Elevråda på Dingemoen skule - høyringsuttale om endring av skulestruktur
Elevrådet 8.-10. trinn på Dingemoen skule
Uttale om endring av skulestruktur
Elevrådet på ungdomssteget ved Dingemoen skule ynskjer å seie meininga vår om ei eventuell endring av skulestruktur, og flytting av fleire elevar til Dingemoen. Vi skriv dette innlegget basert på tilbakemeldingar frå dei ulike klassane på 8.-10. trinn. Vi ser at det kan vere positive sider ved å samle fleire elevar på ein skule, men meiner det er viktig å tenke på både fordeler og utfordringar før noko vert bestemt.
Fordeler
Dersom elevar som i dag høyrer til Flekke skule skal starte på Dingemoen skule frå 1. klasse, kan det bli lettare å skape ein meir samansveisa gjeng gjennom heile skulegangen frå 1. til 10. klasse. Mange av elevane på Flekke går på fritidsaktivitetar i Dale og blir gjennom det kjende med fleire framtidige klassekameratar på ungdomsskulen, men dersom ein ikkje gjer det kan overgangen til ungdomsskulen bli vanskelegare om ein ikkje kjenner så mange. Dersom skulane vert slått saman vil alle få fleire å vere saman med på skulen. Det er likevel ikkje sikkert at det er positivt for alle elevar med tanke på det sosiale å gå på ein stor skule.
Utfordringar
Vi ser også fleire utfordringar med å flytte elevane frå Flekke til Dingemoen. Det er alt lite plass i fleire klassar på grunn av små klasserom og lite garderobeplass. Dette er spesielt på 1-4 og SFO. Dersom det kjem fleire elevar inn i alt tronge klasserom, kan det føre til meir støy og uro. Dersom nokre klassar blir så store at dei må delast i tre, vil det bli utfordringar med nok klasserom. Vi opplever også at luftkvaliteten i klasseromma kan vere dårleg. Med fleire elevar blir det endå dårlegare luft.
I større klassar blir det også mindre tid til at læraren kan hjelpe alle om det er mange som treng hjelp samtidig. Med meir støy i klasserommet og mindre oppfølging av elevane, kan det føre til at elevane lærer mindre enn det dei skal. Det er ikkje alle elevar som har foreldre som kan hjelpe til like godt med lekser. Med fleire elevar meiner vi det også må bli fleire lærarar.
Skuleskyss og trafikk
Det er allereie for lite plass på enkelte av skulebussane i dag. Elevar på ungdomstrinnet som tek buss til skulen fortel at dei av og til må sitte fleire i eitt sete eller stå i bussen. Skal 40-50 fleire elevar få skuleskyss til Dale, må ein få fleire eller større bussar, noko som vil koste kommunen meir enn i dag. Vi er også urolege for at meir trafikk utanfor skulen vil føre til eit farlegare trafikkbilde.
Dagens skulebussar passar ikkje med tidene til SFO. Dette vil føre til meir køyring på foreldre i Flekke/Guddal som må benytte seg av det tilbodet. Negative konsekvensar av dette er meir trafikk og meir slitasje på veg, noko som påverkar miljøet. Det vil også ha økonomiske konsekvensar for dei som må køyre meir.
Ungdomsskulen på Våge til Dingemoen
Dersom elevane på ungdomsskulen på Våge vert flytta til Dingemoen vil dette føre til lang reiseveg for dei elevane og mange timar i buss kvar veke. Dette vil gå ut over fritida deira. Med tanke på kor mange elevar det er på ungdomsskulen på Våge, tenker vi at det vil vere plass til dei på Dingemoen. Det kan også vere fint for elevar som går i små klassar å få fleire klassekameratar. Legg ein ned Våge skule misser ein derimot moglegheita for at elevar som skulle ha behov for å byte skule kan gjere det.
Kva vil skje med Flekke?
Elevar frå Flekke seier at Flekke skule framleis er ein viktig plass for dei, sjølv om dei ikkje er elevar der lengre. Etter skuletid og på fritida er uteområdet til skulen ein plass ein kan møte venner. På ulike merkedagar eller arrangement gjennom året er skulen ein naturleg samlingsplass for heile bygda. Elles er ein uroleg for kva som vil skje med butikken i Flekke om skulen forsvinn. Skulen er ein viktig kunde for butikken, og misser butikken ein stor og viktig kunde kan det i verste fall medverke til at butikken også vert nedleggingstruga.
