Det har kome fram mange gode argument og poeng i denne saken, og næringsliv og framtida til bygda har, med rette, fått stor plass. Eg ynskjer å framheve nokre fleire faktorar i denne samanhengen.
For det første ynskjer eg at ein skal stoppe litt opp og tenke på tida til barna dersom kommunen vedtek å legge ned Flekke skule. Tid som barna då må bruke på transportetappar i kvardagen. Dette er tid som barna per no kan nytte til leik i nærområdet, ein aktiv skuleveg eller eit pusterom mellom skuledagen/SFO og fritidsaktivitetar. Gjennom eit skuleår er det mange timar som vert brukt til å sitte i buss til og frå. Når ein legg til noko, må noko anna vike. Leik og fysisk aktivitet vert erstatta med (meir) stillesitting. For meg er dette mange steg tilbake når det gjeld barna våre si helse. Dagleg variert leik og fysisk aktivitet er naudsynt for normal vekst og utvikling hjå barn og unge, både fysisk, psykisk, sosialt og kognitivt. For at barna skal få moglegheit til dette, må dei ha tid til å gjere det. Tid til å leike, tid til eigne tankar og til å berre vere. Eg trur ikkje at det, i eit folkehelseperspektiv, er føremålstenleg å legge til rette for meir stillesitting og inaktivitet og mindre tid til det som faktisk er helsefremjande for barna våre.
Eg undrar meg også over korleis kommunen ser føre seg ein skulekvardag på Dingemoen dersom ein legg ned Flekke skule. Går reknestykket med elevtal, garderobeplassar og undervisningsrom opp? Barn lærer på ulike måtar, nokon lærer best medan dei set ved pulten, andre treng å bruke kroppen sin eller jobbe meir praktisk. Læreplanen seier ein heil del om at lærarane skal stimulere til lærelyst gjennom å la elevane vere aktive, leike, utforske og bruke sansane sine i arbeid med fag. I tillegg veit ein mykje om korleis det å få røre på seg og bruke kroppen aktivt er positivt for både konsentrasjon og læring. Dersom dette skal la seg gjennomføre i praksis, meiner eg at store elevgrupper, små klasserom og lite fellesareale ikkje er ein heldig kombinasjon.
Eg ber om at politikarane også tek omsyn til barna i denne vurderinga. Når ein legg til rette for god folkehelse og gode vanar frå tidleg alder, vil ein som kommune tene på dette i det lange løp. Friskare innbyggarar som er med på å “dra lasset”, som har kapasitet til å vere i arbeid, som har overskot og energi til å bidra i frivilligheita og i idretten. Førebyggande og helsefremjande arbeid er vanskeleg å sette ein prislapp på, men ein ting er sikkert: det er enklare og billegare å førebygge enn å reparere. La borna våre få gode føresetnadar for trivsel, helse og god læring. Å satse på barna er å satse på framtida!
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.