Vi slår ring om Flekke skule!

Skulen er viktig for Flekke og Flekke er viktig for Fjaler!
Vi ber om at administrasjonen, og seinare kommunestyret går for å oppretthalde Flekke skule!
Det er stort engasjement i heile Fjaler for å ta vare på skulane våre, og for å sjå heilskapen i staden for nokre sparte kroner på kort sikt. Vi i Flekke grendalag set pris på alle gode, konstruktive og grundig gjennomarbeida innspel som har komme i prossessen. Born, ungdom, foreldre, lærarar, skular, besteforeldre, næringsliv og bedrifter, organisasjonar og lag har engasjert seg, og kjempar saman for å halde på skulane, og på den optimismen og positive utviklinga vi har i kommunen vår.
Vi vil på vegner av alle som er opptekne av, og vert påverka av denne saka, be administrasjonen med kommunedirektør og oppvekstsjef som ansvarlege, om å ta alle innspel på alvor. Vi ber dykk om å bruke god tid på gå grundig inn i alle høyringsuttalane før de legg saka fram for kommunestyret.
Kommunestyrerepresentantane må vere sikre på at prossessen og saksgangen har vore rett og ryddig. Dersom det er gjort feil, slik mange har påpeika, så kan dei ikkje fatte vedtak om nedlegging.
-
Ein må syte føre at talgrunnlaget stemmer; både økonomi, areal og elevtal. Vi må få sikre tal på planlagt klassedeling og kutt i lærarstillingar.
-
Ein må vite at saka er godt nok utgreidd. Det er punkt i bestillinga frå kommunen som ikkje er godt nok utgreia, dette gjeld m.a. samfunnsmessige konsekvensar, barnet sitt beste, kvalitet og tilstand på bygget i Flekke. Det gjeld og korleis grupper skal delast og organiserast på Dingemoen. Kven av dei tilsette er det som får behalde jobben i skulen, og kven får tilbod om anna jobb? Det er ikkje laga ein god nok plan for vidare drift av barnehagen i Flekke.
-
Ein må ta innbyggarane og næringslivet sine argument og bekymringar for at tilflyttingsveksten stoppar opp på alvor. Stans i tilflytting og vekst vil føre til lågare skatteinntekter for kommunen, og dermed endå svakare kommuneøkonomi.
-
Ein må få vite kva kommunen tenkjer med bygningsmassen. Dette er eit viktig hus for heile bygda, ikkje berre skule og barnehage. Det er treningsarenaen vår, det er samlingspunktet for 17.mai og andre store arrangement. Ein kan ikkje ta frå Flekke møteplassen, og huset, som er så viktig for identitet, trivsel og sosial tilhøyrsle i bygda.
Fjaler kommune må sjå alle bygdene i Fjaler som ein viktig ressurs som ein vel å halde liv i.
Kva vil ei nedlegging føre til for bygda Flekke og Flekke skulekrins?
Kva konsekvensar får det for Dale og for heile Fjaler?
Flekke Grendelag
Høyringsuttale Flekke Grendalag
Flekke Grendalag ber om at kommunen går for det reelle 0-alternativet: å ikkje gjere endringar i skulestruktur no, og at ein avventar større arbeid med skulebygget. Vidare ynskjer bygda og grendalaget å vere involvert i å finne dei gode langsiktige løysingane for behova ein har med bygningsmassen for Flekke skule og barnehage. Jf. “Den nye velferdskommunen”.
Me opplever avgjerdsgrunnlaget som ufullstendig (samfunnsdel og barnas beste lite representert), einsidig (fokus primært på å spare utgifter; manglande inntektsside) og til dels i rørsle under høyringa. Det er vanskeleg for oss å sjå at ein i det heile teke kjenner seg klar til å setje i gang ei høyringsrunde med dette grunnlaget.
Vekst i Fjaler
Det er fristande å halde fram med avgjerdsgrunnlaget, rapportar, prosess osv. Men me har trass alt meir lyst til å vri fokus over på noko meir konstruktivt, og jobbe saman med kommunen om å vidareutvikle bygdene og kommunen for framtida.
Sidan 2019 har det vore meir eller mindre folketalsvekst i Fjaler i følgje SSB. Frå botnpunktet i 2019 og fram til 2. kvartal 2026 har folketalet auka med 236, det vil seie om lag 34 i året. Til samanlikning gjev årsdata per 1. januar 2019→2026 +178, det vil seie om lag 25 i året; skilnaden kjem av kva endepunkt ein vel, og av UWC-sesongen i kvartalstala:

Merk: Grafen går til 2025K4; talet 236 er oppdatert til 2. kvartal 2026. Grafen er noko ujamn, og det skriv seg nok frå at UWC-elevar kjem og fer i løpet av året. Dei siste tre åra er grafen jamnare, og den kvartalsvise UWC-svinginga er mindre tydeleg. UWC-elevane er likevel framleis ein del av folketalet; dei tel med i innbyggjartalet, og dermed i rammetilskotet, medan skatteinntektene i mindre grad kjem frå dei. Tala i denne uttalen er difor brutto folketal, ikkje eit anslag over skattebetalarar. Årsdata 1. januar 2024→2026 gjev +79, det vil seie om lag 40 i året. Årsdata er rykkvise, so ein skal ikkje leggje for mykje vekt på eit enkelt toår; kvartalstala jamnar ut noko av svingingane.
Me kan samanlikne prosentvis endring med dei andre kommunane i gamle Sogn og Fjordane berre for å understreke kor bra utviklinga i Fjaler har vore; sidan 2020K1 har me den 4. mest positive utviklinga, med om lag 5 % fleire innbyggjarar i perioden:

Det vart sagt på folkemøtet at ein trong ei auke på om lag 100 personar for å utlikne den negative balansen i budsjettet. Dersom folkeveksten held fram i same takt som sidan 2019 (om lag 34 i året), vil folketalet auke med om lag 100 dei neste tre åra. Held den sterkare takten frå dei siste to åra (om lag 40 i året) fram, blir det om lag 120. Det vil seie at dersom ein sit stille i båten, og let vere å gjere noko med skulestrukturen desse åra, så er det ein viss sjanse for at utfordringane “løyser seg sjølve”.
Å vente på at ting “løyser seg sjølv”, er ikkje ein forsvarleg strategi, men det er mykje meir motiverande som bygd å jobbe for å halde veksten ved like, enn å kjempe for at skulen skal bestå. Og uansett, så treng ein alle skulane om ein skal romme den nødvendige veksten som skal til for å auke inntektene nok til at ein får balanse i kommuneøkonomien.
Bidraget frå Flekke
Dersom me gjer den same øvinga for grunnkretsane i Fjaler, men over 10 år i staden for berre perioden sidan 2019, så ser det slik ut:

Me ser at Flekke/Espedal og Dale/Sletteland hadde den klart sterkaste prosentvise veksten, med +19 % og +25 % (i absolutte tal +89 og +122). Dette ser me att i dei absolutte tala, der Flekke er den nest største grunnkretsen i kommunen (inkl. UWC-elevane):

Her er nettoendringa +89 over desse åra. Me kan sjå på bidraget meir direkte for denne perioden, og samanlikne med dei andre grunnkretsane (sjå vedlegg lenger nede i dokumentet for liknande graf der me har teke ut årgangar tilsvarande dei som går på UWC):

Med eller utan UWC, så er folketalsbidraget frå grunnkretsen Flekke/Espedal betydeleg. Merk også at alle grunnkretsar med positivt bidrag har tilgang på skule nær sin krets (Sagevik/Yksnebjør og Bjerga/Bortheim/Jarstad ligg i Dale-området). Dette er ein assosiasjon, ikkje eit bevis – Dale er òg kommunesenter med arbeidsplassar og tenester. Her kan ein tenkje seg korleis bidraget frå Flekke ville ha vore utan skule. Det er usikkert, men lite truleg at det hadde vore positivt.
I lys av dette vil me påstå at sjølv om folk ikkje nødvendigvis flyttar frå Flekke og Fjaler om skulen i Flekke vert lagt ned, er skule og barnehage eit viktig gode for vidare tilflytting. Det er ein gjengangar når ein listar det som er viktig for busetnad.
Her snakkar me om den umiddelbare effekten. Over tid er det truleg at ein dominoeffekt vil gjere det meir og meir sannsynleg med fråflytting, ikkje berre redusert tilflytting.
Denne grafen syner når inntektsauken frå folkeveksten i Flekke hentar inn ei mogeleg innsparing ved ei skulenedlegging:

Dei to stipla, horisontale linjene syner dei innsparingstala me held oss til: 2,5 mill. kr (Agenda Kaupang, undervisningsdelen etter ny budsjettmodell; Innsynskrav 05, s. 3578) og 1,9 mill. kr (2,5 minus om lag 0,6 mill. kr i rammetilskot per skule). 5,9 mill. kr er eit brutto overslag som føreset at bygningsdrifta fell bort; det gjer ho ikkje så lenge barnehagen blir verande i bygget, og 5,9 er difor halde utanfor. Proporsjonal = fri inntekt per innbyggjar (98 764 kr); konservativ = skatt per innbyggjar (36 762 kr) pluss flatt innbyggartilskot (34 263 kr, Grønt hefte 2026). Blå (e = 1) tyder at all tilveksten er indirekte avhengig av skulen; raud (e = 0,5) at halvparten kan tilskrivast skulen.
Så dersom me antar at ei nedlegging faktisk sparar omlag 1.9 mill, så vil me med den tilveksten me har per i dag dekke inn den innsparinga etter omlag 2 år. Dvs. 9 nye sambygdingar i Flekke kvart av dei neste to åra.
Uansett om ein dekkjer inn tenkte innsparingar ved nedlegging med folkeveksten i Flekke, så vil kommunen framleis ha økonomiske utfordringar. Det er ikkje nok med berre Dale og skulen der for å kome i balanse. Me treng Flekke, og dermed skulen her også, for å halde folkeveksten ved like, slik at inntektene aukar og budsjettet kan kome i balanse over eit lengre tidsperspektiv.
Kva talar for at veksten held fram?
Me har sett at det er vekst i Fjaler, og at bidraget frå Flekke er betydeleg. Me kan dermed slå fast at Flekke og Flekke skule har bidrege med ein stor del av den totale veksten i kommunen. Generelt har ein ei oppleving av positivitet i kommunen; me har fått mykje til i Fjaler. Og det er god grunn til å tru at veksten kan halde fram. Dersom me snakkar spesifikt om Flekke, så veit me at:
-
Me har veletablerte verksemder på Haugland som evnar å tiltrekke seg den kompetansen dei treng; dei tilbyr eit vedvarande arbeidstilbod, som er attraktivt langt utover kommune- og landegrenser. At desse institusjonane er her i bygda gjev også eit potensiale for ytterlegare samarbeid i framtida, og mogelegheiter for fleire arbeidsplassar.
-
I sjølve Flekke har me to bedrifter som er klare til å skalere opp: Norconsult og Metzum. For desse to er det potensielt snakk om fleire titals framtidige arbeidsplassar.
-
Det er framleis nokre få tomter att i byggefeltet i Flekke, samt område med spreidd busetnad som er lagt inn i arealplanen og truleg er relativt enkle å realisere dersom ein får løyve av grunneigar.
-
I den siste samfunnsplanen er også mikrohus m.m. nemnt som mogelege tiltak for framtidsretta buformer som kan kome raskt på plass og vere relativt rimelege.
Så vilkåra og mogelegheitene for at veksten skal halde fram er framleis i høgste grad til stades i Flekke. Men det vil vere avgjerande at butikk, skule og barnehage framleis er her, dersom me skal få til varig busetting.
Når ein har vekst, så er det eit teikn på at noko fungerer. Folk har det dei treng og finn det dei er ute etter lokalt. Ein lyt tru at trivselen er bra. Då bør ein slutte å snakke om skulenedlegging. Det vil heile kommunen vere tent med.
Tankar om langsiktig løysing
Eit av momenta som stadig kjem attende er alderen og tilstanden til Flekke skule. Riving, nybygg, kvadratmeterpris og liknande, slik det kjem fram i den forenkla tilstandsrapporten, framstår som overilte og som resultat av ei tid som me vonar me er på veg forbi. Å tenkje bruk og kast om skular kan ikkje vere særleg miljøvenleg, og i desse dagar heller ikkje særleg lurt m.t.p. økonomi når det kjem til renter og utgifter som generelt sett har stige mykje og ikkje ser ut til å vere på veg ned heilt enno. Dette er ikkje tida for å tenkje store nybygg. Det er heller tida for å sjå på om me framleis kan ta vare på bygga våre og vedlikehalde dei, slik at me har dei så lenge som råd.
Me ser det kan vere utfordrande for kommunen å jobbe fram gode alternativ for bygda. Det kan vere enklare å sjå løysingar for oss som bur her, og det er i alle fall lettare for oss å vurdere kva me tykkjer er greit m.t.p. å vekte flytting til Dale mot til dømes overflateoppussing, separate bygg eller å leve med det me har, osb. Me må sjølve kunne seie at så lenge bygget er forsvarleg å bruke, må me kunne få velje å bruke det.
Me ynskjer ei seriøs vurdering og ein open diskusjon om kva som kan gjere det mogeleg for bygda å bidra meir med vedlikehald og vidareutvikling av skulebygget. Det ville vere i tråd med utgreiinga “Den nye velferdskommunen”.
(Jf. initiativ som vart retta mot kommunen om å byte kledning på den eine veggen.)
Avslutning
Fjaler og Flekke er i vekst. Me lyt ta oss tid til å sjå om vekst kan hjelpe oss med økonomien, heller enn å skru att den krana som kan vere mest utslagsgivande på sikt. Me ser fram til å kunne bidra med vidare vekst i kommunen, men ser det som naudsynt at skulen er her, dersom me skal få det til.
Vedlegg
Bidrag utan UWC
Her har me teke ut UWC-aldersgruppa 16–24 (utan å kompensere for at då forsvinn reelle Flekke-innbyggjarar på ungdomsskule og vidaregåande i Dale). Då er me nede i 52, som framleis er eit betydeleg bidrag.

Demografisk utvikling
Elevane som kjem og fer frå UWC gjer talmaterialet vanskeleg å jobbe med. Me kan freiste å ta dei heilt ut ved å fjerne aldersgruppa mellom 16 og 24:

Då ser me at veksten er på 52 personar over heile perioden. Gjort på dette viset, så fjernar me også elevar busette i Flekke som går på ungdomstrinnet i Dale eller på vidaregåande i Dale. Det vil seie om lag 5 i året, som eit nedre anslag. Det som ein også kan merke seg, er eit demografisk “positivt” skifte i Flekke, der andelen i barnehagealder og skulealder aukar:

Samanlikna med resten av kommunen, der veksten i pensjonistgruppa er større, slik ein gjerne ventar med eldrebølgja:

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.