Med venleg helsing,
Elevrådet 8-10 på Dingemoen
Elevrådet 4.-7. trinn på Dingemoen skule
Innsamla hovudpunkt frå klassane:
På tvers av klassane kjem fleire tema att:
Moglege fordelar
- Fleire vener og eit større sosialt miljø.
- Fleire jamaldrande i klassane.
- Elevane kan bli betre kjende før ungdomsskulen.
- Mogleg vekst og utvikling for skulen og lokalsamfunnet i Dale.
Moglege utfordringar
- Lengre skuleveg og meir reisetid for elevane frå Flekke og Guddal.
- Mindre plass i klasserom, gangar og garderobar.
- Meir støy og mindre arbeidsro.
- Større press på toalett og uteområde.
- Behov for fleire ressursar, utstyr og eventuelt utbygging.
- Konsekvensar for tilsette og eksisterande tilbod på Flekke.
Dette meiner elevane kommunen bør vurdere
- Tryggleik, trivsel og læring for alle elevar.
- Elevane sine eigne meiningar og medverknad.
- Skuleveg og konsekvensar for familiane sin kvardag.
- Kapasitet, plass og ressursar på Dingemoen.
- Økonomi, arbeidsplassar og alternative løysingar.
- Konsekvensar for barnehagane og andre tilbod i lokalsamfunnet.
Avsluttande merknad
Innspela viser at elevane ser både fordelar og utfordringar ved ei eventuell endring i skulestrukturen. Dei er særleg opptekne av vennskap, trivsel, skuleveg, plass og moglegheita til å få hjelp og lære godt. Elevane ønskjer at kommunen lyttar til synspunkta deira og vurderer konsekvensane for både elevane på Dingemoen og elevane på Flekke før det blir teke ei avgjerd.
Innspel frå 4.-7. trinn på Dingemoen skule
Innspel frå 4. trinn:
Positivt
- Fleire å leike med og fleire vener. Det kan kanskje vere kjekt for elevane frå Flekke å kome til ein større skule.
- Vi kan styrkje venskap med dei vi kjenner litt frå før gjennom barnehagen eller idretten.
- Vi får pengar til Dingemoen dersom Flekke blir lagt ned. Men vi må bruke pengar på å lage meir plass.
- Det er bra at alle blir godt kjende tidleg, sidan vi skal gå saman på ungdomsskulen.
- Nokre klassar i Flekke har få jenter eller gutar. Det kan vere fint for dei å få fleire i klassen.
- Det kan bli kult dersom skulen blir bygd ut og får ein ekstra etasje på 1.–4.-avdelinga.
Negativt
- Borna i Flekke som kan gå til skulen no, må ta buss. Dei vil jo at borna skal kunne gå til skulen.
- Det blir lengre skuleveg for dei som bur i Guddal, som alt har lang veg.
- Det blir mindre plass, og det er alt trongt på Dingemoen. Nokre klassar er veldig store. Det blir trongt i klasseromma, gangane og garderobane. Det er alt bråkete og rotete. Dei vaksne må kanskje bli endå strengare fordi det blir meir kaos, og det vil vere kjipt.
- Nokre born synest det er vanskeleg når det er mange born samla, men trivst godt der det er færre.
- Nokre vaksne på Flekke eller Dingemoen får kanskje ikkje halde fram med å jobbe på skulen der dei trivst.
- Dei har bygd mykje nytt på uteområdet i Flekke. Det er dumt å leggje ned skulen når dei har fått så mykje kult.
- Det blir meir press på uteområdet. Det er alt mykje kø ved dissene, og det er trongt i ballbingen.
- Det blir meir kø på toaletta, som ofte er opptekne frå før. Born som har problem med å halde seg, kan risikere å tisse på seg. Det vil vere veldig dumt.
- Det er dumt dersom ein må byggje ut skulen for å få plass til alle.
- Det kan bli uvant for elevane frå Flekke å kome til Dingemoen.
Spørsmål til kommunen
- Kor mykje pengar får Dingemoen dersom Flekke blir lagt ned?
- Får Dingemoen meir pengar, eller blir det like mykje som før?
- Helsedirektoratet tilrår at det bør vere eitt toalett per 20 born i grunnskulen. Korleis skal kommunen sørgje for at det blir nok toalett?
Kva meiner de er det viktigaste når kommunen skal bestemme kvar elevane skal gå på skule?
Det viktigaste er at kommunen bestemmer det som gjer at alle born i Fjaler får det så trygt som mogleg.
