Høyringsuttale frå medlemmane i Utdanningsforbundet ved Dingemoen skule – saksnummer 25/1844
I samband med skulestruktursaka tykkjer vi det er naturleg at medlemmane av Utdanningsforbundet ved Dingemoen kjem med ei uttale. Vi er opptekne av konsekvensane for elevar og tilsette ved Dingemoen skule knytt til dei ulike alternativa for framtidig skulestruktur i Fjaler kommune. Dette finn vi vanskeleg å gje ei fullgod vurdering kring, fordi grunnlaget vi har fått presentert ikkje gjev tilstrekkeleg innsyn i korleis alternativa vil påverke vår skule i praksis.
Vår oppleving er at informasjonen vi har fått i hovudsak har handla om drift og økonomi for kommunen og skulesektoren samla sett. For oss som arbeider ved Dingemoen skule er det avgjerande å få meir konkret informasjon om kva dei ulike alternativa vil bety for elevane og dei tilsette ved vår skule. Vi saknar mellom anna informasjon om:
- Korleis dei ulike alternativa vil påverke arbeidsmiljøet og bemanningssituasjonen ved Dingemoen.
- Korleis budsjettet til Dingemoen skule vil bli påverka av dei ulike alternativa.
- Korleis areal, romløysingar og eventuelle utbyggingar er tenkt.
- Korleis bemanning og elevmasse vil påverke moglegheiter for drive god tilpassa undervisning.
- Korleis organisering av klassar, SFO og personale er planlagt.
- Korleis overgangen skal gjennomførast dersom det vert gjort strukturendringar.
Når konsekvensane av alternativa er så uklare som dei er i dag, gjev det stort rom for spekulasjonar og uro kring korleis innsparingane faktisk skal skje.
Vi meiner at tidleg og reell involvering av pedagogar, samt andre tilsette og elevar som blir råka av avgjersla, er ein føresetnad for ein god prosess. I hovuddokumentet for framtidig skulestruktur står det:
For at kvaliteten ikkje skal bli påverka føreset kommunedirektøren at oppvekstområde ved eventuell nedlegging må få:
- ein konkret plan for involvering av tilsette og overføring av kompetanse/praksis,
- ei eksplisitt vurdering av barnets beste for kvar berørte elevgruppe.
Vi stiller spørsmål ved at dette arbeidet først skal skje etter at vedtaket kring struktur er gjort. Etter vårt syn burde slike vurderingar og involveringsprosessar vere ein del av grunnlaget for avgjerda, ikkje noko som kjem i etterkant. Vi merkar oss også at elevrådet ved Dingemoen skule først vart invitert inn i saka om lag ei veke før høyringsfristen. Dette opplever vi som seint i ein prosess som i stor grad vil påverke elevane sin skulekvardag.
Sjølv om vi manglar informasjon på fleire område, ser vi allereie nokre utfordringar som bør vurderast nærare dersom elevane frå Flekke skule skal flyttast til Dingemoen skule. Medlemmane er særleg uroa for tilhøva ved småtrinnet. Mellom anna:
- Det blir mindre plass per elev i eit areal som allereie opplevast trongt. Det gjeld både garderobe og klasserom.
- Utforminga av småtrinnsavdelinga gjer at fleire rom må nyttast fast til undervisning, noko som reduserer fleksibiliteten.
- Noverande organisering fører til at SFO og undervisning til tider påverkar kvarandre. Dette kan bli meir krevjande med fleire elevar.
- Auka fokus på leik og varierte læringsarenaer for dei yngste elevane krev tilgjengelege areal utover det som vert brukt til tradisjonell klasseromsinnreiing.
- Ein ser at kapasiteten på grupperomma på skulen allereie er hardt pressa.
Medlemmane i Utdanningsforbundet ved Dingemoen skule ønskjer å bidra konstruktivt i arbeidet knytt til framtidig skulestruktur. Vi meiner at vi, som pedagogar ved den moglege mottakarskulen, burde vore involvert i langt større grad før avgjersla kring endeleg vedtak vert gjort. For at vi skal kunne gje ei fagleg vurdering av alternativa, meiner vi det er naudsynt med langt meir konkret informasjon kring konsekvensane for elevar, tilsette og skuledrifta elles ved Dingemoen skule.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.