare utvikling.

Lang reiseveg – mindre fritid for ungdomane

For oss vil reisevegen til skulen auke frå nokre minutt til 40 minutt kvar veg. Det utgjer over éin time ekstra reisetid kvar dag, og meir enn 240 timar gjennom eit skuleår.

Dette er tid ungdomane kunne brukt på fritidsaktivitetar, vener, familie og kvile. Vi meiner det er viktig at kommunen vurderer den samla belastninga, ikkje berre om skuleskyssen praktisk let seg gjennomføre.

Det er også eit paradoks at skulen i nabokommunen ligg nærare oss enn skulen i vår eigen kommune. Dersom ungdomstrinnet på Våge blir lagt ned, meiner vi difor at kommunen også må vurdere alternative løysingar som gir elevane kortast mogleg skuleveg.

Små elevtal betyr ikkje liten verdi

Vi er klar over at det ikkje er mange elevar på ungdomstrinnet ved Våge skule. Men verdien av ein skule kan ikkje målast i elevtal åleine.

Skulen er ein viktig del av fellesskapet og identiteten til bygda. Eit lokalt ungdomstrinn bidreg til at ungdomane held på tilhøyrsla til nærmiljøet sitt gjennom heile grunnskulen.

Det er dessutan viktig å sjå på framtidige elevkull. Vi som sit heime i barselpermisjon i dag, representerer familiar med barn som skal inn i skulesystemet i åra som kjem.

Vi meiner kommunen må tenkje langsiktig og ikkje ta avgjerder som kan svekkje moglegheitene for vidare vekst.

Kortsiktig innsparing – langsiktige konsekvensar

Vi har forståing for at kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon. Samtidig stiller vi spørsmål ved kva ei nedlegging faktisk vil spare kommunen når auka skuleskyss og andre kostnader blir tekne med.

Endå viktigare er kva konsekvensar dette kan få for framtidig busetjing og næringsutvikling.

Korleis skal lokale bedrifter tiltrekkje seg arbeidskraft og unge familiar dersom kommunen gradvis byggjer ned tenestetilbodet i bygdene?

Og korleis skal kommunen stimulere til tilflytting dersom ein samtidig fjernar ein viktig føresetnad for at familiar ønskjer å etablere seg her?

Vi ønskjer ei framtid for bygda vår

Vi har valt å bu her fordi vi har tru på bygda og kvalitetane ved å vekse opp i eit lite lokalsamfunn.

Vi ønskjer at barna våre skal få dei same moglegheitene, og at komande generasjonar også skal sjå på Våge som ein attraktiv stad å etablere seg.

Vi ber kommunen om å sjå utover dei kortsiktige økonomiske innsparingane og vurdere kva ei nedlegging av ungdomstrinnet faktisk kan bety for bygda på lang sikt.

For korleis kan kommunen forvente at unge familiar skal satse på framtida si her, dersom kommunen sjølv ikkje viser vilje til å satse på bygda?

Vi ber om at ungdomstrinnet ved Våge skule blir bevart.

Med venleg helsing

Oddvar Einen, Andrea Flølo, Nathali Fatmi, Ingvild Follevåg, Richard Stølen

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.