Kommunen bør tenkje på korleis det blir for foreldra i kvardagen, til dømes om dei må køyre meir på grunn av fritidsaktivitetar.
Lytt til borna! Har elevane på Flekke skule lyst til å byte skule? Det er veldig dumt å bli tvinga til å byte skule dersom ein ikkje har lyst.
Innspel frå 5. trinn:
Positive sider
- Fleire elevar kan gi fleire vener og eit større sosialt miljø.
- Elevane frå Flekke kan få gå i klasse med fleire jamaldrande.
- Det kan bli fleire moglegheiter for sosialt fellesskap.
Negative sider og utfordringar
- Lengre skuleveg for elevane frå Flekke.
- Nokre elevar kan sakne å gå i klasse med elevar dei kjenner frå før.
- Det kan bli trongt i gangar, garderobar og enkelte klasserom.
- Det kan bli behov for fleire toalett.
Spørsmål og forslag til kommunen
- Kan Flekke og Våge bli slått saman til éin skule?
- Kan Dingemoen utvidast?
- Kan Flekke skule flyttast til ein annan stad i Dale dersom det finst eigna lokale?
- Kva skjer med dei tilsette på Flekke dersom skulen blir lagd ned?
- Skal barnehagen i Flekke framleis vere der?
Kort oppsummering: Elevane ser positivt på fleire vener og fleire jamaldrande, men er urolege for plassmangel og lengre skuleveg. Dei ønskjer at kommunen undersøker alternative løysingar før det blir teke ei avgjerd.
Innspel frå 6. trinn:
Positive sider
- Elevane kan treffe vener frå Flekke oftare.
- Skulen og lokalsamfunnet i Dale kan vekse.
- Elevane frå Flekke kan få undervisning saman med fleire jamaldrande og betre tilpassing til sitt nivå.
- Det kan bli mogleg å overta ressursar frå Flekke.
Negative sider og utfordringar
- Fleire elevar kan føre til mindre plass og behov for å dele klassar.
- Det kan bli lengre kø på toaletta.
- Det kan bli vanskelegare å få arbeidsro.
- Skulen kan få behov for fleire ressursar og må bruke pengar på dette.
- Elevane stiller spørsmål ved om sykkelturen framleis kan gjennomførast.
Kva bør kommunen tenkje på?
- Korleis fleire elevar vil påverke læring og arbeidsro.
- Om skulen har nok plass og ressursar.
- Korleis alle elevane kan få eit godt læringsmiljø og undervisning tilpassa nivået sitt.
Kort oppsummering: Elevane ser positivt på fleire vener og eit større skulemiljø, men er urolege for plassmangel, toalettkø, mindre arbeidsro og behovet for fleire ressursar.
Innspel frå 7. trinn:
Positive sider
- Fleire elevar kan gi eit større sosialt miljø og fleire å vere saman med.
- Eit felles kulturskuletilbod kan vere positivt.
Negative sider og utfordringar
- Lengre busstur for elevane frå Flekke, og det kan bli trongt på bussen.
- Lengre skuleveg kan gi ein meir slitsam kvardag, særleg for elevar frå Flekke og Guddalen.
- Fleire elevar kan føre til mindre tid og hjelp frå lærarane.
- Det kan bli vanskelegare å få individuell oppfølging.
- Det kan bli trongt på kjøkkenet i mat- og helsefaget.
- Eit større elevtal kan gjere det vanskelegare å gjennomføre eit godt kulturskuletilbod.
- Det kan bli behov for fleire lærebøker, meir inventar og nye garderobar, noko som vil koste pengar.
Kva bør kommunen tenkje på?
- Skuleveg og reisetid.
- At elevane får nok hjelp og oppfølging frå lærarane.
- At skulen har nok rom, lærebøker, inventar og utstyr.
- At det er god nok plass til praktiske fag.
- Korleis kulturskuletilbodet og samarbeidet mellom barnehagane blir påverka.
Andre innspel
- Kva vil skje med lærarane på Flekke dersom skulen blir lagd ned?
- Korleis skal barnehagane sikre eit felles førskuletilbod dersom skulestrukturen blir endra, med tanke på samarbeidet mellom Elvetun og Yksnebjør?
Kort oppsummering: Elevane ser positivt på eit større sosialt miljø, men er urolege for lengre skuleveg, mindre oppfølging, plassmangel og kostnader knytte til å ta imot fleire elevar.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.